Tru, språk, historie. Heidersskrift til Per Halse

Volume editors:
Anders Aschim, Bente Afset, Hallgeir Elstad, Birger Løvlie
Chapter authors:
Anders Aschim, Bente Afset, Torgeir Parr Dimmen, Atle Døssland, Hallgeir Elstad, Ottar Grepstad, Birger Løvlie, Ralph Meier, Jan Inge Sørbø, Marie Nedregotten Sørbø, Jan Ove Ulstein, Per Magne Aadnanes

Synopsis

Per Halse, professor i kristendomskunnskap, religion, livssyn og etikk (KRLE) ved Høgskulen i Volda, fylte 65 år 24. januar 2022. Han har særleg arbeidd med emne innan bibelfag og norsk skule- og kyrkjehistorie. Framfor alt har han levert sentrale bidrag til historia om nynorsk kyrkjespråk. Dette var tema for doktoravhandlinga hans frå 2009, eit viktig pionerarbeid som seinare mellom anna har vorte utdjupa og supplert gjennom biografien om Peter Hognestad frå 2016 og i boka om Fyrebilsbibelen som kom til hundreårsjubileet i 2021. Halse er ein framifrå formidlar innanfor sine forskingsområde, og han har skrive fleire lærebøker for høgre utdanning. Han har hatt leiaroppgåver både i og utanfor høgskulemiljøet.

I dette heidersskriftet blir Per Halse hylla av fagfellar, kollegaer og vener. Tittelen Tru, språk, historie og dei tolv artiklane i boka speglar forskingsinteressene til jubilanten. Bidraga spenner over både kyrkjehistoriske, litteraturhistoriske, språkhistoriske og didaktiske emne.

Synopsis in English

Per Halse, professor of Christianity, religion, philosophies of life and ethics at Volda University College, turned 65 on 24 January 2022. Halse has worked primarily within Bible studies and Norwegian school and church history, and he has made key contributions to the history of Nynorsk church language. This was the subject of his 2009 doctoral dissertation, an important pioneering work that he subsequently elaborated on and supplemented through his biography of Peter Hognestad, published in 2016, and his book about the Fyrebilsbibel (the first Nynorsk translation of the Bible, published in 1921), published in its 100th anniversary year, in 2021. Halse is a leading authority in his field of research, and he has written several textbooks for higher education. He has also held leadership positions both within and outside the academic environment.

In this tributary volume, Per Halse is hailed by colleagues, colleagues and friends. The title Faith, Language, History and the twelve articles in the book reflect the research interests of the honoree. Themes covered in the contributions span church history, literary history, language history and didactic topics.

Author Biographies

Anders Aschim

Anders Aschim er professor i religion, livssyn og etikk ved Institutt for religion, filosofi og samfunnsfag, Høgskolen i Innlandet. Aschim har særleg arbeidd med bibelfag, nyare norsk kyrkje- og kulturhistorie, og religion og migrasjon.

Bente Afset

Bente Afset er førstelektor ved Institutt for religion og livssyn, Høgskulen i Volda. Afsets interesse- og forskningsområder er særlig bibelfaglige og religionsdidaktiske spørsmål.

Torgeir Parr Dimmen

Torgeir Parr Dimmen er senterleiar ved Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa, Høgskulen i Volda. Dimmen har særleg arbeidd med lærarutdanning, medieutdanning, journalistikk og spørsmål knytt til nynorskopplæringa i skulen.

Atle Døssland

Atle Døssland er professor emeritus i historie ved Institutt for historie, Høgskulen i Volda. Døssland har særleg arbeidd med norsk økonomisk og sosial historie frå 1700- og 1800-talet. Innanfor dette har han gjort fleire regionhistoriske arbeid, men også større arbeid om fiskeri- og kysthistorie og leia eit prosjekt om forholdet mellom bønder og embetsmenn. I tillegg har han også skrive om ideologiske organisasjonar i norske lokalsamfunn på 1800- og 1900-talet.

Hallgeir Elstad

Hallgeir Elstad er professor i norsk kyrkjehistorie ved Det teologiske fakultet, Universitetet i Oslo. Elstad har særleg arbeidd med 1800-og 1900-talets norske kyrkjehistorie.

Ottar Grepstad

Ottar Grepstad er forfattar og språk- og litteraturvitar. Grepstad har arbeidd i forlag og kulturinstitusjonar 1980–2018 og skrive eller redigert vel 50 bøker om språk og litteratur, historie og samfunn, kultur og politikk.

Birger Løvlie

Birger Løvlie, Dr. theol. 1995, er dosent emeritus ved Institutt for religion og livssyn, Høgskulen i Volda. Løvlie er teolog og pedagog, og har har særleg arbeidd med norsk og skotsk kyrkjehistorie, med vekt på kyrkjeordning, vekking og religiøs dikting.

Ralph Meier

Ralph Meier er førsteamanuensis ved Institutt for religion og livssyn, Høgskulen i Volda. Meiers forskning er særlig rettet mot kristen troslære, etikk, norsk-amerikanske kirkesamfunn på 1800-tallet og religionsfaget i norsk og engelsk skole.

Jan Inge Sørbø

Jan Inge Sørbø er professor ved Institutt for sosialfag, Høgskulen i Volda. Sørbø er litteraturvitar og har særleg arbeidd med nynorsk litteratur og spørsmålet om diagnostisk språk.

Marie Nedregotten Sørbø

Marie Nedregotten Sørbø er professor i engelsk litteratur ved Institutt for språk og litteratur, Høgskulen i Volda. Sørbø har særleg arbeidd med internasjonale prosjekt om skrivande kvinner på attenhundretalet, med resepsjon, adaptasjon og omsetting.

Jan Ove Ulstein

Jan Ove Ulstein er dosent emeritus i systematisk teologi ved Institutt for religion og livssyn, Høgskulen i Volda. Ulstein har særleg arbeidd med teologisk etikk og historisk-systematiske emne.

Per Magne Aadnanes

Per Magne Aadnanes er professor emeritus i systematisk teologi ved Institutt for religion og livssyn, Høgskulen i Volda. Aadnanes har særleg arbeidd med livssynskunnskap, nyreligiøsitet og kristendomshistorie.

Cover Image
Published
June 21, 2022


ISBN

Details about the available publication format: PDF

PDF
9788202738730

Details about the available publication format: HTML

HTML
9788202767464

Details about the available publication format: EPUB

EPUB
9788202767457

Details about the available publication format: XML

XML
9788202767471

Details about the available publication format: Print on demand

Print on demand
9788202767198
Series
Online ISSN
2703-8076
Print ISSN
1502-7929