Stig Jarle Helset og Endre Brustad (red.)

Skriftkulturstudiar i ei brytingstid

Cappelen Damm Akademisk/NOASP

noasp@cappelendamm.no

Omslagsdesign: Cappelen Damm AS

Omslagsfoto: Getty Images

ISBN trykt bok: 978-82-02-64635-6

PDF: 978-82-02-61660-1

EPUB: 978-82-02-63266-3

HTML: 978-82-02-64632-5

XML: 978-82-02-64633-2

DOI: https://doi.org/10.23865/noasp.67

eISSN: 2535-7395

Føreord

Det er ei stor glede for oss å ønskje alle lesarar velkomne til det første nummeret av ein heilt ny vitskapleg skriftserie, Skriftkultur.

Denne skriftserien har som mål å markere og vidareutvikle skriftkulturstudiar som forskingsfelt, med særleg fokus på kulturorienterte og komparative tilnærmingsmåtar. Vi meiner det både manglar og er plass til eit slikt forum.

Det er ikkje tilfeldig at det nettopp er Høgskulen i Volda som står bak skriftserien. Høgskulen i Volda har lange tradisjonar for skriftkulturstudiar og har dei siste tiåra hatt eit eige studium i nynorsk skriftkultur.

Med utgangspunkt i Høgskulen i Volda vart det i 2017 etablert ei forskargruppe for nynorsk skriftkultur, som i dag har godt og vel 40 medlemer frå Høgskulen i Volda, Høgskulen på Vestlandet, Universitetet i Bergen og Universitetet i Stavanger. Forskargruppa er leidd av førsteamanuensis Stig J. Helset og professor Endre Brunstad, og har eit eige arbeidsutval samansett av representantar frå ulike institutt og avdelingar ved Høgskulen i Volda. I tillegg har forskargruppa eit råd samansett av medlemene i arbeidsutvalet for Nettverk for nynorskforsking innanfor UH-nett Vest (universitets- og høgskulenettverket på Vestlandet). Det er lagt vekt på at forskargruppa skal ha fagleg breidde og femne om mediefag, samfunnsfag og humanistiske fag, samtidig som nynorsk skriftkultur skal stå i sentrum – både direkte og indirekte, til dømes gjennom ulike former for komparasjon. Ei viktig målsetjing for forskargruppa var å få etablert ein eigen vitskapleg skriftserie.

I tråd med nyare tendensar er skriftserien publisert digitalt og med fri tilgang, open access. Reint teknisk vert dette ordna gjennom ein avtale med Cappelen Damm Akademisk om publisering på forlaget si digitale plattform Nordic Open Access Scholarly Publishing.

For å dra skriftserien i gang skipa vi som redaktørar til symposium om skriftkultur og skriftkulturforsking ved Høgskulen i Volda 6.–7. juni 2018. Utgangspunktet for symposiet var at både den skriftkulturelle praksisen og skriftkulturstudiane står i ei brytingstid. Siktemålet var å gjere opp status for skriftkulturstudiar som forskingsfelt og studiefelt, og å kaste lys over omgrepet skriftkultur i ein brei literacy-samanheng: Kva er det som kjenneteiknar skriftkulturstudiar i dag? Korleis er tilhøvet mellom skriftkultur og literacy? Korleis bør den skriftkulturelle forskinga vere i framtida? Bør skriftkulturar eigentleg forvaltast? Og kva er det særlege bidraget nynorsken kan kome med til resten av verda? Innlegg frå åtte innleiarar kasta lys over denne typen spørsmål, og seks av desse innlegga dannar grunnlaget for det som no ligg føre som vitskaplege artiklar i dette første nummeret av skriftserien. Som ein overbygnad for desse artiklane har vi som redaktørar skrive ein innleiande artikkel som startar med ei drøfting og problematisering av skriftkulturomgrepet, skriftkulturstudiar og skriftkulturelle praksisar før han klargjer korleis denne typen tematikkar blir handsama i dei einskilde artiklane som følgjer.

Vi vonar at lesarane finn både gagn og glede av Skriftkultur.

Volda, 11. mai 2019

Stig J. Helset og Endre Brunstad

Redaktørar

Utfordringar og moglegheiter for skriftkulturforskinga

Endre Brunstad og Stig J. Helset*

Samandrag: Denne artikkelen går nærmare inn på fleire aktuelle utfordringar og moglegheiter for skriftkulturforskinga. Forfattarane argumenterer for at skriftkulturen står i ei brytingstid, og at det gjer det maktpåliggjande med meir grunnleggjande refleksjon over status og vegval i skriftkulturforskinga. Artikkelen tek i den samanhengen særleg føre seg skriftkulturomgrepet i lys av literacy-omgrepet, og går nærmare inn på tilhøvet mellom skrift og tale som medium. Til slutt går artikkelen inn på bakgrunn og mål for den nye skriftserien Skriftkultur, og gjer kort greie for innhaldet i det første nummeret.

Nøkkelord: Skriftkultur, literacy, skrift og tale, skriftkulturstudiar

Keywords: Written culture, literacy, written languages and orality, literacy studies

*Korrespondanse: Endre Brunstad, Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium, Universitetet i Bergen, Postboks 7800, NO-5020 Bergen. E-post: endre.brunstad@uib.no; Stig Jarle Helset, Høgskulen i Volda, Institutt for språk og litteratur, Postboks 500, NO-6101 Volda. E-post: stig.helset@hivolda.no

Sitering av dette kapitlet: Brunstad, E. og Helset, S. J. (2019). Utfordringar og moglegheiter for skriftkulturforskinga. I S. J. Helset & E. Brunstad (red.), Skriftkulturstudiar i ei brytingstid (s. 9–19). Oslo: Cappelen Damm Akademisk. https://doi.org/10.23865/noasp.67

Lisens: CC BY 4.0

Innleiing

Skriftkulturen og skriftkulturforskinga står i ei brytingstid. Grunnlaget for desse brytingane er utviklinga i skriftteknologien med overgangen frå det analoge til det digitale og med overgangen frå papir til skjerm. Brytingane har ei rad samfunnsmessige, tekstkulturelle og kognitive implikasjonar, og dei kjem til uttrykk bl.a. gjennom nye tekstformer, distribusjonsmåtar, lesemåtar og skrivemåtar, og gjennom nye krav til skriftkyndigheit. Det er tale om ein ny skriftkulturell situasjon, og den får følgjer for oss, både som skriftbrukarar og skriftforskarar. Som skriftforskarar treng vi å orientere oss på nytt, og å vurdere både kart og landskap.

Denne situasjonsbeskrivinga ligg til grunn for at vi ønskjer å bruke dette første nummeret av skriftserien Skriftkultur til meir prinsipielle refleksjonar over kvar vi står i skriftkulturstudiane, og over kva vegar vi skal gå.

Som vi skal sjå gjennom dei ulike bidraga i nummeret, føregår det i Noreg og Norden ei omfattande skriftkulturell forsking. Når vi så ønskjer meir grunnleggjande refleksjon, er det ikkje for å vurdere kvaliteten på forskinga, men for å samle trådar, sjå dei større linjene, og gi inspirasjon til ny forsking. Det handlar om fleire aspekt: om statusen til skriftkulturstudiar, både som forskingsfelt og som studiefelt, om overordna tendensar og om det faghistoriske og metodologiske grunnlaget for feltet. I tillegg handlar det om sjølve skriftkulturomgrepet, som er blitt særleg utfordra av det «konkurrerande» literacy-omgrepet.

Omgrepsparet «literacy» og «skriftkultur»

Omgrepet literacy har i løpet av dei siste tiåra fått eit langt vidare omslagsfelt enn skriftkultur-omgrepet. Det er nytta i titlar på bøker, tidsskrift, konferansar og artiklar, og som emne i lærarutdanninga, slik tilfellet er ved NTNU og emnet «Norsk som literacy-fag». Når ein ser på impact i forskarsamfunnet, er det tydeleg at literacy-omgrepet har vunne fram. Det har vore argumentert for at anglisismen literacy burde verte avløyst av skriftkultur, slik Kjell Lars Berge gjorde i antologien Skriftkultur (2004):

Det har ikke vært enkelt å finne noen fullgod norsk eller nordisk avløserterm for «literacy», og mange løsninger har vært presentert. Ett av de beste forslagene er nettopp «skriftkultur». Så hvorfor ikke bestemme oss for det? (Berge, 2004, s. 5)

Likevel har literacy-omgrepet vore seigliva, og heller ikkje norvagiserte former som litterasitet har fått særleg gjennomslagskraft. Språkrådet har òg tilrådd skriftkultur som avløysarord, men då jamstilt med nemningar som skriftkunne og tekstkompetanse.

Hegemoniet til literacy-omgrepet er særleg tydeleg i den delen av norsk skriveforsking som er skuleorientert, og det er ikkje tilfeldig. Den skuleorienterte skriveforskinga har auka monaleg særleg det siste tiåret med vekst i norskdidaktiske stillingar og med sterkare forskings-ambisjonar ved lærarutdanningane. At literacy-omgrepet har vunne fram i utdanningssektoren akkurat i dette tidsrommet, må forståast i lys av tendensar i læreplanpolitikken i skuleverket med kompetansemål som styringsgrunnlag. Kompetanseomgrepet i læreplanverket (jf. Udir, 2012) svarar i stor grad til den kompetanseforståinga som OECD har uttrykt gjennom programmet Definition and Selection of Competences (OECD, 2000), der literacy er eit nøkkelomgrep. Av den grunnen har òg læreplanreforma frå 2006, Kunnskapsløftet, vorte karakterisert som ei «literacy-reform» (jf. Berge, 2005, s. 76), og denne literacy-profilen vert vidareførd gjennom den såkalla fagfornyinga av læreplanverket (jf. Udir, 2019).

Når UNESCO definerer literacy, er definisjonen svært vid, og handlar om evna ein person har til å utføre dei aller fleste kunnskapshandlingar:

Literacy is the ability to identify, understand, interpret, create, communicate and compute, using printed and written materials associated with varying contexts. Literacy involves a continuum of learning in enabling individuals to achieve their goals, to develop their knowledge and potential, and to participate fully in their community and society. (UNESCO, 2004, s. 14)

Sigmund Ongstad (2014, s. 214) har peikt på at denne definisjonen er så vid at den nærmar seg Comenius sitt program i Didactica Magna, nemleg «å etablere en lære for å lære alt». I forlenginga av ei slik påpeiking kan ein argumentere for at grunnen til at literacy-omgrepet har vunne fram, er at det er såpass omfattande og diffust at ein kan kople det til nær sagt alle typar aktivitetar og tilnærmingsmåtar som er knytte til språk. Ei meir sympatiserande tolking går ut på at literacy-omgrepet har fått fram fleire dimensjonar ved skriftstudiar enn det dei tradisjonelle tilnærmingsmåtane har gjort. At nemninga er engelsk, og har vore produktiv med ei rad samansetjingar som media literacy, digital literacy og health literacy, har nok òg styrkt slagkrafta. Likevel er det ikkje slik at nemninga får fram alt ein vil ha fram. Når ein i norsk har omsett health literacy med helsefremjande allmenndanning (Finbråten og Pettersen, 2009), er det for å få tydelegare fram samfunnsoppdraget som ligg i å fremje tilgang til helseinformasjon. Denne omsetjingsmåten byggjer på ein tankegang som har mykje til felles med det Bjørn Kvalsvik Nicolaysen (2005) har kalla tilgangskompetanse. Det handlar om grunnlaget for full demokratisk deltaking gjennom å kunne ha tilgang til relevante tekstar.

I dette nummeret er det særleg Kjell Lars Berge, Stephen Walton og Arne Apelseth som drøftar og avklarar tilhøvet mellom omgrepsparet skriftkultur og literacy. Alle desse ser nyansar knytte til opphavsland (amerikansk vs. kontinental) og interessefelt (skular på den eine sida vs. filologi på den andre). Det er òg peikt på at kvart av omgrepa ber på visse tradisjonar og ideologiar som det er verdt å problematisere, samtidig som det har skjedd ei tilnærming i løpet av dei seinare åra.

Slik vi forstår skriftkulturomgrepet, handlar det grovt sagt om skrift som eit kulturelt fenomen. Vi kan utforske dette kulturelle fenomenet som ein trekant med produkt, prosess og ekstern vekselverknad. På den eine sida har vi skriftorienterte produkt som tekstar og skriftspråk som kan granskast gjennom t.d. filologiske, litteraturvitskaplege og diskursanalytiske tilnærmingsmåtar. På den andre sida har vi skriftorienterte prosessar som lesing, skriving, opplæring og forvalting, med fagdidaktiske, pedagogiske, sosiologiske, psykologiske etc. tilnærmingsmåtar. På den tredje sida har vi så vekselverknaden mellom skriftkultur og den generelle sosiale, kulturelle og intellektuelle utviklinga i samfunnet, som igjen kan granskast på ulike måtar: som aspekt ved tekstar og prosessar, som produkt av skriftkultur etc. Samla sett handlar skriftkulturstudiar om korleis den skriftlege teknologien vert skapt, tileigna, formidla, brukt, forstått og gitt meining som del av kulturen, og korleis kultur, samfunn og sivilisasjonar vert knytte til skrifta.

Skrift, tale og fleirskriftlegheit

I fleire samanhengar har tilhøvet mellom tale og skrift stått sentralt i skriftkulturstudiar (jf. Lindhardt, 1989; Fafner, 1982; Berge et al., 2004). I antologien Skriftkultur frå 2004 kritiserte Berge det han hevda var talemålsfiksering hos nynorskfilologane. Han meinte det måtte vere mogleg å granske skriftspråket som skriftkulturelt fenomen utan å måtte ta omsyn til talemålet, og utan å måtte sjå på skriftspråket som forsøk på å avspegle det «eigentlege» språket, som var talemålet. Stephen Walton (2004) hadde i same boka ein artikkel der han nyanserte denne kritikken; han peikte på at talespråk og skriftspråk var nær kopla saman i den nynorske skriftkulturen. Dette synet vidarefører Walton (2015, 2019) i seinare artiklar.

Tilhøvet mellom skrift og tale er samansett, og det er særleg samansett når det gjeld nynorsken, fordi eit viktig prinsipp bak nynorsken som skriftspråk er at det skal byggje på dialektane i ulike delar av landet. Dette prinsippet er i sin tur igjen ikkje eintydig, og har dessutan vorte utfordra blant anna i språknormeringa. I samband med den siste rettskrivingsendringa av 2012 har Språkrådet formulert nokre overordna normeringsprinsipp der «sjølvstendeprinsippet» vert markert som det viktigaste, og der det heiter at «bruksprinsippet går framfor talemålsprinsippet» (Språkrådet, 2015, s. 12–13). At ein gjer eit poeng ut av å markere dette, illustrerer på same tid at det ikkje er konsensus om eit slikt syn, og at tilhøvet mellom skrift og tale nok er annleis blant dei som definerer seg som nynorskbrukarar enn blant dei som definerer seg som bokmålsbrukarar.

Samtidig kan vi sjå endringar når det gjeld den skriftkulturelle praksisen med nye digitale medium der skiljet mellom talespråk og skriftspråk vert meir diffust, og der tileigninga av dugleikar i skriftspråket og i skriftkulturar hos barn og unge får ein del fellestrekk med tileigninga av talespråk. Vi ser òg bruken av dialektprega skriving i sosiale medium, ein bruk som er meir utbreidd blant nynorskbrukarar enn blant bokmålsbrukarar (Garthus et al. 2010; Eiksund, 2014; Rotevatn, 2015). Skal ein vere skikkeleg pessimist, vil ein her spørje om ein er vitne til ei yttarlegare destandardisering av nynorsken, dvs. at yngre språkbrukarar ikkje tenkjer på den nynorske standarden som brukbar for sosiale medium.

Vekslinga mellom nynorsk, bokmål og dialekt handlar om fleirspråklegheit, og vi ser at mange av studiane knytte til nynorsken dei seinare åra handlar nettopp om det (jf. Brunstad et al. 2014; Eiksund og Fretland, 2015; Bjørhusdal et al. 2018). Her gir innsikt frå tospråklegheitsstudiar inspirasjon, ikkje minst gjennom studiar av toskriftlegheit, biliteracy, dvs. tospråklegheitsforsking som fokuserer på skriftspråket innanfor eit felt som har vore dominert av talespråkforsking (jf. Brunstad, 2018).

Volda og skriftserien Skriftkultur

Det er neppe tilfeldig at denne skriftserien vert etablert ved Høgskulen i Volda. Ved denne høgskulen har skriftkultur vore eit nøkkelomgrep for studiar og utdanningsprogram, bl.a. gjennom Jostein Fet (1995) sitt pionerarbeid om allmugelesing og gjennom merksemda på nynorsken, ikkje minst gjennom masterstudiet i nynorsk skriftkultur som vart etablert på 1990-talet. Framleis har skriftkulturstudiar ei særleg institusjonell forankring ved Høgskulen i Volda, og det kjem òg til synes gjennom strategiplanen for høgskulen:

Høgskulen i Volda ber vidare den historiske folkeopplysningstradisjonen frå Ivar Aasen, Sivert Aarflot, Hans Strøm og andre pionerar frå regionen. Høgskulen skal vere inkluderande og relevant, og vere ei kunnskapsbasert og kritisk røyst i samfunns- og utdanningsdebatten. Høgskulen skal ha høg kvalitet i undervisning, forsking, formidling og forvalting. Nynorsk språk og kultur er ein viktig del av identiteten vår. (Høgskulen i Volda, 2018)

I dette sitatet ser høgskulen seg sjølv ikkje berre som del av ein lengre historiske tradisjon der utviklinga av skriftkulturen står sentralt. Høgskulen koplar òg arbeidet for nynorsk skriftkultur til eit større samfunnsoppdrag – til folkeopplysning, samfunnsdebatt, forsking, formidling og forvalting, og gjer på den måten ei generell kopling mellom skriftkultur og demokratisk deltaking. Det er her tale om ei kulturpolitisk forankring av skriftkulturell forsking, formidling og forvalting. Denne forankringa høver samtidig godt med profilen til denne skriftserien, der det vert lagt vekt på dei sosiokulturelle og kulturpolitiske aspekta ved skriftkulturstudiar. Ei slik vektlegging seier noko om nisjeforståing eller rolleforståing i høve til andre tidsskrift og skriftseriar på feltet. Samtidig må det presiserast at vi som står bak skriftserien, ønskjer ein open profil med tverrfaglege og komparative siktemål. I den samanhengen vil det vere eit mål å opne opp for både den historisk orienterte skriftkulturforskinga som tradisjonelt har rådd grunnen i humanistiske fag, og den meir skuleorienterte forskinga som har fått mest fotfeste i fagdidaktiske og pedagogiske studiar. Det er òg eit klårt ønske å opne opp for bidrag frå ulike fagtradisjonar, om korleis skriftkulturen vert forvalta og forstått t.d. i religiøse, juridiske, naturvitskaplege og medisinske tekstar. Når det er tale om komparasjon, er òg internasjonale perspektiv vesentlege å få med. Skriftserien skal med andre ord vere inkluderande, samtidig som den har ein tydeleg profil.

Innhaldet i dette nummeret av Skriftkultur

Det konkrete utspringet for dette nummeret av skriftserien er eit forskarsymposium som vart halde i Volda i 2018. Siktemålet med symposiet var å gjere opp status for skriftkulturstudiane som forskingsfelt og studiefelt, og å kaste lys over skriftkulturomgrepet. Dei innbodne innleiarane fekk kvar sine oppgitte titlar som dei skulle forhalde seg til, samtidig som dei fekk bakgrunnsinformasjon om symposiet med følgjande generelle problemstillingar: (1) Kva er det som kjenneteiknar skriftkulturstudiar i dag? (2) Korleis er tilhøvet mellom skriftkultur og literacy? (3) Korleis bør den skriftkulturelle forskinga vere i framtida? (4) Bør skriftkulturar eigentleg forvaltast? Og (5) kva er det særlege bidraget nynorsken kan kome med til resten av verda?

Det første bidraget er skrive av Kjell Lars Berge og har tittelen «Skriftkulturforsking i Norden. Nokre overordna perspektiv på forskingsfeltet og forskingsresultat på 2000-talet». Berge startar med å argumentere for at det skriftkulturelle nivået i eit land er ein indikator på om den kulturelle livskrafta er stor, den demokratiske kvaliteten er høg, og om det er mogleg for medborgarane å myndiggjere seg, og meiner at det skriftkulturelle nivået i Norden er høgt. Deretter plasserer Berge den nordiske forskinga i høve til fire ulike forskingsparadigme i internasjonal skriftkulturforsking: det mentalistiske paradigmet, det etnografiske og historiske paradigmet, det filologisk-lingvistiske paradigmet og det skrive- og lesepedagogiske paradigmet. Han viser til at det etnografiske og det lese- og skrivepedagogiske paradigmet står sterkt i nordisk forsking, medan det mentalistiske paradigmet har stått svakt. Berge tek til orde for meir tverrfagleg samarbeid, særleg mellom lese- og skriveforsking på den eine sida og humanistisk grunnforsking på den andre sida.

Det andre bidraget er skrive av Stephen J. Walton og har tittelen «Fem spørsmål om skriftkultur». Dei fem spørsmåla viser til dei ovanfor nemnde problemstillingane som var utgangspunktet for symposiet, og Walton drøftar problemstillingane i tur og orden. Gjennom ei nærlesing av den tyske skriftforskaren Peter Stein syner han korleis ein innanfor tyske skriftkulturstudiar har vore mindre optimistisk på vegner av skrifta enn kva tilfellet er innanfor anglofone literacy-studiar, før han argumenterer for at den framtidige skriftkulturforskinga bør konsentrere seg om den pressa posisjonen til skrifta mellom oraliteten og bileta. Walton er særleg oppteken av korleis oraliteten lever vidare i skrifta, noko han meiner nynorsken er eit sjeldsynt døme på.

Eit liknande perspektiv finn vi i bidraget frå Arne Apelseth, som argumenterer for at på viktige område må skriftkultur enno forståast med utgangspunkt i den lange overgangen frå munnleg til skriftleg. Det gjeld både individuelle livsløp og den historiske samfunnsutviklinga. Skriftbruk i moderne samfunn dreier seg i det vesentlege om ordinære aktivitetar i ordinære språkbrukssituasjonar, sjølv om utvalde skriftstykke kan utgjere ein høgkultur av tekstar til undervisnings- og opplæringsformål. Ein fungerande skriftbruk representerer ideelt sett «individet i verda» og «verda for individet», og i forlenginga av det argumenterer Apelseth for at samfunnet aktivt må leggje til rette for integrasjon, fullverdig deltaking og kompetent samhandling basert på opplæring i og gjensidig utveksling av skriftteikn og skriftsymbol.

Dei to neste bidraga drøftar nynorsk og folkemål som identitetsberarar innanfor litteraturen. I artikkelen «Skriftkultur og danning» reiser Jan Inge Sørbø spørsmålet om kva den nynorske litteraturen har hatt å seie for danning og identitet. Gjennom eit lengdesnitt av organisasjonslivet, folkehøgskular og lærarseminar knytt til nynorsk-rørsla syner han korleis det i desse miljøa oppstår ein eigen danningsveg og eigne ideal både for liv og litteratur. Samtidig synleggjer Sørbø korleis det beste av den nynorske litteraturen står i eit dobbelt tilhøve til desse miljøa; forfattarane er ofte lojale og aktive i organisasjonslivet, men litteraturen deira dreg ofte ideala og særleg den sterke nasjonale optimismen i tvil.

I artikkelen «Ein nynorsk roman? Om Kjartan Fløgstads skriftkulturelle praksis» stiller Geir Hjorthol spørsmålet om det gir meining å snakke om romanar skrivne på nynorsk som ein eigen sjanger. Gjennom ei nærlesing av romanane Dalen Portland (1977) og Grand Manila (2006) undersøkjer han korleis Fløgstad nyttar og kombinerer ulike narrative stemmer i sine litterære utforskingar av det norske samfunnet på to ulike historiske tidspunkt. Hjorthol rettar særleg merksemda mot korleis bruken av folkemål fungerer i Fløgstads dialogiske forteljing, som han mot slutten av artikkelen knyter til det innleiande spørsmålet: Finst det ein ‘nynorsk roman’ i Fløgstads forfattarskap? Konklusjonen er at sjølv om Fløgstad ikkje reknar seg sjølv som «nynorskforfattar», er nettopp det folkemålet og den motkulturen som dannar grunnlaget for nynorsken, avgjerande viktig i forfattarskapen hans.

Det siste bidraget har ei didaktisk tilnærming til skriftkultur. I artikkelen «Opplæring i nynorsk skriftspråk – utan dialektane» reflekterer Per Henning Uppstad over korleis ein kan tenkje opplæring i nynorsk som skriftspråk utan støtte i dialektane. Med eit visst polemisk tilsnitt stiller han spørsmål om ein ved å halde fast på ideen om at det nynorske skriftspråket skal byggje på talemålet, har kome i skade for å ikkje tileigne seg innsikter om opplæring i nynorsk som skriftspråk. Uppstad argumenterer for at det største trugsmålet mot opplæring i nynorsk som skriftspråk kjem frå nynorsktilhengarane sjølve, ved at det blir lagt for mykje vekt på dialektane i opplæringa, og for lite vekt på nynorsk som sjølvstendig skriftspråk.

Siste ord er ikkje sagt

Vi byrja artikkelen med å kalle den tida vi lever i, for eit brytingstid for skriftkulturen. Utgangspunktet for ein slik karakteristikk er at endringstempoet og endringsomfanget verkar så stort, og at implikasjonane på resten av samfunnet og kulturen ser ut til å vere omfattande. Samtidig er vi ikkje den første generasjonen som opplever at vi lever i ei brytingstid. Det er ein del av moderniteten dette – at samfunnet, språket og kulturen er i bryting, og blir endra, og det er ikkje gitt at vi som lever i samtida, til fulle forstår kva som er dei mest viktige endringane og kor omfattande dei faktisk er i den store samanhengen. Difor er ikkje siste ord sagt. Tvert imot er føremålet med denne artikkelen og denne skriftserien å leggje grunnlag for at det skal kunne bli sagt endå meir om skriftkultur i åra framover.

Summary

This article addresses the status and challenges of literacy studies, and pays particular attention to the Norwegian concept of skriftkultur, ‘written culture’, and its studies. Firstly, the article briefly discusses the concept of skriftkultur in view of the ‘competing’ concept of literacy. Secondly, the article outlines the relationship between written culture and orality. Thirdly, the article presents the new writing series of Skriftkultur and its first number.

Litteratur

  • Berge, K. L. (2004). Skriftkultur. I K. L. Berge, T. G. Dahl, & S. Walton (Red.), Skriftkultur (s. 5–14). Oslo: Norsk sakprosa i samarbeid med Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening (NFF).
  • Berge, K. L. (2005). Fagleg og tverrfagleg skriveopplæring. I A. S. Nordal (Red.). Didaktiske perspektiv på nynorskopplæringa (s. 65–98). Skrifter frå Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa. Volda: Nynorsksenteret.
  • Bjørhusdal, E., Bugge, E., Fretland, J. O., & Gujord, A.-K. H. (Red.) (2018). Å skrive nynorsk og bokmål. Nye tverrfaglege perspektiv. Oslo: Samlaget.
  • Brunstad, E. (2018). Kan sidemålet fjerne djupnelæring? Prinsipielle og teoretiske perspektiv på toskriftsopplæringa. I E. Bjørhusdal, E. Bugge, J. O. Fretland, & A.-K. H. Gujord (Red.), Å skrive nynorsk og bokmål. Nye tverrfaglege perspektiv (s. 129–156). Oslo: Samlaget.
  • Brunstad, E., Bugge E., & Gujord, A.-K. H. (Red.) (2014). Rom for språk: nye innsikter i språkleg mangfald. Oslo: Novus.
  • Eiksund, H. (2014). Eit fleirtalsspråk med mindretalsfordelar? Tospråkleg literacy på norsk. I E. Brunstad, E. Bugge, & A.-K. H. Gujord (Red.), Rom for språk: nye innsikter i språkleg mangfald. Oslo: Novus.
  • Eiksund, H., & Fretland, J. O. (2015). Nye røyster i nynorskforskinga. Oslo: Det Norske Samlaget.
  • Fafner, J. (1982). Tanke og tale: den retoriske tradition i Vesteuropa. København: C. A. Reitzels Forlag.
  • Fet, J. (1995). Skrivande bønder: Skriftkultur på Nord-Vestlandet 1600–1850. Oslo: Samlaget.
  • Finbråten, H. S., & Pettersen, S. (2009). Kunnskap er egenmakt. Sykepleien 5, 60.
  • Garthus, K. M. K., Todal, J., & Øzerk, K. (2010). Rapport om språkskifte i Valdres og Sogn og Fjordane. Henta frå: https://nynorsksenteret.no/uploads/documents/2010Rapport_ValdresFirda.pdf.
  • Høgskulen i Volda (2018). Strategiplan for Høgskulen i Volda 2017–2020. Vedteken av styret 26. januar 2017, revidert 8. mars 2018. Henta frå: https://www.hivolda.no/sites/default/files/documents/Strategiplan%20for%20Høgskulen%20i%20Volda%202017%202020_revidert%2008.03.2018.pdf/.
  • Nicolaysen, B. K. (2005). Tilgangskompetanse. Arbeid med tekst som kulturdeltaking. I B. K. Nicolaysen, & L. Aase (Red.), Kulturmøte i tekstar. Litteraturdidaktiske perspektiv (s. 9–31). Oslo: Det Norske Samlaget.
  • Lindhardt, J. (1989). Tale og skrift. To kulturer. Oslo: Cappelen.
  • OECD. (2000). Definition and selection of Key Competencies. Henta frå: http://www.oecd.org/pisa/35070367.pdf
  • Ongstad, S. (2014). Driften i literacy-begrepet – en utfordring for lærerutdanningers fagdidaktikk? I S. Kleve, S. Penne, & H. Skaar (Red.), Literacy og fagdidaktikk i skole og lærerutdanning (s. 197–224). Oslo: Novus,.
  • Rotevatn, A. (2015). Språk i spagaten: Facebook-språket. Masteroppgåve. Volda: Høgskulen i Volda. Henta frå: https://bravo.hivolda.no/hivolda-xmlui/handle/11250/2357530
  • Språkrådet. (2015). Retningslinjer for normering av nynorsk og bokmål. Oslo: Språkrådet. Henta frå: https://www.sprakradet.no/globalassets/spraka-vare/norsk/retningslinjer-for-normering-nynorskversjon.pdf
  • Utdanningsdirektoratet (2012). Styrking av skriftleg hovudmål, avgrensing av skriftleg sidemål og endringar i vurderingsordningane i norskfaget i samband med revisjonen av læreplanen i norsk. Brev til Kunnskapsdepartementet 19.02.2012. Henta frå: https://www.udir.no/Upload/larerplaner/forsok/norskbrev.pdf?epslanguage=no
  • Utdanningsdirektoratet (2019). Fagfornyelsen. Henta frå: https://www.udir.no/laring-og-trivsel/lareplanverket/fagfornyelsen/
  • UNESCO (2004). The Plurality of Literacy and its implications for Policies and Programs. UNESCO Education Sector Position Paper. Henta frå: https://unesdoc.unesco.org/ark:/48223/pf0000136246.locale=en
  • Walton, S. (2004). Sex and rock’n’roll, but probably not many drugs: Nynorsk skriftkultur. I K. L. Berge, T. G. Dahl, & S. Walton (Red.), Skriftkultur (s. 97–108). Oslo: Norsk sakprosa i samarbeid med Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening (NFF).
  • Walton, S. (2015). Kva er nynorsken? I H. Eiksund, & J. O. Fretland (Red.), Nye røyster i nynorskforskinga (s. 16–33). Oslo: Det Norske Samlaget.

Skriftkulturforsking i Norden. Nokre overordna perspektiv på forskingsfeltet og forskingsresultat på 2000-talet

Kjell Lars Berge*

Samandrag: I artikkelen blir viktig skriftkulturforsking i dei nordiske landa på 2000-talet presentert. Det blir særleg lagt vekt på skriftkulturell historisk forsking, skriftkulturell forsking retta mot utdanningssamfunnet og forsking på bruken av skrift i arbeidsliv og kvardag. Den nordiske forskinga blir plassert i høve til fire ulike forskingsparadigme i internasjonal skriftkulturforsking («literacy»). Dei fire paradigma er det mentalistiske paradigmet, det etnografiske og historiske paradigmet, det filologisk-lingvistiske paradigmet og det skrive- og lesepedagogiske paradigmet. Eit grunnleggjande syn i artikkelen er at det skriftkulturelle nivået i eit land er ein indikator på om den kulturelle livskrafta er stor, den demokratiske kvaliteten er høg, og om det er mogeleg for medborgarane å myndiggjere seg. Det skriftkulturelle nivået i eit land er òg rekna som ein relevant og presis indikator på om eit land kan møte den utfordringa det er å utvikle ein kunnskapsbasert økonomi.

Nøkkelord: Skrift, lesing, skriftkunne, skriftkultur, skrivekompetanse, lesekompe-tanse

Keywords: Writing, reading, written culture, literacy, writing competence, reading competence

*Korrespondanse: Kjell Lars Berge, Institutt for lingvistiske og nordiske studium, Universitetet i Oslo Postboks 1102 Blindern, NO-0317 Oslo. E-post: k.l.berge@iln.uio.no

Sitering av dette kapitlet: Berge, K. L. (2019). Skriftkulturforsking i Norden. Nokre overordna perspektiv på forskingsfeltet og forskingsresultat på 2000-talet. I S. J. Helset & E. Brunstad (red.), Skriftkulturstudiar i ei brytingstid (s. 21–51). Oslo: Cappelen Damm Akademisk. https://doi.org/10.23865/noasp.67

Lisens: CC BY 4.0

Opptakt: skriftkultur og internasjonal kunnskapspolitikk

I 2016 blei boka World Literacy: How Countries Rank and Why It Matters utgitt av det anerkjente engelskspråklege forlaget Routledge. Boka var forfatta av professorane John W. Miller og Michael C. McKenna, begge tilsette ved nord-amerikanske universitet. Boka vekte oppsikt, ikkje minst fordi forfattarane i boka rangerte det skriftkulturelle nivået i alle land i verda. Og i denne rangeringa kom dei fem nordiske landa på topp: Finland høgast, deretter Noreg, med dei tre andre nordiske landa hakk i hæl. Både i USA og Storbritannia var det store oppslag i seriøse aviser, ikkje minst fordi desse landa låg på eit nivå sentrale meiningsberarar ikkje hadde forventa. I eit intervju i avisa The Washington Post forklarte professor Miller, ein av forfattarane, konsekvensane av resultata slik:

The factors we examined present a complex and nuanced portrait of a nation’s cultural vitality, and what the rankings strongly suggest and world literacy demonstrates is that these kinds of literate behaviors are critical to the success of individuals and nations in the knowledge-based economics that define our global future. (Strauss, 2016)

Og i den engelske avisa The Guardian la same Miller til følgjande:

The power and value of being literate in a literate society is played out every day around the world […] Many individuals, and even whole societies, make considerable sacrifices to become literate just as others take it for granted. Societies that do not practice literate behaviour are often squalid, undernourished in mind and body, repressive of human rights and dignity, brutal and harsh. (Flood, 2016)

Som det går fram av argumentasjonen i sitata, blir det skriftkulturelle nivået eit land rekna på som ein truverdig indikator på om den kulturelle livskrafta er stor, den demokratiske kvaliteten er høg, og om det er mogeleg for medborgarane å myndiggjere seg. Sist, og (sannsynlegvis) ikkje minst (for politikarar) er det skriftkulturelle nivået i eit land rekna som ein relevant og presis indikator på om eit land kan møte den utfordringa det er å utvikle ein kunnskapsbasert økonomi.

Vi kjenner igjen desse synspunkta som noko av det som heimla læreplanreforma Kunnskapsløftet (også kalla L06), vedtatt samrøystes av Stortinget i 2006. I denne reforma blei grunnleggjande ferdigheiter som skriving, lesing og digital meistring rekna som avgjerande for læring i og på tvers av alle fag i skulen, og eit ansvar for alle lærarar å undervise i (Berge, 2005; 2007). Og som vi veit; grunngjevinga for reforma var bygd på internasjonal kunnskapspolitikk utvikla i og av den internasjonale organisasjonen OECD. I denne kunnskapspolitikken utgjer skriftkulturell meistring kjernen i det ein kallar «kritiske kompetansar», det vil seie ein ressurs eller kompetanse eit menneske må ha tilgang til og meistre for å bli og la seg bli danna:

The notion of competencies encompasses cognitive but also motivational, ethical, social, and behavioral components. It combines stable traits, learning outcomes (e.g., knowledge and skills), belief-value systems, habits, and other psychological features. In this view, basic reading, writing and calculating are skills that are critical components of numerous competencies. (Rychen & Salganik, 2001, s. 8, mi utheving)

Som ein forstår, blir velutvikla skriftkultur og skriftkulturell kompetanse rekna som avgjerande for intellektuell og kulturell utvikling i eit samfunn, og dermed for danninga av/til menneska som inngår i dette samfunnet. Skriftkultur og studiet av skriftkultur blir dermed å forstå som eit heilt sentralt fagområde for utforskinga av både det menneskelege og menneskelege kulturar i notid og fortid.

I denne artikkelen skal eg leggje fram bidrag frå nordiske forskarar til utviklinga og utforskinga av skriftkultur og skriftkulturar. For betre å kunne plassere og ramme inn desse vitskaplege studiane skal eg innleiingsvis gjere greie for det eg reknar som fire ulike paradigme (Kuhn, 1962) i skriftkulturforskinga. Denne oppdelinga skal eg òg nytte som grunnlag for å diskutere meir allment i kva retning nordisk og norsk skriftkulturforsking har rørt seg ‒ og ser ut til å røre seg.

I den norske samtalen og diskusjonen om skriftkulturar og konsekvensane av skriftkultur ‒ liknande den eg har vist til med anglofone røyster ovanfor ‒ er det svært vanleg å nytte omgrepet «literacy». Før vi går vidare i presentasjonen, er det naudsynt med ei avklaring av kva vi legg i eit omgrep som «skriftkultur», og kvifor mange norske og nordiske forskarar nyttar omgrepet «literacy» sjølv om gode avløysartermar på norsk faktisk finst.

Literacyomgrepet: skrift, skriftkunne og skriftkultur

Den beste forklaringa på at «literacy» ‒ eller «literasitet» – blir nytta av skandinaviskspråklege forskarar, er at omgrepet dekker fleire ulike fenomen eller dimensjonar ved eit fenomen. Dessutan er referansen for den gamle og tradisjonelle termen «alfabetisering» ikkje lenger fagleg dekkande.

Omgrepet «literacy» på engelsk dekker for det første skrift i seg sjølv, til skilnad frå tale. Med skrift – i vid tyding – meiner ein det som er skrive ned på eitt eller anna vis (med penn, blyant, tastatur ol.) på eit eller anna (stein, tre, papir, skjerm) og som kan bli lest og forstått av menneske. Skrifta kan vere relatert på eit eller anna vis til talespråk, slik som ho er i alfabetisk skrift, ideografisk/logografisk skrift, syllabisk skrift og hieroglyfar. Eller så kan skrifta vere utvikla heilt uavhengig av talespråk, slik som ulike typar piktografisk skrift, matematiske symbolspråk, ideogram og andre teikn som såkalla emojis, flittig nytta i sosiale medium.

Men omgrepet «literacy» på engelsk kan også dekke det å kunne bruke ein eller fleire typar skrift til å ytre seg skriftleg. Slik viser omgrepet til skriftkunne, som ein kan tileigne seg gjennom å lære og etter kvart å ta i bruk til ulike føremål i den kulturen ein er medlem i. Skriftkunne er derfor ein kulturell kompetanse. Skrifta er ein teknologi som kulturen har utvikla for å kunne utøve ulike aktivitetar som ein utan skrifta ikkje ville ha kunna gjennomført. Skriftkunne er derfor noko anna og annleis enn den medfødde språkevna, sjølv om skriftkunne også er kognitivt forankra, noko som førekomsten av dysleksi i kulturar som nyttar alfabetisk skrift, peikar i retning av.

Omgrepet «literacy» på engelsk dekker også spesielle eigenskapar ved kulturen. Ein skriftkultur er eit fellesskap av menneske der bruken av skrift inngår i dei konstituerande samhandlingsnormene i kulturen. Skriftkulturar utviklar og har utvikla andre eigenskapar enn kulturar som er konstituert gjennom munnleg samhandling, noko svært mange skriftkulturelle forskarar har vore opptatt av. Skrifta og skriftkulturen er ei menneskeleg oppfinning. Det er ein teknologi som menneska tar i bruk for utvikle kulturen ut over dei mogelegheiter og avgrensingar naturen set for mellommenneskeleg samkvem. Altså er skriftkultur eit fenomen eller ein aktivitet som blir studert i kulturvitskapane og ikkje i naturvitskapane.

For å forstå noko av kjernen i forskinga på skrift, skriftkunne og skriftkultur, og ikkje minst ordskiftet mellom forskarane som set dagsorden i fagfeltet, bør ein kjenne til at det å ytre seg i skrift er ei form for semiotisk mediering (Mertz & Parmentier, 1985). Mange ulike teoretikarar som har vore opptatt av å studere den ontologiske utviklinga blant menneske, forstår semiotisk mediering som ein grunnleggjande forklaringskategori. Mest kjent er kanskje semiotisk mediering slik omgrepet er utvikla av den sovjetiske psykologen Vygotskij. Han tok omgrepet i bruk for å kritisere mellom anna den kognitive utviklingsteorien til den sveitiske psykologen Piaget. Vygotskij – i motsetnad til Piaget – la avgjerande vekt på språk og bruken av språklege omgrep som eit vilkår for kognitiv utvikling. Språket og dermed utsiktene til å skape meining og dele denne meininga med andre menneske, er eit karakteriserande og konstituerande trekk ved menneskeslekta som dyr, og gjer mennesket overlegent andre dyreartar når det gjeld å forme og utvikle samfunn og slik leggje til rette for reproduksjon av arten (Tomasello, 2008). Men menneska har òg ei evne i seg til å skape intellektuelle teknologiar som kan utvide domenet for intellektuell og kulturell utvikling meir enn og på andre måtar enn det talespråket legg til rette for. Slik finn semiotisk mediering ofte stad på eit høgare nivå enn det naturlege språket. Det alfabetforankra skriftspråket er ein slik teknologi. Ein annan er kuleramma som vi tar i bruk for å gjere matematiske operasjonar som menneska ikkje kunne ha gjennomført om dei ikkje hadde tilgang til kuleramma. Eit tredje døme på kulturelt skapte medieringsverktøy for meiningsskaping er den kvite stokken som den blinde kan ta i bruk for å orientere seg i omgivnadene. Med semiotisk mediering meiner derfor vitskapsfolk som Vygotskij, Bateson, Peirce, Wittgenstein og mange fleire med dei både den naturlege semiotiske medieringa av meininga som mennesket har tilgang til gjennom kvardagsspråket, og dei kulturelt skapte medieringsformene, slik som skrift og skriftspråk. Av slike grunnar er dei fenomena vi viser til med omgrepet «semiotisk mediering», heilt sentrale i skriftkulturforskinga. Omgrepet blir rekna som avgjerande for å forstå korleis skriftspråket og bruken av skriftspråket strukturerer og formar tanken, tenkinga og den intellektuelle og kognitive utviklinga semiotisk hos og i kvart einskild menneske – det vi kallar «ontogenesen». Dessutan er skriftkultur-omgrepet sentralt for å forstå korleis skriftspråket og bruken av skriftspråket strukturerer og formar kulturen semiotisk, og korleis skriftspråket og skriftkulturen gjer det mogeleg å utvikle andre og nye former for sosiale institusjonar og vidareutvikle dei. Som døme kan ein nemne at alle verdsomfattande religionar er bygde på ei samling skrifter i ei eller fleire bøker. Dei er først i andre rekkje munnleg formidla. Religionar som berre er munnleg tradert, har små utsikter til rekruttering ut over sekta, stammen, klanen eller familien.

Fire paradigme i skriftkulturforskinga

For betre å kunne presentere den aktuelle nordiske forskinga på skrift, skriftkunne og skriftkultur har eg altså valt å dele opp forskinga innanfor dette samansette fagfeltet i fire ulike paradigme. Med eit «paradigme» meiner eg ein måte å forske på eit eller anna fenomen – slik som skrift, skriftkunne og skriftkultur – der ei større eller mindre gruppe av forskarar deler den same kunnskapsteoretiske tilnærminga. Forskarar som deler paradigme, har gjerne dei same kunnskapsinteressene. Dei forstår det fenomenet dei forskar på, om lag på same måten. Dei bruker stort sett dei same metodane når dei skal studere det aktuelle fenomenet. Dei som deler paradigme, samarbeider gjerne tett. Og dei deltar ofte på dei same konferansane og skriv i dei same tidsskrifta. Slike åtferdsvanar fører gjerne med seg at fagmiljøet som deler eit paradigme, utgjer det ein kan kalle ein «skule» eller ei «skuleretning» i vitskapen. Dessverre hender det ikkje sjeldan at forskarar som kjenner seg trygge og derfor heime i eit særleg paradigme, ikkje ytrar seg om andre paradigme og medlemmar av andre paradigme anna enn kritisk, gjerne polemiserande – av og til også nedlatande. Vitskapane er grunnleggjande prega av slike motsetnader mellom paradigme. Det gjeld, som vi skal sjå, den internasjonale skriftkulturforskinga generelt og den anglofone (som er den dominerande i verda i dag) varianten av skriftkulturforskinga spesielt.

Eg deler skriftkulturforskinga i fire paradigme: det mentalistiske paradigmet, det etnografiske og historiske paradigmet, det filologisk-lingvistiske paradigmet og det skrive- og lesepedagogiske paradigmet. La oss sjå nærare på dei ulike paradigma kvar for seg:

Skriftforskarar som identifiserer seg med og inngår i det mentalistiske paradigmet, er grunnleggjande opptatt av og studerer empirisk kognitive og intellektuelle konsekvensar av bruken av skrift og skriftkultur. Medlemmane i denne gruppa er opptatt av å studere individets ontogenese semiotisk mediert, og er gjerne eksplisitt forankra i Vygotskij-tradisjonen. Ein sentral teoretikar og forskar i denne tradisjonen var den britiske antropologen Jack Goody. Artikkelen «The Consequences of Literacy», som han publiserte saman med litteraturvitar-kollegaen Ian Watt i tidsskriftet Comparative Studies in Society and History i 1963, blir rekna som eit grunnleggjande arbeid innanfor dette paradigmet. I denne artikkelen sette forfattarane fram svært sterke påstandar om eit kausalsamband mellom bruken av alfabetisk skrift på den eine sida og den intellektuelle, vitskaplege og demokratiske utviklinga i nokre av bystatane i Hellas om lag 500 før vår tidsrekning på den andre. Utviklinga av, tilgangen til og bruken av alfabetisk skrift blei halde fram som eit vilkår for høgare kulturell og intellektuell vokster. Seinare publiserte Goody ei lang rekkje bøker som er rekna som klassiske bidrag til skriftkulturforskinga, til dømes The Domestication of the Savage Mind (1977), The Logic of Writing and the Organization of Society (1986) og The Interface Between the Written and the Oral (1987). I denne siste boka reviderer Goody nokre av hypotesane han formulerte om konsekvensane av skriftkultur. Revideringane skuldast empiriske undersøkingar gjennomførte av dei amerikanske skriftkulturforskarane Sylvia Scribner og Michael Cole. I studien The Psychology of Literacy (1981) testa desse vitskapsfolka dei grunnleggjande hypotesane om konsekvensane av skriftkultur som Goody og Watt hadde sett fram. Resultata frå denne empiriske studien har hatt svært stor innverknad på synet på skrift, skriftkunne og skriftkultur i heile verda, ikkje minst på utdanningspolitikken i mange land. Sylvia Scribner og Michael Cole stadfesta til ein viss grad påstandane til Goody og støttespelarane hans, men la samstundes til at det avgjerande for den kognitive utviklinga ikkje var skrifta eller skriftkunna i seg sjølv, men kva skrifta eller skriftkunna blei brukt til, og korleis ho blei forankra i læring og kunnskapsforståing. Skrifta blei i denne undersøkinga forstått som ein semiotisk mediert ressurs som gjer det mogeleg å leggje til rette for eller å etablere mogelegheitsvilkår for visse sosiale institusjonar, kulturelle samhandlingsmønster og tenkemåtar.

Talsmenn som representerer det etnografiske paradigmet – og til ein viss grad representantar frå den historiske forskinga innanfor dette paradigmet (t.d. Harvey Graff) – kritiserer svært ofte forskarar som inngår i det mentalistiske paradigmet, for å hevde at det er eit essensielt skilje mellom talespråklege og skriftspråkleg prega eller dominerte kulturar. Brian Street, ein av dei fremste talsmennene for det etnografiske paradigmet, kallar det mentalistiske paradigmet for den «autonome» modellen. Ifølgje han forstår talsmenn for den «autonome» modellen «literacy in technical terms, treating it as independent of social context, an autonomous variable whose consequences for society and cognition can be derived from its intrinsic character» (Roberts & Street, 1998: 170). Det Street her gjer, er å skulde mentalistane for ei form for teknologisk determinisme: Bruk av skrift fører med seg kulturelle og intellektuelle endringar på grunn av eigenskapar ved skrifta og skriftspråk. I staden – og som alternativ – lanserer Street ein ny måte å forstå skriftkultur, skrift og skriftkunne på som er prega av sosiologiske og antropologiske forskingsmetodar. Han kallar denne modellen for ein «ideologisk» modell. Den fører med seg ein annan måte å forstå skriftkultur, skrift og skriftkunne på: «view literacy practices as […] inextricably linked to cultural and power structures in society […] study these social practices rather than literacy itself for their relationship to other aspects of social life» (Roberts & Street, 1998: 178). Street går svært langt i å forkaste det mentalistiske paradigmet, særleg den varianten som blir lagt fram i tekstane til Goody. Når arbeidsmåtane som er typiske for det etnografiske paradigmet har fått så sterkt gjennomslag, ikkje minst i nordisk forsking, skuldast det nok at metodane i denne tradisjonen er prega av observerande kvalitativ etnografisk forsking som gjer mangfaldet i skriftkulturen synleg.

Det er blitt tradisjon i denne retninga å skilje mellom to typar av skriftbruk når ein studerer skriftkulturar. Den eine typen blir kalla «skrifthendingar» (literacy events) og den andre «skriftpraksisar» (literacy practices). I det første tilfellet er det skriftbruken slik den utfoldar seg i augneblinken der og då, som blir studert. I det andre tilfellet er meir stabile skriftvanar, forma av gjentatte skrifthendingar der aktivitetane finn stad innanfor likearta kulturkontekstar. To berømte og mykje lesne døme på slik forsking er den amerikanske skriftforskaren Shirley Brice Heath si bok Ways with Words. Life and Work in Communities and Classrooms frå 1983 og dei britiske forskarane David Barton & Mary Hamilton si bok Local Literacies. Reading and Writing in One Community frå 1998.

Svært kjende og viktige bidrag innan den etnografiske tradisjonen med ei historisk forankring er Brian Stock sin studie frå 1987 i boka The Implications of Literacy. Written Language and Models of Interpretation in the 11th and 12th Centuries. Han viser korleis små og lukka skriftkulturar i mellomalderen fekk stor innverknad på mange andre menneske og miljø gjennom å konstituere seg som skriftkulturar. Interessant og viktig er også mellomalderstudien From Memory to Written Record: England 1066–1307 publisert av M. T. Clancy i 1979. I denne undersøkinga avdekker Clancy korleis normannarane omforma det engelske samfunnet ved hjelp av skriftkulturelle kartleggingar, etter at dei overtok kongeriket etter slaget ved Hastings i 1066. Ein etnografisk-orientert studie som bygger bru mellom dei to paradigma vi så langt har omtalt, er dei studiane den fransk-engelske forskaren Maurice Bloch har publisert frå og om den skriftkulturelle situasjonen på øya Madagaskar utanfor Afrika, t.d. i boka How We Think They Think: Anthropological Studies in Cognition, Memory and Literacy frå 1998.

Den måten å studere skriftkultur på som kjenneteiknar det eg vel å kalle det filologisk-lingvistiske paradigmet, er først og fremst forankra i ein lingvistisk deskriptiv tradisjon (Omdal & Røsstad, 2009), som vi kjenner svært godt frå vårt eige land gjennom Ivar Aasens arbeid med å utvikle eit landsgyldig norsk skriftspråk basert på norske dialektar. Det er ein tradisjon som blir vidareført og vidareutvikla av Språkrådet i vår tid gjennom forvaltinga av den norske språkpolitikken. Men trass i det positivistiske preget til denne lingvistiske tradisjonen er han ikkje kulturelt nøytral på noko vis. Å konstruere statiske skriftspråk med utgangspunkt i dynamiske talespråk byggjer på ei forståing av kva som sameiner meir enn det som skil dei talespråkstrekka ein legg til grunn (Gammelgaard, 2004). Dersom ein nyttar eit skriftsystem som byggjer på det fonetiske systemet i talespråket, slik ein gjer med alfabetiske skriftspråk, forenklar det skriftlæringa. Mengda bokstavar i skriftspråket blir då avgrensa til nokre få. Men med eit skriftspråk der grafema skal svare til fonem i talespråket, vil ein samtidig vere tvungen til å framheve visse talespråklege varietetar framfor andre, slik tilfellet er både i bokmål og i nynorsk. I så måte er det kinesiske skriftspråket smartare, i og med at det ideografiske skriftssystemet viser til omgrep og ikkje lydar. Slik kan skriftspråket sameine den store kinesiske nasjonen, og gjere kulturtradisjonens ytringar i skrift tilgjengeleg for moderne menneske.

I diskusjonen mellom dei to første paradigma eg har nemnt så langt, har arbeidet som er gjort av forskarar innanfor det filologisk-lingvistiske paradigmet, etter måten fått lita vekt. Likevel har det som nemnt vore framheva av talsmenn frå det mentalistiske paradigmet at det som gjer skriftspråket meir tilgjengeleg for folk flest, er at det byggjer på alfabetiske prinsipp. Det blir enklare og tar kortare tid å bli skriftkunnig, og ein kan gjere seg mindre umak enn det folk som lærer seg ideografiske skriftspråk (t.d. kinesisk), må gjere. I samsvar med eit slikt syn vil ein òg kunne hevde at skriftsspråk som er alfabetiske, legg betre til rette for demokratisk oppseding og medborgarskap enn skriftspråk som byggjer på andre prinsipp.

Det siste viktige paradigmet eg vil nemne, er det skrive- og lesepedagogiske paradigmet. Det er eit paradigme med svært stor påverknadskraft, i og med at det dekker skriftkulturelle tradisjonar og praksisar i utdanningssystemet, og viser korleis desse blir tatt i bruk i lese- og skriveundervisninga for å utvikle skrift- og skrivekunne. Når desse tradisjonane fortener å bli kalla eit paradigme, skuldast det at det handlar om korleis skriving og lesing enklast og raskast kan lærast, og kva som eventuelt kan hemme lese- og skriveopplæringa. I dette paradigmet er ein opptatt av å synleggjere kva ein i ulike skriftkulturar vektlegg som skriving og lesing. Ein er opptatt av korleis dei ulike skrive- og leseaktivitetane i skriftkulturane utfaldar seg. I dette paradigmet vil ein også diskutere kva former for skriftkunne som bør prioriterast når ein ikkje-skriftkunnig skal lære seg å lese og skrive. I samfunn av vår type er det som nemnt den offentlige skulen som har ansvaret for skriftopplæringa, men det er ikkje sjølvsagt i alle land og i alle tider. Då det svenske folket blei lesekunnig på 1600-talet, skuldast det at kongen kravde at overhovudet i dei svenske heimane (som regel mannen i huset) skulle lære andre vaksne og barna i familien å lese. Dette dømet illustrerer at det å vere lesekunnig, ikkje utan vidare førte med seg at ein var skrivekunnig, eller at ein var forventa å vere skrivekunnig om ein kunne lese. Leseundervisninga kan brukast til å styrkje gudstrua, slik ein gjorde i katekismeundervisninga i lutherske statar for ikkje så lenge sidan, og slik ein gjer det i koranskular den dag i dag. Det er ikkje tilfeldig at det å vere skrivekunnig på ein heilt annan måte enn det å vere lesekunnig er kopla til det å skaffe seg makt og å utøve makt. I det autoritære eineveldet som rådde i Noreg fram til 17. mai 1814, var det kongens mann, sorenskrivaren, som tok seg av skrivinga dersom bøndene ville klage på noko eller nokon inn for kongen i København. Den korte tida med liberale vilkår for offentleg ordskifte som Struensee stod bak i Danmark-Noreg på 1770-talet (Berge, 2015), blei då illustrerande nok kalla for «skrivefridomstida». Ein internasjonalt forankra publikasjon som tar for seg det skrive- og lesepedagogiske paradigmet frå ein politisk og maktorientert ståstad, er The Politics of Writing, publisert i 1997 av dei britiske Lancaster-forskarane Romy Clark og Roz Ivanič. I denne boka finn ein òg sterke innslag av den skriftkulturelle læringskulturen som på engelsk blir kalla «critical literacy», der studiet av kva slags skriving og kva for skriftkulturar som er hegemoniske, og derfor blir oppfatta som «naturlege», blir underkasta kritisk analyse og refleksjon.

Den siste gongen det blei gjennomført ein omfattande studie av skriveopplæringa i verda, var den såkalla IEA Study of Written Composition på 1980-talet (Saari, 1991). Men norske, amerikanske, danske, svenske, new-zealandske og engelske forskarar har nyleg tatt til med å gjere internasjonale samanlikningar igjen (Jeffrey, Elf, Skar & Wilcox, 2019). Det synest å vere aukande interesse for erfaringsutveksling og samarbeid mellom skriftkulturforskarar. Til slutt skal det nemnast at det skrive- og lesepedagogiske paradigmet gjerne er delt i to ulike fagtradisjonar og fagpraksisar. Hittil har vi berre omtalt den didaktisk forankra skrive-/leseundervisninga og lese-/skrivevurderingstradisjonen. Ein ganske annan tradisjon, og eit ganske annleis forskingsmiljø, finn vi hos dei som studerer skriveavvik som dysleksi og ulike typar skrivevegring. Desse fagmiljøa er oftast spesialpedagogisk forankra og står den kognitive psykologien nær.

Nordisk forsking på skrift, skriftkunne og skriftkultur

Kva så med stoda for nordisk skriftkulturforsking? Først og fremst kan det vere greitt å framheve at nordisk skriftkulturforsking faktisk er forankra i det nordiske. Nordiske skriftkulturforskarar har utvikla eit tett samarbeid, les arbeida til kvarandre og møtest titt og ofte på konferansar der dei snakkar skandinaviske språk. Det finst derfor og ein nordisk skriveforskingsdatabase, SkrivBib, der nordisk skriveforsking er samla. Det er i dei siste åra også etablert ei rekkje nordiske tidsskrift som er relevante for skriftkulturell forsking, t.d. Nordic journal of digital literacy research, Human IT: Journal for Information Technology Studies as a Human Science, Nordic journal of literacy research og Tidsskriftet Sakprosa. Alle er gratis tilgjengelege (open access), og dei aksepterer artiklar på både engelsk og skandinaviske språk.

Internasjonal skriftkulturforsking blei i 1989 formidla for interesserte norske lesarar gjennom boka Tale og skrift. To kulturer av den danske teologen Jan Lindhardt. Boka blei i Noreg utgitt i Landslaget for norskundervisning sin bokserie. Som tittelen viser, slutta Lindhardt seg til teorien om tale og skrift som to ulike kulturar. Altså var boka prega av det vi har omtalt som det mentalistiske paradigmet. Ei tilnærming meir prega av det etnografisk-historiske paradigmet blei presentert av mellomalderfilologen Leidulf Melve i boka Med ordet som våpen. Tale og skrift i vestleg historie i 2001. I denne boka blir nokre av dei paradigma eg har omtalt ovanfor, presenterte og diskuterte særleg i lys av historisk forankra skriftkulturstudiar. I 2017 presenterte Marte Blikstad-Balas nyare skriftkulturell forsking i boka Literacy i skolen med særleg vekt på det som på engelsk blir kalla «critical literacy», og korleis innsikter frå denne tradisjonen kan takast i bruk i skuleundervisninga. I denne boka presenterer forfattaren også mykje av den viktige skriftkulturelle forskinga der digitaliseringa av samfunnet blir studert. Dette er ein svært viktig del av nyare skriftkulturell forsking.

Ein annan og meir sjølvstendig og offensiv måte å nærme seg internasjonal skriftkulturforsking på har prega den nordiske dialogismen. «Nordisk dialogisme» var ei internasjonal forskargruppe med sterke skandinaviske premissgjevarar, slik som psykologiprofessoren Ragnar Rommetveit (Noreg), lingvisten Per Linell (Sverige), pedagogen Roger Säljö (Sverige) og barnespråkforskaren Karin Aronsson (Sverige). I samarbeid med mellom anna dei framståande anglofone skriftkulturforskarane Brian Street (Storbritannia) og David Olsson (USA) publiserte dei døme på samhandlinga mellom skriftkulturforsking og dialogisme i boka The Written World. Studies in Literate Thought and Action (Säljö, 1985). Eit svært viktig og originalt bidrag til skriftkulturforskinga frå dette viktige miljøet er nemnde Per Linell sin skarpe kritikk av etablert språkvitskap i boka The Written Bias of Linguistics, Its Nature, Origins and Transformations (2005, første utgåve 1982). I boka skuldar Linell framståande lingvistar for å leggje ei skriftspråkleg forståing til grunn for skildringar av kvardagsleg språk, slik det faktisk blir realisert i munnlege samtalar mellom menneske.

Eit liknande samarbeid mellom nordiske forskarar med interesse for skriftkulturelle studiar og internasjonale aktørar innanfor feltet finn vi døme på i boka The Semiotics of Writing (Coppock, 2002). I boka møter nordisk skriveforsking, representert ved mellom anna Lars Sigfred Evensen (Noreg), Anna-Malin Karlsson (Sverige) og Kjell Lars Berge (Noreg), internasjonale kollegaer til diskusjon omkring skrift- og skriftkulturforsking. Frå det internasjonale miljøet var viktige premissgjevarar som Jack Goody (Storbritannia), Carolyn Miller (USA), Martin Nystrand (USA) og Jim Martin (Australia) representerte. Nemnde Jack Goody deltok òg i stiftinga av eit senter for nynorsk skriftkultur, noko som er dokumentert i boka Nation, Modernity, Written Culture (Burgess & Monsson, 2002).

Nordiske skriftkulturforskarar er òg kjende for å ha publisert fleire historiske pionerarbeid om den skriftkulturelle historia i Noreg og Sverige. Dette er arbeid som er relativt teorifattige, men som gir døme på svært grundig og krevjande grunnforsking med mål å avdekke korleis menneska i dei nordiske landa blei skriftkunnige på eit høgt nivå. Internasjonalt er det særleg studiane til den svenske presten og skriftkulturforskaren Egil Johansson som har vekt oppsikt og merksemd. Bidraga hans til skriftkulturforskinga er dokumentert og hylla i utgjevinga Understanding Literacy in its Historical Contexts. Socio-Cultural History and the Legacy of Egil Johansson (Graff, Mackinnon, Sandin & Winchester, 2009). I norsk samanheng er Kjell Ivar Vannebo sin studie En nasjon av skriveføre. Om utviklinga fram mot allmenn skriveferdighet på 1800-tallet (1984) svært viktig for å gi oss ei innsikt i korleis det norske folket blei sett i stand til / sette seg i stand til å skrive. Medan Vannebo har studert skrivekunne, har norske Jostein Fet i fleire viktige arbeid presentert særleg den kvardagslege lesekulturen i det gamle samfunnet, særleg på Sunnmøre, dokumentert i studiar som Lesande bønder: litterær kultur i norske allmugesamfunn før 1840 (1995) og Den gløymde litteraturen (2015). Eit nyanserande bidrag til kva bønder skreiv for slags tekstar, har Fet publisert i studien Skrivande bønder: skriftkultur på Nord-Vestlandet 1600–1850 (2003).

Tre tendensar i aktuell nordisk skriftkulturforsking

Mange av dei nordiske skriftkulturelle arbeida eg har nemnt over, er relativt nye og publiserte på 2000-talet, men er likevel med få unntak skrivne av ein eldre generasjon skriftforskarar. Når eg no skal presentere det eg ser som tre tydelege tendensar i aktuell nordisk skriftkulturforsking slik ho utfaldar seg i samtida, skal eg konsentrere meg om arbeid publiserte av ein ny generasjon forskarar (med nokre få unntak) som gjerne deltar i eller er ein del av svært aktive forskingsmiljø. Eg deler dei ulike forskingsmiljøa etter land og skriftkulturelt fagfelt. Eg prioriterer slik at det blir ei viss breidde i utvalet og fagområda, men likevel slik at dei eg vel ut, er miljø eg ser som tonegjevande. Eit slikt utvalsprinsipp fører med seg at svært mange viktige skriftkulturelle studiar berre kan nemnast kort her, til dømes dei framifrå avhandlingane Skriftmeistring og tekstlege deltakingsformer 1760–1840 av Arne Apelseth (2004), The Norwegian Mission’s Literacy Work in Colonial and Independent Madagascar av Ellen Rosnes (2018) og Var är meningen? Elevtexter och undervisningspraktiker av Eva Bergh Nestlog (2012). Noko av utfordringa ved å gjere eit aktuelt utval er at mengda av skriftkulturelle studiar i Norden har auka merkbart i løpet av 2000-talet. Det skuldast fleire tilhøve, framfor alt den sterke satsinga på lesing og skriving i skulen, der Noreg skil seg ut ved å gjere utviklinga av skrive- og lesekunne hos elevane til eit ansvar for alle lærarar. Berre i Noreg er skriving og lesing forstått som konstituerande for læring i alle fag i skulen. Veksten skuldast òg den sterke digitaliseringa av samfunnet, noko som har ført med seg at det å skrive og lese på eit avansert nivå, er blitt eit krav i dei fleste yrke (Karlsson, 2006). Dei nordiske landa er blant dei mest gjennomdigitaliserte i verda. Dermed er dei blant dei landa som er djupast prega av skriftkulturelle livsformer både privat, på arbeid og i offentleg samvær. Denne dynamiske skriftkulturelle utviklinga har blir studert i svært mange prosjekt og studiar, ikkje minst som doktorgradsprosjekt. I fleire år hadde Universitetet i Stavanger eit eige nasjonalt forskingsprogram for skriftkulturelle stipendiatar frå heile Norden, leia av professor Bjørn Kvalsvik Nicolaysen. Dessverre er dette eineståande forskingsprogrammet lagt ned. Dei tre tendensane eg skal leggje vekt på i det følgjande, er for det første skriftkulturell historieforsking i Sverige, Danmark og Noreg, for det andre skriftkultur i kvardagen og i arbeidslivet og i Sverige og Noreg og for det tredje studiar av skriftkulturell danning i utdanningsinstitusjonane i Danmark, Sverige og Noreg.

Både i Noreg, Sverige og Danmark har det blitt utvikla og gjennomført store teksthistoriske forskingsprosjekt der utviklinga av skriftkulturen i samfunnet, og kva konsekvensar denne fekk for samfunnet og samfunnsmedlemmane, er studert. Det er særleg sakprosaprosjekta som har synleggjort desse sambandslinene, og slik lagt grunnen for ei forståing av og ei forklaring på kvifor dei nordiske landa har eit svært høgt skriftkulturelt nivå, slik eg viste til i innleiinga. Eit pionerprosjekt i så måte var «Arbetarrörelsen och språkbruket» leia av litteraturforskaren Kurt Johannesson (Uppsala) og språkforskaren Olle Josephsson (Stockholm). Dette prosjektet viste at ei skriftleggjering av mobiliserings- og styringsarbeidet til den svenske arbeidarrørsla var eit tvingande vilkår for at sosialdemokratiet i Sverige kunne ta makta og halde på ho over lang tid. I boka Arbetarna tar ordet. Språk och kommunikation i tidig arbetarrörelse (Josephsson, 1998) syner forfattarane korleis vanlege kvinner og menn, med lita eller inga utdanning, lærte seg å skrive talar, styre dagsorden på møte med underlagsdokument og ikkje minst skrive referat der bindande vedtak blir arkiverte for ettertida. Denne forskinga på skriftkulturen til folk flest frå 1700-talet og fram til i dag blei vidareutvikla i det omfattande prosjektet «Svensk sakprosa» (1996–2006). I dette prosjektet la forskarane vekt på å studere lesekulturen, lesevanane og lesevala til vanlege folk frå opplysingstida og fram til i dag. Prosjektet er presentert i bøkene Verklighetens texter. Sjutton fallstudier. (Melander & Olsson, 2001) og Teoretiska perspektiv på sakprosa (Englund & Ledin, 2003) og i ei lang rekkje rapportar. I nær kontakt med, og til ein viss grad også i samarbeid med dei svenske skriftkulturforskarane bak sakprosaprosjekta, har det i Noreg også blitt gjennomført omfattande skrifthistoriske prosjekt der målet har vore å forklare viktige trekk i samfunnsutviklinga med etableringa og institusjonaliseringa av ein tilgjengelig skriftkultur open for dei fleste samfunnsmedlemmar. Det er særmerkt for dei norske prosjekta at dei har tatt tak i skriftkulturen slik den etablerte seg som ei plattform for den nye offentlegheita som vaks fram i Danmark-Noreg på 1700-talet. Slik har dei norske skrifthistorieprosjekta revidert ei tidlegare oppfatning av Noreg og nordmenn før 1814 som eit tilbakeliggjande, sovande og tafatt land og folk. Prosjektet «Norsk presses historie», særleg bind 1 En samfunnsmakt blir til. 1660–1880 (Eide, 2010), korrigerer dette biletet. Det viser korleis etableringa og vidareutviklinga av trykte og privilegerte (og sensurerte) adresseaviser saman med handskrivne (og usensurerte) politiske aviser la til rette for demokratiske idear og vitskapsbaserte kunnskapssyn. Dette presseprosjektet har blitt supplert av det svært viktige prosjektet «Mangfoldige offentligheter», der tidsskrift på 1700-talet blei studert. Prosjektet dokumenterer kanskje enda betre enn det pressehistoriske prosjektet korleis offentligheita var og er skriftkulturelt konstituert. Tidsskrifta på 1700-talet var òg mykje viktigare plattformer for offentleg ordskifte og refleksjon enn avisene på same tid. I bøkene En pokkers skrivesyge. 1700-tallets dansk-norske tidsskrifter mellom sensur og ytringsfrihet (Krefting, Nøding & Ringvej, 2014) og Eighteenth-Century Periodicals as Agents of Change. Perspectives on Northern Enlightenment (Krefting, Nøding & Ringvej, 2015) er tidsskrifthistoria på 1700-talet presentert som eit skriftkulturprosjekt. Eit resultat og ein konsekvens av det skriftlege ordskiftet på 1700-talet som starta med Holbergs mange publikasjonar, og kulminerte under skrivefridomstida frå 1770 til 1773, var vedtaket 17. mai 1814 på Eidsvoll om ein demokratisk konstitusjon for å gjenetablere kongeriket Noreg. Boka Writing Democracy (Gammelgaard & Holmøy, 2014) blei skriven og utgitt i samband med 200-årsfeiringa av grunnlova. Ho er eit døme på korleis institusjonsbygging på eit nivå som gjer ei grunnlov mogeleg å skrive og vedta, føreset ein etablert skriftkultur, slik Jack Goody peika på og dokumenterte i boka The Logic of Writing and the Organization of Society frå 1986. Ein publikasjon som skulle teoretisere denne måten å drive skrift- og teksthistorisk forsking på, og som alle desse svenske og norske skrifthistoriske prosjekta vitnar om, var den fagoverskridande Tekst og historie. Å lese tekster historisk (Asdal, Berge, Gammelgaard, Riiser-Gundersen, Jordheim, Rem & Tønnesson, 2008). Boka, og det teksthistoriske prosjektet den var eit resultat av, fekk mykje positiv omtale, men blei samstundes motarbeidd av sentralt plasserte representantar for norsk litteraturvitskap (Bale, 2008). Denne motstanden mot skriftkulturell forsking frå tradisjonell og tradisjonsberande litteraturvitskap peikar fram mot motstanden frå dei same fagmiljøa i arbeidet med fagplanane i norsk i skulen. Vi kjem tilbake til den debatten mot slutten av artikkelen.

Mot slutten av 1990-talet etablerte professor Barbro Söderberg ved Stockholms universitet eit forskingsmiljø der ein ønskte å studere nordiske mellomaldertekstar med ei skriftkulturell tilnærming. Miljøet hadde utvikla eit godt fagleg samarbeid med dei som jobba med å utvikle dei svenske sakprosaprosjekta. Slik blei ikkje skrifthistorieforskinga til dei som sysla med nordiske mellomaldertekstar og dei som sysla med tekstar henta frå skriftkulturane frå 1600-talet og framover, skilde frå kvarandre i Sverige. Fleire viktige skriftkulturelle studiar er blitt publiserte frå dette miljøet, til dømes Inger Larsson si bok Pragmatic Literacy and the Medieval Use of the Vernacular: The Swedish Example (Larsson, 2009). Ikkje minst er kvinnenes skriftkultur i mellomalderen blitt synleggjort, til dømes av Jonas Carlquist i Vadstenasystrarnas textvärld: studier i systrarnas skriftbrukskompetens, lärdom och textförståelse (Carlquist, 2007). Det kanskje mest omfattande skrifthistoriske nordiske prosjektet blir for tida leia frå Danmark. Lars Boje Mortensen, som i si tid leia Norsk senter for framifrå forsking, senter for mellomalderstudiar ved Universitetet i Bergen, har i fleire år stått bak eit omfattande europeisk prosjekt, kalla «Interfaces». I prosjektet blir skriftkulturen i mellomalderen over heile Europa kartlagt.

Desse skrifthistoriske prosjekta er kjenneteikna ved at dei studerer kvardagsleg skriving og lesing i eldre tider, og ikkje enkeltverk som av ein eller annan grunn har oppnådd ein slags tidlaus og dermed opphøgd status som klassikarar, slik det har vore tradisjon for blant humanistar som studerer tekstkulturar. Kva finst det av aktuelle studiar av skriftkulturen i kvardagen og arbeidslivet i vår tid? Sterkt inspirert av forskingsmetodar utvikla innanfor det etnografiske paradigmet gjennomførte den svenske skriftkulturforskaren Anna-Malin Karlsson, finansiert av det svenske språkrådet, den svært viktige undersøkinga En arbetsdag i skriftsamhället (Karlsson, 2006). Undersøkinga er eit originalt bidrag til forståinga av kva arbeidstakarar bruker skrift og skriftspråket til, og har med rette blitt framheva som eit pionerarbeid. Det som gjer Karlssons studie så interessant, er kvaliteten på det metodiske arbeidet. Det er òg viktig at ho studerer skriftbruken til arbeidstakarar som sjølve rapporterer at dei ikkje skriv særleg mykje i jobben. Blant yrka som Karlsson studerer i detalj i løpet av ein arbeidsdag, er særleg lastebilsjåføren, bygningsarbeidaren, hjelpepleiaren og butikkmedarbeidaren. Takka vere desse undersøkingane kan Karlsson konstatere at skriftkulturen pregar også desse yrka på grunnleggjande måtar. Ho hjelper slik samfunnet til å forstå at skrive- og skriftkunne er ein teknologi som verkar inn på og ofte formar sjølv svært enkle arbeidsoppgåver. I boka finst det òg ei god oversikt over det Karlsson kallar «kommunikationsetnografiska» undersøkingar av svensk arbeidsliv (Karlsson, 2006: 169). I forskingsoversikta Klarspråksarbete och yrkeslivsskrivande (Nord, 2017) presenterer og diskuterer Andreas Nord skriftkulturell forsking i statlege institusjonar sitt arbeid med å utvikle meir tilgjengelege og forståelege tekstar for medborgarane. Den ambisiøse og omfattande digitaliseringa av dei statlege tenestene i dei nordiske landa gjer at medborgarane må ha svært høg lesekompetanse for å kunne ta bruk dei statlege tilboda, uansett om det er barnehageplass, svangerskapspermisjonar eller eldreomsorg det gjeld. Å kunne gjere slike digitalt formidla tekstar leselege på eit behovstilpassa nivå krev igjen at dei som skal skrive tekstane og leggje dei til rette i digitale format, må ha svært høg skrivekunne. Slik stadfester òg oversikta til Nord den omfattande skriftleggjeringa av det moderne samfunnet som Karlsson peika på i sin studie.

Digitaliseringa har også ført med seg endringar i dei skriftkulturelle mønstra til små barn. Medan det er forventa at ungar i vår kultur skal lære seg å skrive og lese på skulen, er det i ferd med å bli utvikla ein kvardagsleg skriftkultur blant barn. Det skjer ved at dei på eiga hand og på eige initiativ tar i bruk digitale plattformer for å lese og uttrykkje seg i skrift. To særs gode doktoravhandlingar frå det tekstvitskaplege forskingsmiljøet ved Universitetet i Oslo dokumenterer i detalj denne digitale skriftkulturen blant barn i kvardagslivet utanfor skulen. Maja Michelsen studerer dei aller yngste barna i Teksthendelser i barns hverdag. En tekstetnografisk og sosialsemiotisk studie av åtte barns literacy og deres meningsskaping på Internett (Michelsen, 2016). Sjølv om avhandlinga er ein kasus-studie der etter måten få barn er studerte, klarer Michelsen å vise fram stor variasjon i korleis skrivekunna utviklar seg blant barn, og kva for skriftleg medierte tekstkulturar dei studerte barna relaterer seg til – og til ein viss grad skriv seg inn i. I doktoravhandlinga til Gudrun Kløve Juuhl, I det mykje skrivne. Ei undersøking av ungdoms digitale tekstar i skule og fritid som situerte, retoriske handlingar (Kløve Juuhl, 2013), studerer forfattaren på tilsvarande måte som Michelsen skriftkulturen utanfor skulen, men då med vekt på ungdomar som skrivarar. Og dessutan studerer ho skilnadene mellom den skriftkulturen elevane blir sosialiserte til i skulen, og den skriftkulturen dei unge utviklar på eiga hand på fritida utan vaksenstyring, det vil seie i bloggar, nettsamfunnstekstar, Facebook-kommentarar og liknande. Kløve Juuhl dokumenterer den omfattande venskapsskrivinga på sosiale medium, men syner samtidig at det er fellestrekk mellom skrivinga som skulen legg vekt på, og visse former for skriftkultur som unge syslar med privat, i det Kløve Juuhl kallar «interesseorienterte fritidskulturar». Det vil seie skriftkulturar der ein ytrar seg, meiner noko og deltar i ulike ordskifte.

Dermed har eg kome fram til den tredje dominerande tendensen i aktuell nordisk skriftkulturforsking, det eg har kalla studiar av skriftkulturell danning i utdannings-institusjonane. Forskinga innanfor dette feltet er omfattande og dynamisk, og ho er godt stimulert av forskingspengar i alle nordiske land. Denne velviljen frå forskingspolitikarane til å støtte skriftkulturell forsking i skulen skuldast den store merksemda skriving og lesing har fått i internasjonal skulepolitikk mellom anna i regi av OECD dei siste 30 åra, slik eg har peika på tidligare i artikkelen. Når eg no gjer eit utval, og trekkjer fram nokre få bidrag til denne forskinga, er eg svært klår over at viktige studiar ikkje kjem til å bli nemnde. Likevel, eit viktig forskingsprosjekt og forskingsmiljø som eg ikkje kan unngå å nemne, er ei forskargruppe ved Syddansk Universitet i Odense leia av Ellen Krogh. I mange år har dette miljøet undersøkt skrivekulturar og elevskrivarar i dansk skule. Også for dette miljøet er det innslag frå det etnografiske paradigmet som pregar undersøkingane, men dei metodiske framgangsmåtane og skildringane av skrivekulturar og skriveaktivitetar er utvikla og framlagde på ein sjølvstendig måte, noko som gjer dette prosjektmiljøet originalt også vurdert etter ein internasjonal målestokk. Titlane for utgjevingane viser breidda i tilnærmingane: Skrivekulturer i folkeskolens niende klasse (Christensen, Elf & Krogh, 2014), Elevskrivere i gymnasiefag (Krogh, Spanget Christensen & Jakobsen, 2015) og Skriverudviklingen i gymnasiet (Krogh & Jakobsen, 2016). Titlane viser at ein er opptatt av skrivarane og skrivinga i seg sjølv, ikkje skrifta og heller ikkje primært skriftkunne. Derfor snakkar dei om «skrivekultur/skriveutvikling» og ikkje «skriftkultur/skriftutvikling». Det er altså sjølve skrivinga som aktivitet og hending sosialt og individuelt som er gjenstand for merksemda til forskarane. Når utvikling blir studert, er det utviklinga til enkeltelevar, og ikkje grupper av elevar, som blir omtalte. Slik blir det tematisert korleis skrifta som ressurs har blitt omsett til skriving blant elevar og einskildelevar i dansk skule, og korleis det etter ei viss tid blir utvikla kulturar for skriving, det dei altså kallar skrivekulturar.

I Noreg har den skriftkulturelt orienterte utdanningsforskinga utvikla seg i rask takt takka vere innføringa av grunnleggjande ferdigheiter på alle trinn i norsk skule. I Kunnskapsløftet blei lesing og skriving innført som grunnleggjande for læring i fag og på tvers av fag. Det er oppretta eigne skriftkulturelle senter, slik som Lesesenteret (UiS), Skrivesenteret (NTNU) og Senter for nynorsk i opplæringa (HVO), for å drive forsking, utviklingsarbeid og prøveutvikling på desse områda. Sentera skal òg hjelpe norske skular, lærarar og elevar med å styrke lese- og skrivekompetansen til elevane og skriveundervisningskompetansen til lærarane. Desse sentera arrangerer dessutan i samarbeid den store Skriv!Les!-konferansen, som òg trekkjer til seg nordiske forskarar. Innføringa av grunnleggjande ferdigheiter i skriving gjer at forsking på skriving som ein reiskap for læring uansett fagleg forankring har blitt utvikla på måtar som vekkjer internasjonal oppsikt (Jeffrey, Elf, Skar & Wilcox, 2019). Det har blitt etablert ei generell og vitskapleg forståing av skriving, Skrivehjulet (Berge, Evensen & Thygesen, 2016), som gjer det mogeleg å undersøkje, skildre, reflektere over og utvikle skriveaktivitetar i dei fleste faglege samanhengar. Dette såkalla skrivekonstruktet er unikt internasjonalt. Det er då heller ingen andre land enn Noreg som har gått så langt som til å innføre skriftkunne som grunnleggjande for læring i skulen, sjølv om New Zealands literacy-forankra læreplanar ligg tett opp til den norske løysinga. Skrivehjulet har òg blitt tatt i bruk i Nasjonale utvalsprøver i skriving og i den læringsstøttande Skriveprøva. Skrivehjulet er ein kjerne i det omfattande Normprosjektet (Solheim & Matre, 2014), der skriveutviklinga til 3100 8‒13 år gamle elevar på 20 skular rundt om i landet har blitt undersøkt i og gjennom eit omfattande intervensjonsprosjekt. I dette prosjektet samarbeidde forskarar og lærarar med å etablere ei ny form for skriveopplæring der det å utvikle og studere utviklinga av skrivekunna til elevane i alle fag var eitt av fleire overordna mål. Intervensjonen hadde svært god effekt på skriveutviklinga til dei deltakande prosjektelevane (Berge, Skar, Matre, Solheim, Evensen & Thygesen, 2017). Materialet frå prosjektet – elevtekstar, vurderingar, observasjonar av undervisning – har lagt grunnen for ei monaleg rikare innsikt i korleis unge menneske innanfor ein institusjon som skulen utviklar skriveferdigheiter og skriftkultur i møtet med klasserommet, læraren og medelevane. I prosjektet blir det studert korleis elevane utviklar ei relevant forståing av kunnskapen i dei ulike faga gjennom å skrive seg til læring, anten faget er matematikk, historie, norsk eller kunst og handverk.

Samstundes med at Noreg gjennom Kunnskapsløftet innførde skriving og lesing som grunnleggjande for læring i skulen, blei òg digitale ferdigheiter innført som grunnleggjande. Det var tidleg usikkert kva denne vektlegginga av digitalisert medierte læringsaktivitetar innebar for skriftkulturelle kompetansar som lesing og skriving. Var etableringa av digitale ferdigheiter motivert av styresmaktene sine ønske om å påverke skuleeigarane til å satse på ei digitalisering av skulane i kommune og fylkeskommune? Eller var etableringa av digitale ferdigheiter motivert av å leggje til rette for at elevane skulle utvikle ein skriftkulturell kompetanse basert på digitale ressursar, og slik sette dei i stand til å verke i eit samfunn prega av digitaliserte skriftkulturar både i høgare utdanning og i arbeidslivet? I dag, om lag 15 år etter at ein tok til å arbeide med å utvikle digitalt forankra læringsaktivitetar i skulane, er det brukt store summar til å kjøpe inn digital teknologi. Det er likevel få teikn på at det har blitt utvikla digitaliserte læringskulturar (Blikstad-Balas, 2014, Spurkland & Blikstad-Balas, 2016). Det er ikkje dokumentert mange døme på at digitale ressursar blir tatt i bruk i skriveundervisinga. Noko av forklaringa på denne skriftkulturelle konservativismen i skulen og blant lærarar kan nok forklarast med at ei seriøs digitalisering av arbeidet med å skape skriftlege tekstar i skulen ville endre skrivemåtar og skrivetradisjonar i skulen, noko som den norske forskaren Øystein Gilje gjer merksam på i studien «Multimodal Redesign in Filmmaking Practices: An Inquiry of Young Filmmakers’ Deployment of Semiotic Tools in Their Filmmaking Practice» (Gilje, 2010). Nokre av dei same utfordringane går igjen i doktoravhandlinga til Marthe Burgess Fra novelle til film. Elevproduserte multimodale tekster på 9. trinn (Burgess, 2016). I denne avhandlinga kjem det òg fram at lærarane i liten grad er i stand til å undervise i digital skriftkunne. Lærarane er gjerne mindre røynde med digitale skriftkulturar enn det elevane er.

Eit siste døme på skriftkulturelt-orientert utdanningsforsking som skal nemnast, er henta frå Sverige. I fleire interessante avhandlingar og prosjekt har skriftkulturar i høgare utdanning og i vitskapane blitt studert av svenske forskarar. Det gjer til dømes Mona Blåsjö i si avhandling frå 2004, Studenters skrivande i två kunskapsbyggande miljöer (Blåsjö, 2004). I avhandlinga viser Blåsjö at dei vitskaplege skriftkulturane langt frå er homogene, og at sosialiseringa av studentane til forskjellige vitskaplege skriftkulturar følgjer heilt ulike danningsmønster. Blåsjö studerer skriving og skrivekulturar i vitskapsfag som historie og sosialøkonomi. Historiestudentane blir utfordra frå dag eín i studiet til å skrive kritisk og reflektert om eit fagstoff dei skal utvikle innsikter i, medan sosialøkonomistudentane lærer å skrive fagleg etter ferdige malar der sjølvstendige uttrykksmåtar blir lite verdsette. I avhandlinga til Ann-Marie Eriksson frå 2015, Formulating knowledge. Engaging with issues of sustainable development through academic writing in engineering education (Eriksson, 2015), er det skrivinga innanfor ingeniørfag som er studert, og då korleis fagleg skrivekunne i ingeniørfag veks fram i og gjennom rettleiingssamtalar mellom student og lærar. Studien til Ann-Marie Eriksson er ekstra interessant av di den gir lesaren innsikt i den multimodale skriftkulturen i ingeniørfaga. Alfabetisk skrift er viktig i tekstane som blir skapte òg i desse faga, men i utviklinga av tekstane er andre semiotiske ressursar vel så viktige. Studien dokumenterer at ei skriveundervisning med mål om å leggje til rette for læring i naturvitskaplege fag, må vere forankra i ei rik forståing av ulike semiotiske skriveressursar. Den viser dessutan korleis digitale skriveverktøy kan nyttast som ressurs for vitskapleg utforsking og utvikling av ny kunnskap.

Sluttsats: utfordringar og moglegheiter i framtidig nordisk skriftkulturforsking

Eg er komen til vegs ende med denne oversikta over aktuell nordisk skriftkulturforsking. Det er no på sin plass å vende tilbake til utgangspunktet, og dei ulike paradigma i internasjonal skriftkulturforsking. Korleis stiller aktuell nordisk skriftkulturforsking seg til desse paradigma? Kva for forskingsparadigme står sterkt, og svakt – og kvifor?

Det første vi kan slå fast, er at det etnografiske og det skrive- og lesepedagogiske paradigmet står sterkt i nordisk skriftkulturforsking, særleg innanfor utdanningsforskinga. Det fører med seg at det blir utvikla og publisert ei stor mengde kvalitative kasusstudiar. Dei teiknar eit rikt bilete av skrive- og skriftdanninga i og på skular, høgskular og universitet. Samstundes saknar ein metastudiar som ville kunne gjere det mogeleg med meir generaliserbare innsikter enn dei desse enkeltstudiane gir. Eit påfallande trekk ved mange av desse etnografisk-orienterte skrive- og lesepedagogiske studiane er at dei er sterkt prega av angloamerikanske forskingstrendar. Særleg har metodane utvikla i New Literacy Studies generelt (Street, 1984), og den skriftetnografiske forskinga ved Lancaster University spesielt (Barton, 1994), hatt stor innverknad på korleis denne skriftkulturforskinga blir gjennomført. I den grad dei som studerer skriftkulturen og skriftbruken innanfor dette paradigmet, er opptatt av tekststruktur og språklege realiseringar, er tilnærminga prega av tekstvitskap og funksjonelle språkteoriar. Særleg har systemisk-funksjonell språkteori (Berge, Coppock & Maagerø, 1998) fått ein sterk posisjon i den nordiske skriftkulturforskinga (Andersson, 2013). Den blir av mange rekna som ein gyldig reiskap når eigenarten til dei skriftlege tekstane skal skildrast og forklarast. Derfor er det heller ikkje overraskande at multimodalitetsteoriar frå det same språkvitskaplege fagmiljøet dominerer i undersøkingar der andre og fleire skriftlege medieringsressursar enn berre alfabetbaserte skriftspråk er nytta. Denne typen språkforsking skil seg grunnleggjande frå dei teoriane som har etablert ein hegemonisk posisjon i nordisk språkvitskap og allmenn lingvistikk i Norden. Det gjer kontakten mellom nordiske skriftkulturforskarar og nordiske grammatikarar fagleg utfordrande.

For det andre viser oversikta at det filologisk-lingvistiske og det skrifthistoriske paradigmet har vore utvikla i nordisk skriftkulturforsking lenge før forskinga på skriftkultur tok til å vekse på 2000-talet. Med unntak av mellomalderforskarane og deira interesse for skriftkulturen i norrøn tid, og for dei store og konsekvensrike skriftkulturelle endringane i seinmellomalderen, har den skrifthistoriske forskinga ofte vore knytt til einskildforskarar, som t.d. Jostein Fet, som på eige initiativ og gjerne åleine har gjennomført store prosjekt. Derimot har den filologisk-lingvistiske skriftforskinga hatt gode vilkår takka vere dei nordiske språkråda, som syslar med språkrøkt, og slik sørger for at dei nordiske skriftspråka er hensiktsmessig tilpassa det dei skal brukast til i eit moderne samfunn.

Det tredje ein kan slå fast, er at det mentalistiske paradigmet står svakt og vekkjer lita interesse i nordisk skriftkulturforsking. Det har ført med seg at kunnskapen om dette skriftkulturelle paradigmet er lite kjent blant nordiske forskarar. Den manglande kunnskapen kom til uttrykk her i Noreg i debatten om revideringa av Kunnskapsløftet som tok til etter at det såkalla Ludvigsen-utvalet leverte utgreiinga Fremtidens skole – Fornyelse av fag og kompetanser (NOU 2015: 8) til Kunnskapsdepartementet. I debatten blei det av ei rekkje humanistar med forankring særleg i tradisjonell litteraturvitskap, og av nokre kulturjournalistar, hevda at vektlegginga av grunnleggjande ferdigheiter som skriving og lesing i skulen førte med seg ei instrumentalistisk svekking av skulens danningsoppdrag (Karlsen, 2016). Debatten toppa seg med eit frontalåtak på dei berande ideane i Kunnskapsløftet i form av ein to-sider lang artikkel i Morgenbladet ført i pennen av tidlegare kunnskapsminister Gudmund Hernes (Hernes, 2016). Det som kjenneteikna og kjenneteiknar kritikken frå Hernes – og mange med han – er at vektlegginga av skriving og lesing som grunnleggjande for læring i fag fører til at arbeidet med klassiske nasjonsberande litterære tekstar må vike. Hernes argumenterer òg for at læreplanen må innehalde ein litterær kanon av tekstar som alle norske skuleelevar skal kjenne til og ha lese i løpet av dei 13 åra dei går på skulen. Som kjent la Gudmund Hernes stor vekt på slike kunnskapskanonar eller kjerneverdiar i den læreplanen som han i si tid som kunnskapsminister fekk vedtatt i Stortinget (Reform 94). Hernes fann argument og fagleg støtte for synspunkta sine i den amerikanske «cultural literacy»-tenkinga utvikla av humanisten og litteraturforskaren Eric Donald Hirsch jr., særleg i boka Cultural Literacy: What Every American Needs to Know (Hirsch, 1987). For dei som kjenner til den grunnleggjande danningstenkinga som pregar det mentalistiske paradigmet, og den kunnskapspolitikken den har stimulert til og levert argument for internasjonalt gjennom arbeid med kritiske kjernekompetansar i DeSeCo-analysane frå OECD, og dei grunnleggjande ferdigheitene i Kunnskapsløftet (Berge, 2005; 2007), blir denne kulturkonserverande kanonkritikken rekna som lite relevant og derfor lite treffande. Det er (sjølvsagt) ingen motsetnad mellom det å lære seg gode lesestrategiar og det å lese klassiske nasjonsberande skjønnlitterære verk. Det svekkjer (sjølvsagt) heller ikkje lesinga av slike tekstar dersom elevane utviklar evna til å skrive reflekterande, skildrande, utforskande og førestillande tekstar i alle fag, og ikkje berre i norskfaget. Kritikarar av arbeidet med grunnleggjande ferdigheiter i skulen som søkjer støtte i «cultural literacy»-tenkinga, ser òg bort frå solide evidensbaserte empiriske studiar som viser at arbeidet med lesing, men særleg skriving, er kritisk for ei rik forståing og innsikt i faga. Det vil seie det Ludvigsen-utvalet kallar «djupnelæring» (NOU, 2015) – som kan sjåast på som eit anna ord for «kompetanse». Omgrepet «djupnelæring» har Ludvigsen-utvalet mellom anna henta frå det før nemnde nordiske dialogisme-miljøet, og særleg frå den svenske pedagogen Roger Säljö. Forskinga til Säljö er også supplert med og sterkt prega av vygotskijansk-prega lærings- og kognisjonsforsking. Denne tradisjonen er solid etablert i Norden, og er ofte dominerande i utdanninga av nordiske lærarar. Det er derfor noko av eit paradoks at denne tungt empirisk forankra og solid testa skriftkulturelle danningsteorien ikkje er kjent eller verdsett av humanistar med eit engasjement for å verne kunnskapen om og røynsler med høgkulturelle kunstnarisk framstilte verk skapte i dei nordiske skriftsamfunna.

Kanskje kunne denne motsetninga vore oppheva dersom dei sterke forskingsmiljøa i nordisk skrive- og leseforsking hadde vore tydelegare kopla til humanistisk grunnforsking og skulering? Det er ein tendens i nordiske fagmiljø til at skriftkulturell forsking blir oppfatta som eit ansvar for dei utdanningsvitskaplege fakulteta – og berre dei. Men skal ein slik intellektuell kontakt kunne bli etablert, bør forskarar verdsette og forstå den krevjande tverrfaglegheita i skriftkulturell forsking og undervisning. Det ville òg styrke kunnskapen – og dermed nivået i det kunnskapspolitiske ordskiftet – om ein kunne ta eit systematisk og samlande grep om den skriftkulturelt forankra skrifthistoriske forskinga i Noreg og Norden ved humanistiske fakultet. Den er i for liten grad knytt til og kopla opp mot den utdanningsforankra skriftkulturforskinga – merkeleg nok sidan skulen historisk har vore den dominerande, om ikkje den einaste, pådrivaren for ei skriftleggjering av dei nordiske landa. Som vi var inne på i byrjinga av denne artikkelen, er det skriftkulturelle nivået i Norden vurdert internasjonalt som svært høgt, og som mønsterdannande for andre kulturar og samfunn. Mindre kjent og forstått internasjonalt er det at dette høge nivået skuldast ei brei folkeleg mobilisering frå og med 1600-talet – først i Sverige-Finland – som har gjort folk flest og deira organiseringsarbeid og organisasjonar både til pådrivarar og gjenstandar for den skriftkulturelle danningsutviklinga. Det er dette langsiktige og systematiske arbeidet som gjer at Norden har ein solid, brei, tilgjengeleg og demokratisk skriftkultur med sterk politisk støtte både innanfor kulturpolitikken og kunnskapspolitikken. Denne historiske røynsla og dei sterke skriftkulturelle samfunna dei nordiske statane samla utgjer, legg eit solid grunnlag for ei vidare forsking på skriftkultur i Norden.

Summary

In this article important literacy research in the Nordic countries since year 2000 is presented. Specific emphasis is put on historical literacy research, literacy research oriented towards the education system, and literacy research focussing on writing and reading at the workplace and in everyday life. Nordic literacy research is classified according to four different research paradigms in international literacy research. The four paradigms are: the mentalist paradigm, the ethnographic and historical paradigm, the philological-linguistic paradigm, and the paradigm oriented towards the teaching of writing and reading.

Litteratur

  • Anderson, K. (2013). Contrasting Systemic Functional Linguistic and Situated Literacies. Approaches to Multimodality in Literacy and Writing Studies. Written Communication 30(3), 276–299.
  • Apelseth, A. (2004). Den låge danninga. Skriftmeistring, diskursintegrering og tekstlege deltakingsformer 1760–1840. (Doktoravhandling). Universitetet i Bergen.
  • Asdal, K., Berge, K. L. Gammelgaard, K. Riiser-Gundersen, T., Jordheim, H., Rem, T., & Tønnesson, J. (2008). Tekst og historie. Å lese tekster historisk. Oslo: Universitetsforlaget.
  • Bale, K. (2008). Innsnevrer humanioras virkefelt. Morgenbladet 26.9.2008.
  • Barton, D. (1994). Literacy: An introduction to the ecology of written language. Oxford: Blackwell.
  • Barton, D., & Hamilton, M. (1998). Local Literacies. Reading and Writing in One Community. Routledge: London.
  • Berge, K. L. (2005). Skriving som grunnleggende ferdighet og som nasjonal prøve – ideologi og strategier. I S. Nome, & A. J. Aasen, Det nye norskfaget (s. 161–188). Bergen: Fagbokforlaget.
  • Berge, K. L. (2007). Grunnleggende om grunnleggende ferdigheter. I H. Hølleland (Red.), På vei mot Kunnskapsløftet (s. 228–250). Oslo: Cappelen Akademisk Forlag.
  • Berge, K. L. (2015). Developing a New Political Text Culture in Denmark–Norway 1770–1799. I E. Krefting, A. Nøding, & M. Ringvej (Red.), Eighteenth century periodicals as agents of change. Perspectives on Northern Enlightenment (s. 172–184). Leiden: Brill.
  • Berge, K. L. Coppock, P., & Maagerø, E. (1998). Å skape mening med språk. En samling artikler av M. A. K. Halliday, R. Hasan, J. R. Martin. Oslo: Cappelen Damm.
  • Berge, K. L. Evensen, L. S., & Thygesen, R. (2016). The Wheel of Writing: a model of the writing domain for the teaching and assessing of writing as a key competency. Curriculum Journal 27(2), 172–189.
  • Berge, K. L., Skar, G. B., Matre, S., Solheim, R., Evensen, L., & Thygesen, R. (2017). Introducing teachers to new semiotic tools for writing instruction and writing assessment: consequences for students’ writing proficiency. Assessment in Education: Principles, Policy & Practice 24(3), 6–25.
  • Bergh Nestlog, E. (2012). Var är meningen? Elevtexter och undervisningspraktiker. (Doktoravhandling). Linnéuniversitetet.
  • Blikstad-Balas, M. (2014). Redefining School Literacy. Prominent literacy practices across subjects in upper secondary School. (Doktoravhandling). Universitetet i Oslo.
  • Blikstad-Balas, M. (2017). Literacy i skolen. Oslo: Universitetsforlaget.
  • Bloch, M. (1998). How We Think They Think: Anthropological Studies in Cognition, Memory and Literacy. Boulder CO: Westview Press.
  • Blåsjö, M. (2004). Studenters skrivande i två kunskapsbyggande miljöer. (Doktoravhandling). Stockholms universitet.
  • Burgess, M. (2016). Fra novelle til film. Elevproduserte multimodale tekster på 9. trinn. (Doktoravhandling). Universitetet i Oslo.
  • Burgess, P., & Monsson, O. (Red.) (2002). Nation, Modernity, Written Culture. Kristiansand: Høyskoleforlaget.
  • Carlquist, J. (2007). Vadstenasystrarnas textvärld: studier i systrarnas skriftbrukskompetens, lärdom och textförståelse. Uppsala: Svenska fornskriftsällskapet.
  • Christensen, T. S., Elf, N. F., & Krogh, E. (2014). Skrivekulturer i folkeskolens niende klasse. Odense: Syddansk Universitetsforlag.
  • Clancy. M. I. T. (1979). From Memory to Written Record: England 1066–1307. London: Wiley-Blackwell.
  • Clark, R., & Ivanič, R. (1997). The Politics of Writing. London: Routledge.
  • Coppock, P. (Red.) (2002). The Semiotics of Writing. Turnhout: Brepols.
  • Eide, M. (Red.) (2010). Norsk presses historie 1660–2010. En samfunnsmakt blir til 1660–1880. Oslo: Universitetsforlaget.
  • Englund, B., & Ledin, P. (Red.) (2003). Teoretiska perspektiv på sakprosa. Lund: Studentlitteratur.
  • Eriksson, A. M. (2015). Formulating knowledge. Engaging with issues of sustainable development through academic writing in engineering education. (Doktoravhandling). Göteborgs universitet.
  • Fet, J. (1995). Lesande bønder. Litterær kultur i norske allmugesamfunn før 1840. Oslo: Det Norske Samlaget.
  • Fet, J. (2003). Skrivande bønder. Skriftkultur på Nord-Vestlandet 1600–1850. Oslo: Det Norske Samlaget.
  • Fet, J. (2015). Den gløymde litteraturen. Oslo: Det Norske Samlaget.
  • Flood, A. (2016, 11. mars). Finland ranked world’s most literate nation. The Guardian. Henta frå https://www.theguardian.com/books/2016/mar/11/finland-ranked-worlds-most-literate-nation
  • Gammelgaard, K. (2004). Pragerskolen og skriftlighedssproget – et tjekkisk perspektiv. I K.L Berge, T. Gedde-Dahl, & S. Walton (Red.), Skriftkultur. Sakprosa 10 (s. 59–71). Oslo: Universitetet i Oslo.
  • Gammelgaard, K., & Holmøyvik, E. (Red.) (2014). Writing Democracy. The Norwegian Constitution 1814–2014. New York: Berghahn.
  • Gilje, Ø. (2010). Multimodal Redesign in Filmmaking Practices: An Inquiry of Young Filmmakers’ Deployment of Semiotic Tools in Their Filmmaking Practice. Written Communication 14, 494–522.
  • Goody, J. (1977). The domestication of the savage mind. Cambridge: Cambridge University Press.
  • Goody, J. (1986). The logic of writing and the organization of society. Cambridge: Cambridge UP.
  • Goody, J. (1987). The interface between the written and the oral. Cambridge: Cambridge UP.
  • Goody, J., & Watt, I. (1963). The consequences of literacy. Comparative Studies in History and Society 5(3), 304–345.
  • Graff, H., Mackinnon, A. Sandin, B., & Winchester, I. (Red.) (2009). Understanding Literacy in its Historical Contexts. Socio-Cultural History and the Legacy of Egil Johansson. Lund: Nordic Academic Press.
  • Heath, S. (1983). Ways with words: Language, life, and work in communities and classrooms. Cambridge: Cambridge UP.
  • Hernes, G. (2016). Samfunnets store speil. Morgenbladet, 22.1.2016.
  • Hirsch jr., E. D. (1987). Cultural Literacy: What Every American Needs to Know. Boston: Houghton Mifflin.
  • Jeffery, J. V., Elf, N., Skar, G. B. U., & Wilcox, K. C. (2018). Writing development and educational standards in cross-national perspective. Writing and Pedagogy 10.3, 333–370. Sendt utgjevar, under vurdering.
  • Josephsson, O. (Red.) (1998). Arbetarna tar ordet. Språk och kommunikation i tidig arbetarrörelse. Stockholm: Carlssons.
  • Karlsen, O. (2016). Literacy, vankunne og ukunne. Dag og Tid. 9.12.2016.
  • Karlsson, A. M. (2006). En arbetsdag i skriftsamhället. Stockholm: Språkrådet.
  • Kløve Juuhl, G. (2013). I det mykje skrivne. Ei undersøking av ungdoms digitale tekstar i skule og fritid som situerte, retoriske handlingar. (Doktoravhandling). Universitetet i Oslo.
  • Krefting, E., Nøding, A., & Ringvej, M. (2014). En pokkers skrivesyge. 1700-tallets dansk-norske tidsskrifter mellom sensur og ytringsfrihet. Bergen: Spartacus.
  • Krefting, E., Nøding, A., & Ringvej, M. (2015). Eighteenth-Century Periodicals as Agents of Change. Perspectives on Northern Enlightenment. Leiden: Brill.
  • Krogh, E., Christensen, T. S., & Jakobsen, K. S. (Red.) (2015). Elevskrivere i gymnasiefag. Odense: Syddansk Universitetsforlag.
  • Krogh, E., & Jakobsen, K. S. (Red.) (2016). Skriverudviklingen i gymnasiet. Odense: Syddansk Universitetsforlag.
  • Kuhn, T. (1962). The Structure of Scientific Revolutions. Chicago: University of Chicago Press.
  • Larsson, I. (2009). Pragmatic Literacy and the Medieval Use of the Vernacular: The Swedish Example. Turnhout: Brepols.
  • Lindhardt, J. (1989). Tale og skrift. To kulturer. Oslo: Cappelen.
  • Linell, P. (2005). The Written Bias of Linguistics. Its Nature, Origins and Transformations. London: Routledge.
  • Melander, B., & Olsson, B. (Red.) (2001). Verklighetens texter. Sjutton fallstudier. Lund: Studentlitteratur.
  • Melve, L. (2001). Med ordet som våpen. Tale og skrift i vestleg soge. Oslo: Det Norske Samlaget.
  • Mertz, E., & Parmentier, R. (1985). Semiotic Mediation. New York: Academic Press.
  • Michelsen, M. (2016). Teksthendelser i barns hverdag. En tekstetnografisk og sosialsemiotisk studie av åtte barns literacy og deres meningsskaping på Internett. (Doktoravhandling). Universitetet i Oslo.
  • Miller, J. W., & McKenna, M. C. (2016). World Literacy: How Countries Rank and Why It Matters. London: Routledge.
  • Nord, A. (2017). Klarspråksarbete och yrkeslivsskrivande. Stockholm: Språkrådet.
  • NOU 2015: 8 (2015). Fremtidens skole – Fornyelse av fag og kompetanser. Oslo: Kunnskapsdepartementet.
  • Omdal, H., & Røsstad, R. (2009). Språknormering – i tide og utide? Oslo: Novus.
  • Roberts, C., & Street, B. (1998). Spoken and written language. I: F. Coulmas, The Handbook of Sociolinguistics. London: Blackwell.
  • Rosnes, E. (2018). The Norwegian Mission’s Literacy Work in Colonial and Independent Madagascar. London: Routledge.
  • Rychen, D. S., & Salganik, L. H. (Red.) (2001). Defining and Selecting Key Competencies. Bern: Hogrefe & Huber.
  • Saari, H. (1991). Writing curricula in sixteen countries: International study in written composition – IEA. Jyväskylä, Finland: University of Jyväskylä.
  • Scribner, S., & Cole, M. (1981). The psychology of literacy. Cambridge, MA: Harvard UP.
  • Solheim, R., & Matre, S. (2014). Forventninger om skrivekompetanse. Perspektiver på skriving, skriveopplæring og vurdering i «Normprosjektet». Viden om Læsning (15), 76–89.
  • Spurkland, S., & Blikstad-Balas, M. (2016). De største utfordringene ved digitalisering av skolen. Bedre Skole 2/2016.
  • Stock, B. (1987). The Implications of Literacy. Written Language and Models of Interpretation in the 11th and 12th Centuries. Princeton: Princeton UP.
  • Strauss, V. (2016, 8. mars). Most literate nation in the world? Not the U.S., new ranking says. The Washington Post. Henta frå https://www.washingtonpost.com/news/answer-sheet/wp/2016/03/08/most-literate-nation-in-the-world-not-the-us-new-ranking-says/?noredirect=on&utm_term=.2836fdcda5f0
  • Street, B. (1984). Literacy in theory and practice. New York: Cambridge UP.
  • Säljö, R. (Red.) (1985). The Written World. Studies in Literate Thought and Action. Berlin: Springer.
  • Tomasello, M. (2008). Origins of Human Communication. Cambridge, MA: MIT Press.
  • Vannebo, K. I. (1984). En nasjon av skriveføre. Om utviklinga fram mot allmenn skriveferdighet på 1800-tallet. Oslo: Novus.

Fem spørsmål om skriftkultur

Stephen J. Walton*

Samandrag: Denne artikkelen er ein lettare omarbeidd versjon av eit innlegg som eg heldt på eit skriftkultursymposium i Volda i juni 2018, der eg prøver å gi svar på alle dei fem spørsmåla som arrangørane stilte til dei inviterte føredragshaldarane. Moderne skriftkulturstudiar, ikkje minst i Volda, har vore prega av eit ønske om å ikkje reprodusere dei nasjonsbyggjande morsmålsfaga som t.d. norsk, og dei har dermed vore organiserte tverrfagleg og komparativt. Skriftkultur som studieretning, her eksemplifisert med Peter Stein, har vore mindre optimistisk på vegner av skrifta enn den engelskspråklege literacy-konstruksjonen. Den framtidige skriftkulturforskinga bør konsentrere seg om korleis oraliteten lever vidare i skrifta, og om den pressa posisjonen til skrifta mellom oraliteten og bileta. Det banale spørsmålet om skriftkulturar burde forvaltast, får eit svært kort svar her. Og til spørsmålet om kva nynorsken kan bidra med på det globale planet, ligg svaret i det særlege innslaget av oralitet som alltid har danna grunnlaget for nynorsken.

Nøkkelord: Nynorsk skriftkultur, Stein, alfabetisering, oralitet, reoralisering

Keywords: New Norwegian Written Culture, Stein, literacy, orality, reoralisation

*Korrespondanse: Stephen J. Walton, Institutt for kultur, religion og samfunnsfag, Universitetet i Søraust-Noreg, Postboks 235, NO-3603 Kongsberg. E-post: stephen.j.walton@usn.no

Sitering av dette kapitlet: Walton, S. J. (2019). Fem spørsmål om skriftkultur. I S. J. Helset & E. Brunstad (red.), Skriftkulturstudiar i ei brytingstid (s. 53–68). Oslo: Cappelen Damm Akademisk. https://doi.org/10.23865/noasp.67

Lisens: CC BY 4.0

Innleiing

Utgangspunktet for denne teksten er eit skriftkultursymposium som vart arrangert i Volda i juni 2018. Dei inviterte innleiarane vart bedne om å forhalde seg til fem spørsmål. Sidan desse spørsmåla klart hang saman, og sidan eg dessutan alltid har hatt sans for utfordringar, bestemte eg meg for å prøve å svare på alle fem. På den avgrensa plassen som står til rådvelde her, er det uråd å gå i djupna i nokon av spørsmåla, men tanken her har heller vore å skissere eit fagfelt og plassere det i høve til den postmoderne akademiske institusjonen. Det har også vore naturleg å relatere svara på dei fem spørsmåla til éin av dei postmoderne akademiske institusjonane der eg har arbeidt, nemleg Høgskulen i Volda, der eg i ei årrekkje hadde eit fagleg ansvar for mastergraden i nynorsk skriftkultur.

Dei fem spørsmåla som vi vart oppmoda om å reflektere over, var desse: (1) Kva er det som kjenneteiknar skriftkulturstudiar i dag? (2) Korleis er tilhøvet mellom skriftkultur og literacy? (3) Korleis bør den skriftkulturelle forskinga vere i framtida? (4) Bør skriftkulturar eigentleg forvaltast? Og (5) kva er det særlege bidraget nynorsken kan kome med til [ingenting ringare enn] resten av verda? Dette er unekteleg ein ambisiøs agenda.

Normativt eller deskriptivt?

Dei fem spørsmåla fortener ein kort kommentar før ein prøver å svare på dei. I det første ‒ Kva er det som kjenneteiknar skriftkulturstudiar i dag? ‒ er det lagt opp til eit skilje som ofte kjem bort, nemleg skiljet mellom skriftkultur som sosial og estetisk praksis og skriftkultur som studiefag og forskingsfelt. Skriftkultur er både studiet og objektet for studiet. Éin faktor som er med på å gjere dette skiljet utydeleg, er det metapreget som studiar av skriftkultur stort sett har i og med at dei sjølve inngår i skriftkulturen, og såleis er med på å forme det fenomenet som dei i utgangspunktet skal beskrive. Elles er både dette spørsmålet og nummer to ‒ Korleis er tilhøvet mellom skriftkultur og literacy? – deskriptive, mens dei tre etterfølgjande spørsmåla alle er normative, og invitasjonar til fagpolitisk refleksjon, eller fagkritisk refleksjon, for å bruke eit ord som ikkje har vore noko særleg å sjå eller høyre i det norske akademiet sidan realsosialismens fall på slutten av åttitalet. Under det noverande new public management-regimet er fagkritikk iallfall ikkje liv laga korkje som term eller som praksis i underskogen av meir eller mindre berekraftige fagporteføljar og andre liberalistiske språklege misfoster. Såleis kan det hende at svaret på spørsmål tre eigentleg handlar om kven som bør styre den skriftkulturelle forskinga, vel så mykje som kva form ho bør få. Og det er ikkje fritt for at ein legg merke til det apologetiske adverbet eigentleg i spørsmål fire, eit spørsmål som synest å be om orsaking for at det i det heile blir stilt. Også dette spørsmålet handlar i botnen om kven. Sjølvsagt blir skriftkulturar forvalta: Eg trur ikkje det finst stort meir å seie om den saka. Dette er uansett ei innsikt som alle norske kultur- og språkmeldingar har bygt på i nyare tid, medrekna den siste kulturmeldinga frå november 2018, som til alt overmål er produsert av ei marknadsfundamentalistisk regjering. Under lanseringa snakka kulturministeren bramfritt aksjonistisk om «dei nasjonale kulturpolitiske måla som vi bør setje oss»1, osb. Skriftkulturane blir ikkje berre forvalta, men jamvel styrde, sjølv om det apologetiske og potensielt nyliberalistiske eigentleg nok har bremsa opp mot og underleggjort ideen om styring. Det eigentlege spørsmålet er om kva sosiale krefter som skal forme skriftkulturane, og dette handlar om personar og om ideologi. Så er det det siste spørsmålet da, som synest å gå ut frå ein nynorsk partikularisme, og ei implisitt førestilling om at det er noko ved nynorsken som gjer at han har ein særskild status som skriftkulturelt forskingsobjekt og aktør. Viss dette var meininga frå spørsmålsstillarane si side, kan eg berre seie meg hjartans samd, og dette skal vi kome tilbake til.

Kva er det som kjenneteiknar skriftkulturstudiar i dag?

Så får vi da prøve å svare på desse spørsmåla etter tur, og i den rekkjefølgja som dei vart stilte i. Den har ein eigen logikk. Da går vi attende til spørsmål (1). Internasjonalt er skriftkulturstudiar blitt eit stort felt som til liks med dei såkalla «nye» kulturstudiane som har vore éin av føresetnadene for studie- og forskingsfaget (sjå t.d. Barker, 2012 og pionérarbeidet i nye kulturstudiar i Norden, Scott Sørensen mfl., 2008). Skriftkulturstudiane er tilnærma endelause, for ikkje å seie konturlause. Alle menneskelege praksisar kan rommast innanfor kulturstudiar, og all skriftleg praksis kan brukast som objekt for skriftkulturstudiar. Dette gjeld også preliterale og protoliterale fasar i kulturar som seinare blir til skriftkulturar. Såleis er faget gjerne både «tverrfagleg og komparativt», eit adjektivpar som fekk ein nærmast mantraliknande status under arbeidet med studieplanar og i møte med fagfolk og administrasjonen i miljøet rundt Aasen-instituttet på tidleg 2000-tal.

Alle faglege nydanningar har ein brodd, og dei er gjerne resultat av eit fadermord. Fadermordet konstituerer sjølvforståinga, og det er jamvel nødvendig for at det skal bli eit sjølv å forstå, slik Freud påpeika i ein annan ødipal, individpsykologisk kontekst. I kulturstudiar handla drapet om ekskluderinga av kulturforbruket og kulturproduksjonen til industriarbeidarklassen frå estetisk vurdering, og etter kvart også om ekskluderinga av kulturuttrykka til andre systematisk marginaliserte grupper, etniske minoritetar, migrantar, skeive, kvinner, barn osb. Dette gjeld særleg i den engelskspråklege tradisjonen før og etter Birmingham-skulen (jf. Hoggart, 1957; Hall, 1988, mfl.). I skriftkulturfaget svinga vi øksa primært over dei etablerte nasjonsdannande språk- og litteraturfaga som kom i akademisk vanry på sytti-, åtti- og inne på nittitalet. Det skriftkulturstudiet ikkje skulle bli, var ein innskrumpa versjon av norskfaget, norskfaget sin mini-me, for å seie det slik, med gammalfilologi og språkhistorie på den eine sida, og ein nasjonsbyggjande kanon av daude kvite menn på den andre, slike som hadde meisla ut nasjonens finaste og mest oppbyggjelege tankar, og som kunne stå som modell for alle oss andre. Estetiske vurderingar skulle underordnast pragmatisk analyse. I norsk samanheng fekk retorikk- og sakprosamiljøa mykje å seie for skriftkulturforståinga, og i Noreg voks dei til og vart institusjonaliserte på den same tida som miljøa for nynorsk skriftkultur og kulturstudiar. Ei frukt av dette hopehavet var det nummeret i rekkja med skrifter frå prosjektmiljøet Norsk sakprosa ved Universitetet i Oslo på tidleg 2000-tal som heitte Skriftkultur (Berge mfl. [red.]).

I framveksten av nynorsk skriftkultur som studiefag i Volda opererte vi ut frå ei forteljing som dels var eksplisitt, dels implisitt. Vi begynte med språket, talespråket, som er det artsdefinerande trekket ved mennesket, og som det trekket som opnar for framveksten av ein kultur. Andre høgare apeartar har dugleikar og kommuniserer med kvarandre, det gjer mange andre artar med, men vi forstår ikkje åtferda deira som kultur.2 Dei er natur, vi er kultur. Gjennom den lange utviklingshistoria til homo sapiens har det funnest kulturar, men det fanst ikkje skrift. Skrifta er ei nyvinning som knyter seg til framveksten av bufaste jordbrukssamfunn i relativt ny tid på somme av flaumslettene i verda. Mens dei eldste grafiske framstillingane er frå ca. 35 000 fvt., er det heilt uklart kor gammal grafismen som praksis er. Dei eldste skriftteikna frå Mesopotamia er mykje yngre, frå ca. 3500 fvt. Der, tenkte vi, tok skriftkulturen eigentleg til. Så følgde vi utviklinga av skrifta ut frå Harald Haarmanns tese «Først bilde, så skrift», inn i dei to dominerande spora for skriftkulturell utvikling, alfabetisme og ideogram, eksemplifiserte på den eine sida med evolusjonen mot moderne vestlege alfabet (latinsk, gresk, kyrillisk), og arabisk, ut frå eit felles opphav i vogga til jordbrukssamfunnet i den såkalla Gylne halvmånen i Midtausten, og på den andre sida mot kinesisk og japansk skrift. Antikken og tidleg mellomalder fór vi raskt igjennom for å kome så snøgt fram som råd var til hovudpoenget: moderniteten. Her samla vi oss om innføringa av trykkjekunsten og av den materielle og institusjonelle infrastrukturen som voks fram i eit samfunn der fleire og fleire las og skreiv, og der latinen overraskande raskt vart føyst ut av bøkene mens dei lokale folkemåla vart henta inn. Nokre få av desse lokale folkemåla oppnådde jamvel etter ei stund å bli til såkalla nasjonalspråk, sjølv om dette langt frå skjedde med éin gong. I iallfall tohundreogfemti år etter den oppsiktsvekkjande raske innføringa av trykking med bevegelege typar var det stor variasjon i lokale skrivemåtar, og ein stor del av bokproduksjonen retta seg mot romlegnokså trongt avgrensa lokale marknader, særleg i område med svakt utvikla eller desentraliserte statar. Interessa for den institusjonelle ramma rundt tekstproduksjonen og tekstforbruket er nok eit typisk trekk for skriftkulturstudiar, sjølv om dei slett ikkje har einerett på ho. I det nynorskindustrielle komplekset har vi da også trekt linjer frå den tidlege moderniteten og opplysningsverksemda til prestane og andre i denne landsdelen, eksemplifisert ved Ekset-kulturen og den skrivande og lesande bondeoffentlegheita, til demokratiet og framveksten av systemlojale motkulturar baserte på brei folkeleg deltaking, her sjølvsagt inspirerte av arbeida til Jostein Fet (1995, 2003). I denne historieforståinga, som altså både implisitt og eksplisitt gjennomsyra studiet, nådde moderniseringa og demokratiseringa sin apoteose i Ivar Aasen og nynorsken. Tida etterpå har framstått som eit potensielt eller realisert syndefall, og den nyoppfunne popfiguren Aasen og ei kulturelt og politisk oppegåande målrørsle har framstått som motstandsfaktorar i kampen mot sentralisering, kulturell einsretting, forbrukskapitalistisk nedsløving, språkøkologisk øydelegging, og alt vi elles ikkje liker.

Alt i alt var terrenget stort, og strekte seg frå yngre steinalder til Kristin Clemet. På litt avstand trur eg at det iallfall var to operative doxes i dette studiet. Det eine gjekk ut på at det var ein kvalitativ skilnad mellom skriftbaserte og ikkjeskriftbaserte kulturar. Dess meir skrift, dess betre. Det andre doxa hadde å gjere med at skrifta fungerte maksimalt demokratisk og frigjerande dess nærmare talen ho låg. Denne tanken har sjølvsagt vore ei leiestjerne i norsk språknormering, og spesielt normeringa av nynorsken sjølvsagt, og dette aksiomet fekk ei tilbakeverkande kraft på skriftkulturforståinga. Fordi nynorsken var ei særskilt demokratisk målform, var den nynorske skriftkulturen nærmast programmatisk nøydd til å vere utstyrt med særleg demokratiske trekk. Konstruksjonen var sirkulær, men robust fordi begge pilarane støtta kvarandre. Premissleverandørane var lokale, men nasjonalt viktige historikarar og skrifthistorikarar som Jostein Nerbøvik og Jostein Fet, og skriftkulturteoretikarar som Jack Goody og Walter Ong, i tillegg til lingvistar som Peter Trudgill, som gjerne stilte opp for å fortelje kor bra det var med ikkjestandardvariantar eller alternative standardar av etablerte skriftspråk (t.d. Trudgill, 2018, s. 43). Trudgill har iallfall minst éin gong i mitt nærvær nemnt at dei tre europeiske landa med høgast BNP per innbyggjar, Luxemburg, Noreg og Sveits, alle har skriftkulturar av denne typen. Det låg da i lufta at det kanskje fanst ein årsakssamanheng her. Når det gjeld desse tre landa, vil eg nok heller leggje vekt på andre faktorar i velstandsutviklinga der. To av dei driv med pengevask og økonomisk kriminalitet i industriell skala, og det tredje driv med ein svært innbringande og velorganisert miljøkriminalitet. Eg ville ikkje utan vidare påstå at økonomisk kriminalitet og målretta øydelegging av miljøet på globalt nivå nødvendigvis heng saman med fråvær av skriftspråkleg standardisering, men folk har det jo med å leggje vekt på ulike ting.

Korleis er tilhøvet mellom skriftkultur og literacy?

I seinare tid, altså i ettertid, har eg fått sans for det strengt avmystifiserande blikket på skriftkulturen som vi finn hos Peter Stein. Stein var i tretten år lærar på fagfeltet skrift- og lesekultur på masterstudiet i nytta kulturvitskap ved universitetet i Lüneburg. På mange punkt byd han på eit alternativ til den kulturoptimismen som pregar literacy-litteraturen i den engelskspråklege verda, og da er vi over på spørsmål to. Steins hovudbidrag er den tettpakka Schriftkultur. Eine Geschichte des Schreibens und Lesens frå 2006, eit verk som så vidt eg kan sjå, har fått relativt lite gjennomslag i norsk allmente. Det er i seg sjølv ein grunn til å trekkje det fram her. Stein var så lite framsynt at han skreiv boka si på det etter kvart lite kjende småspråket tysk: uttrykket «småspråk» har eg frå Universitetet i Stavanger, som i 2009 la ned dei tre «småspråka» (som administrasjonen kalla dei under attentatet) tysk, spansk og fransk i eitt jafs for å spare pengar som sikkert gjekk med til å finansiere ein mellomleiar eller to ein eller annan plass i systemet. Det å uttrykkje seg på obskure mellomeuropeiske dialektar er sjølvsagt kongevegen inn i gløymsla i det postmoderne norske akademiet.

Stein står i ein intellektuell skriftkulturtradisjon som i hovudsak interesserer seg for kva som skjer når tale tek spranget over i skrift: Han er såleis særleg god på antikken. Skjematisk kan ein seie at etter denne overgangen dominerer ei kulturform der det ikkje lenger primært er talarar som reagerer på talen til den andre, men tekstar som reagerer på andre tekstar, som Jan Assmann har uttrykt det (Assmann, 1992, s. 281). Poenget til Stein er at denne overgangen ikkje berre endra mediet, men også den informasjonen som blir ført vidare.

Das Gesprochene/Rezitierte verwandelt sich zum im Text Gesagten, das mehr und mehr zum dominanten Bezugspunkt wird. Das neu Gesagte wiederholt nicht (mehr bzw. nur) das bisher Gesagte, sondern fügt Neues hinzu, variiert, wendet ein, erörtert und widerspricht und treibt dadurch die Auseinandersetzung mit Tradition und überliefertem Wissen voran (Stein, 2006, s. 68)3.

Sjølve grunnlaget for den skrivne teksten er ambisjonen om å skrive noko nytt, og Stein diagnostiserer modernitetens ufråvikelege dyrking av det nye som ein konsekvens av den stadig oppattekne tekstlege insisteringa på det nye. På dette punktet argumenterer Stein og Jack Goody nokolunde likt, men i det store og heile ligg skilnaden mellom Steins Schriftkultur og den engelskspråklege literacy-tradisjonen i at Schriftkultur i større grad nok har fått vere i fred for pedagogane. Literacy-tradisjonen tek klart utgangspunkt i alfabetiseringspedagogikk, altså i den vanlegvis tvangsmessige lese- og skriveopplæringa som både uskuldige små barn i skulesystema og ikkje minst umyndiggjorde personar i kolonialiserte kulturar vart utsette for, og framleis blir utsette for. Dette har avfødd ein kritikk av den engelskspråklege literacy-tradisjonen, t.d. hos David Vincent, som meiner at det finst

a constant need to challenge what Harvey Graff has termed the «literacy myth», the grandiloquent claims of both the past and the contemporary education industry which have been too readily accepted by historians and social scientists seeking to pattern cultural development. The language of conversion reflects the self-promotion of new professions as they struggle to assert their authority over parents and children and appropriate the power and status of traditional agencies of control. It overstates the simplicity of oral means of communication, and overdramatizes the consequences of learning to read and write. (Vincent, 2000, s. 22)

Sekundært har literacy-tradisjonen interessert seg for institusjonsdanning og heile det moderne skriftindustrielle komplekset som vi nokså spontant knyter til skriftkulturfeltet. Tankegods av typen «the more complex the organization of the state and the economy, the greater the pressure toward the graphic representation of speech» (Goody, 2000, s. 25) er vanleg, eller jamvel aksiomatisk. Dei volkserzieherische, altså folkepedagogiske sidene ved alfabetiseringsprosjekta til europeiske kolonimakter ute, og til nasjonale elitar overfor eigne befolkningar heime, blir underkasta ein streng analyse i skriftkulturtradisjonen, men også literacy-tradisjonen er påverka av slike postkolonialistiske og nasjonalismekritiske tenkjemåtar. Mitt inntrykk er at i den grad det finst ein skilnad mellom skriftkulturtradisjonen og literacy-tradisjonen, er den mest historisk, og at det har skjedd ein omfattande konvergens dei seinaste åra.

Korleis bør den skriftkulturelle forskinga vere i framtida?

Så var vi altså ferdige med spørsmål to. For å gå laus på det normative spørsmål tre ‒ Korleis bør den skriftkulturelle forskinga vere i framtida? – vil eg halde meg til Stein ei stund til fordi han stakar ut eit terreng som det gir god meining å bevege seg i. Som alt nemnt inntek Stein ei allment avmystifiserande haldning, og møter jamnast doxa med paradoks. Dette kan han gjere fordi perspektivet hans ligg i den materielle produksjonen som skrift er ein del av. Han har t.d. tydelegvis hatt stor glede av å formidle til studentane sine i Lüneburg at opphavet til kileskrifta låg i rekneskap og bokhaldari, altså i behovet for å halde styr på overskotet i jordbrukssamfunnet, heller enn i ønsket om å formidle vidare idear og edle tankar (2006, s. 35). Han avsannar også førestillinga om at det var tilkomsten av trykkjekunsten som førte til ei revolusjonerande skriftleggjering av samfunnet under den tidlege moderniteten. Han legg fram eit talmateriale som syner kor enormt handskriftsproduksjonen hadde auka i Tyskland fram igjennom 1400-talet, frå 29 000 i 1370 til 195 000 i 1470 (jf. Stein, 2006, s. 169), og ser på trykkjekunsten heller som resultatet av den enorme auken i etterspurnaden etter tekst enn eit nytt tilbod på leit etter kundar. Den svære mengda med tekstar som vart prenta allereie frå seint 1400-tal og framover, viste kor stor den latente etterspurnaden allereie var. Allereie før typografiens inntog var «alle Lebens- und Wissensbereiche von deutscher Schriftlichkeit durchdrungen»4 (Stein, 2006, s. 171), som han skriv etter Walter Haug. Det minner om teorien om at det ikkje var p-pilla som starta den seksuelle revolusjonen, men snarare auken i den seksuelle aktiviteten som kravde p-pilla, for å trekkje analogien over på ein annan praksissfære.

Steins generelle syn på skriftlegheita er velsigna fri for tvangsmessige utviklingsoptimistiske hallelujastemningar. Her tek han utgangspunkt i Platons velkjende kritikk frå det Stein kallar «primæroralitetens» standpunkt. I Phaidros lèt Platon Sokrates føre fram kritikken. Skrifta svekkjer minnet til folk, ho svarer ikkje på umiddelbare spørsmål, rettar seg ubeden mot uvedkomande personar, og er i siste omgang useriøs fordi skrifta framstår som uforpliktande, og blir dermed utlevert til sekundære føremål og intensjonar (Stein, 2006, s. 70). Men heller ikkje her lèt Stein eit høveleg paradoks passere stilt forbi. Den skrivande Platon lèt den oralt filosoferande Sokrates føre fram påstanden om at filosofi einast er mogeleg oralt. Platon «reddar oraliteten i og med at han løyser han frå den arkaiske konteksten som poesien og mytane utgjer, og vier han til vitskapen» (Stein, 2006, s. 71). Han protesterer mot avoraliseringa av skriftkulturen, samtidig som han favoriserer filosofien og dermed set i gang ein abstraheringsprosess som paradoksalt styrkjer skriftkulturen, osb. Goodys innvending mot Platon er enklare. Han meiner at det slett ikkje stemmer at folk i orale kulturar nødvendigvis hugsar betre enn folk i skriftkulturar (2000, s. 27‒29), og dessutan meiner han at vi som lever i skriftbaserte kulturar, projiserer våre minneprosessar på folk i orale kulturar (2000, s. 35). Goody er generelt avvisande til ideen om skrifta som ei forvrenging av talen og som ei bastardisert form for kommunikasjon, slik Platon hadde oppfatta ho som (2000, s. 111).

Stein listar opp innvendingane mot skrifta. Den er vanskeleg å lære, både for enkeltpersonar og for kulturar, og langt frå alle får det til. Skrifta har heller ikkje vore dominerande i lang tid: I vår del av verda har vi hatt éin generasjon med universell skrivekunne, og den generasjonen er blitt avløyst av ein generasjon som i stor grad leiter opp underhaldning i biletmedium. Literalitetsprosessen – som Stein kallar han – blir stadig avbroten, og kan stundom stoppe heilt opp. Det har aldri vore éin skriftkultur, men fleire skriftkulturar, avhengig av skriftsystem og sosialt system, økonomi, politikk og teknologi. Den moderne europeiske skriftkulturen prega av alfabetisk skrift, typografi, allmenn alfabetisering, skriftsentrert byråkrati, og skriftbaserte massemedium, er relativt ny, og kan ikkje utan vidare stå som modell for andre skriftkulturar (Stein, 2006, s. 21). Skrifta opnar nettopp for nye og plagsame former for sosial kontroll og styring, «Schrift schafft Vorschriften»,5 hermar han etter Coulmas (1993, s. 102). Den største fordelen med skrifta er utvidinga av tidsspennet i det kulturelle minnet (Stein, 2006, s. 18).

No er jo eit forskingsobjekt ikkje noko ein er nøydd til å vere for eller imot, det skal det helst ikkje vere, men det er eit polemisk poeng for den saklege Stein å gå i rette med det han med litt diffus adresse kallar literalitetens tendens til å teikne opp bastante skiljelinjer mellom seg sjølv og oraliteten, og til å «betrakte seg sjølv som den overlegne kulturen» (2006, s. 20). Feiring av eiga form for literaritet som kulturelt overlegen har alltid vore ei paradegrein blant dei best tilpassa forskarane, og Stein ironiserer over den aldri kvilande innsatsen til europeiske og nordamerikanske filologar mfl. for å framheve fordelane ved heil- eller halv-alfabetisk skrift framfor andre skrivesystem. Desse fordelane skal m.a. gi teknologiske kvantesprang, intensivert visuell kompetanse, betre økonomi, sjølvsagt styrkt demokrati, fremjing av monoteistisk religion ‒ det skal av ein eller annan grunn også vere ein fordel ‒, formell tenking, og noko som heiter psykoteknologi (Stein, s. 56), kva no det er. At stort omfang av skriftproduksjon nødvendigvis går saman med demokrati, er ein ide som ifølgje Stein (2006, s. 89) lett kan avsannast i klassisk oldtid i perioden frå tre til to hundre år fvt. Skrifta vart brukt som styringsreiskap, og dette medførte at dei som skulle styrast, i størst mogeleg grad måtte haldast utanfor kontakt med literaliteten. Når vi i ettertid har fått massealfabetisering som resultat av statleg utdanningspolitikk, har vi heller ikkje nødvendigvis overalt fått demokrati. Skrivekunne er ein føresetnad for demokrati, men ikkje nokon garanti for at demokratiet vil inntreffe (Stein, s. 274). Og som vi har sett mange døme på, kan alfabetiserte samfunn lett forfalle til demagogi og terror. Framtidig forsking på skriftkulturar kunne m.a. med stor fordel handle om forholdet mellom skriftleg kommunikasjon, annan kommunikasjon, demokratiet, og suggerering og manipulering av opinionen. «Becoming literate will only transform the way an individual thinks if literacy is used in order to think», kan vi konkludere med Vincent (2000, s. 22). Korleis skal vi da organisere skriftkulturen på ein slik måte at han fremjar tankeevna? Dette er eit fagleg spørsmål, eit politisk spørsmål, og eit fagpolitisk spørsmål.

Eit hovudtema for Stein (2006, s. 310) er det han etter Ong kallar «oralitetens seigliva natur», die Zähigkeit der Oralität. Ingen skriftkulturar er reine skriftkulturar, dei er alltid blanda opp med andre medium, og det viktigaste av desse andre media, er oraliteten. Skriftkulturane veks, og fell, innanfor eit tredelt løp som Stein konstruerer som Verschriftung, Verschriftlichung og Entschriftung: alle gode ting er tre. Verschriftung kan best omsetjast som nedskriving, og er ein reint medial operasjon, ei overføring av materiale frå det eine mediet til det andre. Verschriftlichung inneber derimot eit paradigmeskifte der skriftkulturens system pregar menneska djupt. Tekstane blir konstruerte etter eigne strukturar, det oppstår ei «omgrepsmessig skriftlegheit» (konzeptionelle Schriftlichkeit), og «jetzt setzt dei Schrift die Maßstäbe»6 (Stein, 2006, s. 160). Livet til borgarane blir prega av den «typographische Erfassung des Lebens»7 (etter Giesecke, Stein, 2006, s. 210 f.), altså av eit stadig sterkare nærvær av det skrivne, dvs. det prenta, i språket og i dei aksjonsformene som er tilgjengelege for adekvat handling. I denne fasen får standardiserte språkvariantar status som den mest høgverdige forma for språk. Under Verschriftungs-regimet heitte det «skriv som du talar», mens det under Verschriftlichung heiter «tal som du skriv». Under det postmoderne (sjølv om Stein ikkje synest å bruke denne termen) har vi fått ei delvis Entschriftung, altså eit tilbaketog frå literariteten, der «elektrifiseringa» av kulturen har ført til ei reoralisering av skriftkulturen (Stein, s. 309), iallfall delvis. Vi har ikkje slutta å lese, men differensieringa mellom storforbrukarar av tekst og småforbrukarar aukar. Slik sett ser vi no eit framhald av ein prosess som begynte for lenge sidan. «Inequalities of class, occupation, ethnicity, age and gender were much more frequently reproduced through the schoolroom than challenged by it», som Vincent skriv (2000, s. 25). Samtidig aukar biletforbruket i vår tid enormt, og bileta får større gjennomslagskraft. Tenk t.d. på korleis porno ikkje lenger er praktiserbar som skriftsjanger. Skrifta har ikkje lenger tilstrekkeleg opprørande kraft. Det er det berre bileta som har. Her ligg det også mogelegheiter for framtidig forsking. Korleis lagrar vi informasjon i ein stadig meir biletorientert kultur, og korleis hugsar vi korleis vi finn fram til han? Korleis blir denne informasjonen gjord tilgjengeleg? Og kva skjer med rasjonaliteten og den sakleg opplyste tvangsfrie samtalen i ein biletkultur? Mens både orale kulturar og skriftkulturar inneber risikoen for det Goody kallar «homeostatiske forvandlingar» (2000, s. 44), er vel risikoen størst for selektivt minne hos dei orale og for selektiv gløymsle hos folk i eit samfunn som vårt, nedtyngt av uoversiktlege mengder med informasjon som det er, mykje av den lagra i form av bilete.

Bør skriftkulturar eigentleg forvaltast?

Som sagt, sjølvsagt. Spørsmålet er om det er marknaden eller demokratiske organ som skal gjere det.

Kva bidrag kan nynorsken kome med til resten av verda?

Da er vi framme ved det femte spørsmålet. Kva kan nynorsken vise verda? Nynorsken er noko så sjeldsynt som eit skriftspråk som gjennom heile sin eksistens i stor grad har vorte verande forplikta av nærleiken til talemålet. Ikkje heilt. Eitt element i normeringsgrunnlaget for nynorsken har vore den litterære tradisjonen, først den danske litterære tradisjonen, så den nynorske, og etter kvart også usus forstått som produksjon av skrift i eit stort spekter med sjangrar, ikkje berre såkalla skjønnlitteratur. Men både retorisk og praktisk har talemålet alltid vore ei grunnleggjande rettesnor. Slik sett har nynorsken som skriftspråk blitt relativt svakt verschriftlicht i Steins forståing, men ligg tilsvarande langt framme når det gjeld reoralisering. Ikkje minst av den grunnen er nynorsken eit interessant tilfellestudium for skriftkulturforskarane.

Det målpolitisk interessante spørsmålet er kva konklusjonar ein skal dra av nynorskens reoraliseringspotensial. Da vil eg meine at det er eit Stein-tungt paradoks at vi i 2018 fekk nettopp det nynorsken alltid har klart seg utan, dvs. ei eiga litteraturhistorie, same kor ufullstendig ho elles er. Eitt mogeleg framtidsscenario er at nynorsken vidare framover blir institusjonalisert som ein heilt vanleg nasjonalkultur på 1800-talet, skriftkulturens absolutte glanstid, ifølgje Stein. Teateret er alt på plass, men kanskje på feil plass, ein kan fantasere om Bergen som eit norsk Montréal, ein hovudstad i det nye storfylket med det hegemoniske namnet Vestland, og senteret i dei frigjorde territoria der kolonispråket omsider blir sendt på historias stadig høgare skraphaug. Ein kan tenkje seg ei lang rekkje med separatistiske tiltak etter katalansk mønster, kanskje til slutt med det same politiske resultatet. Men da har nynorsken spelt ut si rolle som det middelet som kan reoralisere heile det norske språksamfunnet, som ein ressurs for alle norskkunnige. Fordi kvar gong ein ungdom i Oslo skriv dialekt på telefonen sin, skriv hen nynorsk, vanlegvis utan å vere klar over det. Og etter mitt syn er det der nynorskens undergravande og antihegemoniske verdi ligg, i det Aasen i 1854 (1917, s. 20) i «Grundtanker til en Afhandling om en norsk Sprogform» kalla den «fortrolige, kvikke og gnomiske Maneer» som særmerkte talemålet og «ligesaa den humane, medfølende og venlige Tone, hvori det skildrer Folks Stilling og Befindende». Slik reoraliserte Aasen skrifta. Så vil framtida vise om han gjorde det ein gong for alle, eller berre så lenge det varte.

Summary

This article is a lightly reworked version of a paper given by the author at a symposium on written culture held in Volda in June 2018. I attempt to answer all five questions that the organisers put to invited speakers. Modern studies of written culture, not least in Volda, have been based on a marked unwillingness to reproduce the nation-building paradigms of vernacular language and literature subjects such as Norwegian, but have rather been interdisciplinary and comparative. Written culture as an academic discipline, exemplified here by Peter Stein, has arguably been less optimistic on behalf of the power of writing than has the anglophone academic construction of literacy. Future studies of written culture could usefully concentrate on the survival of orality in writing, and on the precarious position of writing between orality and the image. The obvious question of whether written cultures should be managed, gets the short answer it deserves. The answer to the question of what the contribution of New Norwegian might be to the global field of literacy studies might be, lies in the particular element of orality that New Norwegian has always successfully incorporated.

Litteratur

  • Assmann, J. (1992). Das kulturelle Gedächtnis. Schrift, Erinnerung und politische Identität in frühen Hochkulturen. München: C. H. Beck.
  • Barker, C. (2012). Cultural Studies. Theory and Practice, 4. utg. Los Angeles: Sage.
  • Berge, K. L., Gedde-Dahl, T., & Walton, S. (Red.) (2004). Skriftkultur. Oslo: Sakprosa. Skrifter fra prosjektmiljøet Norsk sakprosa. 10.
  • Coulmas, F. (1993). Zur Ökonomie der Schrift. I J. Baurmann, H. Günther, & U. Knoop (Red.), Homo scribens. Perspektiven der Schriftlichkeitsforschung (s. 95–112). Tübingen: Niemeyer.
  • Fet, J. (1995). Lesande bønder. Litterær kultur i norske allmugesamfunn før 1840. Oslo: Universitetsforlaget.
  • Fet, J. (2003). Skrivande bønder. Skriftkultur på Nord-Vestlandet 1600–1850. Oslo: Det Norske Samlaget.
  • Giesecke, M. (1992). Sinnenwandel, Sprachwandel, Kulturwandel. Studien zur Vorgeschichte der Informationsgesellschaft. Frankfurt am Main: Suhrkamp.
  • Goody, J. (1986). The Logic of Writing and the Organization of Society. Cambridge: Cambridge University Press.
  • Goody, J. (2000). The Power of the Written Tradition. Washington/London: Smithsonian Institution Press.
  • Haarmann, H. (2002). Geschichte der Schrift. München: C. H. Beck.
  • Hall, S. (1988). The Hard Road to Renewal. London: Verso.
  • Haug, W. (1983). Schriftlichkeit und Reflexion. Zur Entstehung und Entwicklung eines deutschsprachigen Schrifttums im Mittelalter. I A. Assmann, J. Assmann & C. Hardmeier (Red.), Schrift und Gedächtnis. Beiträge zur Archäologie der literarischen Kommunikation (s. 151–157). München: Wilh. Fink Verlag.
  • Hoggart, R. (1957). The Uses of Literacy. Harmondsworth: Penguin.
  • Nerbøvik, J. (1996–2004). Volda-soga. Volda: Volda kommune. I–IV.
  • Nerbøvik, J. (1999). Norsk historie 1860–1914: eit bondesamfunn i oppbrot. Oslo: Det Norske Samlaget.
  • Ong, W. (2002). Orality and Literacy. The Technologizing of the Word. London: Routledge.
  • Scott Sørensen, A., Høystad, O. M., Bjurström, E., & Vike, H. (2008). Nye kulturstudier. En innføring. Oslo: SAP Spartacus.
  • Stein, P. (2006). Schriftkultur. Eine Geschichte des Schreibens und Lesens. Darmstadt: Primus Verlag.
  • Trudgill, P. (2018). Norwegian as a normal language. I P. Trudgill (Red.), ‘Norwegian as a normal language’ and other studies in Scandinavian linguistics (s. 43–46). Oslo: Novus Press.
  • Vincent, D. (2000). The Rise of Mass Literacy. Reading and Writing in Modern Europe. Cambridge: Polity.
  • Aasen, I. (1917 [1854]). Grundtanker til en Afhandling om en norsk Sprogform. Maal og minne 7, s. 4–33.

Fotnoter

Skriftkultur – kva kan det vere?

Arne Apelseth*

Samandrag: Skriftkultur byggjer på ein (delvis) overgang frå munnleg til skriftleg, og gjeld både individets livsløp og samfunnets historiske utvikling. Overgangen har nedfelt seg i haldningar, røynsler, dugleikar, verdiar og praksisar som vi trekkjer vekslar på i kvardagslivet. Å vere ein moderne funksjonell utøvar av lese- og skrivekompetanse er å vere integrert i skriftkultur, men inneber òg å vere historisk og kulturelt situert i ein samfunnstype der utveksling av skriftlege symbol og skriftkommunikasjon er ein taus, men berande premiss. Skriftbruk i eit moderne samfunn (literacy, Schriftlichkeit) vil i det alt vesentlege dreie seg om ordinære aktivitetar i ordinære situasjonar. Lese- og skrivehandlingar er likevel ikkje noko ein «berre gjer», men kan best forståast som eit sett av koordinerande handlingar som bind saman forhold som er viktige i livet. Sjølv om størstedelen av skrift- og tekstbasert aktivitet høyrer til i det sosiale feltet, vedkjem alle og har funksjonar i forhold til det, kan utvalde delar utgjere ein høgkultur eller eit ideelt sett av tekstar til undervisnings- og opplæringsformål. Høgkultur og kvardagsaktivitetar vil begge vere regulert gjennom utveksling av skriftlege symbol, der organisert skriftbruk ideelt sett representerer «individet i verda» og «verda for individet». Å sikre ein skriftkultur framhald fordrar at samfunnet aktivt legg til rette for integrasjon, deltaking og kompetent samhandling basert på opplæring i og gjensidig utveksling av skriftteikn og skriftsymbol. 

Nøkkelord: Skriftkultur, literacy, Schriftkultur, individ og samfunn, prentkultur, formidling og mediering; analog og digital

Keywords: Written culture, literacy, Schriftkultur, individual and society, printing, transmission and mediation, analog and digital

*Korrespondanse: Arne Apelseth, Høgskulen i Volda, Institutt for språk og litteratur Postboks 500, NO-6101 Volda. E-post: arne.apelseth@hivolda.no

Sitering av dette kapitlet: Apelseth, A. (2019). Skriftkultur – kva kan det vere?. I S. J. Helset & E. Brunstad (red.), Skriftkulturstudiar i ei brytingstid (s. 69–94). Oslo: Cappelen Damm Akademisk. https://doi.org/10.23865/noasp.67

Lisens: CC BY 4.0

Innleiing

Historisk er skriftkultur ein norsk parallell til eit tysk omgrep, «Schriftkultur». Derimot har det norske omgrepet helst ein annan historikk, og tydingsinnhaldet, i alle fall slik det er nytta som fagomgrep i dag, kan heller ikkje seiast å vere identisk med det tyske. Skriftkultur har ei nokså avgrensa brukshistorie i norsk akademisk språkbruk. I nokon grad har omgrepet vore brukt i filologi, gjerne kopla til tysk tradisjon og omgrep som «Schriftsteller», «Schriftlichkeit» og «Schrifttradition». (Haugen, 2007; jf. Haugen, 2013). Omgrepet si moderne norske historie har mest samanheng med freistnader i fagmiljø i morsmålsdidaktikk, især i norskfaget, men òg i pedagogikk, på å samordne eigne omgrep med internasjonal terminologi i lese- og skriveforsking. Her vil avgrensinga i tid gå til planarbeid med skulefaget norsk frå i 1970-åra av og frametter, delvis påverka av tenking og terminologi i anglo-amerikansk skuleforsking (Madssen, 1999; jf. Ongstad, 2004). Det medfører nødvendigvis at skriftkultur, slik omgrepet blir brukt umarkert, dreg vekslar på engelske omgrep som «literacy» og «literacies». Desse er ikkje utan vidare å oppfatte som eintal og fleirtal av same semantiske storleik. Snarare vil dei utgjere eit omgrepspar som saman viser til ei lang konflikthistorie om omgrep og kontekst. Literacy-omgrepet er i «drift», seier Sigmund Ongstad (2014). Det har omgrepet faktisk vore gjennom det meste av 1900-talet, jf. debatten om det såkalla «Great Divide» når det gjeld munnleg og skriftleg som basis for samfunnsformasjonar og utvikling av modernitet. «Literacies» viser til ei tenking som meiner at eintalsforma byggjer på forelda etnosentrisme, men òg at eintalsforma gjev eit misvisande perspektiv på dei samansette formene for lese- og skrivekunne som kjenneteiknar eit (sein-) moderne samfunn.1

Formelt er skriftkultur eit samansett omgrep. Førsteleddet skrift fungerer som ei beskriving eller nærare avgrensing av andreleddet og gjer det omdiskutert, ja, kanskje omstridd også. Andreleddet kultur gjer omgrepet helst til eit av dei vanskelegare å presisere. Slik har det vore lenge. Alt i 1952 fann Clyde Kluckhohn og Alfred Kroeber at omgrepet kultur var brukt i 164 ulike definisjonar, og då var det berre lagt til grunn tekstar frå engelskspråkleg antropologi (Klausen, 1992, s. 21 f.). Utvidingar har for lengst blitt uråd å talfeste, og summen av fagvariasjonar og disiplinkoplingar har gitt det akademisk status som eit «hyperkomplekst begreb» (Fink, 1988). Det fleirtydige er langt på veg eit særkjenne ved kulturomgrepet, og det gjer òg at samansetjingar (som skriftkultur) vil opplevast som temmeleg vage. Følgjeleg bør samansetjinga skriftkultur tildelast kontekstuell og funksjonell ramme. Her er det valt å leggje drøftinga inn mot historiske kvardagsrøynsler med skrift, og med relevans for høg og låg i samfunnet. Ein definisjon av kultur som kan høve bra til vårt formål, er denne frå Paul James:

Culture is defined as a social domain that emphasizes the practices, discourses, and material expressions, which, over time, express the continuities and discontinuities of social meaning of a life held in common (James et al., 2015, s. 53)

Det kontroversielle i skriftkultur viser tilbake til kraftig usemje i mange fagmiljø og har å gjere med at omgrepet normalt legg størst vekt på ei side i todelinga munnleg – skriftleg. Det er ein premiss som langt frå er sjølvsagd i fag som anten byggjer på motsett vektlegging eller ser munnleg og skriftleg kultur som delar av eit kontinuum. I den samanhengen må òg nemnast at akademiske institusjonar både vart utvikla i og vidarefører ein europeisk kulturarv med historiske føringar like attende til antikken, og der fleire fag har tradisjon for å knyte skrift (skriftkultur) til kategoriar som danning og sivilisasjon. Til langt inn i moderne tid var stordelen av det munnlege repertoaret nærast å rekne for upresiserte restkategoriar. Å sjå det skrivne ordet lausrive frå det talte verkar forelda i dag, på same vis som det synest lite tenleg å operere med perspektiv som tildeler samfunnsorganisering bygd på skrift eksklusiv status som kriterium ved jamføringar av samfunn. Ei slik tilnærming er konvensjonell i nyare litteratur om skriftkultur, men kanskje meir framand i dei fagforståingar og disiplinvektleggingar som rådde grunnen fram til siste del av 1900-talet (Hodne, 1994; Sandnes, 1999).

Skrift og skriftkunne var lenge kopla til eleverte former for danning, trass i at det alltid har funnest former for lesing og skriving i dei fleste samfunnslag og jamvel også i samfunn utan formalisert opplæring.2 Rett nok vart det utvikla breiare interesse for allmenne eller meir kvardagsrelaterte aspekt ved skriftkultur i løpet av 1800-talet, især i tysk-nordiske område, og med orientering mot ikkje-skriftfesta talemål og dialektvariantar, eldre munnleg lovverk, formelfaste eventyr, tradert segnstoff og anna som sorterte under kvardagslivets «Wörter und Sachen». Derimot kan ein ikkje godt seie at det resulterte i omrokering av kulturhierarkiet.

Det har vore nokså kurant (om enn ikkje uproblematisk) å oppfatte skriftkultur som eit humanistisk-estetisk felt i ein høgkultur, og at ein deretter får beskrivingar av inventaret til høgkulturens fremste ytringar innanfor vitskap, litteratur, danning etc. Forhold som dreier seg om den historiske utvekslinga mellom høgkultur(ar) og kvardagskultur(ar), «kultur med stor K eller liten k», som motsetninga også vert kalla, har i avgrensa grad vore tematisert. På den andre sida må også kulturomgrepet sjåast som å vere i kontinuerleg endring eller «i drift», slik literacy-omgrepet er det. Sjå innretting og disposisjon til det store tobandsverket Schrift und Schriftlichkeit. Ein interdisziplinäres Handbuch internationaler Forschung. Writing and its use. An interdisciplinary handbook of international research. Vol. 1–2. Berlin 1994–1996. Ein kan kanskje med ein term frå filosofen Zygmunt Baumann (2001) seie at kulturomgrepet, som med moderniteten, har gått frå å vere relativt eintydig først på 1900-talet til å bli nærast «flytande» ved utgangen av hundreåret.

Anglo-amerikanske perspektiv på literacy (eventuelt i fleirtal som literacies) stiller med ei litt anna historisk vektlegging enn Schriftkultur, og såleis også som ei utfyllande tilnærming, især fordi skriftleg kultur her har vore nærare knytt til sosial organisering av samfunnsform. Viktige innslag i denne tilnærminga er etnologisk-antropologiske perspektiv på familie, institusjonsnormer og samfunnsformasjon, og vidare i kva grad desse vert sikra funksjonelt framhald ved å fremje bestemte kvalitetar i språksosialisering og tekstbasert samhandling. I brennpunktet for denne «breiare» inngangsportalen til skriftkultur er at individets overgangar frå tale til skrift er mangfaldig og forbunde med det som særkjenner sosiale og kulturelle rammer rundt. Det følgjer naturleg at skulens begynnarnivå er interessant, men perspektivet femner òg andre former for læring i lesing, skriving og rekning (learning) som uformell tileigning av skriftkulturelle variantar utanfor skulestova (aquisition). David Bartons Literacy. An Introduction to the Ecology of Written Language (1994) er ei grei samanfatning av literacy-emne (og truleg dei fleste stridstema) fram til 1990-åra, sjølv om boka med fordel kunne ha vore meir utfyllande om literacy-omgrepet som kontroversiell og kontrastfylt kulturarv (legacy) og med tilhøyrande problematisk historikk. I engelskspråkleg kontekst er fråværet kompensert gjennom tilsvarande historisk retta framstellingar som H. J. Graff (red.): Literacy and Social Development in the West. A Reader (1981, ajourført og dels nyskriven som Literacy and Social Development, 2007) og The Legacies of Literacy. Continuities and Contradictions in Western Culture and Society (1987). Meistra skriftkultur kan både vere ein sosial markør i samfunnet og ein reiskap for individuell sjølvhevding, men gevinsten vil sjeldan vere statisk. Føremonane vil endre seg i samsvar med endringar i det samfunnet som omgjev slik kultur. Tilsvarande kan vurderingar av kva som kan reknast som meistringsformer i før- eller tidleg-moderne samfunn, vanskeleg unngå å rette kritisk søkelys mot ulikskapar i dei samfunnsrelaterte omgrepa som har vore i bruk. For Norden vil det historiske samvirket mellom protestantismens læresetningar og samfunnets skriftkultur vere ein nødvendig kontekst å ta omsyn til. To svenske lesehistorikarar, Egil Johansson og Daniel Lindmark, har lagt ned eit stort arbeid med å jamføre svenske (og langt på veg nordiske) forhold med internasjonal forsking, sjå Johansson ([1977] 2007) i Graff (2007), Johansson (1981), Lindmark (1990), Lindmark (2004).

Språkfellesskap, felles skriftsystem og kulturelt fellesrom

Omgrepet skriftkultur (literacy, Schriftkultur) er eit metaomgrep og eit overgripande fellesnivå for fag og disiplinar. Heller få relaterer si verksemd til det overordna omgrepet, men derimot til meir avgrensa definisjonar. Ei side ved oppsplittinga av tydingsinnhald er omtalt framfor i karakteristikken «drift» (Ongstad, 2014). Ei anna gjeld operasjonaliseringar av omgrepet som tenderer mot å utgrense sosiale perspektiv på skrift og skriftbruk, særleg frå historisk kontekst. Det skjer trass i at det alltid er lagt vekt på historiske sider ved omgrepet. «Any literacy» har ei fortid, seier David Barton, og legg til at «[c]urrent practices are created out of the past» (Barton, 1994, s. 35). Harvey Graff formulerer det meir som fråvær av refleksjon over det særeigne ved diakrone forhold:

Although seldom stated, less often contemplated, present-day conceptions, arrangements, and practices of literacy as well as schooling and learning are historically founded and grounded. They are also strong and powerfully resistant to change. Encompassing the domain from basic literacy to higher education, this recognition constitutes necessarily a first lesson whose regular neglect by university-based (and other) ‘experts’ only increases the likelihood of failures in communication, understanding, and reform in the means and modes of education. (Graff, 2007, s. 18)

Ei innramming av skriftkultur må nødvendigvis femne relativt breitt, idet presiseringar søkjer å kombinere samfunn og skrift – og relasjonar mellom dei. Tekstar fungerer i vår samanheng som diakrone og synkrone møtepunkt, modale representasjonar og identitetsskapande (sosiale og kulturelle) samnemnarar:

It has become increasingly clear, however, that almost every issue that has made theory a matter of controversy, crisis, and polemical debate hinges on the representational status of texts. While texts are presumably instruments of communication, they are also institutional facts and cultural interventions that may affect one’s sense of personal, religious, cultural, ethnic, or national identity, just as they shape historical cultures in manifold ways. To put a complex point simply, the study of texts cannot be cordoned off from the study of culture. (Searle, i Modiano, Searle og Schillingburg, 2004, s. 3)

Tekstar kan beskrivast diakront innanfor eit kontinuum frå «event» til «monument», for å låne Roger Chartiers valde dikotomi (Chartier, i Modiano, Searle og Schillingburg, 2004, s. 62). Ei meir synkron beskriving vil snarare seie at tekstar kan ha eit stort utval av modalitetar i spennet mellom røysta og hyperteksten. Som komponentar i skriftkultur kan tekstar vanskeleg skiljast ut som autonome objekt. Tekstar omfattar omtrent alt som formidlar meining(ar) i strukturert form til ein eller fleire som tek imot. Dersom vi kan sjå på ein formidla gjenstand, utforske han for å finne (former for) organisert meining eller noko å trekkje slutningar frå, så må (bør) vi kunne vurdere det som ein tekst. Tekstar vil sjølvsagt omfatte tradisjonelt skriftmateriale som bøker, blad, korrespondanse etc., men i moderne samfunn må tekstar inkludere eit vesentleg breiare utval av sjangrar, og dermed også kvantitativt større mengder av skrift og skriftliknande teikn. Ei utviding går i retning av elektronisk teknologi og auken av digitale medium. Ei anna går mot hybridsjangrane mellom munnleg og skriftleg, med særleg relevans for barns gryande orientering mot skriftlege bodskapar (Valvatne & Sandvik, 2007; jf. Hekneby, 2011). Ein fireåring som er i stand til å forstå at skrift formidlar meining og deretter er i stand til å avkode teikn og symbol på mors gule lappar på kjøleskåpet, bør omtalast som inkludert i skriftkultur. Tekstar har (eller får) i denne samanhengen status som symbolske uttrykk for samansette relasjonar mellom samfunn og kultur. Frekvensar av lesing, omfang av skriving og kvalitativ vurdering av individuell og kollektiv meistring er viktig. Studiet av slike emne sorterer under fleire fag (morsmål, pedagogikk, historie etc.).

Ein skriftfellesskap vil normalt vise tilbake på kollektive storleikar som felles talespråk, felles skrift- og symbolsystem og fellesarenaer for kulturell samhandling, men også i større eller mindre grad korrespondere med eit politisk system, oftast konkretisert som ei statsdanning med eit geografisk territorium. Island har ofte vore vist til som historisk døme. Der var det fram til nyare tid (2000-talet) nær samanheng mellom kultur, stat og geografi. Slikt samsvar vil vere mindre i mest alle andre samanhengar, og språkrelaterte konfliktliner mellom språkmajoriteten og ulike lingvistiske minoritetar i same stat høyrer snarare til normalen enn unntaket. Likevel vil det i einingar der kultur, stat og geografi i stor grad overlappar, bli utvikla ordningar for kontroll og planlegging, til dømes administrasjon med ansvar for samfunnsorganisering, næringsverksemd knytt til handel og vareproduksjon, kommunikasjonsformer og medium for intern og ekstern samhandling, arenaer for vitskap, opplæring, religion, kunst etc. (Burke & Porter, 1991).

Samordning av det kulturelle fellesrommet og det politiske systemet vil ha ulike typar av mediering, der språk er kommunikasjonsform og skrift kommunikasjonsteknologi. Før den digitale tidsalderen ville samordning mellom statssamfunnet og kultursamfunnet ofte ta form av normalisering av eitt eller fleire skriftsystem (alfabet o. a.) til ein felles skriftstandard (jf. Omdal og Vikør (1996). Denne standarden (norma) ville igjen spegle eller på anna vis vere knytt opp mot dei språklege fellesskapar som eksisterer i det kulturelle fellesrommet. Det vanlege er at han deretter vil bli freista gjort til samfunnets allmenne fundament ved å bli implementert i skulesystem, læreplanar og sosialiseringsprogram. Vidare får skriftsystem og språkfellesskap oftast eit offentleg uttrykk i reglar for skriving og produksjon av samfunnets tekstar og likeins i samanhengar der ein ordnar og tek vare på viktige skriftuttrykk (arkiv, bibliotek). Skriftleg materiale representerer eit stort mangfald av typar og kvalitetar, bøker, aviser, magasin, handskrifter, manuskript etc. som har eller kan ta ulike former for bruk. Til kvar medietype svarar det former for teknologi som har sine eigne kapittel i skriftkommunikasjonens utviklingshistorie.

Skriftkultur som uttrykk for det store «vi»

Også i norsk samanheng må eit overordna utsyn på skriftkultur reflektere dei vilkår eller omstende som i si tid gjorde, og i nokon grad framleis gjer, at lese- og skrivekunne som meir avansert tekstbruk kunne bli ein kombinasjon av offentleg danningsmål og eit sosialt gode innan lokalsamfunn og stat. Vidare er det ei grunnerkjenning at skriftleggjering av stat og innbyggjarar aldri har skjedd i ei bråvending og aldri kan skje på det viset. Derimot viser det til langvarige kombinerte prosessar av «skill» og «mentality», som for eit einskildmenneske gjerne kan strekkje seg til eit heilt livslaup. For samfunnet er det tale om delprosessar, der samfunn og kultur, stat og skrift var involverte i eit skiftande samspel som kunne strekkje seg over fleire hundre år, og der gjennomføringsevne (dvs. ulike utføringsdugleikar) og tenkemåtar medverkar til å kontekstualisere kvarandre:

The terms ‘literacy’, ‘reading’, and ‘writing’ are in some senses distinct. Literacy is not simply the ability to read, though it is partly that. It is a complex cultural phenomenon with powerful ideological implications, which vary depending on the time, place, and milieu one is looking at. […] Thus if literacy is, on the one hand, an individual skill, it is also an historically contextualized mentality. Moreover, in any given society, the kinds of literacy acquired by different individuals vary greatly, from the non-reading peasant who witnesses a charter, to the merchant who keeps his account books and the noblewoman who reads for edification and pleasure, to the university theology master. And any discussion of literacy must take into account the oral mode of communication which it complemented, substituted for, and often competed with. (Briggs, [2000] 2012)

Forholdet mellom munnleg og skriftleg er samansett, og blir meir komplekst om ein òg trekkjer inn relasjonar mellom (eldre) munnleg kultur, ekspanderande evner til skriftleg utføring og mentalitet. Det får særleg uttrykk når desse vert historisk situert (embedded) i same politisk-religiøse kontekst. Normalt eksisterer det eit fellesrepertoar av språk og skrift, med tilhøyrande arenaer, som må haldast ved like. Likeins er samfunn kjenneteikna av ujamn spreiing eller ulik distribusjon av kompetanse, og ulike nivå av meistra skriftkultur representerte ved historiske former for lokal og individuell kompetanse i møtet med samfunnsendringar, og seinare også i møte med ein ekspanderande og teknologistyrt modernitet. På den andre sida har skriftkultur, forstått som stegvis samordning og utvikling av kompetanseformer og utføringsarenaer over hundreår, blitt relativt autonom som identitetsgjevande instans, samfunnsmessig legitimeringsunderlag og nasjonalkulturell konstituent.

Dei definerande punkta over kan konkretiserast ved eit historisk lengdesnitt. Magnus Lagabøtes landslov kan her vere eit høveleg utgangspunkt. Dette mellomalderlovverket var i lang tid den allmennteksten som definerte dei fleste former for legalitet og legitimitet for samfunnsmedlemmene, kodifiserte omtrent all norsk rettspraksis, uttrykte samfunnets rettslege medvit og slo fast dei fleste interne relasjonar (Rindal, 1995; Rindal, 1997; Jørgensen, 2013; Øyrehagen Sunde, 2013). Lova var eitt av berre nokre få riksdekkjande lovverk i Mellomalder-Europa. Lovverket vart teke i bruk i 1270-åra, og tallause avskrifter var tilgjengelege i løpet av dei neste tiåra, dvs. dei fanst ved relevante rettsinstitusjonar og domsinstansar. Lovboka hadde kome i stand gjennom nokså lang tid, ein prosess som involverte rettsvesen, kyrkje og kongemakt. Samlinga hadde både nødvendig autoritet og generell aksept i det statssamfunnet som lovverket skulle brukast i. I tillegg til bidrag frå individuelle skrivarar vart det felt inn sedvanerett og tradisjonar frå eldre norrøn oralkultur (landskapslovene), og det vart teke inn utdrag eller omskrivne passasjar frå kontinental rett (romarrett, kanonisk rett etc.). Landslova var i utgangspunktet å rekne som relevant for alle delar av samfunnet. Det opnar for å sjå lova som eit uttrykk for ein tilnærma allmenn skriftkultur. Lovverket var rett nok påverka av latinske førebilete, men var skrive i eit relativt einskapleg norrønt skriftspråk og med innslag frå det eldre lovverket. Gjennom skapingsprosessen var det også etablert eit system for å fange inn den eldre oralkulturen (oral law) frå landskapslovene (Hagland, 2011). Det var ein kombinasjon av juridisk kunnskap og språkleg form som vaksne menn (med plikt til å møte på tinget) truleg burde eller skulle kunne brotstykke av.

Gjennom å vurdere talet på bevarte avskrifter og fragment, innpå 100 er frå før 1350, i forhold til «normal tapsprosent» på mellomalderskrifter (svinn på 80‒90 %), kan ein kanskje rekne med at landslova har eksistert i alle krokar av riket og kanskje i eit tal som kan tilsvare ei bok pr. 1000‒2000 menneske (Øyrehagen Sunde, 2019). Inntrykket av at landslova var så godt som allmenn, får ein også ved å sjå omtale i rettsdokument gjennom dei neste hundreåra.3

Landslova heldt, som nemnt, fram med å bli brukt som lovverk for norske område, men miste gradvis funksjonen som eit samlande uttrykk for eit stort «vi», dvs. som innsirkling av ein kulturfellesskap, inkludert eit felles språk og ei felles skriftnorm. Statusen som verket hadde hatt som uttrykk for skriftkultur, men også som berar av identitet, forvitra gradvis.4 Særleg kom det til uttrykk då landet ut på 1400-talet fekk eit nytt maktapparat som var framandt og dels skeptisk til verkets språkleg-kulturelle utforming. Forståinga av verkets skriftnorm, språk og kulturkontekst var best i starten, men tapte seg samanhengande under Kalmarunionen og især i møtet med oldenborgardynastiet fram mot 1500-talet. Det var især lovreguleringa av kongens makt og kyrkjas stilling som nye makthavarar ikkje ville akseptere.

Den «smalare» og formaliserte bruken av lovverket bar i seg ei kulturell innsnevring eller eit «meiningstap». Former for tapt kollektivitet må fyllast med noko om den kollektive kjensla av eit «vi» skal ha eit framhald. Det framhaldet må nokolunde motsvare det ein hadde mist, og det er grunnar til å hevde at det òg skjedde. I løpet av dei neste hundreåra, især etter reformasjonen på 1500-talet, kan ein kanskje seie at meiningsinnhaldet vart delvis kompensert av protestantismen, og dermed langt frå gjenskapt i si tidlegare form. På det området var tapet irreversibelt. På den andre sida vart Noreg frå 1500-talet og utetter styrt inn i ei modernisering som med tid og stunder kom til å femne mest alt som galdt offentleg kommunikasjonsstruktur og kommunikasjonskultur. Stikkordet for denne fasen er prentekultur.

Prentet – eit mediehistorisk omskifte

Prentekulturen markerer at staten, som medieformene i han, frå 1500-talet og frametter vart del av ei kommunikativ vending som kan kallast moderniserande. Denne endringa galdt i (stort sett) alle delar av Europa, og der Noreg helst kom til å fylle ei rolle som mediehistorisk periferi. «The Gutenberg Galaxy» var Marshall McLuhans munnhell frå tidleg i 1960-åra om ein periode som starta med Gutenbergs trykketeknikk kring midten av 1400-talet. Boktittelen, The Gutenberg Galaxy. The Making of Typographic Man (1962), fortel nokså greitt korleis McLuhan såg på overgangen frå eldre «øyrekultur» til ein visuellstyrt «augekultur». Skiftet gjekk nok tregare enn det McLuhan resonnerte frå, men det er ikkje mindre viktig av den grunn. Prentekulturen, dvs. dei tidlege prentarane, kom først til København og nærområdet rundt, og det vart der han utvikla seg og fann si dansk-norske form (Horstbøll, 1999). Staten og kyrkja førte frå første stund ei regisserande hand, til dømes i lokalisering (ved tilkalling) og tinging av arbeid. Ein tysk prentar, Johan Snell, sette opp prenteverksemda si i Odense tidleg i 1480-åra. Frå hans hand er det kjent eit breviar, Breviarium Ottoniense, men også ei bok om krigføring på Rhodos og korstogsriddarar i strid med Det ottomanske riket (Horstbøll, 1999, s. 112). Den siste boka var nok tenkt å vere meir lettseljeleg. Slike utgjevingar var slett ikkje uvanlege og viser «janusandletet» i den tidlege fasen med bokprenting. Prentaren både kjende og lydde makta, men prøvde samstundes å utnytte teknologien i meir kommersiell retning.

Noreg var alt frå slutten av 1300-talet blitt ein politisk utkant. Frå 1500-talet var det også ein utkant i det mediehistoriske krinslaupet. Møtet med prentekulturen forsterka status og rolle som avpolitisert område og «klientstat» under København, mellom anna ved at så godt som alt som galdt prenta skriftkultur, fekk prefikset «dansk». Medan det grodde opp ei rad prenteverksemder i fleire danske byar, var det ikkje før 1643 at det første prenteverket i Noreg kom i drift. Den seine etableringa seier kanskje mest om kva for kontroll den dansk-norske staten ville ha med medieformene, men seier òg noko om mønster og oppfølging. Til innpå 1700-talet kom det knapt ut ei einaste bok i Noreg som ikkje først hadde vore trykt i København, og mønsteret vart ført vidare lenge etter det. Etter norsk erklæring av nasjonal suverenitet i 1814 og i mange tiår frametter var København framleis å rekne som sentrum for boktrykk, formidling og tekstdistribusjon som galdt Noreg. Jamvel mot slutten av 1800-talet og litt inn på 1900-talet vart fleire av dei viktigaste forfattarane først publisert i København (Ringdal, 1993, s. 14 f.).

Prentekulturen medførte endringar i samfunn og skriftkultur, ofte i kombinasjon med kvarandre. Til dømes akselererte innføringa av reformasjonen som resultat av bokproduksjon etter Gutenbergs teknologi. Kva var det så for modernisering befolkninga vart dregen med i? Endringa var både kvalitativ og kvantitativ. Kvalitative endringar innan kultur, som historisk betring av lesekunne i ei gitt befolkning, vil det vere vanskeleg å gje eksakte mål på. Å måle kvantitative endringar, då forstått som auka lesekunne i befolkninga, er ein enklare inngang. Såleis er det internasjonalt vore gjort fleire freistnader på å lage talfesta overslag over endra (dvs. auka) lesekunne. Den som truleg har lukkast best i å påvise leseutviklinga i Norden, og i tillegg har makta å forklare dei ideologiske og institusjonelle årsakene bak den bratte leseauken, er ein svensk lesehistorikar, Egil Johansson (Johansson, 1977, jf. H. J. Graff 2007, s. 238 ff.). Charlotte Appel (2001), Jostein Fet (1995) og Henrik Horstbøll (1999) har frå litt ulike faglege ståstader synt at Danmark-Noreg følgde om lag same historiske utvikling i historisk lese- og skriveinnlæring. Felles for Norden, i alle fall for innleiingsfasen på 1500- og 1600-talet, var statskyrkjas systematiske utbygging av kontroll, især med lesekunna.5 På den andre sida tok lekfolk tidleg til å interessere seg for bøker (tekstar) og skapte på fleire vis nye sjangrar på bakgrunn av eigne preferansar. Prenteverka responderte positivt på dette, mellom anna fordi produksjon av fleire og mindre bøker av verdsleg type (Volksbücher, chapbooks) og religiøst sortiment (katekismebøker, kristelege legender, songbøker) auka innteningsevna. Såleis kan Peter Burke (1978) karakterisere tidleg-moderne populærkultur som ei «flood of printed books», og då talar han om 1500-talet. Også andre har vist til at volumauken må ha vore enorm i jamføring med handskriftkulturen, men også at auken kom brått, og at veksten i prenta medium heldt fram med å stige i dei påfølgande hundreåra.6

Mindre enn hundre år etter Gutenberg var trykkpressa eit nøkkelelement i det som nokre har framstilt som ein «endringsmekanisme» som skapte «kommunikasjonsrevolusjon». Det er især historikaren Elizabeth Eisenstein som har sett slike synspunkt i omlaup, jf. tittelen The Printing Revolution in Early Modern Europe (1983, 2005). Andre har heller sett trykkpressa som ein teknologi som kunne brukast for å konsolidere institusjonell makt og dermed grepet om stat, kyrkje og innbyggjarar. Det siste vil nok høve best om utviklinga av prentekulturen i Norden. Det er fint lite som tyder på at einvaldsmonarkane ikkje tidleg visste å utnytte endra medieformer. Felles for synsmåtane er likevel at prentmediet relativt fort oppnådde hegemoni som teknologisk premiss for informativ og kommunikativ handling ved inngangen til tidleg-moderne tid. Det var Noreg del i, men premissane vart ikkje lagde her, men på kontinentet, og i hovudsak vart dei kanaliserte gjennom København.

I tidsavgrensinga inngår ein del omstende rundt tidleg-moderne statsutvikling. Verknader av at stat og kyrkje tok i bruk prentteknologi let seg ikkje måle på eksakt vis, men medførte i løpet av relativt kort tid ei strukturendring i mest alt som galdt sentralmaktas forhold til sine undersåttar. Det at det var mogeleg å få prenta statistikkar og oversyn gjorde det såleis meir relevant enn før å samle inn opplysningar om ymse sider ved staten og å oppbevare desse i arkiv. Staten fekk utetter 1500- og 1600-talet høve til å utøve større styring og regi ved å intervenere i folks kvardagsliv gjennom bruk av prentekulturens teknologi. Dette medførte ein sentral kontroll med individa som staten før knapt hadde hatt.

[Staten] manifesterte seg på en mengde områder som dels knapt hadde eksistert og der den dels hadde vært fraværende på. Kirkebøker, matrikler, manntallslister, rettsprotokoller og så videre: kildene fra dette århundret, noen nye og noen i etablerte kategorier, eksploderer i omfang og viser hvordan staten kartlegger stadig mer av samfunnet og intervenerer i stadig flere sfærer. (Sandmo 1999, s. 27)

Relasjonane mellom statsadministrasjon og prentemediet sette fleire nye standardar for personretta kontroll. Skatteinnkrevjing (koppskattlegging, frå tysk «kopf») og den militære utskriving kunne effektiviserast. Det same galdt revidering av og omsetjing frå eldre lover. Reformasjonen, og særleg den gradvise utvidinga av statleg kontroll med denne etter 1537, må tilleggjast stor vekt når det gjeld skriftkultur. Reformasjonen endra trongen for bøker, men endra òg vilkår for bruken. Ein vesentleg grunn ligg i protestantismens personreligiøsitet, dvs. i den sterke vektlegginga av forholdet mellom den einskilde og guddomen. Grunnlaget var Luthers fem maksimar, som vart omgjort til ein praktisk handlingsregel om at lekfolk ved sjølvsyn skulle kome til sann erkjenning gjennom individualisert bibellesing. Korleis Luther meinte dette, og om han fullt ut forstod samfunnsmessige og politiske verknader som følgde synspunktet, har det stått strid om sidan reformasjonen og fram til vår tid. Luther er teken til inntekt for dei fleste oppfatningar av dette spørsmålet, seier Jan Lindhardt:

Biblen alene, sola scriptura. I almindelighed er denne skriftopfattelse eller som man også har benævnt det: formalprincippet (at sandheden kun kan hentes i Skriften) blevet opfattet således at den enkelte kristne havde direkte og umiddelbar adgang til Biblen. Forståelsen skulle være en sag mellem teksten og dens læser og ingen andre skulle indblandes. Man kunne springe alle historiske og dogmatiske mellemregninger og formidlinger over. Enhver kunne så at sige blive direkte øyenvidne til, hvad Biblen beretter om. (Lindhardt, 1989, s. 112 f.)

Personreligiøsitet var kjerneelementet i protestantismen og vart administrativt integrert i eit kontraktsforhold mellom styrande og styrte som varte til langt opp på 1800-talet. Hadde Luther sagt eller skrive at den einskilde var ansvarleg for si eiga frelse gjennom eiga lesing, så følgde det naturleg at statskyrkje (eller kyrkjestat) måtte leggje til rette for at det skulle skje og deretter ta på seg ansvaret med å kontrollere at det faktisk også skjedde.

Den omdefinerte relasjonen mellom stat og undersått etter reformasjonen er langt på veg grunnforma i den litt spesielle nordiske varianten av masselesing. Det blir han gjennom to koplingstypar. Den eine var strukturelt bestemt med festepunkt i statens religion. Staten (dvs. statskyrkja) bestemte kva for relasjonar som skulle rå mellom stat, tekst og lesar. Ved det definerte staten mål for individuell integrasjon i skriftkultur, dvs. fordring av lesekunne over eit visst nivå og krav om meistring av kristelege tekstar. Den andre forma for integrasjon var kommunikativt bestemt, men går ut frå den same statens maktmonopol, som når statskyrkja fekk høve til å nytte ein kombinasjon av maktbruk og tilrettelegging for å nå sine fastsette mål. Tilrettelegging kunne gjerast på mange vis. Især etter pietismens gjennombrot først på 1700-talet kom det tiltak som subsidiering av pris, til dømes som lågare pris på kristelege bøker (især Bibelen) og i lovbestemt tilgang ved pålegg om å halde boklager av utvalde tekstar til opplæring, særleg katekisme-bøker, på handelsstader og marknader.

Statskyrkjas maktbruk ligg dels i ei mediehistorisk kopling mellom tvangen til tekst, som pensum i katekismetekstar, og den friviljuge tilslutninga til lesefellesskapar ved friviljug kjøp av biblar, salmebøker og andre pietistiske basistekstar. Samstundes eksisterte det former for subversiv maktbruk, som å slutte seg til Hans Nielsen Hauges rørsle, lese hans bøker etc. Liknande lekmannsrørsler fanst i fleire land i Norden. Akkumulering av slike relasjonar og røynsler er vesentlege føresetnader for det Kjell Ivar Vannebo (1984) har kalla «en nasjon av lese- og skriveføre». Til bruken av karakteristikken, og dels òg til identifisering av empiriske forhold, følgjer det òg refleksjon over samfunnsmessig kontekst, nemleg at ein har nådd eit steg der det kan påvisast oppslutning om ulike typar tekstkultur, og at tekstbasert samhandling er tilnærma allmenn eller i alle fall har oppnådd ein udiskutabel relevans. Jostein Fets studiar (særleg Fet, 1995) av bøker, sjangrar, frekvensar og former for bokbruk, som fanst frå 1600-talet og frametter, er empiriske innsyn i korleis dei mange små stega i den meir allmenne integrasjonen i lesing og bokkultur kunne arte seg.

Kva utfordringar står ein overfor når ein skal avgrense omgrepet skriftkultur?

Eitt forhold, dvs. eit kulturhistorisk atterhald, må nemnast før andre: Historia til europeiske skriftkulturar, forstått både som «literacy» og som «Schriftkultur», er på ingen måte utan lyte. I begge tilfelle dreg ein med seg eldre standardar for verdsetjing som pr. i dag korkje er vidare funksjonelle eller rimelege. Enno blir eldre tiders tvang til skrift forbausande ofte ein unemnd og uproblematisert etappe i kulturhistoria. Likeins skal ein ikkje leite lenge før ein finn verdsetjing av skriftkultur som beintfram føreset ignorering av det lange spennet med blanding av munnleg og skriftleg kultur. Asymmetri i maktforhold kjem naturlegvis òg til syne i norsk og nordisk kontekst, gjerne i måten ein tematiserer underlegne variantar som kvensk og samisk skriftkultur, men som greitt unnlet å følgje dei same prinsippa for majoritetsspråk. Såleis manglar oversyn påfallande ofte viktige overgangar og historiske variantar mellom munnlege og skriftlege domene (Apelseth, 2004; Apelseth, 2007). Døma frå dei nordiske majoritetsspråka si kuving av Nordkalottens munnlege kulturar torer vere velkjende, men problemet femner vidare.7 Når alt som er verdfullt i eit samfunn får tilhøyre skriftkultur, vil det i røynda tilseie ei totalisering av skriftkultur og samtidig idealisering av ei skriftleg kulturform som er gjort kunstig einskapleg.

Det ligg i omgrepet skriftkultur at det dreier seg om skrift, dvs. kommunikasjonssystem som er basert på kombinasjonar av grafem, til skilnad frå lydkombinasjonar eller piktografiske kombinasjonar (biletskrift). Så langt strekte den antikke definisjonen seg. Han var grei nok til å kunne skilje dei klassiske skriftkulturane gresk og latin frå oralkulturelle omgjevnader, men heller ikkje meir. Som nemnt framfor vil ein moderne skriftkultur vere kjenneteikna av eit langt større utval av innrammande kriterium. Likevel følgjer nok dei definerande skilja enno terskelverdiar som er knytte til implementering av, aksept av og bruk av skriftkonvensjonar. Dette er relativt breie kategoriar, men er nødvendige for å beskrive summen av språklege føresetnader og tekniske ferdigheiter hos utøvarar av ein skriftkultur. Vidare vil det finnast eit internt vedlikehald og former for eksternt retta demarkasjon. Internt vil skriftfellesskap og skriftkultur normalt bli vist «omsorg» i form av normering og standardisering og i tillegg bli kultivert via opplæring, religionsutøving og former for skapande aktivitet. For å skilje det som er «innanfor» og det som fell utanfor, vil gjerne grafemsystem bli brukt til å skape eit formelt sett av demarkasjon (avstand) til andre kulturar – både skriftlege og munnlege.

Trass i mange viktige skilnader mellom moderne og antikke skriftkulturar var forholdet til heil- og halvoral kultur lenge relativt uendra. Kanskje skal ein heilt fram til 1900-talet før skilnadene blir definitive, kanskje især for menneske som levde i lågteknologiske samfunn dominerte av fiske og jordbruk. Det er tale om komplementaritet i funksjonar, der skriftkultur ikkje kompenserte for munnleg kultur på ei lang rekke viktige område. Eit godt utvikla munnleg repertoar var tvingande nødvendig for å få utført arbeid og oppgåver i kvardagen. Skule og konfirmasjon var eit nålauge som kvar einskild måtte gjennom, men i det daglege rådde snarare talens makt.

Enno finst oppslag i media om at utilfredsstillande (fråverande, mangelfulle eller svake) lese- og skriveferdigheiter utgjer eit trugsmål mot framhaldet av norsk som skriftkultur. På ein måte er dette faste kulturinnslag og har vore det lenge. Indirekte gjeld problematikken velkjente utfordringar i møte mellom munnleg og skriftleg, dvs. at sviktande meistring av skriftkultur-repertoar (lesing og/eller skriving) skaper vanskar. I vår tid vil det i nokre tilfelle seie sviktande andrespråksdugleik, og forbausande ofte utan at konteksten for forventningar og åtvaringar kjem tydeleg fram. Utfordringar blir gjerne verbalisert som åtvaringar om sviktande funksjonalitet i individets møte med samfunnet, t.d. slik frå St. meld. nr. 23 (2007–2008) Språk bygger broer: «Mange voksne har så svake leseferdigheter at de har problemer med å fungere tilfredsstillende i dagens samfunns- og arbeidsliv.» Problemet finst og det kan ikkje ignorerast, men det skal heller ikkje forenklast til spesialpedagogiske spørsmål henta frå dikotomien skriftleg versus munnleg. Truleg ligg det heller inga tilfredsstillande løysing i det å kompensere for ulemper som følgjer av språkleg, sosial og religiøs bakgrunn. Kritiske og kommunikative utfordringar i vår tid, ein epoke som dagleg produserer overskrifter av typen «Når bestemor sprer falske nyheter» (Kalsnes og Pettersen, 2019), er av ein slik karakter at vi nok bør forstå at utfordringane dels høyrer til i ein relativt ny kultur for kommunikasjon og dels knyter an til eldre tradisjon(ar). I begge tilfelle gjeld desse utfordringane bindingar og samhandlingsformer mellom individ og fellesskap.

Merksemda kan med fordel vendast mot endringar, skilje og skilnader som oppstår når etablerte skriftkulturnormer kjem i kontakt med normer frå andre kommunikasjonsformer. Med digitalkulturens ekspansjon dei siste 30‒40 åra har vi fått ei anna inndeling av både medium og kommunikasjon – og med det også for gjennomføringsevne. Eit langvarig historisk forhold mellom skriftkultur(ar) og oralkultur(ar) er grunnleggjande skipla ved at digitalkultur, som ein tredje kommunikasjonskultur, har ekspandert og tileigna seg merksemd. I motsetning til relativt avklarte og erkjente relasjonar mellom skrift og tale er dei nye meir dynamisk uføreseielege – i den forstand at digitalkulturen «forsyner seg» med repertoar frå både munnleg og skriftleg kultur og gjennom det skaper nye arenaer og nye vilkår for bruk.

Berre i avgrensa grad kan utvekslinga seiast å vere regulert etter skriftkulturens normer og kodar. Utvekslinga er ei utfordring fordi så mykje av det vi reknar for å vere konstituerande for eksistensielle rammer, legitimerande kulturell identitet, juridisk legalitet eller prinsipp for samfunnsfunksjonar, nettopp er forankra og kodifisert i og gjennom skriftkultur.

Analog kultur

For å forstå om eller korleis digital kultur representerer noko nytt, er det nødvendig med eit dissekerande blikk på motsatsen, dvs. skriftkultur, som med eit samleomgrep frå den digitale verda er blitt kalla ein analog kultur. For å beskrive skilnaden på forenkla vis kan vi nytte ei tenking om analog kommunikasjon som bygd på atom (eller førestellingar om atom) versus ein motsats som er basert på bits (eller førestellingar om bits). Tenkemåten blir gjerne knytt til Nicholas Negropontes bok Being Digital (1995), men har blitt reartikulert på litt ulikt vis av fleire seinare. Her er det viktig med eit humanistisk atterhald. Hos dei som vel å følgje tenkemåten til Negroponte, fungerer todelinga greitt dersom ein vel eller har høve til å ignorere valoriserande kulturhistorie. Problemet er at skriftkultur i denne framstellingsforma tenderer mot å bli re-valorisert, men då på digitalkulturens premissar.

Også her startar det i det historiske, for ein lang periode av vår kultur og historie har vore bygd på ei fysisk verdsordning der (førestellingar om) atom fekk organisere det materielle og verkelege. For å hanskast med ein slik røyndom har mennesket like sidan den greske antikken utvikla omgrep, rammer, lovverk, idear, teoriar, prosedyrar m.m. Alt finn vi nedfelt som organiserande prinsipp i tradisjonell skriftkultur. For å følgje atom-perspektivet inneber materialitet nødvendigvis at det som blir produsert mekanisk, normalt vil vere avgrensa i mengde. Vi kan tenke oss som døme ein mellomalderskrivar som skulle reprodusere ei bok. Tilverking av pergament og blekk og den heller langdryge kopieringsprosessen gjorde at eit slikt arbeid kunne ta månader og jamvel år. Det seier seg sjølv at avgrensa høve og evne til reproduksjon ville måtte avgjere mengdeforholda og i neste omgang også forhold ved verdifastsetjing.

Poenget er at analog kultur kan karakteriserast gjennom avgrensingar og rammer, dvs. av papir, penn og fysiske gjenstandar som bøker, av skrive- og settemaskinar og typografiske verktøy, av kringkasting og andre former for massemedia, og der verdi vert fastsett ved korleis vi som samfunn har forstått og innretta oss etter grenser eller handtert avgrensa teknologiske ressursar. For det andre vil formalitetsnivå i analog kultur oftast krevje at det er personar til stades (in-person presence), til dømes ved handel og i utføring av banktenester, men også i aktiviteten på industriarbeidsplassar vil utføringa normalt krevje ei yrkesrelatert opplæring, ein viss skulert kreativitet ved problemløysing og gjerne også eit personleg ansvar ved utføring (minst på signaturnivå).

Overført til skriftkultur-termar (Schriftkultur eller literacy) vil det vise til vanleg praksis som at forfattarar skreiv bokmanus som vidare vart publisert etter bestemte retningsliner (kontraktar), der eit forlag tok hand om form, storleik, fontar, trykkeriarbeid, marknadsføring og sal. Før 1990-åra ville ein forfattar i ein typisk analog kultur samhandle med omverda via nettverk med post, telefon, teleks og telegraf. Han eller ho måtte vere fysisk representert ved konferansar og intervju og der bøker eller manus måtte vere til stades i materiell form. Resultatet av denne typen kulturproduksjon vil alltid vere av fysisk natur, og det kunne berre delast innanfor dei rammer som eit gitt nettverk (marknad, interessekrins etc.) opna for.

Digital kultur

Digital kultur byggjer på andre prinsipp enn analog kultur. Nøkkelomgrepa er forenkla maskinvare, operativsystem, programvare, digitale nettverk etc. Forenkla (og ikkje så reint lite ideelt) vil det seie at alt er basert på eit binært kodesystem av 0 og 1, og at i den digitale verda har bits erstatta atom som den grunnleggjande eininga.

Som ein ytterlegare kontrast opererer digitalkulturen med andre verdimål og verdinormer enn den analoge kulturen. Overflod rangerer normativt over knappleik i ei verd der kopiar kan skapast med eit museklikk og delast med kven som helst kvar som helst i verda med eit nytt klikk. Som vi har sett med moderne terrororganisering, og likeins motstykket anti-terrororganisering, så opnar teknologien for samarbeid i ein skala som var heilt ukjend i analoge kulturar. Binær koding, som dei programspråka som slik koding har opna for, har naturlegvis gjort digitale objekt uendeleg mykje enklare å endre, rokere om, manipulere og sabotere enn det som var mogeleg med analoge objekt.

Digital kultur (framleis i ideell form) medfører at menneske lettare kan gå ut av rolla som passive mottakarar eller konsumentar av massemedia, dvs. kunne ta aktivt del i utforming og deling av mediebodskapar etter enkle do-it-yourself-prinsipp. Det kan mobiliserast protestrørsler på kryss og tvers ved å sende av garde ei Twitter-melding på 140 teikn eller mindre, jf. jamføringa som Yannis Theocharis, Will Lowe, Jan W. van Deth og Gema García-Albacete (2015) har gjort av protestaksjonar mot økonomisk innstramming i USA, Spania og Hellas. Det å diskutere nyheiter, og å mobilisere i omtrent same augneblink som dei vert sende, eller å spele dataspel i eit nettverk av personar som bur overalt på kloden, er blitt daglegdags. I tillegg har naturlegvis også opningar for å misbruke alle former for kommunikasjon auka tilsvarande. Også den analoge kulturens medium, som bøker, film og musikk, er blitt tilgjengelege for alle som har tilgang til ein datamaskin eller tilsvarande. Noko underkommunisert, kanskje, har det med digital teknologi oppstått fleire nye kombinasjonar av denne og kvar av dei føregåande. Det kan kanskje seiast slik at digital teknologi har gjort eldre analog kommunikasjonskultur tydelegare og ved det også framheva både eigenart og historisitet.

Avslutning

Via kombinasjonar av analog og digital kommunikasjonsteknologi har skriftkultur, forstått som kunnskapsfelt, blitt grunnleggjande endra. Mellom anna har det materielle si betydning for oppleving og forståing av medium/mediebodskap blitt eit viktig tema. Vidare oppstår det ein ny distinksjon i måten nye medium vert tilpassa samfunnet. Utfordringar i skjeringspunkta mellom analog og digital kultur gjeld brukarroller, beslutnings- og ansvarsnivå og teknologisk kultur. For eldre brukarar er det truleg ei ny røynsle, ei røynsle som truleg også må vere ny i den lange kulturhistoria, at brukarar av nye media i avgrensa grad er interesserte i kompromissar med eldre opparbeidde konvensjonar, erfaringar og perspektiv frå den pre-digitale tidsalderen. Skriftkulturens «skikk og bruk» er ikkje utan vidare gangbar valuta i digitalkulturen. Det kjem især til syne når ein samanliknar mediebruken mellom eldre og yngre. Sidan brukarsosialisering er erfaringsbasert, resulterer det i endra mønster for aktivitet – især i yngre årsklassar, men òg i måten desse relaterer seg til autoritet, rammevilkår, sjangrar, språkbruk etc. som vi dreg med oss frå den analoge mediehistoria. Desse er fundamentert med reglar, retningsliner og lovverk frå ein analog kommunikasjonskultur. Endå meir utfordrande er at skriftkulturens legitimering, logikk og struktur tenderer mot å bli mindre teknologisk interessant – og truleg òg mindre mogeleg å formidle vidare. I det moderne møtet med digitale medium knakar nedarva (analoge) ordningar i samanføyingane.

Legitimeringsgrunnlaget for ein fungerande skriftkultur ligg i at det finst tilgjengeleg tekstar og konvensjonar som (for å sitere tittelen på ei nyare bok som er mykje brukt som pensum i skulen) maktar å femne det meste frå «Fadervår til Facebook». Slike tekstar utgjer alt som vi meiner er relevant og viktig med omsyn til kulturell identitet, juridisk eksistens og samfunnsmessig funksjonalitet. På den andre sida er det på ingen måte gitt at den digitaliserte skriftkulturen vil ta hand om, eller forvalte, dette etter dei same vilkår og prinsipp som tradisjonell analog skriftkultur. No er digitalkulturen ikkje lenger å rekne som «ny». Tendensane har vore undervegs ei stund alt. Mest forbausande er kanskje endringstempoet. Sjølv øvde lesarar og skrivarar tenderer mot å endre lesemønster og skrivepraksis relativt til endra teknologi, kunnskapsformasjonar og nettverk. Samstundes har skriftteknologi og teknologistyrte innovasjonar vore del av det lange løpet med modernisering. Morgondagens skriftkultur stiller knapt i noka særstilling på det feltet.

Summary

Being part of a written culture comprises a (partial) transition from oral to writing, and applies to an individual’s life cycle as well as society’s historical progress. The transition has embodied itself in the attitudes, values, skills, experiences and practices we draw upon in everyday activities. To be a modern functional practitioner of reading and writing abilities is to be an integral part of a written culture, but also being ‘embedded’ in a community type where exchange of written symbols and written communication is the historical and cultural framework. The modern social literacy (Schriftlichkeit) is essentially carried out as ordinary activities in ordinary situations, meaning that our reading and writing can be understood as a set of coordinating actions that connect together important aspects of our lives. The larger part of the use of writing and text-based tasks belongs to the social field and everyday life, it concerns us all and has communicative functions in relation to that. Moreover, there are selected parts that constitute an ideal text formation (a society’s high culture) for teaching and learning. However, both a high culture and everyday activities are organized and regulated through the exchange of written symbols, framed in a common understanding that competent use of the written medium represents ‘the individual in the world’ and ‘the world to the individual’. A written culture’s continued existence demands at the same time that the very same community actively facilitates integration, participation and competent interaction, based on the mutual exchange of written symbols.

Litteratur

  • Apelseth, A. (2004). Den låge danninga. Skriftmeistring, diskursintegrering og tekstlege deltakingsformer 1760–1840. Avhandling (dr.art.). Bergen: Universitetet i Bergen, Det historisk-filosofisk fakultet, Nordisk institutt.
  • Apelseth, A. (2007). Tvang til skrift og vilje til tekst. Lesehistoria som problemfelt. I Årbok for norsk utdanningshistorie, nr. 24 (s. 126–167). Bergen: Bymuseet i Bergen.
  • Appel, C. (2001). Læsning og bogmarked i 1600-tallets Danmark I-II. Danish humanist texts and studies, vol. 23. Avhandling (dr. fil.) Københavns Universitet, 2000. København: Museum Tusculanum.
  • Barton, D. (1994). Literacy. An Introduction to the Ecology of Written Language. Oxford: Basil Blackwell.
  • Baumann, Z. (2001). Flytende modernitet. Oslo: Vidarforlaget.
  • Briggs, C. F. ([2000] 2012). Literacy, reading, and writing in the medieval West. Journal of Medieval History26:4, 397‒420.
  • Burke, P. (1978). Popular Culture in Early Modern Europe. London: Temple Smith.
  • Burke, P., & Porter, R. (Red.) (1991). Language, Self, and Society. A Social History of Language. Cambridge: Polity Press.
  • Chartier, R. (2004). The Text between the Voice and the Book. I R. Mondiano, L. Searle, & P. Schillingburg (Red.), Voice, Text, Hypertext. Emerging practices in textual studies. Seattle: Walter Chapin Simpson Center for the Humanities in association with University of Washington Press (s. 54‒71).
  • Eisenstein, E. L. (1983). The Printing Revolution in Early Modern Europe. Cambridge: Cambridge University Press.
  • Febvre, L. og Martin, H.-J. (1984). The Coming of the Book: The Impact of Printing 1450–1800. London: Verso.
  • Fet, J. (1995). Skrivande bønder: Skriftkultur på Nord-Vestlandet 1600–1850. Oslo: Samlaget.
  • Fink, H. (1988). Et hyperkomplekst begreb. Kultur, kulturbegreb og kulturrelativisme. I H. Hauge & H. Horstbøll (Red.), Kulturbegrebets kulturhistorie. KULTURSTUDIER 1 (s. 9‒23). Aarhus: Aarhus Universitetsforlag.
  • Giddens, A. (1997). Modernitetens konsekvenser. Oslo: Pax Forlag A/S.
  • Goody, J. (1986). The Logic of Writing and the Organization of Society. Studies in Literacy, Family, Culture and the State. Cambridge: Cambridge University Press.
  • Goody, J. (1987). The Interface between the Written and the Oral. Cambridge: Cambridge University Press.
  • Goody, J. (2000). The Power of the Written Tradition. Smithsonian Series in Ethnographic Inquiry. Washington: Smithsonian Institution Press.
  • Graff, H. J. (Red.) (1981). Literacy and Social Development in the West. A Reader. Cambridge Studies in Oral and Literate Culture. Cambridge: Cambridge University Press.
  • Graff, H. J. (1987). The Legacies of Literacy. Continuities and Contradictions in Western Culture and Society. Bloomington: Indiana University Press.
  • Graff, H. J. (Red.) (2007). Literacy and Historical Development. A Reader. Carbondale: Southern Illinois University Press. 
  • Günther, H., & Ludwig, O. (Red.) (1994‒1996). Schrift und Schriftlichkeit / Writing and its Use. Ein interdisziplinäres Handbuch internationaler Forschung / An Interdisciplinary Handbook of International Research. Berlin: De Gruyter Mouton.
  • Hagland, J. R. (2011). Frå landskapslov til landslov. Om nedskriving av lovtekster som mogleg del av ‘eit munnleg-skriftleg kontinuum’ i norsk mellomalder. Maal og Minne 2, 52–66.  
  • Haugen, O. E. (Red.) (2007). Altnordische Philologie. Norwegen und Island. Berlin: Walter de Gruyter.
  • Haugen, O. E. (Red.) (2013). Handbok i norrøn filologi, 2. utg. Bergen: Fagbokforlaget. 
  • Hekneby, G. (2011). Skrive – lese – skrive. Begynneropplæring i norsk. Oslo: Universitetsforlaget.
  • Hodne, B. (1994). Norsk nasjonalkultur. En kulturpolitisk oversikt. Oslo: Universitetsforlaget.
  • Horstbøll, H. (1999). Menigmands medie. Det folkelige bogtryk i Danmark 1500–1840. En kulturhistorisk undersøgelse. I serien Danish Humanist Texts and Studies. Volume 19. Forfatterens avhandling (doktorgrad) Aarhus universitet 1998. København: Det kongelige bibliotek/Museum Tusculanums forlag.
  • James, P., Magee, L., Scerri, A., & Steger, M. B. (2015). Urban Sustainability in Theory and Practice: Circles of Sustainability. London: Routledge.
  • Johansson, E. (1981). Den kyrkliga lästraditionen i Sverige – en konturteckning. I M. Jokipii, & I. Nummela (Red.), Läskunnighet och folkbildning före folkskolväsendet. Ur nordisk kulturhistoria. Mötesrapport. 18. Nordiska historikermötet. Studia historica Jyväskyläensia 22. Band 3 (s. 193‒224). Jyväskylä: Jyväskylä Ylipisto.
  • Johansson, E. (2007). The History of Literacy in Sweden. I H. J. Graff (Red.), Literacy and Historical Development. A Reader (s. 238‒271). Carbondale: Southern Illinois University Press.
  • Jørgensen, J. G. (2013). Diplomer, lover og jordebøker. I O. E. Haugen, (Red.), Handbok i norrøn filologi, 2. utg. Fagbokforlaget: Bergen. 
  • Kalsnes, B. og Pettersen, S. A. (2019, 9. mai). Når bestemor sprer falske nyheter. NRKs kronikk. Henta frå https://www.nrk.no/ytring/nar-bestemor-sprer-falske-nyheter- 1.14543179
  • Klausen, A. M. (1992). Kultur. Mønster og kaos. Oslo: Ad Notam Gyldendal.
  • Kunnskapsdepartementet (2007). St.meld. nr. 23 (2007–2008). Språk bygger broer ‒ Språkstimulering og språkopplæring for barn, unge og voksne. Henta frå: https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/stmeld-nr-23-2007-2008-/id512449/sec1
  • Lindhardt, J. (1989). Tale og skrift. To kulturer. København: Munksgaard.  
  • Lindmark, D. (1990). Läs- och skrivkunnigheten före folkskolan. Historisk läskunnighetsforskning i nordiskt och internationellt perspektiv. Scriptum nr. 28, 2–43. Umeå: Forskningsarkivet vid Umeå Universitet.
  • Lindmark, D. (2004). Reading, Writing, and Schooling. Swedish Practices of Education and Literacy, 1650–1880. Umeå: Skrifter från forskningsprogrammet Kulturgräns norr.
  • Madssen, K. A. (1999). Morsmålsfagets normtekster. Et skolefag blir til – norskfaget mellom tradisjon og politikk. Dr.polit.-avhandling. Trondheim: NTNU.
  • McLuhan, M. (1962). The Gutenberg Galaxy. The Making of Typographic Man. Toronto: University of Toronto Press.
  • Negroponte, N. (1995). Being digital. London: Hodder & Stoughton.
  • Omdal, H., & Vikør, L. (1996). Språknormer i Norge. Normeringsproblematikk i bokmål og nynorsk. Oslo: Cappelen Akademisk Forlag.
  • Ongstad, S. (2004). Språk, kommunikasjon og didaktikk. Norsk som flerfaglig og fagdidaktisk ressurs. Bergen: Fagbokforlaget
  • Ongstad, S. (2014). Driften i literacy-begrepet – en utfordring for lærerutdanningers fagdidaktikk? I B. Kleve, S. Penne, & H. Skaar (Red), Literacy og fagdidaktikk i skole og lærerutdanning. Oslo: Novus forlag.
  • Rindal, M. (1995). Dei norske mellomalderlovene. I M. Rindal (Red.), Skriftlege kjelder til kunnskap om nordisk mellomalder, KULTs skriftserie nr. 38 (s. 7‒20). Oslo: Norges forskningsråd.
  • Rindal, M. (1997). Ny utgåve av dei norske lovene frå mellomalderen? I A. Dybdahl, & J. Sandnes (Red.), Nordiske middelalderlover. Tekst og kontekst (s. 23‒32). Trondheim: Tapir.
  • Ringdal, N. J. (1993). Ordenes pris. Den norske forfatterforening 1893–1993. Oslo: Aschehoug.
  • Sandmo, E. (1999). Voldssamfunnets undergang. Om disiplineringen av Norge på 1600-tallet. (Revidert utgave av forfatterens avhandling (dr.art.). Universitetet i Oslo, 1998.) Oslo: Universitetsforlaget.
  • Sandnes, J. (1999). Lex non scripta: den norske heimeretten. Historisk tidsskrift 2, 139‒152.
  • Searle, L. (2004). Emerging Questions: Text and Theory in Contemporary Criticism. I R. Mondiano, L. Searle, & P. Schillingburg (Red.), Voice, Text, Hypertext. Emerging practices in textual studies (s. 3‒21). Seattle: Walter Chapin Simpson Center for the Humanities in association with University of Washington.
  • Street, B. V. (1984). Literacy in Theory and Practice. Cambridge: Cambridge University Press.
  • Street, B. V. (Red.) (1993). Introduction: the new literacies. I B. V. Street (Red.), Cross Cultural Approaches to Literacy. Cambridge Studies in Oral and Literate Culture, 23 (s. 1‒22). Cambridge: Cambridge University Press.
  • Street, B. V. (1995): Social Literacies. Critical Approaches to Literacy Development, Ethnography and Education. Real Language Series. London: Longman.
  • Theocharis, Y., Lowe, W., van Deth, J. W., & García-Albacete, G. (2015). Using Twitter to mobilize protest action: online mobilization patterns and action repertoires in the Occupy Wall Street, Indignados, and Aganaktismenoi movements. Information, Communication & Society, 18:2, 202‒220.
  • Valvatne, H. og Sandvik, M. (2007). Barn, språk og kultur. Språkutvikling fram til sjuårsalderen. Oslo: Cappelen Akademisk Forlag.
  • Vannebo, K. I. (1984). En nasjon av skriveføre. Om utviklinga fram mot allmenn skriveferdighet på 1800-tallet. Oslo-studier i språkvitenskap, nr. 2. Oslo: Novus.
  • Øyrehagen Sunde, J. (2013). Eit vell av rettslege normer – lovgjevinga til kong Magnus VI Lagabøtar som ramme for eit rettsleg mangfald. I Ø. H. Brekke, & G. A. Ersland (Red.), Fragment fra fortiden (s. 106‒123). Oslo: Dreyer Forlag A/S.
  • Øyrehagen Sunde, J. (2016). Landslova - Ei samlande lov for Noreg. Landslovsprosjektet. Video publisert 9. oktober 2016. Sett og lesen her: https://www.youtube.com/watch?v=EwW-QpbUkkM 15.1.2019.

Fotnoter

  • 1 Begge omgrepa ligg ved kjernen i debatten om «Great Divide». Den debatten, ofte med gjensidig utelukkande posisjonar, dominerte dei fleste diskusjonar om (historisk) literacy minst til 1980-åra. Synsmåtane er framleis i omlaup – om enn i klart neddempa og moderert form. Om dei klaraste antagonistane og deira posisjonar, sjå Goody 1986, 1987 og 2000 og Street 1984, 1993 og 1995.
  • 2 Såleis har retorikk vore eit humanistisk kjerneemne sidan antikken, og dermed ein basiskomponent i akademiske fag, men samtidig med avgrensa interesse for lese- og skrivehandlingar som folk flest styrte med. Eit visst unntak bør gjerast for ordtakssamlingar, jf. også historikken rundt «vernacular rhetoric».
  • 3 Ofte vart lova omtalt og brukt som konsultativ instans. Grunnen var truleg at avskriftene varierte i vektlegging og grannsemd. Dermed har bruken helst vore meir etter «lovas ånd» enn «lovas bokstav». Statusen som lovbok, altså som tekst i smalare tyding, heldt seg likevel heilt til 1600-talet. I 1604 vart namnet formelt endra til Christian 4. lov, men store delar av innhaldet var identisk med landslova.
  • 4 Dømet med Magnus Lagabøtes landslov er her brukt for å vise korleis bestemte tekstar, til visse tider og under visse føresetnader, kan fungere som ein definerande overbygning for ein språkleg identitet og sosial fellesskap. Såleis vil eit perspektiv på mellomalderlova som berre ein juridisk tekst helst bli for smalt. Moderne sjangerorienterte perspektiv vil i avgrensa grad passe til denne typen tekstar.
  • 5 Det fanst lenge offentleg tvang til lesing. Jamvel til litt innpå 1900-talet var det negativ sanksjonering av manglande lesekunne og konfirmasjon. Før 1903 (lovendring) hadde ukonfirmerte i røynda ikkje juridisk vaksenstatus (umyndig).
  • 6 Elizabeth Eisenstein har eit overslag på 8 millionar bøker og skrifter ved utgangen av 1400-talet (Eisenstein 1993, s. 45). Lucien Febvre og Henri-Jean Martin reknar med at om lag 150 000‒200 000 utgåver kom i eit samla opplag på 150‒200 millionar for heile 1500-talet (Febvre og Martin 1984, s. 262). Modernitetsteoretikaren Anthony Giddens har snarare vore oppteken av mønsteret, dvs. den permanente veksten. Han refererer J. M. Strawsons påstand om at prentvolumet har fordobla seg omtrent kvart femtande år sidan Gutenbergs tid (Giddens, 1997, s. 37 ).
  • 7 Som følgje av eldre tiders overdrivne idealisering av europeiske skriftkulturar og asymmetriske maktforhold finst det eit underkommunisert svart kapittel om europeisk etno-sjåvinisme og imperiebygging. Det gjeld særleg dei delar som omhandlar de facto fjerning av konkurrerande skriftkulturar, men òg berarane av slike kulturar. Det er mange døme, men truleg er den spanske kuvinga av Quipu (knutespråket til inka-folket) best kjent.

Skriftkultur og danning. Kva har den nynorske skjønnlitteraturen hatt å seia for danning og identitet?

Jan Inge Sørbø*

Samandrag: Nynorsk-rørsla skaper tidleg eit omfattande organisasjonsliv, der Noregs Mållag og Noregs Ungdomslag spelar ei hovudrolle. Desse miljøa er også nært knytte til folkehøgskulane og dei nynorske lærarseminara. I dette miljøet oppstår det ein eigen danningsveg og eigne ideal både for liv og litteratur. Den beste litteraturen står i eit dobbelt forhold til desse miljøa; forfattarane er ofte lojale og aktive i organisasjonslivet, men litteraturen deira dreg ofte ideala og særleg den sterke nasjonale optimismen i tvil. Det kan sjå ut som denne spenninga mellom fri skaping og organisasjonslivets forventningar er litterært produktiv.

Nøkkelord: Skriftkultur, danning, nynorsk organisasjonsliv

Keywords: Literacy, Bildung, cultural organisations in early New Norwegian

*Korrespondanse: Jan Inge Sørbø, Institutt for sosialfag, Høgskulen i Volda, Postboks 500, NO-6101 Volda. E-post: jis@hivolda.no

Sitering av dette kapitlet: Sørbø, J. I. (2019). Skriftkultur og danning. Kva har den nynorske skjønnlitteraturen hatt å seia for danning og identitet?. I S. J. Helset & E. Brunstad (red.), Skriftkulturstudiar i ei brytingstid (s. 95–103). Oslo: Cappelen Damm Akademisk. https://doi.org/10.23865/noasp.67

Lisens: CC BY 4.0

Innleiing

Bakgrunnen for at eg blir invitert til å seia noko om dette temaet, er nok arbeidet med Nynorsk litteraturhistorie, som nyleg har kome ut (2018). Dette arbeidet har, i beste fall, ført til ein breiddekunnskap om nynorsk litteratur, eller snarare ein lengdekunnskap: eit fugleperspektiv over halvtanna hundreår med skjønnlitterær produksjon.

Det er nokre store omgrep i sving her: danning og skriftkultur. Eg skal ikkje gå ein lang veg gjennom definisjonar av omgrepsdrøftingar, men peika på eit trekk som er felles mellom dannings-tradisjonen og skriftkultur-tradisjonen. Begge er, på ulik vis, kontekstuelle, dei handlar om ei personleg tileigning av verdiar som finst i kulturen. Denne måten å forstå det på har røter både i den aristoteliske dygdsetikken og den filosofiske hermeneutikken. Individet blir ikkje danna i isolat; sjølv søyle-eremittane hadde eit Du å forhalda seg til.

Alasdair MacIntyre bekymrar seg i After Virtue (1981) for at oppbrotet frå dygdsetikken har ført til ei utvendig-gjering av etikken, den blir erstatta med ein kategorisk formel eller eit reknestykke. Det siste er vel særleg tydeleg i konsekvensetikken, som primært lagar reknestykke over konsekvensane, og ikkje dreg inn subjektet.

Men i hermeneutikken handlar danninga om å utsetja seg for den framande horisonten, med den risiko at ein må tileigna seg noko som kan truga eiga oppfatning. Forståinga kan berre utvidast når denne risikoen er reell; og risikoen inneber at det finst noko omkring individet som verkar inn på det.

I skriftkulturen er det kontekstuelle sett på eit litt anna vis. Her hevar ein blikket frå den einskilde si evne til å lesa og skriva til dei institusjonane som gjer slike aktivitetar mogelege og viktige; altså opplæring, skule, forlag, aviser, tidsskrift, nyare medium. Perspektivet på skriftkulturen kan ikkje vera einsidig individuelt, sjølv om individet er aktør. Ein tileignar seg dette gjennom sosialisering – eller danning, som er sosialisering med normativt innhald.

Nynorsk litteraturhistorie (som fenomen, ikkje som boktittel) demonstrerer dette svært tydeleg. Den første delen av denne historia handlar om skjønnlitterære forfattarar som i svært mange tilfelle også var forleggjarar eller redaktørar. Vinje skapte sine eigne publikasjonar, med Dølen frå 1858 som den mest kjende. Garborg tok initiativ til og redigerte, med ulik intensitet, ei heil rekkje publikasjonar – både før han konverterte til målet, og etterpå. Det var eit mønster at han skapte mange av dei fora han skreiv i. Fleire av skriftene hans har også ei dobbelt publiseringshistorie; både Ein Fritenkjar (1878) og Kolbotnbrev (1890) var publiserte (dels i førebels form) i Fedraheimen først. Etter 1890-talet kom det nok ei sterkare differensiering mellom reine publisistar og diktarar, t.d. Rasmus Steinsvik og Garborg – men det var ingen tette skott. Dei tidlege nynorske avisene var fulle av skjønnlitteratur, dikt og «kjellarar» med framhaldssoger.

Nynorsken skapte også utdanningsinstitusjonar. Den ganske raske utbreiinga av nynorsk frå «teorien» blei lansert av Aasen kring 1850 og til nynorsk var eit raskt veksande skulemål, hadde med målkursa å gjera. Nokså korte kurs i bygd og by, der ein lærde seg å skriva på målet. Då folkehøgskulen vart utvikla i Noreg, frå 1865 av (Sagatun på Hamar, deretter Vonheim i Sel og Gausdal), vart den grundtvigianske kombinasjonen av nasjonalitet og religion raskt omsett til ein kombinasjon av norskdom – nynorskdom – og kristendom. Folkehøgskulane var viktige bastionar for målsaka, det same vart dei små lærarseminara, som somme stader vaks til meir ambisiøse lærarskular. Stader som Elverum, Levanger, Stord og Volda tilbaud nynorsk utdanning til lærarane i nærmiljøet. Men dette vart ikkje berre ei utdanningsløype for komande lærarar (slik landsgymnasa vart for komande lektorar og akademikarar). Dei vart også viktige utdanningsinstitusjonar for komande diktarar.

Den institusjonelle bakgrunnen for nynorsk skriftkultur var på lokalt nivå mållaga og ungdomslaga, som talde hundrevis av lokallag då dei organiserte seg nasjonalt (Noregs Ungdomslag i 1896 og Noregs Mållag i 1906).

På regionalt nivå kom så folkehøgskulane, og mange gjekk vidare til dei nynorske lærarseminara.

Aasen og Vinje var for tidlege til dette; Aasen var autodidakt, og Vinje gjekk lærarseminar utan nynorsk-alternativ. Garborg utdanna seg først, så valde han målet. Men etter desse tidlegare storleikane er det nesten vanskeleg å finna nynorske forfattarar som ikkje er innom denne løypa. Henrik Krohn dreiv folkehøgskule sjølv, i Sogndal. Der gjekk Per Sivle i to år. Løland var inspirert av Torkjell Mauland, ein viktig mållærar. Vetle Vislie var lærarskulemann og inspirerte eleven Olav Duun. Den lite kjende Petra Kvisli (den første kvinna som skreiv ein nynorsk roman) arbeidde ved folkehøgskule og amtsskule, og skreiv om norskdoms-sentra. Olav Nygard gjekk to år på Møre Folkehøgskule i Ørsta, der Henrik Rytter periodevis var lærar; begge var inspirert av Shakespeare-dyrkaren Olav Aasmundstad (utdanna ved Vonheim og Askov Folkehøjskole i Danmark). Og den store samtidige ideologen Olav Aukrust gjekk lærarseminar i Elverum, der også Sven Moren og Halvor Floden var lærar og elev, og var seinare lærar på folkehøgskulen i Mysen, og (mislykka) rektor i Gausdal og på Dovre. Lars Eskeland på Voss hadde mellom andre Tarjei Vesaas og Ragnvald Vaage som elevar; han var ei inspirasjonskjelde for store delar av det nynorske Noreg, og talane hans reiste folk lange vegar for å høyra. Han hadde ein bror, Severin, som var rektor frå 1917 til 1950 på Stord, med eit avbrot i krigen, då skulen vart stengd.

Også den store modernisten og arbeidardiktaren Kristofer Uppdal gjekk to år på Namdal Folkehøgskule, og eit år på Askov.

Nesten kvar ein dukkar ned i litteraturen frå 1905 til 1940, støyter ein på denne kombinasjonen av nynorsk, folkehøgskule og lærarskule. Og både som underlag og produkt ligg mållaga og ungdomslaga. Både Sven Moren og Ragnvald Vaage hadde t.d. viktige verv i Noregs Ungdomslag. Halldis Moren var dottera til Sven.

Denne institusjonelle ramma skapte ei særeigen form for danning og ein idealisert nynorsk identitet. Det vil seia: ei forventning om tileigna dygder som skulle prega målfolket. Og målfolket var etter eiga oppfatning den kulturelle kjernen i den nye nasjonen. Eit artig arbeid om kva slags habitus som fanst i denne kulturelle rørsla, er Aslaug Nyrnes sitt tidlege arbeid om Det nynorske mennesket (1985), som er ein analyse av kva slags ideal som fanst i rørsla – bygd på ein analyse av tidsskriftet Frå Bygd og By, årgang 1927. Det er ein ideell tekst for mitt tema; den viser nettopp korleis denne rørsla, når ho får utbreiing og tilgang til fleire medium, nettopp argumenterer for ei viss type danning, visse dygder. I etterkrigstida representerer teikneserien Vangsgutane (tekst av Leif Halse og teikningar av Jens R. Nilssen) noko av det same: Dei er ranke, redelege, offerviljuge, modige og staute karar. Slik gutar det vil nye Norge ha! Ein lukkast altså i å gjera nynorsken til ein dannings-heim.

Kjernen i den kulturelle prosessen er ulike folkeaktivitetar (mål-arbeid, dans, spel, skriving), arbeid innanfor Noregs Mållag og Noregs Ungdomslag, og eit obligatorisk utdanningsår på ein folkehøgskule, medan grunnlaget for kulturen blir lagt i heimen gjennom normer for kosthald, kledemote, husflidsarbeid og byggjeskikk. Den litterære norma er ei romantisk dyrking av nynorsk poetisk-realistisk litteratur. (Nyrnes, 1985, s. 153)

Og litteraturen? Den burde vel gje noko tilbake til dei institusjonane den sprang ut av? Lat meg berre skissera tre mogelege strategiar i litteraturen:

Den pedagogisk-oppdragande strategien: Ein brukar litteraturen til å skapa gode «nynorske menneske», stiller seg i teneste for desse ideala. Det finst mange Vangsgutar i litteraturen. Eg har fest meg ved ein heilt ukjent lyrikar, Olai Aalen, far til brørne Sverre og Leiv Aalen (sentrale teologar ved Menighetsfakultetet). I 1913 gav han ut diktsamlinga Glør, og opnar med diktet «Aa kor gildt!»

Aa nøra upp den unge barm
Og faa han baade vid og varm
So hjarta bankar sterkt og vilt
Aa nei aa nei kor det er gildt!
(Aalen, 1913, s. 7)

Han skriv også om «ei fylking morgonmenn» som likar å stå opp med sola.

Og ungdomsflokken han tek i hand
og hugheilt med honom røder.
So tek han raust av sin morgonbrand
og saar ut i sprakande gløder.
Og Gud og heim og folk og land
i morgonsol han maalar
soleis at hjarto staar i brand
og alle augo straalar.
(Ibid. s. 8)

Dette er danningsideala i den tidlege målrørsla. Og vi finn mykje av dette også i den store romantiske lyrikken og ikkje minst i den rurale realismen. Her er det harmoni mellom litteraturen og den nynorske identiteten.

Den interne skildringa av nynorske institusjonar: Som ein del av det pedagogiske prosjektet skildrar ein desse institusjonane innanfrå. Ein kan få eit ganske tydeleg inntrykk av ideala (Nyrnes snakkar om idealtypar) i rørsla ved å lesa t.d. Moren, Floden, og ikkje minst Hovden. Den mest originale skildringa har eg funne hos Matias Orheim, salmediktaren og songaren. Han skreiv fleire romanar, mellom andre I livsens lundar frå 1911. Det er ei interessant bok på fleire måtar, sjølv om den er tung å lesa. Han fortel nemleg heile historia gjennom å referera innlegg, ofte på rim, som blir framførte i ungdomslaget. Det lokale ungdomslaget kjem i ein konflikt med vekkinga i bygda, og hovudpersonen tek steget over til vekkingskristendommen. Dette er ei viktig konfliktlinje i den tidlege nynorsklitteraturen. Orheim kjende begge miljøa innanfrå; starta i ungdomslaget og gjekk over til vekkingskristendommen, men insisterte på å halda fast ved nokre verdiar frå ungdomslaget. Han heldt fram med spela fele, noko pietistane var svært skeptiske til, og han var svært kulturopen. Boka hans gir ei forklaring på kvifor så mange forfattarar kom frå desse miljøa. Store delar av møteverksemda i ungdomslaga handla nemleg om å skriva og framføra eigne tekstar, og desse tekstane vart i neste omgang publiserte i eigne blad. Forholdet til pietismen var viktig, for det var ei stor, konkurrerande gruppe, med eigne hus og sterke organisasjonar, og dei kjempa om det same publikumet.

Den fristilte skjønnlitteraturen: Det mest interessante er den tredje gruppa, som kjem ut av denne kulturen, men som skriv ting som bryt radikalt med den idealiserte litteraturen. Det gjorde jo Garborg alt før dette organisasjonslivet oppstod. Likevel vart han ein stor helt i rørsla, ein hovding. Men lesingane av han nøytraliserte ofte både religionskritikken og pessimismen. Ser vi på dei store forfattarane i perioden, så ser vi det same mønsteret. Den gode litteraturen problematiserer og utfordrar sentrale element i nynorsk identitet, særleg det positive og optimistiske menneskesynet, «morgonmennene».

Olav Duun (1876–39) har det mest tvitydige og stundom dystre menneskebiletet ein kan tenkja seg. Det skal godt gjerast å finna noko kvassare portrett av ein psykopat enn det han teiknar av «Didrik Dævel» i Medmenneske (1929). Det finst ingen Vangsgutar hos Duun, det finst primært borande analyser av vondskapsfulle, irrasjonelle og psykopatiske individ og leiarar. Sjølv heltane er tvitydige, som Ragnhild (Medmenneske) og Odin i Juvikfolke (1918–23), særleg I stormen (1923). Den kjende scena på båtkvelven, der Odin ofrar livet for at fienden Lauris skal greia seg, blir ofte sett på som ein slags Kristus-figurasjon. Men også den historia er tvitydig, for Odin tek med seg Lauris på sjøen med det heilt eksplisitte føremålet å ta livet av han. Og det er den lyse Ragnhild som utfører drapet i Medmenneske. Også Helmer, den sentrale figuren i Menneske og maktene (1938), er meir tvitydig enn ein ser ved første blikk.

Tarjei Vesaas (1897–1970) skaper nokre av dei dystraste romanane i heile perioden. Han er tysk-inspirert, og skriv om undergangskreftene, som var eit sentralt tema i sentraleuropeisk åndsliv mellom krigane. Dei fire bøkene om Klas Dyregodt (Fars Reise, 1930, Sigrid Stallbrok, 1931, Dei ukjende mennene, 1932 og Hjarta høyrer sine heimlandstonar, 1938) høyrer til dei mørkaste skildringane i samtidslitteraturen, dei er tidleg modernistiske utan å bruka omgrepet. Mennesket har eit farleg valdspotensial hos Vesaas; og dette kan eksplodera når ein minst ventar det. Eit typisk uttrykk for dette er «stupet i panna», som han formulerer i Kimen (1940).

Olav Aukrust (1883–1929) er ein av dei store positive ideologane for norskdomsrørsla, og nokre av songane hans (t.d. «Fjell-Norig») har vore identitetsskapande for denne rørsla. Men når ein les heile samlingane, er dei – særleg Himmelvarden (1916) – fylt til randa av rotne hus, ruinar, fråflytta gardar, forfall og undergang – som tener som den mørke bakgrunnen for Himmelvarden og synene der.

Kristofer Uppdal (1878–1961) er den første modernisten og den første arbeidardiktaren, ein forfattar av heilt spesielle dimensjonar. Det er svært lite i hans litteratur som går opp med «det nynorske menneske», for han idealiserer arbeidaren, han skriv om industri og by, og han bryt ut av den tidlege nynorske verda, som er dominert av odelsgarden og bygdeproblematikken. Men han er historisk unik, med ei så tidleg skildring av arbeidarrørsla i stort format.

Ein sentral lyrikar som Aslaug Vaa (1889–1965) brukte nok mykje folkloristisk materiale i samlingane sine, med både språk og stader som har tydeleg telemarks-preg. Men i det ho skriv om, i problematikken, er ho svært moderne og skriv i forlengingane av sivilisasjonskritikken som vart formulert av frankfurtarskulen og den politiske delen av psykoanalysen. Og den mest originale realisten i mellomkrigstida var kanskje Gro Holm (1878–1949). Med Løstølsfolket (1932‒34) gjorde ho opp med den idylliserande skildringa av livet på landsbygda, og teikna eit bilete av slit og armod, og ho gjorde kvinneperspektivet til det sentrale. Det er no «vi konene» som avgjer om garden blir godt eller dårleg driven, skriv ho.

No er det også slik at diktarar som ekteparet Vesaas, Duun, Vaage og mange andre kombinerte denne skarpare realismen med lojalitet mot ungdomslaga. Dei heldt foredrag og underheldt, og ungdomslaga dyrka skriftene deira. Likevel er det nettopp i spenninga, i brytninga mellom norskdoms-ideologien og den modernistiske fortvilinga at den største litteraturen blir til.

Då er vi tilbake til dannings-omgrepet: Det handlar om å møta Det eller Den Andre, og få si oppfatning revidert, måtta utvida sin horisont og retta på sine fordommar. Dette skjer i høg grad med dei sentrale nynorske diktarane, i den grad dei starta opp med «Morgonmennene» sin visjon av livet.

Ein kan ikkje snakka om «den nynorske skjønnlitteraturen» som eit einstemmig fenomen. Nynorskrørsla er litt som Venstre; der det er meir enn eitt medlem, er det ein politisk konflikt. Og rørsla endrar seg.

Ein viktig endringsagent er Tor Jonsson (1916‒51), som punkterer det han kallar «den satans cocktailen av nasjonalisme og religion». Han går til åtak på kjerne-førestillingar i «morgonmennene» sin ideologi: at bygda er ein god stad, at det ligg eit stort kulturelt potensial i utkant-Noreg, at diktaren talar med både nasjonens og Guds røyst. Og framfor alt representerer han underklassa, husmannsplassen, drengestova.

På mange punkt peikar dette framover. Etter krigen misser nynorsk litteratur etter kvart ambisjonen om å vera den eine, sanne norske stemma og det eine norske språket. I staden blir dei opptekne av å forsvara utkantar og marginalposisjonar, og på 70-talet slår dette ut i ei dyrking av Bakhtin og karnevalismen. Nynorsk er ikkje ein salme i skogen og Norigs opphavlege røyst («Fjell-Norig»), men snarare spydigheitene formulert på kaia, nidvisene til Sande, ironiane til Økland. Subversjonen blir normal-ideologi, nynorsk identitet blir å vera i opposisjon. Dette endrar også den dominerande religiøse diskursen i nynorsk-litteraturen, som har spela seg ut mellom ei lita gruppe fritenkjarar (Garborg/Fjørtoft/Løland/Berg), eit dominerande grundtvigiansk miljø (folkehøgskulane, Mållaget og Ungdomslaget) og med pietismen som felles prügelknabe. No blir grundtvigianarane fritenkjarar, pietistane blir grundtvigianarar, og pietismen blir borte frå jorda. På same tid blir utdanningsvegen endra, frå lærarskule til universitet, og alle blir bondestudentar. Til sist overtek skriveakademia utdanninga, og lærer alle meta-perspektiv.

Men den særeigne historiske arven, det er arven frå morgonmennene, som skapte det organisasjonslivet som gjorde nynorsk skriftkultur mogeleg. Dei var også store nok til å ta inn dei som underminerte deira eigen ideologi. Fordi det er så sterke spenningar i denne tradisjonen, er det framleis fascinerande å studera den. Den er aldri heilt som ein trur, den utfordrar eins fordommar. Difor verkar den dannande.

Summary

The New Norwegian movement developed a network of cultural organisations in last decade of the 19th century, dominated by Noregs Mållag (Norwegian language organisation) and Noregs Ungdomslag (cultural work for young Norwegians). These organisations were closely connected to the Danish-inspired «folk high schools» and the teachers’ seminaries in rural districts. These settings developed an original kind of Bildung and their own ideals for moral life, built on national and ethical standards. The New Norwegian literature came out of these settings, and their authors were in many ways loyal to their organized world. But in their literary production, they often doubted or even attacked these national and often optimistic values, and came closer to ideals of international modernism of the period.

Litteratur

  • Aalen, O. (1913): Glør. Risør: Erik Gunleikson.
  • Kløvstad, J. (Red.) (1995). Ungdomslaget. Noregs Ungdomslag 1896–1996. Oslo: Samlaget.
  • Lægreid, S., Skorgen, T., & Bjerck Hagen, E. (2001). Hermeneutisk lesebok. Oslo: Spartacus.
  • Løkensgard Hoel, O. (2011). Mål og modernisering 1868–1940. Norsk Målreising II. Oslo: Samlaget.
  • MacIntyre, A. (1981). After Virtue. London: Duckworth.
  • Nyrnes, A. (1985). Det (ny)norske mennesket: Ein litterær analyse av familiebladet For bygd og by. Oslo: Samlaget.
  • Sørbø, J. I. (2018). Nynorsk litteraturhistorie. Oslo: Samlaget.

Ein nynorsk roman? Om Kjartan Fløgstads skriftkulturelle praksis

Geir Hjorthol*

Samandrag: Gir det meining å snakke om romanar skrivne på nynorsk som ein eigen sjanger? Artikkelen tar tak i dette spørsmålet med referanse til Kjartan Fløgstads forfattarskap. Eg startar med ein kort presentasjon av Fløgstads eiga forståing av forholdet mellom nynorsk og litteratur og knyter dette til poetikken hans. Eg legg særleg vekt på ei av dei viktigaste teoretiske inspirasjonskjeldene hans: Mikhail Bakhtin. Som døme på Fløgstads romankunst nærles eg utdrag frå to av romanane hans: Dalen Portland (1977) og Grand Manila (2006). Eg undersøkjer korleis forfattaren nyttar og kombinerer ulike narrative stemmer i sine litterære utforskingar av det norske samfunnet på to ulike historiske tidspunkt. Eg rettar særleg merksemda mot korleis bruken av folkemål fungerer i Fløgstads dialogiske forteljing. Til slutt knyter eg funna mine til det innleiande spørsmålet: Finst det ein «nynorsk roman» i Fløgstads forfattarskap?

Nøkkelord: Nynorsk, roman, folkemål, dialogisitet, praksis

Keywords: New Norwegian, novel, popular language, dialogism, praxis

Hovedmangelen ved all materialisme hittil – Feuerbachs medregnet – er at tingen, virkeligheten, sanseerfaringens verden bare oppfattes som objekt eller anskuelse, ikke som konkret menneskelig virksomhet, praksis; ikke subjektivt.

—Karl Marx: «Teser om Feuerbach», 1845

*Korrespondanse: Geir Hjorthol, Institutt for språk og litteratur, Høgskulen i Volda, Postboks 500, NO-6101 Volda. E-post: gh@hivolda.no

Sitering av dette kapitlet: Hjorthol, G. (2019). Ein nynorsk roman? Om Kjartan Fløgstads skriftkulturelle praksis. I S. J. Helset & E. Brunstad (red.), Skriftkulturstudiar i ei brytingstid (s. 105–136). Oslo: Cappelen Damm Akademisk. https://doi.org/10.23865/noasp.67

Lisens: CC BY 4.0

Innleiing

Tittelen på det symposie-innlegget som denne artikkelen spring ut av, lydde slik: «Den nynorske romanen. Ein skriftkulturell praksis».1 Der stilte eg spørsmålet om det finst noko slikt som ein «nynorsk roman» – ut over det opplagde: at det finst romanar skrivne på nynorsk. Men gir det meining å plassere desse i ein eigen undersjanger? Ein kunne også spørje om det er meiningsfullt å snakke om norsk litteratur i det heile, for har ikkje litterære og kulturelle impulsar alltid gått på tvers av nasjonsgrenser? Og dersom det er vanskeleg å trekkje klare grenser mellom litterære retningar på grunnlag av nasjonalspråket tekstane er skrivne på, blir det ikkje lettare om ein ser på tekstar forfatta på den eine av dei to offisielle variantane av skriftleg norsk.

Men likevel: Er det ikkje noko med nynorsken som i det minste potensielt kan vere med og prege litteraturen som er skriven på dette språket – som ikkje har noko å gjere med at «nynorsk passar så godt til lyrikk»? Har nynorsk-litteraturen ein eigen tematikk? I den nyleg utkomne Nynorsk litteraturhistorie peikar Jan Inge Sørbø på at «[d]en nynorske litteraturen er ein slags reiselitteratur, frå omstreifarane Aasen og Vinje, via bondestudenten Garborg og opp til globetrottaren Fløgstad» (Sørbø, 2018, s. 11). Det kan vere rett nok. Men samtidig er reisa – geografisk og sosialt – ein av dei tjukkaste tematiske trådane gjennom heile den vestlege litteraturhistoria. I tillegg er reisa ramma for den individuelle utviklingshistoria som står i sentrum for den borgarlege romanens prototyp: danningsromanen, som både Garborg og Fløgstad underminerer, kvar på sitt vis.

Kva er ein roman? Om vi ser sjangeren under eitt, er den så mangearta og motsetningsfull at det er problematisk å omtale han som éin sjanger. Det er freistande å seie at det klaraste kjenneteiknet på romanen er fråværet av einskap. Litteraturvitenskapelig leksikon (Lothe et al., 2007) nøyer seg fornuftig nok med å definere romanen som «en lengre fiktiv prosafortelling» (s. 195), rett nok med døme på ulike variantar. Men sjølv ein så generell definisjon er langt frå vasstett. Lengda på romanar er høgst variabel, og det er slett ikkje berre vår tids «røyndomslitteratur» som har utfordra grensa mellom fiksjon og røyndom. Om ein skulle snakke om ein romanens «essens», måtte det derfor vere med grunnlag nettopp i det mangfaldige, motsetningsfulle og fleksible ved sjangeren.

Det problematiske ved å snakke om ein nynorsk roman blir ikkje mindre på denne bakgrunnen. På den andre sida: Kan vi ikkje like gjerne snu dette på hovudet og hevde at det nettopp er det motsetningsfulle ved romansjangeren som gjer at vi kan sjå romanar på nynorsk – ikkje som ein eigen undersjanger – men som prototypiske romanar – i kraft av det språket dei er skrivne på? Då tenkjer eg ikkje på nynorsken som essensielt og sjangerbestemmande kjenneteikn, men på det faktum at dette språket (i si skriftlege form) både er eit mindretalsspråk som frå første stund har stått i opposisjon til fleirtalsspråket, og eit språk med eit heilt anna normeringsgrunnlag enn overklassens talemål i hovudstaden. Det nynorske skriftspråket opnar for ein annan og meir mangfaldig praksis, i nærare kontakt med folkemålet. I alle fall i prinsippet. Men prinsipp er ein ting; litterær praksis kan vere noko anna, når den litterære institusjonen gjer seg gjeldande med si normative tyngde. Då kan den målpolitiske sida av saka kjennast som ei hindring for ein forfattar som treng å røre seg fritt.

«Eg er ikkje nynorskmann»

Når eg har valt å diskutere denne spenninga med Kjartan Fløgstads forfattarskap som døme, er det sjølvsagt ikkje tilfeldig. Grunnen er ikkje berre at han er ein av dei fremste forfattarane i Noreg i dag, og ein fornyar av romansjangeren i det heile, men at han har framstått som ein sterk forsvarar av det nynorske skriftmålet både som litterært språk og som allment bruksspråk. Då han i 1978 fekk Nordisk råds litteraturpris for Dalen Portland (1977), donerte han prispengane til skulemålsarbeidet til Noregs Mållag. Eit tydelegare signal om godhug for nynorsken kan ein vel vanskeleg tenkje seg?

Det er liten tvil om Fløgstads engasjement for nynorsken, men det vil ikkje seie at han berre har godt å seie om målrørsla – eller den nynorske litterære tradisjonen. I eit foredrag han heldt i litteraturselskapet Det Norske Samlaget i 1983, byrja han slik: «Eg er ikkje nynorskmann. Eg er ikkje nynorskforfattar. Eg er norsk forfattar. Så er det sagt» (Fløgstad, 1996, s. 20). Han ynskjer altså ikkje å bli definert som forfattar på grunnlag av det språket han skriv på. Kvifor er det alltid nynorskforfattarar som må rettferdiggjere kvifor dei skriv på sitt eige språk? Det er greitt, seier han, at nynorsk blir møtt med ei rekkje hindringar i dagens samfunn som gjer han til «eit majoritetsspråk som blir brukt av ein minoritet» (Fløgstad, 1996, s. 24). Dette heng saman med økonomiske og politiske maktforhold i samfunnet, ikkje kva nynorsken er brukande til eller ikkje. Men desse hindringane

er for ingen ting å rekne mot dei indre blokkeringane i bruken av nynorsk, frå nynorskfolk sjølve. Kravet om sjølvrefleksjon, ja den nesten ontologiske giren etter å rettferdiggjera nynorsk som uttrykksmiddel, har samanheng med at nynorsk ikkje berre er eit språk, men også – og for mange først og fremst – ein ideologi. Denne nynorskideologien er den største vansken i arbeidet med nynorsk skjønnlitteratur i dag. (Fløgstad, 1996, s. 26)

Fløgstad tar avstand ikkje berre frå det sjølvundertrykkjande kravet om legitimering, men frå forankringa av nynorsk i det nasjonale gjennombrotet og den tilbakeskodande haldninga som kom til å prege målrørsla. Ein slik nasjonalromantisk idealisme passar ikkje for den historiske orienterte materialisten: «Norskdomsreisinga hadde som mål å styrka og forsvara folkemålet og folkekulturen. Men ofte er det blodfattige og idealistiske utgåver av folkediktinga norskdomsrørsla den serverer» (Fløgstad, 1996, s. 27).

For Fløgstad er det heller ikkje noko meiningsfullt mål at nynorsken skal «vinne målstriden». «Det overordna i målstriden er at norsken overlever», skriv han (1996, s. 30). «Men kamp for nynorsk – det vil i hovudsak seia bruk av nynorsk – er det beste taktiske middelet for å nå dette langsiktige målet. I dette perspektivet tener målstriden begge dei to målformene.» Dialektar og folkemål står langt sterkare her til lands enn i andre land, og det skal vi vere glade for. Slik sett har nynorsken på eit vis allereie vunne målstriden, som den fremste forvaltaren av folkemålet:

Nynorsken har ikkje lide nederlag. Den har sigra. Nå dreiar det seg om å dela sigerens frukter. Tradisjonen frå Ivar Aasen har hovudæra for at det i Norge i dag er skapt ei språkleg spennvidd der rikdommen i norsk er tilgjengeleg for dei som vil bruka den. At denne rikdommen i dag blir forvalta av to skriftnormer, i innbyrdes strid, er langt frå noka landsulukke. [...] Når nynorsken går fram, står norsk folkemål sterkt, og omvendt. Denne situasjonen, den såkalla «språkstriden», er eit vilkår for all litterær verksemd i Norge, både den skapande og den kritiske. Striden mellom «høg» og «låg» kultur står – i motsetning til dei fleste andre land – alltid på dagsorden i norsk litteratur, uavhengig av om Bakhtin og karnevalismen er på moten eller ikkje. Ein norsk forfattar som skriv nynorsk er på eit vis alltid nøydd til å leva både i den høge og den låge. I den «ureine» stil. Og skapa litteratur som er hemmeleg, som kunsten, og sjølvsagt, som daglegtalen. (Fløgstad, 1996, s. 31)

For Fløgstad er det i denne samanhengen at nynorsken har sin fremste verdi som litteratur-språk, men litteratur på nynorsk kan vere så mangt. Som alternativ til den idealistiske og nasjonale reinleiksideologien som historisk har prega norskdomsrørsla, viser Fløgstad til folkeminnegranskaren Svale Solheim sine undersøkingar av forholdet mellom arbeidsprosessar og språklege nemningsfordommar, som han omtalte som «løyndemål». Fløgstad plasserer Solheim i ein tradisjon han omtalar som «det språklege venstre»:

Denne tradisjonen går sjølvsagt tilbake til Aasen og Vinje, og er kulturkonservativ og politisk radikal, egalitær og aristokratisk på same tid. Ei slik form for aristokratisk radikalisme vil vere sterkt sosialistisk prega, og er folkeleg, patriotisk, internasjonalt orientert, og tapande, som kulturelle motstandsrørsler flest. (Fløgstad, 1994, s. 28)

Koplinga til Solheims omgrep «løyndemål» er særleg interessant med tanke på Fløgstads eigen bruk av folkemålets ressursar. Det «folkelege» ved folkemålet ligg med andre ord ikkje i noko «ekte», «reint», og «opphavleg», men i ei motstandskraft som ligg nedfelt i ein folkeleg, språkleg kreativitet. Den kan han nytte seg av – og setje dei folkelege røystene i samtale med røyster frå andre kulturelle sfærer i det samfunnet han skildrar.

Fløgstad og Bakhtin

Før vi ser nærmare på Fløgstads litterære praksis, er det greitt å minne om at den store forfattarskapen hans omfattar meir enn romanar, samtidig som grensene mellom sjangrane aldri er skarpe. Dei er programmatisk «ureine» både med omsyn til sjanger og stilnivå. Han plasserer seg også på utsida av og jamvel i motsetning til den nynorske prosatradisjonen:

[D]en klassiske nynorske prosatradisjonen blei ein ubrukeleg reiskap til å forstå og forklara det norske samfunnet etter industrialiseringa og undergangen til det gamle bondesamfunnet (for meg er Sauda konkretiseringa av den påstanden!) døydde ut, skal vi seia, med Garborg og Duun. Deira prosastil var rustikk, naiv, bondsk og presis. Det same kan ein seia om den nynorske sakprosatradisjonen. Han var det språklege uttrykket for eit foredla vestnorsk bondesamfunn, eit språk frå og for eit klasselaust samfunn, men i eit klassedelt samfunn [...]. Indrebø, Gjelsvik, Midttun ... Vi kan ramsa opp heile rekkja av gamle målgubbar som døme på denne stilen. (Fløgstad, 1983, s. 26)

Fløgstad gir her ein karakterisitikk av ein litterær tradisjon som er historisk forankra i det norske samfunnet før den industrielle moderniteten. Slik sett er han utdatert og dermed til liten nytte for hans eige prosjekt.2 Samtidig ser vi gjennom heile forfattarskapen at han også vender blikket mot fortida, ikkje for å gi noko nostalgisk glansbilete av ei tid som var, men for å vise både samanhengar og skilnader i høve til notida. Fløgstads historiesyn er materialistisk og meir i tråd med Walter Benjamins historiefilosofiske tesar (Benjamin, 2014) enn ei positivistisk historieskriving som har som mål å slå fast «korleis det eigentleg var».3

Artikkelen eg har sitert frå ovanfor, har tittelen «Dei andre orda» og byrjar slik: «Språket er den første delen av samfunnslivet som blir fullstendig sosialisert. Derfor må dikting, særleg på prosa, visa til ein kollektiv (intersubjektiv til ære for dei som vil misforstå) sum av forståing og erfaringar» (Fløgstad, 1983c, s. 26). Språket som sosialt og kollektivt, i motsetnad til språket som lydig kommunikasjonsmiddel i hendene på det Individet som uttrykkjer seg. Dette går som ein raud tråd gjennom heile forfattarskapen til Fløgstad. Som Gujord (2018, s. 37)) peikar på, er språket for Fløgstad «eit materielt grunnvilkår, med forankring i talemålet og folkekulturen», men det er også eit språksyn med grunnlag i strukturell lingvistikk, poststrukturalisme, seinmarxistisk samfunns- og kulturteori, psykoanalyse og meir til.4 Fløgstads bruk av teori er eklektisk, og teorien er alltid underordna det litterære prosjektet.

I innleiingskapitlet i Ordlyden (1983) peikar forfattarens alter ego, Wim Runar Leite (ein av dei oppdikta personane i Fyr og flamme), på så ulike litteraturhistoriske føresetnader som barokk, surrealisme, pikareskroman, grotesk realisme og den latin-amerikanske «magiske realismen», men også, og ikkje minst, den hardkokte kriminalromanen. Som mange vil vite, har Fløgstad eit anna syn på populærkulturen enn både dei kulturkonservative forsvararane av den høge kulturen og ideologikritikken i tradisjonen frå Frankfurt-skulen.5 Ein kan trygt slå fast at det er eit godt stykke frå den klassiske nynorskprosaens «rustikke» stil til slike litterære tradisjonar.

Med eitt unntak skal eg ikkje gå nærmare inn på dei ulike føresetnadene for Fløgstads romankunst. Når forholdet mellom denne og nynorsken står på dagsordenen, slepp vi nemleg ikkje unna Mikhail Bakhtin. Fløgstad introduserte den russiske litteraturforskaren for eit norsk publikum i essaysamlinga Loven vest for Pecos (1981). I ettertid ser vi at Bakhtins studiar av polyfoni og karnevalisme i litteraturen har vore mellom dei viktigaste teoretiske føresetnadene for forfattarskapen hans. I Dostojevskijs poetik (1991 [1963]) skriv Bakhtin:6

De viktigaste hjälterna hos Dostojeskij är faktiskt, i överensstemmälse med författarens konstnärliga avsikt, inte bara objekt för författarens ord utan också subjekt för det egna, direkt betydelsebärande ordet. […] Hjältens ord om sig själv och om världen väger lika tungt som författarens ord; det er inte underordnat objekt-bilden av hjälten som ett av dess karakteristika, och tjänar heller inte heller som språkrör för författarens röst. Det äger en utomordentlig självständighet i verkets struktur, det ljuder liksom jämsides med författarens eget ord och förenas på ett särskilt sätt med det och med de andra hjältarnas röster. (Bakhtin, 1991, s. 10–11)

Bakhtin legg vekt på at den biografiske romanens plott ikkje passar for Dostojevskij. I staden vender han seg til andre tradisjonar i den europeiske litteraturhistoria, som eventyrromanen og melodramaet: «Allt kan hända äventyrshjälten och han kan bli allt. Han är heller inte substans utan ren funktion av händelser och eventyr» (Bakhtin, 1991, s. 110). Slik kan mennesket plasserast i unntakssituasjonar og konfronterast med andre menneske. Men Dostojevskis romanhistoriske føresetnader går også lenger tilbake i tid, til dei tragikomiske sjangrane i antikken, den sokratiske dialogen og den menippeiske satiren, og framstår som vidareførar av den karnevaleske tradisjonen frå mellomalderen. Med andre ord ser Bakhtin ein samanheng mellom den dialogiske (polyfoniske) forteljemåten og karnevalismen hos Dostojevskij.

Bakhtins romanteori er også ein kulturteori, og, som Maria Shevtsova (1992) har peika på, ein teori om populærkultur – i tydinga «folkets kultur» eller «folkekultur». Det ser vi tydeleg i boka om Rabelais og latterkulturen i mellomalderen og renessansen. Det er ein studie i verbal kunst, der språk og kultur blir sett som to sider av same sak. Språk er for Bakhtin først og fremst tale, slik den i si mest kroppslege form kjem til uttrykk i folkemålet. Han forstår romanen som ein talesjanger som er sett saman av ei rekkje andre talesjangrar. Når så den folkelege talen utgjer ryggrada i romanen, som hos Rabelais, skjer det ei frukbar dynamisk kopling mellom det «låge» og det «høge», mellom folkemål og kunstspråk. Dette er kjernen i forståinga hans av romanen som språkleg-kulturelt fenomen, der kryssinga av språklege grenser er det som gir romanen sin motsetningsfulle identitet som sjanger: «Language shapes the novel, but it is not predetermined. It is brought into existence by the women and men who make their culture in society» (Shevtsova, 1992, s. 750).

Det er liten tvil om at Bakhtins teoriar om litterær polyfoni og karnevalisme har gitt avgjerande impulsar til Fløgstads estetikk. Samtidig tar han eit steg vidare og innlemmar «populære kunstformer» (s. 12) som kriminalromanen, B-filmen og den franske surrealismen som utløparar av den same tradisjonen. Like lite som Bakhtin stiller han «høgt» og «lågt» opp mot kvarandre som diametral motsetning, men legg vekt på at høgkultur og lågkultur har levd i ein motsetningfull samverknad til alle tider: «folkekunsten såvel som den høge kunsten er over alt, […] høgkulturen og lågkulturen står i uavbroten kontakt, […] det er mytologiske element i alle kulturytringar, og element av opplysning i alle mytologiar» (Fløgstad, 1996a, s. 48). I denne dialektikken ligg det ein nøkkel til å forstå Fløgstads kopling mellom språk, poetikk og samfunn, mellom folkemålet og populærkulturens subversive potensial og ein språkmedviten modernisme som tar dette i bruk og ikkje plasserer seg sjølv i ein autonom sfære utanfor politikk og samfunnsliv.

I ein tale til landsmøtet i Noregs Mållag i 1984 («Målet er maratonløpet, ikkje å komma i mål»), sa Fløgstad:

[Med] modernismen i kunsten blir uttrykket, blir språket og teksten sjølve problemet. Språket blir ikkje lenger redskap, det blir materiale. Modernismen fattar, kan vi seia, den materielle karakteren til språket. [...] Orda sluttar å stå i skildringa si teneste, ordbruken og framstillingsteknikkane blir opphøgde til sjølve den estetiske gjenstand. Framleis er vi nok språkbrukarar, men endå meir blir vi brukte av språket. Orda er ikkje skuldlause, dei er tungt lada, ideologisk, syntaktisk, lydmessig. (Fløgstad, 1996b, s. 46)

Fløgstad prøver på denne måten å kome bort frå eit idealistisk syn på språket som lydig reiskap i hendene på diktaren. I staden forstår han språket som grunnleggande for subjektets samfunnsmessige praksis, og dermed også for menneska si forståing av seg sjølve og verda. Her ser vi tydelege spor både av ein strukturalistisk/semiologisk tenkjemåte og ein marxisme som ser språk og subjekt som del av det samfunnsmessige og historiske. Fløgstad hadde ikkje vore materialist om han ikkje også hadde vore opptatt av språket sin plass og funksjon i historia: «Språket speglar ikkje berre tilstanden til ein tenkemåte og eit samfunn, det er også i stand til å endra begge deler» (s. 47). Sjølv om vi «blir brukte av språket», og språket er «tungt lada», er vi ikkje berre passive offer og fangar i språkets fengsel.

Korleis kjem dette synet på språk, subjekt og samfunn til uttrykk i Fløgstads litterære praksis? For å drøfte det skal eg bruke to av romanane hans som døme: Dalen Portland (1977) og Grand Manila (2006). Med den første fekk han sitt litterære gjennombrot, i den andre vender han, nesten 30 år seinare, tilbake til det same miljøet, den vestlandske industritettstaden, men denne gongen med utgangspunkt i at den industrielle moderniteten er i ferd med å ta slutt. Slik representerer dei to romanane ei sentral motivisk og tematisk linje i forfattarskapen, men også to ulike historiske kontekstar. Eg kan sjølvsagt ikkje gi utfyllande analysar av to så mangfaldige verk på nokre få sider. Det eg skal prøve å gjere, er å seie noko om korleis Fløgstads poetikk kjem til uttrykk i desse tekstane, særleg korleis ulike røyster vev seg saman i forteljinga, og vi startar med Dalen Portland (1977)7.

Tekstens røyster

Språket er ideologisk lada og held menneska fast i rådande tankemønster og verdiar. Men språket kan òg nyttast til å undergrave oppfatningar av det kulturelt skapte som «natur» og formidle håpet om at noko anna er mogleg. Denne doble funksjonen til språket blir signalisert allereie i tittelen Dalen Portland, som også er namnet på ein verkeleg sementfabrikk (Dalen Portland Cementfabrikk, frå 1968 Norcem Brevik). Råstoffet til sement er kalkstein, som er henta frå naturen. Sementen fungerer som bindemiddel i produksjonen av betong, som blir brukt til bygningformål, til å byggje noko nytt. Ordet sement blir også nytta metaforisk i si verbale form («sementere») om å binde noko fast. Dei to første orda, stadnamna «Dalen» (i Telemark) og Portland (USA) peikar mot romanens (og kapitalismens) kopling mellom det heimlege og den store verda. Slik peikar tittelen både mot romanens kopling mellom det materielle og det språklege, og mellom den lokale og den globale historia. Dermed fører den oss rett inn i Fløgstads litterære univers.

Første kapittel i Dalen Portland fortel historia om Selmer Høysand si forvandling frå bondeson til industriarbeidar ein gong på 1930-talet. Dette skjer i Lovra, ein fiktiv industritettstad som til forveksling liknar på Sauda, forfattarens heimstad. Det er ikkje Selmer som fører ordet, men ein anonym forteljar. Han startar med å skildre ein høgst kvardagsleg situasjon, to kvinner som driv med klesvask:

Ho plantar hælane i støypen og står. Ho står og bøyer seg fram, slår ut med armane, som til eit startstup, tar tak i hanken på kvar side av den fulle sinkbaljen, og løfter. […] Den unge kvinna vaggar tungt over golvet, med breie hofter og stiv rygg og baljen på strake armar. Ho er kledd i sid stakk og har kvitt skaut på hovudet og tresko på føtene. I kjellardøra stoppar ho, og blir ståande dørgande roleg mot sola utanfor, som ein mørk eindimensjonal og symmetrisk figur, klipt ut av historia og lagd på lys rektangulær bakgrunn for kontrast. (s. 13)

Situasjonen er realistisk og truverdig nok. Det var ikkje utan grunn at Atle Kittang (1977) og andre rosa Fløgstad for evna til historisk-realistisk forteljing.8 I opninga er det den ekstradiegetiske forteljaren som også er fokalinstans, som «ser» og sansar det som skjer.9 Vi legg merke til at situasjonen blir formidla som bilete både i bokstaveleg og overført tyding. Dermed bryt han med realismens konvensjonelle krav om at forteljaren skal gjere seg «usynleg» og la personane tale «direkte», med sitt språk (show, don’t tell, som det heiter i anglo-amerikansk forteljeteori). Det kravet oppfyller Fløgstad ikkje. Tvert om gjer han sitt språklege nærvær merkbart frå første stund, med ei forteljarstemme og eit perspektiv som ligg utanfor personens horisont. Slik får vi allereie i romanens opning eit døme på det doble ved Fløgstads forteljemåte, ved sin karakteristiske kombinasjon av referensialitet og sjølvreferensialitet, eller realisme og litterarisering.

Romanen som heilskap er mangfaldig og varierande i si stilisering av språk- og taleformer, seier Bakhtin (1990). Han skil mellom autoral-litterær forteljing, munnleg forteljing (skaz), semi-litterær (skriftleg) forteljing (t.d. brev), ekstra-litterær autoral tale (m.a. filosofiske og vitskaplege ytringar), og stilisering av personane sin individuelle tale. Samtidig poengterer han at når desse kjem inn i romanen, blir dei underordna romanens stilistiske einskap, samtidig som dei blir verande relativt autonome:

[…] the style of the novel is to be found in the combination of its styles; the language of a novel is the system of its «languages» [...] The novel can be defined as a diversity of social speech types [...] and a diversity of individual voices, artistically organized. (Bakhtin, 1990, s. 262)

Bakhtin omtalar dette fenomenet som romanens «social heteroglossia» (s. 263) og definerer det som «another’s speech in another’s language», eller «double-voiced discourse» (s. 324). Variantane er mange. I sitatet frå Dalen Portland ser vi eit døme på det Bakhtin kallar autoral-litterær forteljing. Like etter skjer det ei endring i teksten. Kvinna med sinkbaljen blir var noko i lia bortanfor: ein gutunge som kjem springande gjennom landskapet. Dei to kvinnene veit ikkje kva han spring etter, men, seier den eldre:

[…] viss det er rett som det blir sagt, at det er av barn og fulle folk ein skal få høyra sanninga, så ser det nå ut til at vegen bort frå usanninga ikkje akkurat er den som er beinast og lettast å ta seg fram på. Det er berre å prøva å følgja fotspora til han der, så vil dei nok finna ut at det blir mange utvegar å gå.

Seie meg så.

Sakta det.

Seie då det.

(s. 13–14)

Her overlèt forteljaren ordet til dei to kvinnene, som snakkar i direkte tale. Samtidig ser vi at orda ikkje berre kan tilskrivast eitt talande individ. Det folkelege ordtaket («det er av barn og fulle folk …») tilhøyrer ein kultur, eit kollektiv. Deretter følgjer ein refleksjon som løftar seg til eit anna språknivå, og som seinare i romanen viser seg å ha eit anna opphav. Slik oppstår det ein dialogisk relasjon i teksten både mellom personane og mellom personane og den forteljaren som knyter utsegnene deira saman og gjer dei til del av romanen som overordna diskurs. «A speaking person’s discourse in the novel is not merely transmitted or reproduced; it is, precisely, artistically represented», seier Bakhtin (1990, s. 332).

Kva med replikkvekslinga som følgjer etter monologen til kvinna? Også her gjer Fløgstad bruk av folkelege seiemåtar. Kva tyder desse uttrykka? Det er ikkje så godt å seie, og det er kanskje heile poenget – at vi skal undre oss over det. Dei slår fast det som kvinna nettopp har sagt. Men funksjonen ligg kanskje meir i måten dette blir uttrykt på enn i kva som blir sagt? Kanskje forma er viktigare enn innhaldet? Samtidig skjer det noko når dei tre replikkane blir stilt opp etter kvarandre og skriftleggjort som «kortdikt» i romanen. Då blir den rytmiske og poetiske krafta i uttrykka framheva, ved at allitterasjonane og assonansane får klinge mellom linjene. Her får vi igjen ein demonstrasjon av det tvitydige ved Fløgstads skrivemåte: Dei folkelege uttrykka skaper språkleg realisme, men i neste omgang er resultatet språkleg underleggjering/surrealisme.

Skildringa blir farga og filtrert gjennom språket og blikket til dei to kvinnene. Samtidig fungerer forteljarerens blikk som eit kamera. Guten som spring, blir først sett på lang avstand, før kameraet zoomar han inn og vi får vite at han ikkje spring for moro skuld. Han har ei viktig melding til onkelen sin, Selmer, om at han har fått arbeid på fabrikken, smelteverket nede i bygda. Men først går turen gjennom eit landskap han kjenner ned til minste detalj, med anekdotar og praktiske funksjonar knytte til seg:

Han spring stølsvegen. Han har ein beskjed. Han har noko han skal seia. Nokre få setningar som mora har fått han til å seia opp att og opp att til han kan dei utanåt, nokre enkle setningar som i hans munn skal ljoma som tora mellom Vorenuten og Nonskiljene, og slå ned i dei fruktbare bergskortene, utsletta grøda han lever av, språket han lever i, stilla han spring gjennom, seg sjølve. Han kjenner seg med eitt så trøytt så trøytt, og tutlar i den lange Stikleiva, men snart kan han sjå heilt fram, han kan sjå over frå Øvste Stien og bort på Drivane, der dei driv og slår på tredje dagen. […] Han bøyer seg ned og stryk handa gjennom lyngen og raspar med seg blåbær etter vegen, i eit landskap som berre har forandra seg slik: vår, sommar, haust, vinter; og berre blitt brukt slik: beite, skav, hogst. Det er framleis sommar, varmt, han kjenner det godt nå, kor varmt det er […]. (s. 16)

Fleire diskursformer blandar seg også her. Vi ser korleis forteljinga skiftar mellom forteljarens blikk, med oversyn over tid og rom, og gutens blikk og medvit, som er med og fargar forteljarstemma. I byrjinga av avsnittet er framstillinga presis og truverdig og slik sett «realistisk», men hos Fløgstad er ikkje forteljaren anten subjektiv eller objektiv. Han markerer seg med sitt språk, men samtidig med forteljarens tale høyrer vi også «ein annans tale» (Bakhtin, 1990), ikkje berre den som tilhøyrer guten, men stemma og medvitet til kollektivet, det bygdemiljøet guten er ein del av, og som har lært han namna på fjella og kva naturen blir brukt til. Gjennom forteljarens røyst får lesaren også del i noko som guten ikkje kan vite noko om: den store historiske samanhengen som den kvardagslege hendinga på 1930-talet inngår i. Denne delen av historia blir formidla gjennom ein prolepse innanfor den etterstilte narrasjonen («... nokre enkle setningar som skal ljoma som tora ...»).

Forteljaren er ekstradiegetisk gjennom heile det første hovudkapitlet, samtidig som han vekslar mellom skildring, referat og fri indirekte stil. Bakhtin (1990, s. 319) omtalar denne forma som «quasi-direct discourse» og peikar dermed på at forteljar og person glir saman i stemmeføringa. Fløgstads forteljar går inn i medvitet til guten og lar sansinga hans sleppe gjennom: «Han kjenner seg med eitt så trøytt så trøytt» (s. 16). Men både i den «ytre» skildringa og den frie indirekte stilen er vokabular og seiemåtar henta frå same kjelde: eit folkemål knytt til tid og stad og bondesamfunnets produksjonsmåte. Slik blir utseiingssubjektet fleirtydig. Forteljaren i romanen er ingen person, men ei tekstleg stemme, ein «ordstyrar» som slepper til andre stemmer enn si eiga, ikkje berre gutens, men språket til det miljøet han er ein del av, ein kultur på overgangen frå ein produksjonsmåte til ein annan.

Som dei to kvinnene i opninga framstår guten og dei kvilande slåttefolka, når han kjem fram til stølen, som bilete, sett av den same autoritative forteljarinstansen som i sitatet ovanfor:

Stille, stille, frå opphavet, frå alltid: guten hiv etter pusten og orda som skal bryta denne stilla for alltid, for godt; riva det fredfylte biletet over, så lett som om det var eit forsvarslaust og nyttelaust fotografi eller daguerrotypi som ingen lenger bryr seg om å ta vare på. (s. 18)

Igjen er det den ekstradiegetiske forteljaren som både «snakkar» og «ser», med ei historisk innsikt som dei fiktive personane ikkje kan ha. Når guten endeleg har fått att pusten, kjem orda hans slik:

Eg skulle seia, seier han. Eg skulle seia frå ho mor, at eg skulle seia til han farbror Selmer at han kunne få seg eit skift på fabrikken. Og eg skulle seia at det visst blir fleire òg, og at han måtte skunda seg, for han måtte komma på på ettermiddag i dag klokka tre. (s. 19)

Dette er folkemålet i litterær utfalding. Den unge guten ber fram ei viktig melding frå mora som skal endre livet til Selmer. Det gjer han gjennom eit språk og ein subjektivitet med ei heilt spesifikk sosial og historisk forankring. Men det folkelege språket («komma på på ettermiddag») får også ein poetisk funksjon gjennom repetisjonane («seia» fire gonger) og rytmikken i Fløgstads språk.

Første hovudkapitlet i Dalen Portland skildrar overgangen frå bondesamfunn til industrisamfunn på 1930-talet i ei bygd på Vestlandet, men det er ingen tradisjonell historisk roman vi snakkar om. «Den største historiske verdien av Fløgstads skildring er på eit mentalitetshistorisk plan», skriv Gujord (2018, s. 138). Også Selmers tankar er ein del av historia, men den mentaliteten dei er uttrykk for, blir sett i lys av det materielle: dei to produksjonsmåtane som dannar ei dobbel ramme for livet hans. Det materielle og kulturelle grunnlaget for erfaringane til Selmer er ikkje lenger berre garden, men fabrikken. Men overgangen i mentalitet skjer ikkje like fort som dei materielle og økonomiske endringane. Selmer organiserer seg, men står utanfor fellesskapen på Folkets hus og miljøet i fagforeininga. Debattane der ser han som god underhaldning: «Nidingsverket bygges ut! Knefallet blir nesegrus spyttslikking! Arbeidsfreden er freden på arbeiderbevegelsens grav! Klassesamarbeide er klassesamleie! Sosialdemokratiet er klassens hore som selger sin kropp til den rike libertiner for tariffens dukater!» (s. 36). Den revolusjonære retorikken til den riksmålstalande kommunisten Fridstad finn han «løyen» å høyre på, men innhaldet i orda seier han ingen ting: «Selmer sat med open munn og svelgde, med øyrene på stilkar, som gule hestehovar» (s. 36). Derimot kjenner han seg heime på ungdomshuset:

Nei, Selmer Høysand gjekk på ungdomslaget, det frilyndte, og fann ei verd som han tykte han kjende seg igjen i, og titt han mintest ein gamal gard, og las Aasen, Vinje, Garborg, Sivle, Halvor Floden og Hans Seland, og høyrde stemnetalar og festtalar av Klaus Sletten, Anders Hovden, Sven Moren, tallause Eskelandar, og professor Nikolaus Gjeldsvik: Når småkårsfolk brukar alkohol kan det skada den sociale uppdrift [...]. Og professor Gustav Indrebø: «Kva er då den berande, djupast aktive idéen i målreisingi? Det er den nasjonale reisings- og sjølvhevdingstanken. Og truskapstanken. Det er ein ting me ikkje kan få gjennom norskdansken, men berre gjennom nynorsken: Det er eit norsk mål. (s. 29)

Det er denne kulturen Selmer er fortruleg med, om enn på tvitydig vis. Trass i den nasjonale idealismen i Ungdomslaget, er han sjølv tradisjonsbunden og jordnær. Han representerer det sunne bondevitets praktiske fornuft. Det kjem han til nytte i arbeidet på fabrikken, men den moderne konflikten mellom arbeid og kapital har han lita innsikt i. Sjølve vilkåra for arbeidet, kva samanhengar det inngår i, og korleis han har «fått» det, er ukjent for han.

Etter møtet på Folkets hus tar Selmer følgje med Johan Jørgensen på veg heim. Utanfor Bladcentralens aviskiosk legg han merke til ein liten gut som står og ser på alle blada som heng i vindauget. Det er Rasmus, son til Johan Jørgensen (som seinare viser seg å vere stefar). Selmer undrar seg over at han får lov til å vere ute så seint, og får til svar: «Å, han får vel ikkje akkurat, men den karen plar nå ikkje alltid vera så nøye med kva han får og ikkje får» (s. 37), svarar Jørgensen. Dette er slutten på det første hovudkapitlet i romanen og fungerer som overgang til det neste, der vi får høyre historia om Rasmus, ein av dei to andre hovudfigurane i romanen. Den tredje er Arnold, syskenbarnet hans, som saman med Rasmus representerer den neste generasjonen, men livsmønstera og mentalitetane til desse to er ganske så ulike.

Gjennom skildringa av Arnold Høysand får vi ei framstilling av det moderne sosialdemokratiet som eit forvalta og avpolitisert samfunn. Noko av det mest karakteristiske ved den tenkjemåten han representerer, er det klare skiljet mellom privat og offentleg: kvardagsliv her og politikk der, som to separate verder:

Det var aldri snakk om lykke eller frigjering, det som sto på dagsorden var dei femti åra fram til aldersgrensa (og det ukjende talet på år deretter) som skulle administrerast best mulig for å overleva, utan altfor mykje slit, utan for mykje underkuing, utan å bli for mykje nedverdiga; med varme klær på heile kroppen, kjende folk rundt seg til alle tider, barn som førte livet vidare, stein lagt på stein, sofa, salong, leilighet, rekkehus, eige hus, hytte, bil, bilferie, sydenferie, hus. Når heile bygget sto ferdig, med stover og kjøkken og kjellar under heile huset og bad og eige rom for ungane og gjesterom og hage, kanskje det var det som heitte – Lykke og Fridom? (s. 98)

Midt inne i forteljinga om Arnold dukkar forfattaren opp i si eiga forteljing. Det skjer i ein episode der den unge Arnold Høysand, før han går yrkesskulen og utdannar seg til røyrleggar, går som hjelpesmann for to skiftreparatørar på smelteverket:

Nede ved Einaren sat ein tjommi og hamra på foringa i omnsgryta med ein prøvetakarfeisel. Arnold stansa firehjulstralla. Er det du som er Kristiansen? ville ein av reparatørane vita. Karen slutta å hamra, og drog vernebrillene opp i skallen. Nei, sa han. Eg er Fløgstad, Fløgstad med Kj. Nei, ikkje Fløgstad med Kj. altså, men. Men det er du som er reguleraren? Nei, eg nei, sa karen og drog brillene opp over augo igjen. Eg sit her og bankar på ein mur av taushet og lyttar etter holrom i språket, eg. Arnold greip handtaket på firehjulstralla igjen. Javel! sa reparatøren, og tok så smått til å gå. Så du er ikkje på omnshuset i det heile tatt du? Nei, eg jobbar for Cooling, eg, sa mannen, og løfta hammaren. (s. 90)

Dette er ikkje berre ein vittig episode, men ein implisitt og metaforisk metakommentar. Forfattaren med prøvetakarfeiselen gjer ikkje krav på å ha full kontroll. Han er ein som «lyttar etter holrom i språket», med ei oppmoding til lesaren om å vere med på den lyttinga. «Holrom i språket» og «mur av taushet» peikar klart i retning av eit syn på språket som noko anna og meir enn som kommunikasjonsmiddel. Fiksjonsmarkeringa vitnar om eit anti-mimetisk syn på litteratur.10 Litteratur er skrift og fiksjon. Men samtidig er episoden med og knyter romanen både til folkemålet og arbeidet. Igjen ser vi dette doble som karakteriserer Fløgstads skrivemåte.

Syskenbarnet til Arnold, Rasmus Høysand, lever i det same samfunnet, men han er ein annan type. I det første glimtet vi får av han, står han som nemnt framfor ein kiosk og stirer på teikneserieblada i vindauget. Populærkulturens fantasiar er nettopp noko for han. Rasmus framstår som ein halvmytisk figur, ein som prøver ut fridomsdraumens ulike vegar, både ute i den store verda, via sjøvegen, og inn i den maoistiske utopien. Slik blir han introdusert:

Rasmus Høysand førte sjølv ordet. Etter 500 lange år heva han stemmen. Etter fem hundre våte, tause, mørke år i djupet, ru og overgrodd og utydeleg av muslingar og skjell og tang, blei han tatt opp frå botnen av eit hav av gløymsle med dei mest moderne hjelpemiddel, metafor og kapitallogikk, modular for peiling av jackets, doxa, mobilkranar med løfteevne på 1800 tonn, ressentiment, enjambement, simili, satire og hydraulikk; løfta sakte og majestetisk opp gjennom den stille sjøen […]. (s. 41)

Natur, industriell teknologi og litterære omgrep samlar seg i det opphavsmytiske biletet av denne personen, men myten er ikkje teken or lause lufta. Rasmus er, trass i sine fantastiske dimensjonar, «av grunnen». Men han er også ein pikaro, og kjenner ein pikareskromanens konvensjonar, blir ein knapt overraska over alt det moglege og umoglege han råkar opp i. Men i tillegg til sine eventyrlege trekk framstår Rasmus som ein intellektuell. Det ser vi når han refererer til filosofi i sine refleksjonar over tilværet. Det første han seier når han får ordet og ser tilbake på det mangslungne livet sitt, er dette:

Vegen til sanninga, som austerrikaren doktor Wittgenstein også peikar på i sine grundige Filosofiske undersøkingar, er mangslungen og kronglete som stiar gjennom eit landskap. Og eit landskap som stadig forandrar seg, vil eg her leggja til, med demningar og hus og vegar og fabrikkar og fjellskjeringar og jetstriper på himmelen. […] Men er det såleis slik, at livet er ei reise, så meiner nå eg å kunna seia som så, ut frå mine eigne bitre erfaringar, at alle reiser berre er simple fangetransportar, der vi sit pressa tett saman i mørkret, kropp mot kropp, utan å kjenna kvarandre, utan å sjå ansiktstrekka til sidemannen eingong, med handjern og fotjern og bind for augo og knebel for munnen. Og rundt oss er murane tjukke og kalde og dørene lukka og låste, og det er gitter for vindaugo, som er strålande opplyste og har draumar om lykke og fridom hekta opp tett i tett på tverrsprinklane, glitrande av fargar og liv, lik blada som heng ned frå snorene i utstillingsglasa til Bladcentralen eller Narvesens Kioskkompani. (s. 41–42)

Kven er det som talar her? Vi har å gjere med førstepersonsforteljing, og slik sett er det Rasmus som er utseiingssubjekt. Likevel ser vi fort at det også er snakk om tostemt tale, «another’s speech in another’s language» (Bakhtin, 1990, s. 324). Avsnittet inneheld to repetisjonar frå romanens første kapittel: dei kronglete stiane gjennom landskapet og blada i utstillingsglasa til Bladcentralen, som begge får metaforisk tyding. Orda er lagde i munnen på Rasmus, men det er knappast han som står for repetisjonane. «The speaking person and his discourse in the novel is an object of verbal artistic representation», seier Bakhtin (1990, s. 332). I dette ligg det noko meir enn ein fiffig forteljeteknikk. Det peikar mot romanens/forfattarens forståing av subjektet som språkleg konstituert, og som handlande og underkasta på same tid.

Rasmus framstår som språkleg kreativ, men han er også fange, både i historia om han (som han sjølv fortel) og som offer for dei vonlause vekeblad-draumane. Dette får han ettertrykkeleg erfare på slutten av roman, når han får vite at far til den fine borgarfrøkena han er forlova med, ikkje berre har vore kollaboratør under krigen, men også er hans eigen biologiske far. Slikt kan skje i eit melodrama. Rasmus har etter dette ikkje anna å gjere enn å trekkje seg stille og roleg tilbake – i bitter erkjenning av at han «bokstaveleg tala er kapitalens lausunge», som Idar Stegane (1978, s. 45) har uttrykt det. Samtidig fungerer melodrama-konvensjonen som endå ei påminning om det tvitydige ved livet i moderniteten, som fridomsdraum og samfunnstvang.

Kapitla om Rasmus og Arnold kryssar kvarandre, og historiene deira framstår dermed som parallell-handlingar. På denne måten kjem røystene deira i eit dialogisk, men også motsetningsfullt forhold til kvarandre. Røyndomen er ikkje berre den trauste og etter kvart nokså illusjonslause, sosialdemokratiske kvardagen til Arnold, den omfattar også forsøka til Rasmus på å leve ut fantasien. Men historiene om dei, like lite som den om Selmer, er ikkje berre framstillingar av einskildlagnader, men døme på noko meir allment. Dét kunne i og for seg svare til Georg Lucács (2008 [1952]) si forståing av den historiske romanens representative «typar», og dermed oppfattast som ei side ved romanens realisme, men historisiteten (og «realismen») i Fløgstads roman er av eit anna slag. Den dreier seg ikkje først og fremst om ytre handling, men om språk og subjektivitet som to sider av same sak. Sjølv om også Fløgstads personar er handlingsberande aktørar, er det funksjonen deira som språkførande subjekt som er den viktigaste. Fløgstads personar i eksplisitt og implisitt dialog med kvarandre, med tekstens forteljar og med røyster (tale- og tenkjemåtar) frå eit større intertekstuelt rom. Når dei talar, er det også noko(n) anna(n) som talar gjennom dei.

Tekstens filleryer

Nesten 30 år etter utgivinga av Dalen Portland vender Fløgstad tilbake til Lovra med romanen Grand Manila (2006).11 I løpet av denne perioden har samfunnet gått gjennom ei dramatisk endring «frå industrikultur til kulturindustri», som også er tittelen på eitt av Fløgstads mest kjende essay (i Fløgstad, 1988). I romanens notid er den industrielle modernitetens epoke på hell, og dermed er også utopien som sprang ut av arbeidserfaringane under «industrialismens lykkelege augneblink» (Fløgstad, 1988, s. 12), truga. Men den industrielle moderniteten har ikkje berre bydd på høgre levestandard og tru på ei betre framtid. Eitt av romanens hovudmotiv er dei store industriulykkene som følgde den økonomiske framgangen, i Lovra (eller «Byanlegget», som er det litterære namnet på Sauda i denne romanen), i Bhopal i India og i West Virginia i USA, med det amerikanske selskapet Union Carbide som ansvarleg for alt saman. Slik sett er det ikkje noko idyllisk eller nostalgisk bilete av fortida som blir teikna i romanen, sjølv om det med tungindustriens nedgang også er noko anna enn den trygge arbeidsplassen som står i fare for å gå tapt: trua på fridom, rettferd og solidaritet – arbeidarrørsla sine klassiske ideal. Når romanen likevel framstår som mindre desillusjonert enn ein kunne vente, kjem det av at forfattaren lar fortida leve vidare, ikkje berre som minne hos menneska han fortel om, men ved at romanen også gir oss ei kjeldebasert avsløring av kapitalismens ugjerningar.

Kva slags roman er Grand Manila? Sjølv om også denne romanen fortel om fortida, er den like lite som Dalen Portland ein historisk roman i tradisjonell meining. I begge romanane er notida vel så nærverande som fortida. Eller meir presist: Det er forholdet mellom no og då som blir tematisert. Målet synest ikkje å vere ei skildring av fortida «slik ho var», men å «gjenta» henne ved å sjå henne i lys av ei kritisk notid og slik gjere fortida nærverande og aktuell. Også i denne romanen handlar det om språk. Ved å vende seg retroaktivt mot fortida kan forfattaren gå på jakt ikkje berre etter dei ansvarlege for industriulykkene, men også restane av eit opposisjonelt og seigliva «løyndemål» (Fløgstad, 1994) som kan peike framover. På denne måten reiser romanen også spørsmålet om kva historie er, eller snarare kva historie kan vere.12

I Grand Manila får vi ei skildring av eit miljø og eit språk som både er gjenkjenneleg og truverdig. Samtidig blir fiksjonen så tydeleg markert, gjennom underleggjerande illusjonsbrot, at vi vanskeleg kan tale om «realisme» i tradisjonell meining. Hos Fløgstad er språket ikkje berre ein reiskap som tener til å formidle ein røyndom som er gitt. Språk, tanke og fantasiliv spring ut av dei materielle tilhøva menneska lever under. Denne røynda blir skriven fram i ein tekst med sine særeigne trekk. Dei som lever og arbeider på Byanlegget, produserer ikkje berre mangan, men også ordlydar og seiemåtar som forfattaren kan forsyne seg av som råstoff til sine eigne litterære legeringar.

Som i Dalen Portland finn vi også i Grand Manila ein fortekst, før hovudhistoria blir presentert. Vi er på ein åstad for ei kriminell handling, men ikkje berre det:

Kula hadde gått gjennom kroppen på seks ulike stader, og til sist gjennom manuskriptet han hadde i brystlomma, og vidare ut i venstre arm. Etterpå kunne dei plukka brokkar av skrift, tekst og lause bokstavar frå mange alfabet ut av hjarta, brystkassen, strupehovudet og den venstre overarmen, og setja dei saman igjen, ord for ord. Den skrifta som ikkje sat att i kroppen, hadde rikosjetten klistra opp på veggene omkring, på mange språk, der ein i alle fall kunne kjenna igjen ord og bokstavar på finsk og svensk, norsk, engelsk, tysk, russisk og på hindi. (s. 5)

Ved drapet har manuskriptet som offeret har bore i venstre brystlomma, blitt skote i filler. Å rekonstruere det er inga lett sak. Ikkje nok med at det er forfatta på fleire språk, men bitane av manuskriptet har klistra seg fast rundt om på veggene. Skildringa låner trekk ikkje berre frå kriminalromanen, men også den høge litteraturen: den bibelske forteljinga om «skrifta på veggen» (Daniel 5: 1–31). Gjennom det intertekstuelle spelet peikar rammeteksten mot undergang og forfall, men også mot gjenoppstode og fornying. Slik føregrip han romanens repetisjonstematikk, men også det mangfaldet av språk, tekstformer og narrative nivå som kjenneteiknar han. At rammeteksten handlar om eit brotsverk, er ein del av frampeiket.

Etter den surrealistiske overtyren med det gåtefulle mordet fører forteljaren oss attende til oppveksten på Byanlegget. Fem unge gutar ligg på grasbakken utanfor smelteverket og ser opp mot skyene. For den barnlege fantasien er ikkje skyene berre skyer:

Skyene. Over dei og oss er himmelen blå og uendeleg og i all evighet. Lik sauer på bibelsk beite går skyene over himmelen. Under oss ligg den kalde jorda og grasbakken ned mot elva og koksdungane på den andre sida av Kabelbanen. Skyene kjem inn fjorden i store kvite drifter og legg seg liksom midt imellom. Mellom Helge Hidle, Jan Thu, Freddy Lima og meg og himmelen går skyene som sauedrifter til fjells, høgt til fjells, blir borte i horisonten og kjem ned igjen som regn. Alt det faste fordampar til luft, fortettar seg på ny, og regnar over oss. (s. 9–10)

Teksten refererer ikkje berre til ein kvardagsleg og truverdig situasjon, men peikar metaforisk mot ein sentral dialektikk: menneskets stoffskifte med den omgivande naturen, med lett tilgjengeleg vasskraft som er med og dannar grunnlag for det smelteverket som er kjernen i dette samfunnet. I dialogen som følgjer, kjem den eine etter den andre av kameratane til orde med si tolking av skyene, som blir til regn og rennande vatn. Helge Hidle meiner det er elefantar dei ser: «Det er førti tusen, seier han. Det er førti tusen elefantar inne i skyene», men Frank Charles held på at det er sauer det ser ut som. Så flyttar forteljaren blikket over til kollektivet:

Alle elefantane har falle ned frå himmelen. Over oss svevar og går dei kvite skyene inn i kvarandre og gjennom kvarandre. Og vognene på Kabelbanen. Dei vraltar mot kvarandre, men kolliderer ikkje når dei møtest. Dei går tvers gjennom kvarandre. Det er det som er så ubegripeleg å forstå. Men vi ser det med våre eigne auger, rett på den andre sida av elva. Vi ser det, og vi ser at det ikkje kan stemma. Alt som er fast, blir oppløyst til luft. Som skyer, som elefantar, som hestekrefter, som regn, som vognene på Kabelbanen, som går rett gjennom kvarandre. (s. 12)

Natur og kultur glir over i kvarandre. Den barnlege fantasien («vi ser det») kolliderer mot realitetssansen («ser at det ikkje kan stemma»), samtidig som blikket flytter seg frå skyene på himmelen og ned mot jorda: «som hestekrefter, som regn, som vognene på Kabelbanen». Forteljarens posisjon er tvitydig. Språket hans spelar på barnlege forestillingar, med tilbakeblikk på korleis han og kameratane opplevde situasjonen den gongen for lenge sidan, men det er samtidig prega av den vaksne sitt medvit: «Alt det faste fordampar til luft». Det kommunistiske manifestet, den klassiske teksten til Marx og Engels, blir del av den poetiske skildringa av gutane som ligg på grasbakken utanfor fabrikken og lar fantasien få spelerom. Vognene på kabelbanen blir til mytiske elefantar som trampar gjennom historia, for så å forsvinne, slik vognene faktisk gjer, ikkje i skyene, men i sjøen, når kabelbanen blir riven mot slutten av romanen. Opninga gir oss eit godt døme på noko av det karakteristiske ved Fløgstads skrivemåte, som er utprega litterær, og ofte poetisk, samtidig som den heile tida har rot i røynda, både den materielle, den politiske og den språklege.

På same måte som i delar av Dalen Portland kan forteljemåten i Grand Manila minne om sjølvbiografiens sentralperspektiv, men ikkje i nokon av romanane er det snakk om noko anna enn ein viss strukturell likskap. I den første blir «sjølvbiografien» til Rasmus punktert av parodi og satire. I Grand Manila blir den individualiserande diskursen undergraven av at forteljaren – som også er fiktiv forfattar – er anonym. Til førstepersonsforteljar å vere er det sjeldan at han uttrykkjer seg i «eg»-form. Det er påfallande, og må forståast som eit resultat av forteljarens dobbeltrolle som fiktiv forfattar og historikar. Når historikaren talar, er det med fagpersonens distanserte og analytiske blikk på fortida, som forfattar og forteljar er han meir subjektiv. Denne dobbeltrolla er i seg sjølv ein del av romanens historietematikk.

I Dalen Portland såg vi at teksten vekslar mellom ekstra- og intradiegetisk forteljing, jamvel innanfor same kapittel. I Grand Manila blir forteljarens utseiingsposisjon tvitydig ikkje berre ved at han er anonym, trass i at han er ein handlande person, men ved at han uttrykkjer seg både som eg-forteljar, som talar på eigne vegner, og som ekstradiegetisk («allvitande») forteljar med innblikk i andre personars tankar og kjensler (gjennom intern fokalisering). Fløgstad bryt dermed den veletablerte regelen om at forteljaren ikkje kan vere både «autoral» og «personal» på same tid. I staden for å oppfatte det som ein estetisk «feil» kan vi sjå det som eit brot både med den realistiske romanens objektiverande og (sjølv)biografiske fiksjonsform.

Historikar-forteljarens refererande, observerande og analyserande blikk vekslar med attgivinga av personars indre liv, som i skildringa av den finske innvandraren Jerry Dørmænen, som arbeider ved smelteverket. Han blir av arbeidskameratane omtalt som «den mest keisame mannen i verda». I røynda ei dramatisk forhistorie:

I lys av det vi i dag veit, er det lett å forstå at Jerry Dørmænen klamra seg til rattet som pensa vognene av og på den glinsande kabelen. Når grippen tok kabelen, drog rykket i kroppen han med, men fortalde også at grunnen kunne svikta under han, kvar dag, kvar natt, mange gonger på kvart skift, slik at han enten blei dradd med, eller måtte gå av. Livets tråd var ein kabel, lydlaus med si tunge last. […] Nattskiftet gjekk mot slutten, det grydde av dag over fjorden, og han må ha tenkt på ein annan morgon for lenge sidan, då grunnen svikta under føtene hans. Han var døden nær. (s. 77)

Her talar forteljaren på egne vegner, subjektivt og poetisk – med «kabelen» og «fallet» som berande metaforar. Eitt av romanens omkved er dette: «Eg har sett mange kablar ryka.» Første gong det blir presentert, held forteljaren fram slik:

Jerry Dørmænen, Sigfred Lima, Gudmund Thu og Store-Kjekken er knytte saman av ein glinsande kabel med kordellar av stål og stil. Sjølv om den dreg tredve vogner, halvparten fullasta med malm, langs heile Banen frå importkaien og opp på tipp, er vaieren ikkje tjukkare enn eit vanleg manilatau. Men den er tvinna saman av sterke kordellar og eit sant helvete å spleisa, når den slitnar, og det blir kabelsjau. / Men slik er livet. (s. 17)

«Og slik er romanen», kunne det vere freistande å legge til, ved at forteljarens subjektivitet blir farga av eit kollektivt språk i nær samklang med det fysiske arbeidet.

I opninga av Dalen Portland møter vi eit kvinneleg blikk. Det finn vi langt meir av det i Grand Manila. I ein samtale med Jerry Dørmænen seier Madli Hidle: «Du må måla luftslottet ditt blått, sa ho. Det gjer eg. Då held det med eitt strøk» (s. 46). Fyndorda hennar går igjen i teksten som omkved, framført ikkje berre av henne, men av eit fleirstemt kor. Igjen ser vi at språket framstår som både individuelt og kollektivt, samtidig som det er integrert i forfattarens litterære og poetiske språk. Eit anna døme på dette er skildringa av Madli Hidles hemmelege og tragikomiske forsøk på å lære seg engelsk ved å pugge lydskrifta i ordboka, ord for ord og i alfabetisk orden. Men glosene hennar fungerer også på eit anna nivå, som indirekte kommentarar til andre personar og hendingar i romanen. Dermed peikar personens individualiserte tale utover mot ei verd som er større, sjølv om det ligg utanfor personens medvit. På romanens overordna tekstnivå fungerer også Madli Hidles «løyndemål», dei engelske ordboksorda i lydskrift, som apropos til romanens kapitalismekritikk, slik vi ser når ho puggar oppslagsorda «united, universal, universe, USA» (s. 286) og «subject, subjunctive, subliminal, submarine, submission» (s. 293).

At stemmene i romanen fungerer på fleire nivå, får vi eit klart bilete av også i historia om songaren Janne Angelika Thu. Ho har eitt bein i den gamle og eitt i den moderne folkekulturen. Slik representerer ho ulike sider ved den «låge» kulturen i romanen. I dei sjølvskrivne tekstane hennar er det nokre gjenkjennelege bilete som går att: den blå himmelen, skyene, veven, filleryene. I ein av dei, som er tileigna mora, Gledis Thu, kjem dette til uttrykk slik (s. 340):

[…]
Om det trekker opp med skyer
Sjølv om himmelen er blå
Og du og eg er under dei
Og vi likevel er ovanpå
Der vegen mot ein annan stad
Er vevd av alle kvinner
Som viser vegen vi kan ta
Dit livet går på skinner

Nei, du går ikkje på piller
Når du går omkring på skyer
For du trør på gamle filler –
Når du trur du går på skyer
Går du rundt på filleryer

[…]

Dette er songlyrikk, med vers og refreng, slik vi finn fleire døme på også i Dalen Portland. Songen seier noko ikkje berre om Janne Angelika Thu som tekstforfattar, men fungerer også som underleggjerande og metafiksjonell kommentar på romanens overordna tekstnivå. Teksten spelar på folkelege ordtak og seiemåtar som Janne Angelika kjenner frå oppveksten på Byanlegget. Skymotivet peikar attende på opninga, der gutane fantaserer om kva skyene forestiller. I songen blir dei barnlege forestillingane «korrigerte»: Same kva du trur, er det ikkje luftige skyer du går på, høgt oppe på himmelen, men golvteppe, vovne av gamle filler, nyttige ting som er skapte her nede på jorda. Slik fungerer songteksten som samlande bilete på den dialektiske samanhengen mellom det materielle og det åndelege (fantasien), men også mellom fortid, notid og framtid, i tekstens fiksjonsunivers. Filleryene peikar mot at det låge, det som er forkasta, kan brukast som eit nytt grunnlag å trø på – og slik få fornya verdi. Dermed ser vi også ein samanheng mellom songteksten og romanens historietematikk.

Skymotivet dukkar opp også på slutten av romanen, der son til Madli Hidle, Helge, seier til kona si: «Vi trur vi går på skyer, men vi går på filleryer» (s. 409). Utsegna peikar attende til opningskapitlet. På det tidspunktet han seier dette, er han pasient på psykiatrisk sjukehus, men same kor galen han måtte vere, nyttar han dei same folkeleg-surrealistiske bileta som andre personar i romanen. Såleis er han på same tid utanfor den symbolske ordens fornuft og innanfor ein sosial og språkleg fellesskap som kanskje ikkje passar heilt inn i «normaliteten», men som nettopp derfor passar inn i romanens mangfaldige vev av stemmer.

Romanen som skriftkulturell praksis

Etter desse dykka ned i Fløgstads romankunst kan spørsmålet om nynorskens rolle i forfattarskapen stillast på nytt. Fløgstads romanar er noko av den mest musikalske prosaen som blir skriven på norsk i dag, og slik sett kunne han kanskje seiast å tilfredstille oppfatninga av nynorsk som vakkert og velklingande litteraturspråk. Men så er det desse irriterande blødmane og bannorda og alt det andre «lave» som bryt ned det «høge». Men denne dikotomien blir for enkel. Det folkemålet Fløgstad nyttar seg av, og den populærkulturen (songane) han diktar opp både i Dalen Portland og Grand Manila, står ikkje mot kvarandre i diametral motsetning. Ovanfor har vi sett ei rekkje døme på korleis folkemålet blir språkleg råstoff for forfattaren, ikkje åleine, men i kombinasjon med språk og innsikter frå eit mangfald av kjelder. Eit kjenneteikn på Fløgstads romanar er nettopp den store mengda av intertekstuelle referansar. Det kan ein bli både imponert og trøytt av, alt etter som, men poenget er at dette er røyster som inngår i eit dialogisk forhold til kvarandre og må forståast slik, ikkje som summen av alt, men som spenningsfylt relasjon.

Når Fløgstad omtalar smelteverket som «metaforprodusent», peikar det i retning av ein materialistisk fundert poetikk. Korleis skal vi forstå dette? Det er nok ikkje så enkelt at Fløgstad i sin ungdom hadde arbeid på fabrikken i Sauda, og at dette gav han nokre bestemte praktiske og språklege erfaringar, eller at det å skrive er hardt arbeid. Å ta språket i bruk i litterær skaping må heller forståast som sosial og kulturell praksis. Praksis i materialistisk og dialektisk tyding vil seie at det er eit subjekt som handlar, ikkje som eineståande Individ, men som del av ein symbolsk (språkleg-kulturell) orden. Som subjekt er vi per definisjon underkasta autoriteten, men vi har også ein relativ fridom til å handle i opposisjon til makta, og til å endre språket. Dette gjeld generelt og potensielt for all sosial språkhandling. Kva så med ein skjønnlitterær forfattar som skriv på nynorsk – eit skriftspråk som i sitt historiske og normative grunnlag er basert på norsk folkemål?

I punktanalysane ovanfor har eg med referanse til Fløgstads poetikk og Bakhtins romanteori prøvd å vise korleis tekstens røyster vev seg saman til ein motsetningsfull heilskap. Det dialogiske hos Fløgstad handlar ikkje primært om samtalar mellom aktørane. «Dialog» i bakhtinsk forstand må forståast metaforisk, som samtalar mellom sosiale og ideologiske diskursar på tvers av tekstnivå. I Dalen Portland møtest Arnold og Rasmus berre ein gong (s. 188 ff.), og då bryt kommunikasjonen mellom den heimvende eventyraren og den illusjonslause sosialdemokraten saman. Dei snakkar forbi kvarandre. Men på tekstens nivå møtest stemmene deira som uttrykk for to livsvegar og to ulike medvitsformer, som begge spring ut av den same sosiale og kulturelle bakgrunnen. Dei er både like og ulike, og slik sett syskenbarn også i metaforisk tyding. Samtidig ser vi at det også finst ein «dialog» mellom røyster i ein og same person. (Rasmus er ein fantast ikkje berre ved at han reiser ut i verda og opplever dei mest utrulege ting (om han då ikkje har dikta dei opp), men også i politisk forstand.) Personane i Fløgstads romanar er meir enn handlingsberande aktørar. Som sosiale subjekt er dei også aktantar (i Greimas’ tyding) og dermed berarar av ideologi. Slik fungerer romanen som sosialt og kulturelt laboratorium, som språkleg «kulturstudium» i eigen rett (Shevtsova, 1991). Som kulturelle tekstar er Fløgstads fiksjonar «ureine». Romanane hans er hybride konstruksjonar ved at dei blandar ulike sjangertrekk og teksttypar, prosa og poesi, fakta og fiksjon, og stilnivåa vekslar heile tida.

Fløgstad reknar seg ikkje som «nynorskforfattar», men det folkemålet og den motkulturen som er grunnlaget for nynorsken, er avgjerande for han, sjølv om omgrepet «folkemål» nok er meir fleirsidig og omfattande enn det var for Aasen, som skulle finne eit normativt grunnlag for eit nytt, norsk skriftmål. Mykje tydar på at det er dei subversive sidene ved folkemålet som veg tyngst for Fløgstad. Det er i alle fall ikkje norskdomen eller folkelegdomen i nasjonalromantisk forstand. Det finst mange variantar av nynorsk. Trass i ei viss innstramming av normalen i seinare tid er det eit fleksibelt skriftspråk, med rom for ulike stilnivå og tilpasningar til dialektar. Dette blir utnytta av Fløgstad (som også tillèt seg eitt og anna brot med normalen). Men det viktigaste i dette er ikkje formverket eller skriftnorma, men vokabularet,13 seiemåtane og stilnivåa, med andre ord språkets litterære funksjon. For Fløgstad er det opplagt at nynorskens fleksibilitet er viktig. Den gir rom for den fleirstemte dialogiske talen, Bakhtins heteroglossia, men også for den karnevaleske blandinga av høgt og lågt som allereie på 1970-talet vart ein sentral del av poetikken hans. Det er liten tvil om at Fløgstads litterære nynorsk ligg eit godt stykke unna den opphøgde romantiske og nasjonale tradisjonen i nynorsk litteratur, men samtidig kan han gjere seg nytte av den på parodierande vis, slik vi såg i Dalen Portland. Men nettopp parodien er ein sentral del av karnevalstradisjonen – som blir ført vidare i den polyfone romanforma som Fløgstad kjenner seg heime i.

Det «folkelege» hos Fløgstad gjeld ikkje berre språket, men kulturen i det heile. Korleis skal vi forstå Fløgstads forhold til nynorsken i lys av synet hans på populærkulturen – som kanskje ikkje, når det kjem til stykket, er mindre ambivalent? Det har jo aldri vore slik at han forsvarar rått og ròte av det som fell inn under nemninga populærkultur. Tvert imot har han hevda at nitti prosent av populærlitteraturen ikkje er verdt papiret han er skriven på («Den dialektiske detektiv», LVP 1981). Fløgstad er fullt medviten om at det meste av populærkulturen er ideologisk stadfestande, for ikkje å seie reaksjonær, men også om at han er tvitydig. For å kunne nå konsumentane må han gi dei noko som svarar på grunnleggande behov i det seinkapitalistiske samfunnet, om enn på mytologiserande vis. Men som kjent er myten aldri tatt heilt ut av lause lufta. Viss det var tilfelle, ville den misse all kraft og interesse. Fleire av Fløgstads romanfigurar, og historiene om dei, kan forståast i lys av ein slik dialektikk.

Når Fløgstad tar i bruk språk og mytologiar frå folkekulturen og koplar dette med avansert samfunnsteori, skjer det noko interessant. Bruken av folkemålets ressursar gjer ikkje Fløgstads romanar til lågkultur, men det opnar ei kontaktsone og skaper ein friksjon mellom høgt og lågt, ved at høgst ulike stemmer, frå den lågaste bannskap til den høgaste salmesong, frå den flauaste blødme (som har irritert så mange estetar) til abstrakt teori, møtest til «samtale» i romanens tekstlege rom.

Fløgstads dikting gir oss ikkje noko prov på at «den nynorske romanen» finst – som essensiell sjangerkategori. Den litterære forma hans har ei rad føresetnader, materielle, sosiale, politiske, litterære og personlege, som ikkje har noko direkte med nynorsken å gjere. Men gjennom bruken av det nynorske skriftmålet – om tema som ikkje er avgrensa til bygda og livet på landet (der nynorsken tradisjonelt høyrer heime), og gjennom den dialogiske utnyttinga av rikdommen i folkemålet, har han utvikla ein skrivemåte som knapt ville vere mogleg utan nynorsken. Nynorsk er eit skriftspråk, men samtidig eit språk som skil seg frå andre ved den nære kontakten med det folkelege talemålet. Romanen er ein skrift-sjanger, som ifølgje Bakhtin (1998) også er ein talesjanger i den forstand at han står i nær kontakt med ei rekkje underordna talesjangrar. For Fløgstad er det talte folkemålet – i alt sitt mangfald – ein grunnleggande ressurs, ikkje berre som folkeleg daglegtale, men også som talekunst og som opposisjonelt «løyndemål». I Grand Manila lar han folkelege fantasier om skyer og filleryer gå som metaforiske omkved gjennom forteljinga. I Dalen Portland monterer han inn i teksten (og fabrikken) eit fiktivt alter ego som sit og bankar på ein «mur av taushet» og «lyttar etter holrom i språket». Det er ei forestilling om togna og den «stumme talen»14 som vi kunne knyte til folkemålet som «løyndemål». Å hente folkemålet inn i teksten vil ikkje seie å la «folket» endeleg få tale med si eiga stemme, fritt og uhemma, men å setje det i spel i den moderne romanens motsetningsfulle skriftpraksis.

Summary

Is it meaningful to talk about novels written in nynorsk as a genre of its own? The article adresses this question with reference to the authorship of Kjartan Fløgstad. I start with a short presentation of Fløgstad’s own understanding of the relationship between nynorsk and literature and connects this to his poetics, with a special attention to one of his greatest theoretical influences: Mikhail Bakhtin. As examples of Fløgstad’s novelistic art I present close readings of selected sections from two of his novels: Dalen Portland [Dollar Road] (1977) and Grand Manila (2006). I examine here how the author uses and combines different narrative voices and textual levels in his literary explorations of Norwegian society at two historical moments. The function of popular language in Fløgstad’s narrative dialogism is given special attention. Finally I relate my findings to the initial question: is there a ‘nynorsk novel’ in Fløgstad’s authorship?

Litteratur

  • Aasen, A. J. (2006). «Retretten til skrifta». Språkkritikk og globalisering i nokre romanar av Kjartan Fløgstad. Doktoravhandling ved NTNU.
  • Bakhtin, M. (1990 [1934–1935]). Discourse in the Novel. I M. Holquist (Red.), The Dialogic Imagination. Four Essays by M. M. Bakhtin, (s. 259–422). Austin: University of Texas Press.
  • Bakhtin, M. (1991a [1963]). Dostojevskijs poetik. Oms. av Lars Fyhr og Johan Öberg. Gråbo: Anthropos.
  • Bakhtin, M. (1991b). Epos og roman. Om romanstudiets metodologi. I A. Kittang et al. (Red.), Moderne litteraturteori. En antologi, (s. 125– 148). Oslo: Universitetsforlaget.
  • Bakhtin, M. (1998 [1953–54]). Spørsmålet om talegenrane. Oms. av Rasmus Slaattelid. Bergen: Ariadne forlag.
  • Bakhtin, M. (2017 [1965]). Latterens historie. Francois Rabelais’ forfatterskap og folkekulturen i middelalderen og renessansen. Oms. frå russisk av Geir Pollen. Oslo: Vidarforlaget.
  • Benjamin, W. (2014 [1940]). Om historiebegrepet. I W. Benjamin: Skrifter i utvalg I, ved Arild Linneberg. Oslo: Vidarforlaget.
  • Dahl, W. (1981). Norges litteratur. I Tid og tekst 1814–1884. Oslo: Aschehoug.
  • Fløgstad, K. (1977). Dalen Portland. Oslo: Samlaget.
  • Fløgstad, K. (1981). Loven vest for Pecos og andre essays om populær kunst og kulturindustri. Oslo: Gyldendal.
  • Fløgstad, K. (1983). Ordlyden. Oslo: Samlaget.
  • Fløgstad, K. (1988). Tyrannosaurus Text. Essay. Oslo: Samlaget.
  • Fløgstad, K. (1994). Ved Roma port. Oslo: Samlaget.
  • Fløgstad, K. (1996). Antipoder. Essays. Oslo: Gyldendal.
  • Fløgstad, K. (2006). Grand Manila. Oslo: Gyldendal.
  • Genette, G. (1993 [1971]). Narrative Discourse. An Essay in Method. New York: Cornell University Press.
  • Gujord, H. (2018). Fløgstad Verk. Skriftprosessar. Produksjonslinjer. Oslo: Samlaget.
  • Hjorthol, G. (1996) (2015). Å gå på filleryer. Historie og repetisjon i Kjartan Fløgstads Grand Manila. Edda 115 (3), 209–226.
  • Kittang, A. (1977). Mellom fiksjonar og realitetar. Kjartan Fløgstad og «Dalen Portland». Syn og Segn (9), 514–525.
  • Lothe, J. et al. (2007). Litteraturvitenskapelig leksikon. Oslo: Kunnskapsforlaget.
  • Lukács, G. (2008 [1952]). Forord til Balzac og den franske realismen. I A. Kittang et al. (Red.), Moderne litteraturteori. En antologi (s. 305–315). Oslo: Universitetsforlaget.
  • Marx, K. (1970 [1845]). Verker i utvalg (2). Oslo: Pax.
  • Rancière, J. (1998). La parole muette. Essai sur les contradictions de la littérature. Paris: Hachette Littératures.
  • Sandberg, K. L. (2018). Kapitalistisk skuld etter 1989. Utviklinga av ein historiekritikk i fire verk av Kjartan Fløgstad. Ph.d.-avhandling. Universitetet i Oslo.
  • Shevtsova, M. (1991). Dialogism in the Novel and Bakhtins Theory of Culture. New Literary History 23 (3), 747–763.
  • Stegane, I. (1978). Kjartan Fløgstads nye roman. Vinduet (1), 42–46.
  • Sørbø, J. I. (2018). Nynorsk litteraturhistorie. Oslo: Samlaget.

Fotnoter

  • 1 «Symposium om skriftkultur», Høgskulen i Volda 6.–7. juni 2018.
  • 2 Fløgstads forhold til den litterære nynorsktradisjonen blir fint drøfta i Gujord 2018.
  • 3 Dette blir nærmare diskutert i Hjorthol 2015.
  • 4 Essaybøkene Loven vest for Pecos (1981), Ordlyden (1983), Tyrannosaurus Text (1988) og Antipoder (1996) gir eit godt bilete av dei teoretiske referansane til Fløgstad. Fløgstads impulsar frå poststrukturalistisk språkfilosofi er grundig drøfta i Aasen 2006.
  • 5 Her bør det for ordens skuld leggast til at heller ikkje Fløgstad er like oppglødd over alt av lågkultur, eller alle sider ved han. Det er eit relativt forvar for populærkulturen det er snakk om, som går på at sjølv det mest ideologisk befengde kulturuttrykket kan ha subversive element (Fløgstad 1981), i det minste ved at lesaren har gleda av å «avsløre» ideologien. Poenget er at ikkje noko kulturuttrykk er reint og usmitta av andre uttrykk, korkje den høge eller den låge kunsten. Dette synest å vere bakgrunnen for at han gjer blandinga av høgt og lågt til ein sentral del av skrivemåten sin.
  • 6 Det mest kjende verket av Bakhtin, ved sida av Dostojevskij-boka, er studien frå 1963 av den franske renessanse-diktaren François Rabelais og karnevalismen, som no er komen i norsk omsetjing med tittelen Latterens historie (2017).
  • 7 Eg viser til førsteutgåva frå 1977.
  • 8 Derimot var Kittang mindre nøgd med kapitla om Rasmus Høysand. Dalen Portland inneheld to «delromanar», meinte han, ein sosialrealistisk roman om Selmer og ein pikareskroman om Rasmus, med ei blanding av røyndom og fiksjon som ikkje fungerer litterært. I Fløgstad Verk (2018) gir Heming Gujord ei fin framstilling av den debatten som følgde i kjølvatnet av utgivinga av Dalen Portland.
  • 9 Her og seinare i artikkelen gjer eg bruk av den forteljeteoretiske terminologien til Gérard Genette i Narrative Discourse (1993 [1971]).
  • 10 Fiksjonsmarkeringa blir forsterka av den språklege allusjonen til folkeeventyret, med den karakteristiske fordoblinga av det personlege pronomenet: «Eg ... lyttar etter holrom i språket, eg». Willy Dahl (1981) har peika på at dette er det einaste særnorske trekket i eventyrstilen til Asbjørnsen og Moe.
  • 11 Eg viser til førsteutgåva frå 2006.
  • 12 For ein analyse av romanens historisitet viser eg til Hjorthol 2015. Fløgstads litterære undersøkingar av «kapitalistisk skuld» blir analysert av Kristian Lødemel Sandberg i ei fersk doktoravhandling (Sandberg 2018).
  • 13 I 2014 gjorde Lars Johnsen og Trond Haugen ved Nasjonalbiblioteket ei digital oppteljing av einskildord hos ulike norske forfattarar. Hos Knut Hamsun fann dei 92 000 einskildord, hos Dag Solstad 78 000, men på suveren førsteplass kom Kjartan Fløgstad, med 112 000 ord. Kjelde: https://framtida.no/2014/05/15/flogstad-tronar-pa-ord-toppen. For ordens skuld: Dette er sjølvsagt ikkje nokon tilstrekkeleg målestokk for litterær kvalitet.
  • 14 Eg låner her eit uttrykk frå den franske filosofen Jacques Rancière (1998), som ser la parole muette (den stumme talen) som eit uttrykk for den frisetjinga av skrifta som startar med romantikken og etter kvart blir eit dominerande trekk ved litteraturen, i opposisjon til litteraturen som representasjon (mimesis). Som vi har sett, er denne motsetninga innebygd også i Fløgstads romanar.

Opplæring i nynorsk som skriftspråk – utan dialektane

Per Henning Uppstad*

Samandrag: Landsmålet blei på 1800-talet tufta på dei norske dialektane. Det nynorske målstrevet har seinare halde fast på det nære tilhøvet til dialektane, også i opplæringsspørsmål. Som tittelen utseier, set eg meg i denne artikkelen føre å reflektere over korleis ein kan tenkje opplæring i nynorsk som skriftspråk utan støtte i dialektane. Med eit visst polemisk tilsnitt spør eg om ein ved å halde fast på nokre av Aasen sine standpunkt om dialektane sitt tilhøve til skrifta har kome i skade for å stå i vegen for innsikter om opplæring i nynorsk som skriftspråk.

Nøkkelord: Nynorsk, språklæring, skriftspråksopplæring, retorikk, norm

Keywords: New Norwegian, language learning, written language instruction, rhetoric, norm

*Korrespondanse: Per Henning Uppstad, Høgskulen i Volda/Lesesenteret, Universitetet i Stavanger, Postboks 8600 Forus, 4036 Stavanger. E-post: per.h.uppstad@uis.no

Sitering av dette kapitlet: Uppstad, P. H. (2019). Opplæring i nynorsk som skriftspråk – utan dialektane. I S. J. Helset & E. Brunstad (red.), Skriftkulturstudiar i ei brytingstid (s. 137–149). Oslo: Cappelen Damm Akademisk. https://doi.org/10.23865/noasp.67

Lisens: CC BY 4.0

Innleiing

Ottar Grepstad skriv i den 12. årstalen om tilstanden for nynorsk skriftkultur at «Landsmålet var eit språk, nynorsken blei ei målform og er politisk sett for eit språk å rekne» (Grepstad, 2018, s. 381). Han set såleis ord på den uklåre statusen nynorsken har i det offentlege rommet, og han er klår på sitt standpunkt når han slår fast at «Er nynorsk eit språk i grunnlova, kan det ikkje vere ei målform i ein note i ei bok» (s. 385). Grepstad meiner altså at det å sjå på nynorsk primært som ei målform inneber ein reduksjon av nynorsken. I denne artikkelen skal eg følge same tanke, men med ei litt anna grunngiving. Når eg her i innleiinga viser til Grepstad, viser eg til ein sentral person innan ein av dei sentrale institusjonane i målstrevet: Nynorsk kultursentrum. Grepstads bok Draumen om målet, som inneheld dei 12 årstalane om tilstanden for nynorsk skriftkultur ‒ etter mønster for årstalar for rikets økonomiske tilstand ‒ er også samanfattande, grundige analysar av stoda for nynorsken siste tiåret.

Tittelen på denne artikkelen har eg ikkje kome på sjølv, men fått oppgitt til eit symposium om nynorsk skriftkultur ved Høgskulen i Volda. Tittelen gir meg rolla som opponent til eit av dogma i målstrevet, nemleg tilhøvet til dialektane. Eg vil difor spele denne rolla så godt det let seg gjere, men det inneber også at artikkelen får eit visst preg av ordskifte. Ved å særleg halde blikket på opplæringsspørsmålet vil eg drøfte moglegheita for at målstrevet har kome til å motarbeide seg sjølv på nokre sentrale punkt. Desse punktnedslaga kan formulerast som:

  • Insisteringa på likskap med dialektane er med på å drive fram fokuset på målform
  • Insisteringa på nynorsk som ei opphavleg uttrykksform held viktige innsikter om nynorsken som språk tilbake

Om å fastsetje nynorsken sin status ut frå opplæringsspørsmålet

Avhengig av kva perspektiv ein legg vekt på, kan nynorsken ha ulike roller og statusar. Nokre av desse er representerte i dette spesialnummeret, til dømes skriftkulturforsking som ideologikritikk og skriftkultur og danning. Når nynorsken har fått ulike statusar opp gjennom tidene, jamfør problematiseringar av målform versus språk, er det også fordi det har vore ‒ og er ‒ viktigare å halde oppe nokre perspektiv enn andre. Eiksund (2018) held fram Stephen Walton og Eli Bjørhusdal som forskarar som kjem fram til forskjellige konklusjonar om nynorskens status, og peikar nettopp på skilnaden mellom å sjå på nynorsk som ein varietet (Walton, 2015) og som eit språk, som eit minoritetsspråk (Bjørhusdal, 2015). Eiksund (2018) føreslår med utgangspunkt i eit sett av krav til fleirspråklegheit ei anna løysing på nynorsken sin status gjennom å kalle det einspråkleg bilitterasitet (monolingual biliteracy). Det er klårt at desse argumenta kan ha mykje for seg i ulike diskursar. Men dersom vi sette opplæringsspørsmålet ‒ og vilkåra for læring ‒ som det sentrale, ville vi kanskje få ein annan diskusjon om status. Dagens praksis med å hekte ei målform på ungdomsskuleelevar kan ikkje seiast å vere særleg vellukka. Ein kjem ikkje unna at nynorsk kan vere ei målform, ein varietet, og inngår i literacy ‒ men det kan vere avgjerande viktig å rekne nynorsk som eit språk når vi snakkar om opplæring.

Nynorsk som språk – utan dialektane

Boka Det flerspråklege mennesket ‒ en grunnbok om skriftspråklæring (Wagner, Strömqvist & Uppstad, 2008) set fram ein tese om skrift som språk, og fokuserer på den fleirspråklegheita som dette medfører også når det gjeld nynorsk. I ein note til den niande årstalen om tilstanden for nynorsk skriftkultur løftar Ottar Grepstad fram eit poeng frå denne:

Det er blitt vanlig i både analysar, rapportar og politiske dokument å forenkle den norske språksituasjonen til norsk og ikkje-norsk når nasjonale minoritetsspråk og nye innvandrarspråk står på sakslista; ein ser eitt mangfald og overser eit anna […]. Eit heiderleg unntak er ei grunnbok om skriftspråklæring, Wagner ofl. 2008. Dei framhevar at «nynorsk og bokmål har forskjellig utbredelse og forskjellig språkkultur og det kreves kjennskap til og erfaring i begge disse kulturene om man skal kunne mestre dem» (s. 26). Og «at det å lære seg for eksempel bokmål eller nynorsk handler ikke primært om å oversette tale til skrift, men om å komme inn i en språk- og tekstkultur for disse språkene». (s. 31) (Grepstad, 2012, s. 451)

Eiksund (2018) problematiserer påstanden hos Wagner et al. (2008) om at nynorsk og bokmål er tospråkleg opplæring, at påstanden ikkje tilfredsstiller kravet til tospråklegheit som han set opp. Eiksund sitt utgangspunkt om tospråklegheit gjer også at han føreslår einspråkleg bilitterasitet som løysing, det vil seie han kategoriserer talespråket i første del av frasen (einspråkleg) og skriftspråka i andre (bilitterasitet). Hos Wagner et al. (2008) er utgangspunktet eit anna, der ein jamvel ser på tale og skrift som ein fleirspråkleg situasjon. Og det gjer ein fordi opplæringsspørsmålet står sentralt. Tesen om skrift som språk (Wagner et al., 2008) set fokus på at skrifta må lærast på dette språket (skrifta) sine vilkår. Den løftar fram vilkåra for språklæring. Å primært rekne nynorsk som ei målform i opplæringa gjer ikkje det. Å vidare tenkje at skrift som språk inneber tospråklegheit, set fingeren på behovet for å lære seg skrift ‒ som sjølvsagt har ei norm ‒ som eit språk, og opnar for moglegheita at dei kan praktiserast om einannan på ulike måtar og til ulike føremål. Det ligg sjølvsagt ingen magi i desse orda (målform versus språk), men perspektiva som ligg attom dei, gir i svært forskjellig grad opptakter til læring. Tesen om skrift som språk får også næring frå eit anna omgrep som har fått stor plass i opplæringssamanheng dei siste tre tiåra, nemleg den engelske nemninga literacy. I særleg grad vektlegg denne korleis språket er samanvevd med kontekstar og praksisar, på ein måte som det meir «tekniske» perspektivet på målform og varietet ikkje gjer. Literacy-perspektivet er på mange måtar eit perspektiv på skriftspråksopplæring utan dialektane, ved at vilkår for tilgang til skrift, tekstar og skriftkultur blir det sentrale i opplæringa (Skaftun, 2015; Skaftun, Solheim & Uppstad, 2015).

Nynorsk skriftspråksopplæring – med dialektane

Eg skal prøve å klargjere kva som ligg i tittelen på artikkelen. Den kan nemleg også lesast som ei absurd utsegn, ved at det talte språket ein har, spelar ei nesten sjølvsagt rolle også når ein skal lære seg skrift. Sjølv om eg her legg fram ei tankerekkje om skriveopplæring utan dialektane, vil talemålet vere viktig. Sjølve nerven i nynorsken som språk kan seiast å liggje i ei særeigen kopling til talemål, sjølv om eg her koplar frå dialektane. Det blir då eit poeng å presisere kva ei slik særeigen kopling til talemål inneber, noko eg skal kome inn på seinare. Men først kan det vere nyttig å seie kva det ikkje er. Og hovudpunktet er at å lære seg nynorsk (eller bokmål for den saks skuld) ikkje primært handlar om å omsetje frå tale til skrift. Det blir eit hovudpunkt, fordi mykje av målstrevet i arven etter Ivar Aasen har fokusert på nettopp ei kopling som er blitt forstått slik.

Så la oss sjå på kva eg argumenterer mot. Kva er opplæring i nynorsk som skriftspråk med dialektane? Her er det mange spor å følge. Det opplagte sporet er nynorsken sitt opphav, bygd som ein syntese over dei norske dialektane. I dette ligg jo også ein viktig tanke om at det er vårt språk i motsetnad til det som ikkje eigentleg og opphavleg er vårt språk, det danske bokmålet. I den tanken om «vårt» språk ligg både medvitet om den gamle norske ‒ dels tapte ‒ skriftkulturen, og om nærleiken til dialektane, som speglar dette. Dette var eit berande argument hos Aasen, men er også framme i 2018, sjølv om argumentet om «vårt» nødvendigvis har blitt noko svakare etter som nynorsk og bokmål som skriftnormer har nærma seg kvarandre.

Ein tanke om «med» dialektane ligg også i ulike leseopplæringsmetodar, eksplisitt i til dømes LTG-metoden ‒ lesing på talemålets grunn (Leimar, 1974). Denne tilnærminga var på mange måtar motsett av literacy-tilnærminga slik vi kjenner den i dag. Der LTG fokuserte på likskapen med det talemålet barna hadde med seg inn i skulen, legg literacy-tilnærminga vekt på tilgang til tekstar, faget sine tekstar, skulen sine tekstar. Ein tanke om «med dialektane» førekjem ofte i argument for nynorsk som det å utnytte det elevane kan når dei kjem til skulen, ut frå ein påstand om at nynorsk vil liggje nærare mange dialektar, og at det difor er ei pedagogisk bru frå talemålet til skrifta. I dialektrørsla på 70-talet, som bana vegen til innsikter om språk og identitet ‒ på mange måtar særeige for Noreg ‒ blei også skrifta trekt inn i dialektfamnen: snakk dialekt, skriv nynorsk.

Argumentet ligg også ope i dagen når det gjeld modellar for leseprosessar og innlæring, om enn ikkje like eksplisitt utnytta i samband med opplæring i nynorsk skriftspråk. I slike modellar står oppdaginga av lydlege einingar, segment, i talespråket sentralt for elevane si lese- og skriveutvikling. Fonemisk medvit er rekna for å vere lettare der det er eit tettare forhold mellom norma og talemålet. Dette har vore hovudsporet i leseforskinga over fem tiår, og her finst det eit utal modellar og variasjonar over teoriar. Desse modellane vil også involvere vokabular, fordi ein tenkjer at det mentale leksikonet primært er forma av fonologiske representasjonar (Uppstad, 2006; Uppstad & Tønnessen, 2007). Men om ein skulle gjere ei slik samanlikning av kompleksitet, ville den, jamfør sveitsaren Johannes Ziegler, vere basert på utrekningar av kor mange forskjellige realiseringar av fonem ein ville få om ein gjekk frå tale til skrift (feed-forward), og kor mange realiseringar av grafem ein ville få om ein gjekk frå skrift til tale (feed-backward) (Ziegler, Stone & Jacobs, 1997; Borgwaldt, Hellwig & De Groot, 2005). Då ville ein få eit uttrykk for kompleksitet generelt, men potensielt også for kor vanskeleg det ville vere å lese (avkode) dette, og kor vanskeleg det ville vere å skrive det (innkode). Med andre ord: Tanken er høgst levande. Dette resonnementet ligg til grunn for det feltet som tillegg ortografisk djupne stor vekt (orthographic depth), og der ein ser på kor lett eller vanskeleg det er å lese i transparente versus opake ortografiar (grunne versus djupe). Funna her er at ein lærer å lese noko raskare i dei grunne, transparente ortografiane, til dømes slik som i finsk, medan engelsk tek noko lenger tid (Seymour, Aro & Erskine, 2003). Bokmål og nynorsk vil båe liggje ein stad mellom desse. I norsk samanheng er det kanskje Ragnar Thygesen som har undersøkt læringsspørsmål i tilhøvet mellom talemål og norm (bokmål) tettast på tenkinga om ortografisk djupne. I avhandlinga frå 1992 finn han rett nok samvariasjon mellom målføre og skriftnorm (bokmål) hjå dei yngste elevane, men desse skilnadene var jamna ut etter kort tid (Thygesen, 1992).

Ut frå dei tilnærmingane eg nemner over, er det klart at det er noko i nærleiken til talemålet, og til dialektane. Spørsmålet er kor mykje det er. Det er viktig å hugse at vi snakkar om nynorsk versus bokmål her, to «teknisk» sett ganske like normer, og sjølv om det er stor variasjon i norske dialektar, vil dei på ulikt vis også vere like både bokmål og nynorsk: altså at ein dialekt har likskapselement mot båe normer. Å kople fonem og grafem er også ein likskapsabstraksjon, fordi forholdet mellom dei er arbitrært. Å komme på sporet av skrifta handlar om å lære seg til at lyden /i/ skal reknast som lik bokstaven «i». Likskapen er først og fremst ein abstraksjon basert på assosiasjon. Dei fleste som lærer seg ei skriftnorm, vil ha ei oppleving av at denne representerer talemålet på ein god måte. Er den lik? Nei, sjeldan, men den blir det. Her har eg fokusert på lydverket, men liknande gjeld for formverket. Å legge for mykje vekt på ein påstått likskap med dialektane er difor eit ganske svakt argument.

Opplæring i nynorsk som skriftspråk – som noko meir enn norm

Eg har gått langt i å hevde at det er pedagogiske føremoner med å sjå på skrift som språk. Men kva er eigentleg alternativet? I store deler av faghistoria til lingvistikken har det ikkje vore vanleg å rekne skrift som språk, men heller som kode, som ein artefakt (for oversyn, sjå Wengelin, 2002; Uppstad, 2005). I vide felt innafor skriftforskinga og lingvistikken er det berre talt språk som blir rekna som språk og blir omtala som «lingvistisk» (sjå til dømes Uppstad, 2005; Uppstad & Solheim, 2011). Dette til trass for at skrift ofte blir omtala som skriftspråk eller «written language». Når eg her tek fram skiljet mellom språk og kode, er det fordi det har mange fellestrekk med skilje mellom språk og målform, der målform heller impliserer «kode» enn språk. Kode-perspektivet kjem også klårt fram i den tradisjonen som eg i førre avsnitt skildra som ortografisk djupne. Og kode-perspektivet omfattar meir enn berre lydverket, den held fast tanken om skrifta som ein representasjon av talen.

Wagner et al. (2008) definerer språkinnlæring som «den prosessen der en innlærer (et individ) utvikler ett eller flere språk ‒ talte, skrevne eller tegnspråk ‒ i samspill med omgivelsene (s. 204). Her er det fleire kjerneord å merke seg: det fleirspråklege perspektivet, ulike former for språk, samspel og omgivnader. Alle desse kjerneorda opponerer mot eit syn på skriftspråk som kode. I staden for å insistere på ei nær kopling til talemålet kan ein frikople skrifta som språk frå talen gjennom å sjå relasjonen mellom dei i eit språklæringsperspektiv. Kortfatta kan ein utleie to fråsegner som viser eit slikt perspektivskifte. Den første er at språk er grunnlag for språk. Røynsle i eit talespråk er del av fundamentet i utviklinga av eit neste. Talespråk er også eit berande fundament for skriftspråk. Men svært raskt etter at ein innlærar har kome på sporet av skrifta, er det ganske andre mekanismar og kontekstar som gjeld. Difor må eitkvart språk lærast på dette språket sine vilkår. Altså at vi ikkje kan lære oss skriftspråk ved primært å sjå det frå talespråket si side. Med fare for å vere overtydeleg: Nynorsk skriftspråk må lærast på dette skriftspråket sine skriftkulturelle vilkår. Og det er her dei to orda etter tankestreken i tittelen kjem til sin rett: utan dialektane.

Over sa eg at nerven i nynorsken ligg i ei særeigen kopling til talemål. Termen nynorsk, og sameleis den gamle termen landsmål, synleggjer ikkje åleine denne nerven, men kanskje først gjennom å kontrastere til termen «bokmål». Nerven er det talemålsnære, men talemålsnært primært på ein annan måte enn når ein tenkjer nynorskopplæring med dialektane, som kode. Når min skoletrøytte 16-åring som alltid har hatt bokmål som hovudmål, seier at han tykkjer det fell han lettare å skrive eksamen på nynorsk, vektlegg han uttrykksmåten. Då handlar det kanskje om ei lita oppdaging av ei munnlegheit i skrifta som appellerer til han. Ei slik munnlegheit kan ha mange kjelder, slik som aktiv og talemålsnær syntaks, ordval, språklege identitetsmarkørar som «eg» og «ikkje» og ein større valfridom.

Wagner et al. (2008) gjer ei grovinndeling for tilnærmingar til opplæring i lesing og skriving, mellom teksttilnærmingar og kodingstilnærmingar. Teksttilnærminga er ofte representert ved sosiokulturelle tilnærmingar, som fokuserer på dei kontekstuelle vilkåra for teksten og lesinga/skrivinga. Kodingstilnærmingane er meir tradisjonelle tilnærmingar innan kognitiv psykologi, særleg til lesing, som fokuserer på avkoding. Desse er mest hyppig representert ved ein definisjon på leseforståing som produktet av avkoding x språkforståing i talt språk (Hoover & Gough, 1990), og tilsvarande for skriving (Juel, Griffith & Gough, 1986). Viktige skilje mellom kodings- og teksttilnærmingane er at sistnemnde legg større vekt på (skrift)kultur enn kodingstilnærminga gjer, som vektlegg fokus på språksystemet i individet. Såleis er medvitet om sendar og mottakar større i teksttilnærminga enn i kodingstilnærminga, både når det gjeld lesing og skriving.

Poenget mitt her er at den nære tilknytinga til dialektane, men også tanken om målform, ofte påkallar kodingsperspektivet som argument, men at det er lite å hente der når det gjeld opplæring i nynorsk som skriftspråk. Eit større potensial for opplæring i nynorsk som skriftspråk ligg i teksttilnærmingane. For å sette det på spissen: Om ein i opplæringa vektlegg samanlikninga og ei påstått tett tilknyting til dialektane som eit berande punkt, vil det også stå og falle på dette punktet. Med unntak av nokre veldig få dialektar vil ei oppleving av at skrifta er tett på dialekten i formverk og lydverk, vere ei etterrasjonalisering eller ein placebo-effekt, som er meir grunnleggjande fundert i andre høve: tilknyting på andre nivå, til skriftkulturen, og ei kjensle av å ha kome inn i norma, gjort den til si. Og eg meiner ikkje å bagatellisere desse andre høva. Tvert imot, det er desse andre høva ein bør rekne som grunnleggjande.

Nynorsk som intensjonell munnlegheit

Dersom vi skal fastsetje statusen for nynorsk i opplæringsspørsmålet, er det viktig å skilje mellom kva nynorsken har blitt for dei som nyttar han, og det som må til for at nynorsken skal vere eit språk som fleire tek seg fram i og med. Ottar Grepstad blandar dette når han nærmar seg slutten i forordet til Draumen om målet: «Eg ville ikkje ha vore bokmålet forutan, men nynorsken er det språket eg måtte ha for å forstå livet og verda på mitt vis.» Det gir stor meining om ein les det som eit val han tok tidleg, når han skriv «måtte ha». Nøkkelen her er det som eventuelt må ha ført fram til denne innsikta. Han blandar derimot korta når han i avsnittet etter ‒ etter inspirasjon frå eit skilt på eit kulturmuseum i Dallas ‒ skriv at «Ingen skal måtte lære eit anna språk for å høyre og lese det som trengst for å leve. Den som er sikker på sitt eige språk, kan trygt lære meir». Verdien av språket ‒ og ein fleirspråkleg kompetanse ‒ kjem til uttrykk i det første sitatet, men ikkje det siste, der eit ideologisk Aasen-standpunkt trugar med å kome i vegen i opplæringsspørsmålet, fordi det ligg langt utanfor relevante opplæringsvilkår i spørsmålet om nynorsk versus bokmål. Men i det første poenget om «måtte ha» uttrykker Grepstad etter mi meining her det Kjell Lars Berge i artikkelen «Er språket egentlig retorisk» frå 1988, kallar «antropologisk retorikk», der skriftspråket får ei sentral rolle:

Grunnprinsippet for retorikken er med Jørgen Fafners ord den «intensjonelle muntligheten» (44). Retorikken skal gjenvinne en tapt helhetstenkning om mennesket. En tenkning der følelse og fornuft, individ og kollektiv, språk og erkjennelse ikke atskilles, men forutsettes som konstituerende egenskaper ved det menneskelige. Disse begrepene bindes sammen ved hjelp av menneskers språkstyrte fortolkninger av verden og hverandre, den gjensidige språkavhengige forståelsen og de sosiale kommunikative handlingene. Det ikke-språklige som omgir oss kan erkjennes og bli virkelig fordi vi tar språket i besittelse og handler gjennom og ved hjelp av det. (Berge, 1988, s. 2)

Om vi tenkjer på den nemnde 16-åringen, kan ein seie at det var den intensjonelle munnlegheita i nynorsken som var grunnlaget for tilknyting då han skreiv eksamensoppgåva. Dette er ein tanke som tek opp i seg nærleiken til dialektane på ein ganske annan måte: intensjonell munnlegheit som grunnlag for erkjenning og tilknyting. Dersom vi les Grepstad si setning om at «nynorsken er det språket eg måtte ha for å forstå livet og verda på mitt vis» som tilbakeskodande, blir det ganske deterministisk. Det lukkar ‒ paradoksalt nok ‒ mange moglegheiter for å rekne nynorsk som språk, fordi det innebygd pragmatiske i språklæringsprosessen får mindre rom. Den første lesinga, derimot, er interessant: Korleis kjem barn, unge og vaksne fram til innsikta «må ha»?

I det nemnde essayet kjem Kjell Lars Berge med ei interessant etterlysing av ein retorisk lingvistikk. Det er mogleg andre har skrive meir utfyllande om dette, men eg løftar fram denne her, fordi den blei viktig for mitt tankesett. For, også som forskarar knyter vi oss til og tek oss fram i tekstkulturen på grunnlag av korleis tekstar gir oss erkjenning.

Etter min mening fokuserer begge disse retningene innenfor moderne retorikk [antropologisk og litterær] på sentrale aspekter ved «det retoriske». Først og fremst fordi talsmenn for dem så sterkt understreker dagligspråket som en primær forutsetning for vår virkelighetserkjennelse og dette dagligspråkets virkelighetskonstituerende eller «magiske» kvaliteter. […] som lingvist er jeg opptatt av at ingen av disse setter det vi kaller språksystemet i relasjon til det retoriske. (Berge, 1988, s. 3)

Me kjem kanskje ikkje utanom at årsakene til at folk ikkje lærer seg nynorsk skriftspråk, eller forlet det til fordel for bokmål (også) har med kommunikative tilhøve å gjere, og i høg grad psykologiske tilhøve. Eg vil også med Berge seie retoriske: at ein vel eller vel bort språkformer, anten delar eller heile skriftspråket som ei meir eller mindre medviten posisjonering. Det å velje bort ei skriftnorm som ein har lært seg, handlar mellom anna om korleis ein sjølv tenkjer at denne utsegna vil bli oppfatta i skriftleg kommunikasjon. Dersom ein i tillegg er usikker, vil ein gjerne styre mot det minst markerte. Berges etterlysing av ein retorisk lingvistikk kan vidareførast til spørsmålet om opplæring i nynorsk skriftspråk: at eit større bilete må teiknast opp. Val vi gjer knytt til språkformer er både intensjonelle og umedvitne. Skal vi skjøne kvifor nokon lærer seg nynorsk og andre ikkje, må retoriske, sosiolingvistiske, kommunikative og psykologiske aspekt ved språklæring ligge i kjernen av tenkemåten, og koplast med det lingvistiske. For å seie det karikert: ikkje først språksystem som vi knyter eit knippe haldningar og intensjonar til ‒ ikkje først norm som ein så forsøker å språkleggjere. Den svenske professoren Sven Strömqvist sa ein gong at for han var det mest interessante med to norske målformer at det set fokus på at skrifta ikkje er gitt. Dei to målformene gjer at illusjonen om det naturlege, det opplagte, slår sprekker. Dette poenget er kanskje i for liten grad utnytta pedagogisk. For eleven vil då oppdaginga av moglegheitene, i eit anna språk, kombinert med røynsle (skriving), og aktive val av nokre markerte former vere viktige faktorar. Nynorsk er eit språk som ein vel på nytt, seier Grepstad i den 12. talen. Om ein lener seg til nyare forsking på engasjement, blir eleven si moglegheit til å ha innverknad på kva som skal lærast, ein viss grad av autonomi, rekna som eit element for tilknyting (Solheim, 2014).

Opplæring i nynorsk som skriftspråk som tilknyting til uttrykksmåtar, tekstar og tekstsfærer

Utan å gå inn på eit opptrakka målpolitisk spor om meir nynorsk i skulen, burde det på eit nøytralt grunnlag vore meir tekstar på nynorsk til stades allereie frå dei første trinna, slik det står i læreplanen. Denne meir nøytrale posisjonen inneber eit blikk for at norsk har ulike former, uttrykksmåtar og tekstsfærer, men først og fremst to språk. Dersom ein held fram at å kunne både nynorsk og bokmål gir fleire moglegheiter ‒ som ein fleirspråklegheitssituasjon ‒ har ein eit anna grunnlag enn om denne innsikta ligg gøymd attom eit større ideologisk målstrev der det handlar om å få mest mogleg av dette eine. Eit realistisk mål er å skape tilknyting til språk der det er tilknyting å hente, der mange elevar kanskje vel bort nynorsk som sitt hovudmål, men held fram med å nytte det i nokre samanhengar. Som nemnt i innleiinga er det ein fare for at det største trugsmålet mot opplæring i nynorsk som skriftspråk kjem innanfrå, ikkje utanfrå. Eg har her løfta fram to slike trugsmål, båe knytt til eit sett av tankar der nynorsk blir nært knytt til dialektane. Om ein vel eit anna tankesett, er det mindre grunn til å drøyme Draumen om målet. Då kan ein heller vektlegge vilkåra for å komme inn i det. Det kunne vore interessant i eit større forskingsprosjekt, å studere kva som må til for å kome inn i ein skriftkultur som dels står i opposisjon til ein skriftkultur som har større utbreiing, og som dels er innvevd i denne. I eit slikt prosjekt måtte ein først ha avklara kva føremålet med å avklare statusen til nynorsken skulle vere. Denne artikkelen føreslår opplæringsspørsmålet som eit fruktbart grunnlag for statusavklaring. Med den særnorske språksituasjonen som vindauge ville ein i eit slikt prosjekt fått viktige innsikter om språklæring ‒ om å lære seg skrift som språk.

Summary

One of the two written norms of Norwegian ‒ Nynorsk ‒ was developed in the 19th century based on Norwegian dialects. The cultivation of this written norm has continued a focus on its close relation to the dialects, also when considering written language instruction. As emphasized in the title, this article aims to reflect on how to consider written language instruction without emphasizing this close relation. Not without aspects of polemics, I raise the question whether maintaining some of Ivar Aasens claims on the role of the dialects has inadvertently hampered important insights about written language instruction in Nynorsk. 

Litteratur

  • Berge, K. L. (1988). Er språket egentlig retorisk? I K- L. Berge, J. Fafner, M. Rossholm Lagerlöf, & B. Nerman (Red.), Vad är retorikk? Fyra föredrag från en seminarserie. Meddelanden från Institutionen för nordiska språk, Stockholm.
  • Bjørhusdal, E. (2015) Nøytralitet eller nynorsk? Språkpolitiske hovudprinsipp i norsk opplæring. I H. Eiksund & J. O. Fretland (Red.), Nye røyster i nynorskforskinga (s. 104–119). Oslo: Det Norske Samlaget.
  • Borgwaldt, S. R., Hellwig, F. M., & De Groot, A. M. B. (2005). Onset entropy matters: Letter-to-phoneme mappings in seven languages. Reading and Writing 18, 211–229.
  • Eiksund, H. T. (2018) Monolingual biliteracy. I E. Bjørhusdal, E. Bugge, J. O. Fretland, & A-K. H. Gujord (Red.), Å skrive nynorsk og bokmål. Nye tverrfaglege perspektiv (s. 31‒52). Oslo: Det Norske Samlaget.
  • Grepstad, O. (2012). Draumen om målet. Tilstandsrapportar frå Norge og Noreg. Oslo: Samlaget.
  • Hoover, W. A., & Gough P. B. (1990). The simple view of reading. Reading and Writing: An Interdisciplinary Journal 2, 127–160.
  • Juel, C., Griffith, P. L., & Gough, P. B. (1986). Acquisition of literacy: A longitudinal study of children in first and second grade. Journal of Educational Psychology 78, 243–255.
  • Leimar, U. (1974). Läsning på talets grund. Lund: Liber Läromedel.
  • Skaftun, A. (2015). Leseopplæring og fagenes literacy. Nordic Journal of Literacy Research 1.
  • Skaftun, A., Solheim, O., & Uppstad, P. H. (2015). Towards an Integrated View of Literacy. Nordic Journal of Literacy Research 1.
  • Solheim, O. J. (2014). Engasjement som faktor i leseopplæringen. I A. Skaftun, O. J. Solheim, & P. H. Uppstad (Red.), Leseboka. Leseopplæring i alle fag på ungdomstrinnet (s. 71–93). Oslo: Cappelen Damm Akademisk.
  • Thygesen, R. (1992). Språknormkonflikt og skrivevansker. En empirisk studie av sammenhengen mellom tale-skriftspråk diskrepans og utvikling av ortografiske skrivevansker. Upublisert doktoravhandling. Trondheim: Universitetet i Trondheim, Den allmennvitenskapelige høgskolen.
  • Uppstad, P. H. (2005). Language and Literacy: Some fundamental issues in research on reading and writing. Department of Linguistics and Phonetics, Centre for Languages and Literature, Lund University.
  • Uppstad, P. H. (2006). Written language and the notion of ‘lexicon’. L1-Educational Studies in Language and Literature 6(1), 85–97.
  • Uppstad, P. H., & Solheim, O. J. (2011). Code and Comprehension in Written Language. Considering Limitations in the Simple View of Reading. L1-Educational Studies in Language and Literature 11, 159–174.
  • Uppstad, P. H., & Tønnessen, F. E. (2007). The notion of ‘phonology’ in dyslexia research: cognitivism - and beyond. Dyslexia 13, 154–174.
  • Wagner, Å. K. H.; Strömqvist, S., & Uppstad, P. H. (2008). Det flerspråklige mennesket. En grunnbok om skriftspråklæring. Fagbokforlaget.
  • Walton, S. (2015). Kva er nynorsken? I H. Eiksund, & J. O. Fretland (Red.), Nye Røyster i nynorskforskinga. Oslo: Samlaget.
  • Wengelin, Å. (2002). Text Production in Adults with Reading and Writing Difficulties. Gothenburg Monographs in Linguistics 20, Department of Linguistics, Göteborg University, Department of Linguistics.
  • Ziegler, J. C., Stone, G., & Jacobs, A. M. (1997). What is the pronunciation for -ough and the spelling for /u/? A database for computing feedforward and feedback consistency in English. Behavior Research Methods, Instruments, and Computers 29(4), 600‒618.
Cover for Skriftkulturstudiar i ei brytingstid