Nynorsk samtidslitteratur og skriftkultur. Festskrift til Geir Hjorthol

Volume editors:
Anemari Neple, Stig Jarle Helset, Endre Brunstad
Chapter authors:
Marit Brekke, Brage Egil Herlofsen, Geir Hjorthol, Stian Hårstad, Beatrice G. Reed, Wenke Mork Rogne, Nora Simonhjell, Elin Stengrundet, Marie Nedregotten Sørbø, Jan Inge Sørbø

Synopsis

Bakgrunnen for dette nummeret av Skriftkultur var at vi ville heidre vår gode kollega og fagfelle Geir Hjorthol med eit festskrift i høve hans 70-årsdag. Sidan festskriftmottakaren er litteraturprofessor og dessutan er interessert i skriftkulturstudiar meir generelt, valde vi å gje festskriftet tittelen Nynorsk samtidslitteratur og skriftkultur.

Geir Hjorthol står sjølv for den første artikkelen om Jon Fosses Septologien (2019–2022), og her rettar han søkjelyset mot forholdet til musikk i romanen. Denne artikkelen blei ikkje mindre aktuell då det nokre veker før festskriftet var ferdig, blei klart at Fosse fekk Nobelprisen i litteratur 2023, som den første nynorskforfattaren nokosinne. I den andre artikkelen stiller Jan Inge Sørbø spørsmål om lesing av litteratur kan ha køyrt seg fast i eit kritisk spor der ein heile tida er oppteken av å avsløre noko som er skjult i teksten.

Deretter følgjer fire artiklar som tek føre seg ulike nyare nynorske romanar eller forfattarskapar. I den første av desse reflekterer Elin Stengrundet over korleis Erlend Skjetnes ungdomsroman Eit anna blikk (2021) knyter an til moderne migrasjonslitteratur og den nynorske litteraturtradisjonen, medan Nora Simonhjell sin artikkel kastar nytt lys over den indre samanhengen i forfattarskapen til Olaug Nilssen. Marit Brekke og Wenke Mork Rogne presenterer ei posthumanistisk lesing av Is-slottet (1963) av Tarjei Vesaas, medan Beatrice G. Reed undersøker graden av naturorientering i nynorske biletbøker for barn i vår tid ved å sjå nærare på 13 prislønte nynorske biletbøker utgjevne etter år 2000.

Sakprosasjangeren og temaet nynorsk omsetjing blir dekt av dei to neste artiklane i festskriftet. Brage Egil Herlofsen drøftar forholdet mellom nynorsk skriftkultur og essaysjangeren med utgangspunkt i to bøker frå Norsk røyndom-serien til Samlaget (2018), medan Marie Nedregotten Sørbø analyserer omsetjingar av Jane Austen frå engelsk til norsk i lys av skriftkulturelle og hermeneutiske perspektiv.

I den siste artikkelen viser Stian Hårstad korleis vår tids språkkultur legg vekt på auka pluralisering og folkeleggjering, ikkje minst gjennom framveksten av digital teknologi som legg til rette for nye former for skriftbasert samhandling, før han drøftar kva for konsekvensar dette kan ha for skriftlegheita og for skriftkulturforskinga.

Synopsis in English

This issue of Skriftkultur stems from our desire to honor our good colleague Geir Hjorthol with a festschrift on the occasion of his 70th birthday. As the recipient is a professor of literature and also interested in literary culture studies more generally, we have titled the issue Norwegian Nynorsk contemporary literature and written culture.

Geir Hjorthol is himself responsible for the first article, in which he focuses on the role of music within Jon Fosse's novel, Septologien (2019–2022). This article became no less relevant when, a few weeks prior to completion of the issue, Fosse received the Nobel Prize in Literature 2023, the first Norwegian Nynorsk author in the prize’s history.

In the second article, Jan Inge Sørbø questions whether reading literature may be stuck in a critical rut, where one is constantly occupied with revealing something hidden in the text.

The four subsequent articles explore various recent Norwegian Nynorsk novels or authorships. In the first of these, Elin Stengrundet reflects on how Erlend Skjetne's young adult novel Eit anna blikk (2021) connects to modern migration literature and the Norwegian Nynorsk literary tradition, while Nora Simonhjell's article sheds new light on the inner coherence in the authorship of Olaug Nilssen. Marit Brekke and Wenke Mork Rogne present a post-humanistic reading of the Is-slottet (1963) by Tarjei Vesaas, while Beatrice G. Reed examines the presence of nature in Norwegian Nynorsk picture books for children in our time by taking a closer look at 13 prize-winning Norwegian Nynorsk picture books published up until the year 2000.

Non-fiction and the topic of translation are covered by the next two articles. Brage Egil Herlofsen discusses the relationship between Norwegian Nynorsk literary culture and the essay genre, based on two books from the Norsk røyndom-series published by Samlaget (2018), while Marie Nedregotten Sørbø analyzes translations of Jane Austen from English to Norwegian in light of literary cultural and hermeneutical perspectives.

In the last article, Stian Hårstad shows how the language culture of our time places emphasis on increased pluralization, not least through the rise of digital technology, which facilitates new forms of interaction via writing, before discussing possible consequences this may have for written culture in general, and for studies of written cultures.

Author Biographies

Anemari Neple

Anemari Neple er førsteamanuensis i norsk (nordisk) litteratur ved Høgskulen i Volda, der ho mellom anna har ansvar for masteremnet i nynorsk samtidslitteratur. Ho har gjeve ut monografien En annen verden. Ro og refleksjon i Tor Ulvens forfatterskap (Gyldendal, 2018) og vore medredaktør av fleire antologiar.

Stig Jarle Helset

Stig J. Helset er professor i norsk språk ved Høgskulen i Volda, der han er ansvarleg for mastergradsstudiet i skriftkulturar. Han har arbeidd mykje med kartlegging av normer i det nynorske skriftspråket og driv dessutan med sosiolingvistisk forsking og stadnamnforsking.

Endre Brunstad

Endre Brunstad er professor i nordisk fagdidaktikk/språk og er fagleg leiar for lektorsenteret, Universitetet i Bergen. Han har arbeidd mykje med språkpolitikk og språknormering i dei nordiske språksamfunna og med problemstillingar knytte til språkkontakt og språkopplæring.

Marit Brekke

Marit Brekke er førstelektor i norskdidaktikk ved Høgskulen i Volda og underviser ved lærarutdanninga der. Ho har tidlegare skrive artiklar om samansette tekstar og adaptasjonar, bildebøker og ungdomsromanar.

Brage Egil Herlofsen

Brage Egil Herlofsen er høgskulelektor i nordisk litteratur hjå Institutt for språk og litteratur ved Høgskulen i Volda. Han er oppteken av litterær sakprosa, særleg essayistikk.

Geir Hjorthol

Geir Hjorthol er professor emeritus ved Høgskulen i Volda, der han framleis gjev noko undervisning i nordisk litteratur og nynorsk skriftkultur. I forskinga si har han vore særleg oppteken av forholdet mellom litteratur og politikk og mellom litteratur og musikk i moderne norsk prosa.

Stian Hårstad

Stian Hårstad er professor i nordisk språkvitskap ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU), der han underviser og rettleier særleg i sosiolingvistiske og språkhistoriske emne. Eit sosiokulturelt perspektiv på språk og språkbruk står sentralt i forskingsverksemda hans, og han har arbeidd med både munnleg og skriftleg materiale for å kaste lys over «språkets sosiale liv» i ein norsk samanheng.

Beatrice G. Reed

Beatrice G. Reed er for tida tilsett som postdoktor i barnelitteratur ved Høgskulen på Vestlandet. Ho forskar primært på representasjon av natur i skandinavisk barne- og vaksenlitteratur, men arbeider òg med spørsmål knytte til framstilling av samar og nasjonale minoritetar i nordisk litteratur.

Wenke Mork Rogne

Wenke Mork Rogne er professor i norskdidaktikk ved Høgskulen i Volda og underviser ved lærarutdanninga der. Ho er litteraturvitar med doktorgrad innanfor lesestrategiar og leseforståing. Hennar interessefelt er litteraturdidaktikk, digital literacy, begynnaropplæring i skriving digitalt og på papir og vurderingspraksisar.

Nora Simonhjell

Nora Simonhjell er professor i nordisk litteratur ved Universitetet i Agder. Ho har særleg forska på korleis nyare skandinavisk skjønnlitteratur representerer ulike former for funksjonshemming og sjukdomserfaringar.

Elin Stengrundet

Elin Stengrundet er førsteamanuensis i norsk litteratur ved Høgskulen på Vestlandet, studiestad Bergen. Ho underviser på lærarutdanninga, og forskinga hennar dreier seg i hovudsak om norsk litteratur frå 1800- og 1900-talet.

Marie Nedregotten Sørbø

Marie Nedregotten Sørbø er professor i engelsk litteratur ved Høgskulen i Volda, med ansvar for emne innan skrift og fridom, og adaptasjon og omsetjing. Ho har forska mykje på engelske og norske kvinners skriftkultur i fortida, og har publisert om forfattarar som Jane Austen, George Eliot, Dorothe Engelbretsdatter, Birgithe Kühle, Hannah More og Berte Kanutte Aarflot.

Jan Inge Sørbø

Jan Inge Sørbø er professor i nordisk litteraturvitskap og arbeider ved Institutt for sosialfag ved Høgskulen i Volda. Han har skrive ei rekkje monografiar om norske forfattarar og Nynorsk litteraturhistorie (2018).

Cover Image
Published
December 8, 2023


ISBN

Details about the available publication format: PDF

PDF
978-82-02-82670-3

Details about the available publication format: HTML

HTML
978-82-02-83100-4

Details about the available publication format: EPUB

EPUB
978-82-02-83099-1

Details about the available publication format: XML

XML
978-82-02-83101-1

Details about the available publication format: PRINT ON DEMAND

PRINT ON DEMAND
978-82-02-82671-0
Series
Online ISSN
2535-7395