2 Titles

Kyrkjefag Profil

Kyrkjefag Profil er ein vitenskapelig skriftserie frå Institutt for Religion, livssyn og kyrkjefag ved Høgskulen i Volda med første publikasjon i 2001. Serien er fagfellevurdert. Til og med 2019 er det utgitt 33 bøker i serien. For ei samla liste over publikasjonane, klikk på "om serien" nedanfor.

Kyrkjefag Profil er rangert på nivå 1 i Register over vitenskapelige publiseringskanaler.

Serien dekkjer i likskap med instituttet fleire fagkretsar. Med religion blir det signalisert ei interesse for det religionsfaglege feltet. Med livssyn ei interesse for verdifeltet, inkludert filosofi. Med kyrkjefag det teologiske og praktisk-kyrkjelege feltet. Tilknytinga til lærarutdanning er sentral. Tverrfaglege arbeid er velkomne. Kva som er relevante tema og faglege tilnærmingar, avgjer redaksjonen. Serien gir ut både antologiar og monografiar.

Redaksjon

Redaktør
Jan Ove Ulstein, dosent emeritus, Høgskulen i Volda

Redaksjonsråd
Bente Afset, førstelektor, Høgskulen i Volda
Anders Aschim, professor ved Høgskolen Innlandet
Per Halse, professor, Høgskulen i Volda
Arne Redse, professor emeritus, Høgskulen i Volda
Knut-Willy Sæther, professor, Høgskulen i Volda

Utgjevar

Skriftserien er utgjeven av NOASP, Cappelen Damm Akademisk. Kyrkjefag Profil blir utgjeven med fri tilgang (open access) under lisens CC BY 4.0.  

Innsending og kvalitetsvurdering

Manuskript skal sendast som vedlegg til e-post til redaksjonen.

Det eine vedlegget skal vere ei anonymisert utgåve av manuskriptet i form av ei word-fil. Det andre vedlegget skal vere ei namngjeven utgåve av det same manuskriptet i form av ei pdf-fil. Skriftserien brukar norsk APA-standard.

Skriftserien praktiserer «dobbel blind» fagfellevurdering, der verken fagfellane eller forfattaren kjenner identitet til kvarandre. I tillegg blir artiklane vurderte av den aktuelle redaksjonen for publikasjonen, og endeleg avgjerd om publisering blir gjort av ansvarleg redaktør.

Kontakt

Jan Ove Ulstein: jou@hivolda.no
Simon Aase (forlag): simon.aase@cappelendamm.no 

Tidligere utgivelser

Nr. 32: Njål Skrunes, Gunhild Hagesæther og Bjarne Kvam (red.), Kristne grunnskoler. Begrunnelse - innhold - handlingsrom (2018).

Nr. 31: Svein Rise, Treenig teologi (2017).

Nr. 30: Knut-Willy Sæther, Naturens skjønnhet: En studie av forholdet mellom estetikk, teologi og naturvitenskap (2017).

Nr. 29: Bente Afset, Birger Løvlie og Arne Redse (red.), Toleranse - Religion - Konflikt (2017).

Nr. 28: Anders Aschim, Olav Hovdelien og Helje Kringelbotn Sødal (red.), Kristne migranter i Norden (2016).

Nr. 27: Egil Sjaastad: Carl Fr. Wisløff. Presten som ble misjonsfolkets professor (2016).

Nr. 26: Brynjulf Hoaas: The Gift of the Lord’s Supper. The Reception of the Benefits of the Real Presence in the Early Eucharistic Works of Martin Chemnitz (2016)

Nr. 25: Gunnar Innerdal og Knut-Willy Sæther (red.): Trinitarisk tro og tenkning. Festskrift til Svein Rise (2015).

Nr. 24: Bente Afset, Birger Løvlie og Arne Helge Teigen (red.): Misjon – Tro – Skole. Festskrift til Arne Redse (2015).

Nr. 23: Knut-Willy Sæther og Karl Inge Tangen (red.): Pentekostale perspektiver (2015).

Nr. 22: Tom Erik Hamre, Erling Lundeby og Arne Redse (red.): Barnetro og trosopplæring. Festskrift til Egil Sjaastad på 65-årsdagen (2014).

Nr. 21: Brynjulf Hoaas: The Doctrine of Conversion in the Theology of Martin Chemnitz. What It Is and How It Is Worked (2013).

Nr. 20: Bente Afset, Kristin Hatlebrekke og Hildegunn Valen Kleive (red.): Kunnskap til kva? Om religion i skolen (2013).

Nr. 19: Knut-Willy Sæther (red.): Kristen spiritualitet. Perspektiver, tradisjoner og uttrykksformer (2013).

Nr. 18: Torleiv Austad, Ottar Berge og Jan Ove Ulstein: Dømmekraft i krise. Holdninger i kirken til jøder, teologi og NS under okkupasjonen (2012).

Nr. 17: Asbjørn Simonnes (red.): Digital trusopplæring (2011)

Nr. 16: Per Halse: Gudsord og folkespråk. Då nynorsk vart kyrkjemål (2011).

Nr. 15: Tormod Engelsviken mfl. (red.): Nye guder for hvermann. Femti år med alternativspiritualitet (2011).

Nr. 14: Jan Ove Ulstein og Per Magne Aadnanes (red.): Vegar i vegløysa. Ungdom, identitet og livssynsdanning i det postmoderne (2011).

Nr. 13: Per Halse mfl. (red.): Guds folk og folkets Gud. Festskrift til Birger Løvlie (2011).

Nr. 12: Arne Redse: Kinesisk religion og religiøsitet (2010).

Nr. 11: Bjørn Sandvik: Språkstrid og salmesang – Vår nynorske salmeskatt (2010).

Nr. 10: Torrey Seland (red.): «Lær meg din vei …». Kristen trosopplæring i går og i dag. En historisk oversikt (2009).

Nr. 9: Ralph Meier, Birger Løvlie og Arne Redse (red.): Danning, identitet og dialog. Festskrift til Jan Ove Ulstein og Per M. Aadnanes (2009).

Nr. 8: Ottar Berge: Åndene og Ånden. Refleksjoner omkring møtet mellom afrikansk religion og kristen livsforståelse (2008).

Nr. 7: Birger Løvlie: «Kor mykje stort…». Matias Orheim, hans bidrag til vestnorsk kultur- og kristenliv (2007).

Nr. 6: Jan Ove Ulstein (red.): Ungdom i rørsle 2. Faglege perspektiv og utfordringar (2004).

Nr. 5: Jan Ove Ulstein (red.): Ungdom i rørsle 1. Aktørar og arbeidsformer (2004).

Nr. 4: Torrey Seland: Paulus i Polis. Paulus’ sosiale verden som forståelsesbakgrunn for hans liv og forkynnelse (2004).

Nr. 3: Per M. Aadnanes (red.): Kyrkjeleg undervisning og utdanning. Ein konferanserapport (2003).

Nr. 2: Jan Ove Ulstein (red.): Kateketen i fokus. Nokre perspektiv på katekettenesta (2001).

Nr. 1: Jan Ove Ulstein og Per M. Aadnanes (red.): «Jeg gikk meg over sjø og land…». Bidrag til kyrkjefaga. Festskrift til Ottar Berge på 65-årsdagen (2001).

 

 

Om serien