Skriftkulturstudiar i ei brytingstid

Volume editors:
Endre Brunstad, Stig Jarle Helset
Chapter authors:
Arne Apelseth, Kjell Lars Berge, Endre Brunstad, Stig Jarle Helset, Geir Hjorthol, Jan Inge Sørbø, Per Henning Uppstad, Stephen J. Walton

Synopsis

Siktemålet med dette første nummeret av den nye vitskaplege skriftserien Skriftkultur er å gjere opp status for skriftkulturstudiar som forskingsfelt og studiefelt. Nummeret kastar lys over skriftkulturomgrepet i ein brei literacy-samanheng, samtidig som det har eit særleg auge for den nynorske skriftkulturen.

Kva ligg i omgrepet skriftkultur? Kva er det som kjenneteiknar skriftkulturstudiar i dag? Korleis er tilhøvet mellom skriftkultur og literacy? Kan vi snakke om ein eigen nynorsk litterær danningstradisjon? Og bør opplæringa i nynorsk skriftspråk lausrivast frå dialektane?

Gjennom sju vitskaplege artiklar diskuterer forfattarane ulike sider av skriftkulturen og skriftkulturstudiane i eit historisk og notidig perspektiv og i eit norsk/nordisk og internasjonalt perspektiv.

Publikasjonen rettar seg mot studentar, forskarar og andre som er opptekne av det skriftkulturelle feltet generelt og den nynorske skriftkulturen spesielt.

Author Biographies

Arne Apelseth

Arne Apelseth er professor i nynorsk skriftkultur ved Høgskulen i Volda. Han har især vore oppteken av korleis skriftkultur utvikla seg i lågare samfunnslag under ytre påtrykk frå reformasjon, opplysningstid og nasjonsbygging, og både doktoravhandlinga (2004) og fleire artiklar utforskar sider ved dette emnet. Apelseth har i fleire år vore førelesar ved masterstudiet i nynorsk skriftkultur.

Kjell Lars Berge

Kjell Lars Berge er professor i tekstvitskap ved Universitetet i Oslo. Han har vore gjesteprofessor ved Göteborgs Universitet, professor II i literacy ved Universitet i Stavanger og professor II i skriveforsking ved NTNU. Berge er også æresdoktor ved Örebro Universitet.​

Endre Brunstad

Endre Brunstad er professor i nordisk fagdidaktikk/språk ved Universitet i Bergen og er for tida professor II ved Høgskulen i Volda. Han har arbeidd mykje med språkpolitikk og språknormering i dei nordiske språksamfunna og med problemstillingar knytte til språkkontakt og språkopplæring.

Stig Jarle Helset

Stig J. Helset er førsteamanuensis i norsk språkvitskap ved Høgskulen i Volda, der han er ansvarleg for Mastergradsstudiet i nynorsk skriftkultur. Han har arbeidd særleg mykje med kartlegging av normer i det nynorske skriftspråket og driv dessutan med stadnamnforsking.

Geir Hjorthol

Geir Hjorthol er professor i nordisk litteratur ved Høgskulen i Volda og underviser i nynorsk litteratur og kulturteori på Mastergradsstudiet i nynorsk skriftkultur. I forskinga si har han særleg arbeidd med dei store norske samtidsforfattarane.

Jan Inge Sørbø

Jan Inge Sørbø er professor i nynorsk skriftkultur ved Høgskulen i Volda. Han har vore særleg oppteken av den nynorske litteraturen og har skrive fleire biografiar og eigne skjønnlitterære bøker. I 2018 publiserte han storverket Nynorsk litteraturhistorie.

Per Henning Uppstad

Per Henning Uppstad er professor i spesialpedagogikk ved Lesesenteret, Universitetet i Stavanger og er for tida professor II ved Høgskulen i Volda. Han har særleg arbeidd med teoretisk avklaringsarbeid i skjeringspunktet mellom spesialpedagogikk og lingvistikk, og har forskingsinteresser innan teknologistøtta læring, lesevitskap og tidleg intervensjon.

Stephen J. Walton

Stephen J. Walton er professor i tverrfaglege kulturstudiar ved Universitet i Søraust-Noreg. Han har vore professor i nynorsk skriftkultur og leiar for Ivar Aasen-instituttet ved Høgskulen i Volda. Han har vore oppteken av forsking på fleire sider av det skriftkulturelle feltet, med eit særleg søkjelys mot arbeida til Ivar Aasen, amerikanisering og biografiteori.  Dei seinaste åra har Walton skrive om seksualitetshistorie, og held på å gi ut ei bok om genussystemet i eit samfunn i Mexico.

Cover Image
Published
June 18, 2019


ISBN

Details about the available publication format: PDF

PDF
9788202616601

Details about the available publication format: EPUB

EPUB
9788202632663

Details about the available publication format: HTML

HTML
9788202646325

Details about the available publication format: XML

XML
9788202646332
Series
Online ISSN
2535-7395