5 Titles

Skriftkultur

Skriftkultur er ein vitskapleg skriftserie publisert av Cappelen Damm Forskning, avdelingen for åpen forskningspublisering i Cappelen Damm Akademisk. 

I løpet av dei siste tiåra har skriftkulturforsking etablert seg som eit forskingsfelt, ofte under den engelske nemninga «literacy studies». Skriftserien Skriftkultur har som mål å markere og vidareutvikle dette feltet. Skriftkultur er tverrfagleg og legg vekt på kulturorientert skriftkultur/literacy, med eit særleg auge for det komparative perspektivet, men redaksjonen tek i mot alle typar manuskript som handlar om det skriftkulturelle feltet.

Skriftserien er kopla til forskargruppe for Skriftkulturar ved Høgskulen i Volda. Forskargruppa for skriftkulturar er tverrfagleg, femner om mediefag, samfunnsfag og humanistiske fag, og er open og inkluderande for alle som er interesserte i forsking på skriftkulturar, samstundes som gruppa har eit særleg auge for den nynorske skriftkulturen.

Skriftkultur er rangert på nivå 1 i Register over vitenskapelige publiseringskanaler.

Redaksjon

Redaktørar
Stig J. Helset, professor, Høgskulen i Volda
Endre Brunstad, professor, Universitetet i Bergen

Redaksjonsråd
Unn Røyneland, professor, Universitetet i Oslo
Randi Solheim, professor, NTNU
Eli Bjørhusdal, professor, Høgskulen på Vestlandet
Heming Helland Gujord, professor, Universitetet i Bergen

Utgjevar

Skriftserien er utgjeven av Cappelen Damm Forskning, avdelingen for åpen forskningspublisering i Cappelen Damm Akademisk. 

Opphavsrett

Skriftkultur blir utgjeven med fri tilgang (open access) under lisens CC BY 4.0.

Forfattarane har opphavsrett og fulle publiseringsrettar til sine manuskript utan restriksjonar. Dei har derfor høve til og blir oppfordra til å gjere manuskript som blir publiserte i tidsskriftet, inkludert tilleggsmateriale, tilgjengeleg på personlege og institusjonelle websider før og etter publisering, under føresetnad av at publikasjonens bibliografiske detaljar (inkludert DOI) blir oppgitt.

Innsending og kvalitetsvurdering

Artikkelmanuskript skal sendast som vedlegg til e-post til redaksjonen. Det eine vedlegget skal vere ei anonymisert utgåve av manuskriptet i form av ei word-fil. Det andre vedlegget skal vere ei namngjeven utgåve av det same manuskriptet i form av ei pdf-fil. 

Skriftkultur blir gjeve ut ein gong i året. Publiseringsspråket for skriftserien er nynorsk. Redaktørane kan etter vurdering også akseptere manuskript skrivne på bokmål, andre skandinaviske språk eller engelsk.

Vi føreset at innsende manuskript er utforma i samsvar med forfattarinstruksen for skriftserien.

Skriftserien praktiserer «dobbel blind» fagfellevurdering, der verken fagfellane eller forfattaren kjenner identitet til kvarandre. I tillegg blir artiklane vurderte av redaksjonen, og endeleg avgjerd om publisering blir gjort av ansvarleg redaktør.

Alle innsende manuskript blir sende til plagiatkontroll via iThenticate før eventuell publisering. 

Artiklar som blir aksepterte for publisering, vil bli publiserte avgiftsfritt for forfattar.

Kontakt

Stig J. Helset (redaksjon): stig.helset@hivolda.no
Maria Braadland (forlag): maria.braadland@cappelendamm.no

Om serien