Språk, tekst og medvit

Volume editors:
Tor Arne Haugen, Svenn-Arve Myklebost, Endre Brunstad, Stig Jarle Helset
Chapter authors:
Tor Arne Haugen, Eivor Finset Spilling, Christer Johansson, Jonas Gamborg Lillebø, Marianne Hustvedt, Timothy Saunders, Geir Hjorthol, Knut Willy Sæther

Synopsis

Dette nummeret av Skriftkultur viser korleis det tverrfaglege skriftkulturelle feltet kan opne nye perspektiv på grunnleggande spørsmål. Eit avgjerande grunnlag for all forsking og vitskap er at han er skriftbasert. Det gjeld ikkje berre i humaniora, men i alle vitskaplege disiplinar.

Vitskaplege teoriar og tenkjemåtar er språklege konstruksjonar i kulturelle fellesskap, og det er i skriftleg form vitskapleggjeringa skjer. Grunnlagsproblem i utforsking av språket og skrifta er dermed samstundes grunnlagsproblem for andre skriftspråklege praksisar, anten dei er vitskaplege eller meir generelle. Tilhøva mellom språket, tekstane det gjev grunnlag for og medvitet til språkbrukarane handlar nettopp om slike grunnproblem. Kva er grunnlaget vårt for å forstå, beskrive og forklare desse tilhøva, og på kva måtar gjev ulike fag og disiplinar ulike inngangar til og svar på slike spørsmål?

Synopsis in English

This volume of Skriftkultur illustrates how the cross-disciplinary field of writing culture can provide new perspectives on fundamental questions. A definitive foundation of all research and scholarly activity is that it is based in writing. This is true not only within the humanities, but in all scientific disciplines.

Scientific theories and modes of thought are linguistic constructions within cultural communities, and science happens in written form. Basic issues in exploring language and writing are thus also basic issues in other written language practices, whether they are scientific or more general. The relationship between a language, texts the language is the basis of, and awareness of the language users is precisely about such basic issues. What are our grounds for understanding, describing and explaining these situations, and to what extent do different subjects and disciplines provide different approaches and answers to such questions?

Author Biographies

Tor Arne Haugen

Tor Arne Haugen er professor i norsk språk ved Høgskulen i Volda. Han har særleg arbeidd med kognitiv grammatikk og semantikk og tilhøvet mellom grammatikk og leksikon.

Svenn-Arve Myklebost

Svenn-Arve Myklebost er førsteamanuensis i engelsk litteratur ved Høgskolen i Innlandet på Hamar. Han har vore med og utvikla det nye Mastergradsstudiet i skrifkulturar ved sin gamle arbeidsstad, Høgskulen i Volda. Myklebost forskar blant anna på adaptasjonar og omsettingar av stykka til William Shakespeare, på esoterisme i vestleg kultur, og på teikneseriar.

Endre Brunstad

Endre Brunstad er professor i nordiske språk ved Universitet i Bergen og er for tida professor II ved Høgskulen i Volda. Han har arbeidd mykje med språkpolitikk og språknormering i dei nordiske språksamfunna og med problemstillingar knytte til språkkontakt og språkopplæring.

Stig Jarle Helset

Stig J. Helset er førsteamanuensis i norsk språk ved Høgskulen i Volda, der han er ansvarleg for Mastergradsstudiet i skriftkulturar. Han har arbeidd særleg mykje med kartlegging av normer i det nynorske skriftspråket og driv dessutan med stadnamnforsking.

Eivor Finset Spilling

Eivor Finset Spilling er stipendiat ved Høgskulen i Volda / Universitetet i Stavanger. Forskningsinteressene hennar er særleg byrjaropplæring i skriving, grammatikk og grammatikkdidaktikk.

Christer Johansson

Christer Johansson er professor i datalingvistikk og er ansvarleg for HumLab ved Universitetet i Bergen. Han forskar og underviser i eksperimentell psykolingvistikk, neuroestetikk og på modellar for korleis menneske handterer språk.

Jonas Gamborg Lillebø

Jonas Gamborg Lillebø er førsteamanuensis ved Institutt for religion og livssyn ved Høgskulen i Volda. Han har sine faglege interesser innanfor språkfilosofi, omsetjingsteori, interkulturalisme, vitskapsfilosofi (spesielt fransk epistemologi, hermeneutikk, samfunnsfaga sin vitskapsfilosofi, historiografi), sekulariseringsteori, politisk teologi, filosofisk antropologi, sosialfilosofi, politisk filosofi.

Marianne Hustvedt

Marianne Hustvedt jobber på Institutt for Religion og Livssyn ved Høgskulen i Volda. Hustvedt sine forskningsinteresser er norsk og fransk idé- og litteraturhistorie, oversettelse og pedagogiske grunnlagsproblemer. Hun har publisert om Voltaires toleransebegrep,  Hannah Arendt og kritisk tenkning, og om subjektivitet, dialog og språk i pedagogikken. 

Timothy Saunders

Timothy Saunders er førsteamanuensis i engelskspråkleg litteratur og kultur ved Høgskulen i Volda. Han har ein PhD i antikken og forskar på gresk, latinsk og engelskspråkleg litteratur og skriftkultur, samt forholdet mellom dei.

Geir Hjorthol

Geir Hjorthol er professor ved Høgskulen i Volda, der han underviser i nordisk litteratur og nynorsk skriftkultur. I forskinga si har han vore særleg oppteken av forholdet mellom litteratur og politikk og mellom litteratur og musikk i moderne norsk prosa.

Knut Willy Sæther

Knut-Willy Sæther er professor ved Institutt for religion og livssyn, Høgskulen i Volda. Hans religionsfilosofiske forskning er interdisiplinær og omfatter også fagområder som filosofi, vitenskapsteori, estetikk, religion og teologi. Sæther tok doktorgraden ved Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet i Trondheim (2005) på en avhandling om forholdet mellom naturvitenskap og teologi. For mer informasjon om publikasjoner og forskning swww.knutwillysaether.weebly.com

Cover Image
Published
October 13, 2021


ISBN

Details about the available publication format: PDF

PDF
978-82-0273139-7

Details about the available publication format: EPUB

EPUB
978-82-0274362-8

Details about the available publication format: XML

XML
978-82-02-74363-5

Details about the available publication format: HTML

HTML
978-82-02-74311-6
Series
Online ISSN
2535-7395