Stemma og stilla i musikk og litteratur: Festskrift til Magnar Åm

Volume editors:
Geir Hjorthol, Helga Synnevåg Løvoll, Elizabeth Oltedal, Jan Inge Sørbø
Chapter authors:
Andreas Barth, Kristin Bolstad, Erik C. Fooladi, Kjell Habbestad, Geir Hjorthol, Kirsti Langstøyl, Helga Synnevåg Løvoll, Elizabeth Oltedal, Torgeir Rebolledo Pedersen, Øystein Salhus, Stein Helge Solstad, Gunnar Strøm, Jan Inge Sørbø, Vibeke Andrea Tellmann, Lars-Erik ter Jung, Wenche Torrissen, Knut Vaage, Lars Amund Vaage, Tine Grieg Viig, Magnar Åm

Synopsis

Denne boka er eit festskrift i høve 70-årsdagen til komponisten, pedagogen, dirigenten og samfunnsmennesket Magnar Åm. Heilt frå starten av komposisjonsarbeidet hans har musikken som erkjenningsform stått sentralt, men også trongen til å bryte grensene mellom etablerte former og konvensjonar. Dette har fungert som leietrådar også for bidraga til denne antologien. Målet har ikkje berre vore å lage eit heidersskrift til éin person, men å vere ei kjelde til ny innsikt.

Musikk og litteratur handlar om skaping og formidling av meining. Slik sett er det paradoksalt å snakke om stille som eit sentralt kjenneteikn ved desse kunstartane. Men alle som les og lyttar aktivt, veit at det er meir å hente i kunsten enn det som ligg i det umiddelbare og eksplisitte uttrykket. Stemma (i vid tyding) har stilla som si komplementære motsetning.

Første hovuddel av antologien gir ein kortfatta teoretisk bakgrunn for ei tverrvitskapleg forsking på musikk og litteratur. Bidraga som følgjer ser ikkje på kunstverka berre som ferdige produkt, men som delar av ein levande praksis, i møtet mellom komponist, forfattar, musikk, tekst, utøvar og mottakar. I neste del blir vi tekne med inn i verkstaden til komponistar og musikarar som kommenterer musikken til Magnar Åm, men også sin eigen i dette lyset. I siste del kryssar vi grensa mellom kunsten og andre erfaringsformer, med eudaimonia som samlande omgrep: Korleis kan ein kan leve eit fullstendig og meiningsfullt liv?

Boka er skriven av forskarar frå ulike fagfelt som litteratur, musikk, naturvitskap, friluftsliv, men også av utøvande kunstnarar: komponistar, musikarar og forfattarar. I møtet mellom forsking og kunst, gjennom vitskaplege artiklar og faglege essay, oppstår det ein samtale som skaper erkjenning på tvers av fastlåste grenser.

Synopsis in English

This book is in commemoration of the composer, educator, conductor and social worker Magnar Åm’s 70th birthday. Right from the start of work as a composer, music as a form of recognition has been central, along with an impulse to disrupt boundaries between established forms and conventions. This has also been a guiding principle behind the contributions to this anthology, where the goal has not only been to honor one individual, but to be a source of new insight.

Music and literature are about the creation and dissemination of meaning. In this sense, it is paradoxical to talk about silence as a hallmark of certain art forms. But anyone who reads or listens actively knows that there is more to be gained from art than what lies in the immediate and explicit expression. The voice (in a broad sense) finds its complimentary opposite in silence.

The first part of the anthology provides a brief theoretical background for interdisciplinary research into music and literature. The contributions that follow do not view artworks simply as finished products, but as parts of a living practice in which the composer, author, music, text, performer and audience all meet. In the next part, we are drawn into the workshops of composers and musicians who reflect on the music of Magnar Åm, as well as their own in light of this. In the final part, we cross the border between art and other forms of experience, with eudaimonia as a unifying concept: How should one live a complete and meaningful life?

This book has been written by researchers in a variety of fields such as literature, music, natural science and outdoor life, as well as practicing artists: composers, musicians and writers. Between research and art, through scientific articles and professional essays, a conversation arises that engenders recognition across fixed boundaries.

Chapters (PDF TO DOWNLOAD)

Author Biographies

Andreas Barth

Andreas Barth er musikar og trommemakar, lokalisert i Eidsfoss. Musikalsk produksjon gjennom Farmorhuset (www.farmorhuset.com) og trommemakeri gjennom Solid wood drum (www.solidwooddrum.com).

Kristin Bolstad

Kristin Bolstad er komponist, vokalist og musikar med base i Oslo. Bolstad er opptatt av korleis rom kan vere premiss for skaping og oppleving av eit verk, og har sjølv komponert fleire stadspesifikke verk. Ho er også opptatt av lydar som er rundt oss og brukar gjerne element av dette i musikken sin. Meir informasjon: www.kristinbolstad.com.

Erik C. Fooladi

Erik C. Fooladi er førsteamanuensis ved Institutt for realfag, Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning, Høgskulen i Volda. Interessefeltet hans er naturfagdidaktikk, mat- og helsedidaktikk og tverrfagligheit. Meir informasjon: https://www.hivolda.no/tilsette/institutt-realfag/erik-cyrus-fooladi

Kjell Habbestad

Kjell Habbestad er professor i musikkteori og komposisjon ved Noregs musikkhøgskule i Oslo. Verklista omfattar dramatiske verk, orkesterverk, solokonsertar, kammerverk for ulike besetningar, verk for orgel og piano og ei mengd korverk og motettar. Meir informasjon: https://nmh.no/kontakt-oss/ansatte/kjell-habbestad.

Geir Hjorthol

Geir Hjorthol er professor i nordisk litteratur ved Institutt for språk og litteratur, Høgskulen i Volda. I forskinga si er han særleg oppteken av moderne norsk prosalitteratur og korleis den kan lesast i lys av musikk, politikk og historie. Hjorthol er også utøvande musikar. Meir informasjon her: https://www.hivolda.no/tilsette/institutt-sprak-og-litteratur/geir-petter-hjorthol.

Kirsti Langstøyl

Kirsti Langstøyl er spesialbibliotekar ved Høgskulen i Volda, der ho har hovudansvar for fagområde kunst og handverk, musikk, teater og drama. Ho er også ihuga korpsentusiast. Meir informasjon: https://www.hivolda.no/tilsette/biblioteket/kirsti-langstoyl.

Helga Synnevåg Løvoll

Helga Synnevåg Løvoll er professor ved Institutt for idrett og friluftsliv, Avdeling for kulturfag, Høgskulen i Volda. Løvoll forskar på naturopplevingar, motivasjon og livskvalitet og ho er amatørmusikar i høgskulen sitt symfoniorkester. Meir informasjon: https://www.hivolda.no/tilsette/idrett-og-friluftsliv/helga-synnevag-lovoll.

Elizabeth Oltedal

Elizabeth Oltedal er førstelektor ved Institutt for musikk, Avdeling for kulturfag, Høgskulen i Volda. I forskingssamanheng har ho fokusert hovudsakleg på musikkundervisning, instrumentaldidaktikk, vurderingsproblematikk og amatørkor. Oltedal er aktiv dirigent. Meir informasjon: https://www.hivolda.no/tilsette/musikk/elizabeth-anne-oltedal.

Torgeir Rebolledo Pedersen

Torgeir Rebolledo Pedersen bur i Oslo. Han er utdanna arkitekt og har fleire års arkitektpraksis. Han debuterte som lyrikar i 1983 og har sidan vore fulltids forfattar og dramatikar. Forfattarskapen omfattar sytten diktsamlingar, fem barnebøker og libretti til operaer, både for born og vaksne. Meir informasjon: https://oktober.no/Torgeir-Rebolledo_Pedersen.

Øystein Salhus

Øystein Salhus er førstelektor ved Institutt for musikk, Avdeling for kulturfag, Høgskulen i Volda. Salhus er musikkterapeut og utøvande musikar, og han har eit forskingsfokus på musikk og livsmeistring og musikkterapi for personar med demens. Meir informasjon: https://www.hivolda.no/tilsette/musikk/oystein-salhus.

Stein Helge Solstad

Stein Helge Solstad er førsteamanuensis ved Institutt for musikk, Avdeling for kulturfag, Høgskulen i Volda. Hovudinteressa hans er i ekspertise og kognisjon, hovudsakleg knytt til jazzimprovisasjon. Solstad leiar forskargruppa Kreative læringsprosessar i musikk og er aktiv jazzutøvar. Meir informasjon: https://www.hivolda.no/tilsette/musikk/stein-helge-solstad.

Gunnar Strøm

Gunnar Strøm er dosent emeritus ved Høgskulen i Volda og var tilsett ved Avdeling for mediefag frå 1984. Han er filmvitar med animasjon, dokumentarfilm og musikkvideo som fagfelt. Han har vore tenor i Volda vokal sidan oppstarten i 1991. E-post: gunst.no@gmail.com

Jan Inge Sørbø

Jan Inge Sørbø er professor ved Institutt for sosialfag, Høgskulen i Volda. Sørbø har skrive fleire forfattarmonografiar, ei nynorsk litteraturhistorie og er oppteken av tilhøvet mellom terapeutisk, litterært og filosofisk språk. Meir informasjon: https://www.hivolda.no/tilsette/institutt-sosialfag/jan-inge-sorbo.

Vibeke Andrea Tellmann

Vibeke Andrea Tellmann er førsteamanuensis ved Institutt for filosofi og førstesemesterstudier, Universitetet i Bergen. I forskingssamanheng har Tellmann eit hovudfokus på musikkfilosofi, estetikk og filosofididaktikk. Meir informasjon: https://www.uib.no/personer/Vibeke.Andrea.Tellmann.

Lars-Erik ter Jung

Lars-Erik ter Jung er dirigent basert i Oslo. Han har ein omfattande karriere bak seg som fiolinist sidan han debuterte i 1980. Som dirigent er han involvert i ulike prosjekt i Norge og internasjonalt med både tradisjonelt og nytt repertoar. Meir informasjon: https://www.larserikterjung.no.

Wenche Torrissen

Wenche Torrissen er professor ved institutt for teater og drama, Avdeling for kulturfag, Høgskulen i Volda. Ho leiar forskingsgruppa Kultur og Helse og hennar forskingsinteresse er knytt til teaterhistorie, anvendt teater og estetisk transformasjon gjennom teater og andre kulturutrykk. Meir informasjon: https://www.hivolda.no/tilsette/drama-og-teater/wenche-torrissen

Knut Vaage

Knut Vaage er komponist busett i Bergen, og han har ein produksjon som spenner frå symfoniske verk og opera, til solostykke. Vaage har hatt hovudvekt på improvisasjons- og samtidsmusikk, utforsking av grensene mellom improvisasjon og komposisjon, og utvikling av eit hybrid akustisk/elektronisk lydbilde. Han er for tida tilknytt eit forskingsprosjekt ved Griegakademiet, Universitetet i Bergen. Meir informasjon: www.knutvaage.com.

Lars Amund Vaage

Lars Amund Vaage er forfattar og bur i Son i Viken. Han har skrive mest romanar, men også noveller, barnebøker, skodespel, dikt og essay. Meir informasjon: https://oktober.no/Lars-Amund_Vaage.

Tine Grieg Viig

Tine Grieg Viig er førsteamanuensis i musikkpedagogikk ved Institutt for kunstfag, Fakultet for lærerutdanning, kultur og idrett ved Høgskulen på Vestlandet og er for tida postdoktor i det NFR-finansierte prosjektet Music Teacher Education for the Future (FUTURED 2019-2022). Som komponist, forskar og lærarutdannar er ho spesielt interessert i skapande arbeid med musikk, kritisk musikkpedagogikk og digitale verktøy i musikkutdanning. Meir informasjon: https://www.hvl.no/person/
?user=tine.viig.

Magnar Åm

Magnar Åm er professor i musikk, tilsett på kunstnarleg grunnlag ved institutt for musikk, Avdeling for kulturfag, Høgskulen i Volda. Sjå verkliste og bibliografi annan plass i boka. Meir informasjon: https://www.hivolda.no/tilsette/musikk/magnar-am.

Cover Image
Published
April 5, 2022


ISBN

Details about the available publication format: PDF

PDF
9788202738747

Details about the available publication format: EPUB

EPUB
9788202763251

Details about the available publication format: HTML

HTML
9788202763268

Details about the available publication format: XML

XML
9788202763275

Details about the available publication format: Print on demand

Print on demand
9788202761097
Series
Online ISSN
2703-8076
Print ISSN
1502-7929