Vilkår for nynorsk mellom barn og unge

Volume editors:
Gudrun Kløve Juuhl, Stig J. Helset, Endre Brunstad
Chapter authors:
Gudrun Kløve Juuhl, Stig J. Helset, Endre Brunstad, Anna Marta V. Vadstein, Eli Bjørhusdal, Janne Sønnesyn, Jan Olav Fretland, Kristin K. Sjøhelle, Kirsti Lunde, Hege Myklebust, Hilde Osdal, Briten Russdal-Hamre, Marit Brekke

Synopsis

Ein fagleg samtale om skriftkultur kjem ikkje unna spørsmålet om tradering – altså korleis og i kva grad skriftkulturar vert overført til nye generasjonar og utvikla av dei.
Likevel har forskinga på nynorsk inntil relativt nyleg halde seg unna dette livsviktige spørsmålet for ein skriftkultur og eit språk. For tjue år sidan handla forskinga på nynorsk i stor grad om nynorsknorm eller språkhistorie.
Dette nummeret av skriftserien Skriftkultur er ein del av etableringa av tradering av nynorsk som eit forskingsfelt. Forskingsfeltet inkluderer spørsmål knytt til eksponering for og opplæring i nynorsk i utdanningsinstitusjonen, men også spørsmål om korleis barn og unge sjølve stiller seg til nynorsk og kva plass språket har i livet deira. I eit vidare perspektiv handlar spørsmålet om tradering av nynorsk også om kva plass og funksjonar språket fyller, dvs. kva slags sosial praksis som ligg til grunn for nynorsken.
I dette nummeret undersøkjer 13 forskarar vilkåra for nynorsk mellom barn og unge frå ulike vinklar og på ulike tidspunkt i livet, frå barnehage til studentliv. Publikasjonen rettar seg mot studentar, forskarar og andre som er opptekne av dette viktige forskingsfeltet.

 

Author Biographies

Gudrun Kløve Juuhl

Gudrun Kløve Juuhl er førsteamanuensis i norsk ved Høgskulen i Volda. Ho underviser på barnehagelærarutdanninga, og forskar mellom anna på skrift, tekstar og tekstbruk i kvardagen til barn og ungdom.

Stig J. Helset

Stig J. Helset er førsteamanuensis i norsk språkvitskap ved Høgskulen i Volda, der han er ansvarleg for Mastergradsstudiet i nynorsk skriftkultur. Han har arbeidd særleg mykje med kartlegging av normer i det nynorske skriftspråket og driv dessutan med stadnamnforsking.

Endre Brunstad

Endre Brunstad er professor i nordisk fagdidaktikk/språk ved Universitet i Bergen og er for tida professor II ved Høgskulen i Volda. Han har arbeidd mykje med språkpolitikk og språknormering i dei nordiske språksamfunna og med problemstillingar knytte til språkkontakt og språkopplæring.

Anna Marta V. Vadstein

Anne Marta V. Vadstein er høgskulelektor ved Nynorsksenteret, Høgskulen i Volda. Ho har mastergrad i Nynorsk skriftkultur og arbeider med tidleg litterasitet i barnehagen og lese- og skriveopplæring på 1.–7. trinn.   

Eli Bjørhusdal

Eli Bjørhusdal er professor i norsk språk ved Høgskulen på Vestlandet, studiestad Sogndal. Forskinga hennar dreier seg i hovudsak om språkforvaltning med vekt på nynorsk og språkdidaktikk i barnehage og grunnskule.

Janne Sønnesyn

Janne Sønnesyn er høgskulelektor i norsk og stipendiat i norsk språk og språkdidaktikk ved Høgskulen på Vestlandet. Ho arbeider for tida med eit doktorgradsprosjekt om ungdom sine skriftspråksval, med vekt på valet mellom nynorsk og bokmål.

Jan Olav Fretland

Jan Olav Fretland er dosent i norskdidaktikk ved Høgskulen på Vestlandet. Han har skrive ei rad lærebøker knytt til nynorsk språk og til språk i offentleg forvaltning. Han har særleg forska på kva feil vi finn hjå folk som skriv nynorsk.

Kristin K. Sjøhelle

Kristin K. Sjøhelle er førsteamanuensis i norskdidaktikk ved Høgskulen i Volda, der ho arbeider ved Seksjon for norsk i lærarutdanningane. Ho har forska særleg på problemstillingar knytte til undervisning i nynorsk som sidemål i grunnskolen og på vidaregåande trinn.

Kirsti Lunde

Kirsti Lunde er høgskulelektor i norsk ved Høgskulen på Vestlandet.

Hege Myklebust

Hege Myklebust er førsteamanuensis i norsk ved Høgskulen på Vestlandet, der ho underviser i språklege emne på masterutdanningane grunnskulelærar 1 – 7 og 5 – 10. Forskingsfelta hennar er skriving, klasseromssamtale og nynorsk.

Hilde Osdal

Hilde R. Osdal er førstelektor i norsk ved Høgskulen i Volda der ho i ei årrekkje har hatt ansvaret for studiet Norsk for internasjonale studentar. Interessefeltet hennar er elles skriving og skriveopplæring på andrespråket og nynorsk som opplæringsspråk for vaksne innvandrarar.

Briten Russdal-Hamre

Briten Russdal-Hamre er førstelektor i norsk og for tida studieprogramleiar for Grunnskolelærarutdanning 1-7 ved Universitetet i Stavanger. Ho har i seinare år arbeidd mest med skriveutvikling og tekstskaping.

Marit Brekke

Marit Brekke er høgskulelektor ved grunnskulelærarutdanninga ved Høgskulen i Volda, der ho underviser i litteraturdidaktikk og multimodale tekstar. Ho har arbeidd særleg mykje med skjønnlitteratur, adaptasjonar, appar og bildebøker.

Cover Image
Published
September 10, 2020


ISBN

Details about the available publication format: PDF

PDF
9788202687052

Details about the available publication format: HTML

HTML
9788202694111

Details about the available publication format: EPUB

EPUB
9788202694104

Details about the available publication format: XML

XML
9788202694128
Series
Online ISSN
2535-7395