Forfattarinstruks for Skriftkultur


Forfattarinstruks for SKRIFTKULTUR

Vitskapleg skriftserie publisert på NOASP/Cappelen Damm Akademisk
Alle artiklar som skal inngå i skriftserien må utformast i tråd med denne instruksen. Redaksjonen ber om at forfattarane følgjer instruksen nøye, slik at redaktørane og fagfellane kan konsentrere seg om sjølve innhaldet i teksten. Kontakt gjerne redaktørane dersom du har spørsmål i samband med utforming av tekst, tabellar, figurar eller litteraturtilvisingar.

Innsending
Artikkelmanuskript skal sendast som vedlegg til e-post til redaktørane. Det eine vedlegget skal vere ei anonymisert utgåve av manuskriptet i form av ei word-fil. Det andre vedlegget skal vere ei namngjeven utgåve av det same manuskriptet i form av ei pdf-fil.

Språk
Hovudspråket i SKRIFTKULTUR er nynorsk, og om ikkje anna er avtala, skal manuskript utformast i samsvar med gjeldande normal for dette skriftspråket. Redaktørane kan etter vurdering også akseptere manuskript skrivne på bokmål, andre skandinaviske språk eller engelsk.

Samandrag
Alle artiklar skal ha eit samandrag på inntil 150 ord.  Samandraget skal introdusere emnet for artikkelen, omtale dei viktigaste momenta som blir drøfta og peike på kva for konklusjonar artikkelen gjev grunnlag for. Dette samandraget skal plasserast mellom tittel og nøkkelord.

Nøkkelord
Manuskriptet skal ha 4-6 nøkkelord som skal plasserast mellom samandrag og innleiing. Dersom artikkelen er skriven på eit nordisk språk, skal ein skrive nøkkelord både på dette språket og på engelsk (keywords). Dersom artikkelen er skriven på engelsk, skal ein skrive nøkkelord både på engelsk og på norsk.

Omfang og format
Innsende manuskript skal vere på inntil 7500 ord per artikkel og skrivne i Times New Roman med 12 pkt. skriftstorleik og 1,5 linjeavstand. Omfanget av ein gjeven artikkel kan etter vurdering frå redaktør ved særskilde høve vere noko lenger. Venstre- og høgremargane skal vere på 2,5 cm og dei skal vere rette. Ved avsnitt skal ein bruke vanleg linjeskift og tabulatorinnrykk.

Titlar og overskrifter
Titlar og overskrifter bør vere enkle og vise til overordna tematikk. Overskrifter skal ha 12 pkt. skriftsstorleik og kan delast inn i inntil to nivå. Bruk feit skrift for overskrift på nivå 1 og kursiv skrift for overskrift på nivå 2. Vi ser helst at ein unngår bruk av nummerering ved overskrifter.

Tabellar, figurar, bilete og illustrasjonar
Tabellar og figurar plasserer ein i manuskriptet der ein ønsker at dei skal vere. Alle tabellar og figurar skal nummererast og ha ein forklarande tittel. Tabell- og figurtekstar og nummerering skal stå over sjølve tabellen/figuren i teksten og ha 11 pkt. skriftstorleik. Opphavsretten til fotografiske verk, illustrasjonar, dikt og songar gjeld også for digitale publikasjonar, og må derfor klarerast før bruk.

Fotnotar
Eventuelle fotnotar skal ha 10 pkt. skriftstorleik.

Sitat
SKRIFTKULTUR brukar APA7th-standarden i laupande litteraturtilvisingar og sitat i teksten. Gjer vel å følgje denne standarden: https://www.hivolda.no/biblioteket/skrive-og-referere/apa-7-eksempelsamling/tilvisingar-og-sitat-teksten

Samandrag på anna språk
Dersom artikkelen er skriven på eit skandinavisk språk, skal forfattaren (også) skrive eit samandrag (abstract) på engelsk. Dersom artikkelen er skriven på engelsk, skal forfattaren (også) skrive eit samandrag på norsk. Dette samandraget skal plasserast rett etter sjølve artikkelen og før personalia.

Personalia
Etter samandraget skal forfattaren føre opp namn og institusjonstilknyting med post og e-post-adresse.

Litteratur
Litteraturlista skal vere ordna alfabetisk og stå heilt til slutt, etter namn og institusjonstilknyting.
SKRIFTKULTUR brukar APA7th-standarden for litteraturlister. Gjer vel å følgje denne standarden:
https://www.hivolda.no/biblioteket/skrive-og-referere/apa-7-eksempelsamling/litteraturliste

Fagfellevurdering
SKRIFTKULTUR er ein vitskapleg skriftserien som gjev utteljing i form av eitt publikasjonspoeng per artikkel. Det inneber at alle artiklar må tilfredsstille visse krav og gå gjennom fagfellevurdering.
Redaktøren sender artikkelen til minst éin fagfelle, som får lese ei anonym utgåve av han. Dersom fagfellen rår til at artikkelen blir publisert, vil forfattaren få tilsendt innspel frå fagfellen og tilbod om revisjon med påfølgjande publisering av artikkelen. Forfattaren får lese korrektur på endeleg artikkel éin gong. Kvar forfattar får tilsendt pdf-fil av trykkeversjonen av eigen artikkel.

Punkt som fagfellen legg til grunn i si vurdering
• Artikkelen presenterer ny kunnskap og er original (sjølvutvikla og ikkje publisert før)
• Den presenterte forskinga (funn, metode, fortolkingar) er etterretteleg
• Artikkelen er godt disponert og forskingsspørsmål, teori, metode, funn og tolkingar er klart presenterte og godt formidla
• Tittel og overskrifter er dekkande for innhaldet
• Samandraget er tilstrekkeleg informativt og dekkande for innhaldet
• Kjeldetilvisingar er tilstrekkeleg oppgitt og komplette både i teksten og i litteraturlista

Lisens
Skriftkultur blir utgjeven med fri tilgang (open access) under lisens CC BY 4.0.  

Helsing redaktørane, Stig Helset (stig.helset@hivolda.no) og Endre Brunstad (endre.brunstad@uib.no)