Utmark i endring

Volume editor:
Frode Flemsæter, Bjørn Egil Flø
Chapter authors:
Tor Arnesen, Katrina M. Brown, Svein Morten Eilertsen, Knut Fageraas, Katrine Broch Hauge, Bernt Johansen, Stine Kvamme, Jan Åge Riseth, May Thorseth, Odd Inge Vistad, Jørund Aasetre

Synopsis

Det er i ferd med å skje store endringar i den norske utmarka. Hyttebygging, rovdyr, beiting og aukande konfliktnivå mellom tradisjonelle og nye brukarar fører til heftige debattar om bruken av utmarka og utmarksressursane. I boka Utmark i endring gjev nokre av landets fremste samfunnsforskarar innanfor feltet utmark ei innføring i viktige endringar, og innspel til korleis ein kan bringe debattane rundt framtida til utmarka vidare.

Bruk av utmark har alltid vore viktig for oss nordmenn. Her kan fritidsbustadar, vindkraftutbygging, gruvedrift og friluftsliv skape livskvalitet og arbeidsplassar. Samstundes utfordrar bruken både naturverdiar, kulturverdiar og tradisjonell utmarksbruk som sau- og reinbeite.

Arealpresset i utmarka er veksande og kan føre til fleire interessekonfliktar: 

  • Kan beitenæringane overleve areal- og rovdyrpress?
  • Kor mange fleire fritidsbustader toler utmarka?
  • Kvar går grensa for tilrettelegging i friluftslivet?
  • Kva for del av utmarkshistoria er det vi verdset?

Bidragsytarane i boka kjem frå ulike fagfelt som geografi, sosiologi, jus, økonomi og filosofi – og gjev med dette ulike perspektiv på endringane i utmarka.  Samla gir Utmark i endring eit vesentleg bidrag til utmarskforskinga, og kan fungere som eit diskusjonsgrunnlag for dei utfordringane som næringar, brukarar og forvaltarar av utmarka står overfor.

Utmark i endring er tankevekkande lesing for alle med interesse for bruk og forvalting av utmarka. Dette kan vere studentar, forskarar, næringsaktørar eller forvaltarar av utmarka. Med eit interessant og samfunnsaktuelt innhald er boka òg høgaktuell for den jamne samfunnsengasjerte borgar. 

Utmark i endring er redigert av Frode Flemsæter, seniorforskar ved Ruralis og fyrsteamanuensis ved NTNU, og Bjørn Egil Flø, seniorforskar ved NIBIO.

Synopsis in English

In Norway, the outfields [utmark] are understood as mainly un-cultivated countryside areas such as forest and upland and make up over 70 per cent of the country’s land area. The outfields are the grounds for land uses such as grazing, forestry, hunting, fishing, recreation, wind- and hydropower production and mining.

Major changes are taking place in the Norwegian outfields. Cabin construction, predators, grazing, and an increasing level of conflict between traditional and new users of these areas are causing heated debate about the use of these lands and their resources. In Utmark i endring [Outfields in Transformation], some of the country's leading social scientists in the field provide an overview of the significant changes and insight into how to further the ongoing debate about the future of these outlying areas. 

The use of the outfields has always been important to Norwegians. It is where weekend homes, wind power, mining and outdoor recreation are creating a certain quality of life – and workplaces. Yet these uses are also challenging our values regarding the natural environment, cultural values and traditional uses of these areas such as sheep and reindeer grazing.

Changes in how these areas are valuated and used can lead to several conflicts of interest: 

  • Can traditional grazing survive the encroachment by other users and predators?
  • How much expansion of second-home developments can the land tolerate?
  • What should the limit be on adaptation for recreational activities?
  • What aspects of the history of this territory do we value?

The contributors to this book come from such various disciplines as geography, sociology, law, economics and philosophy – and therefore have different perspectives on the changes that are occurring. Collectively, the chapters in Utmark i endring  make a significant contribution to existing research and can serve as a basis for further discussion of the challenges that businesses, individual users, and custodians of these lands face. 

Utmark i endring is thought-provoking reading for anyone with an interest in Norwegian land use and management, including students, researchers, business leaders and land managers. With its interesting and socially relevant content, this book is also highly relevant for the average socially engaged citizen. 

Utmark i endring has been edited by Frode Flemsæter, senior researcher at Ruralis and associate professor at the Norwegian University of Science and Technology (NTNU), and Bjørn Egil Flø, senior researcher at the Norwegian Institute of Bioeconomy Research (NIBIO).

Author Biographies

Frode Flemsæter

Frode Flemsæter er seniorforskar ved Ruralis – Institutt for rural og regionalforsking.

Bjørn Egil Flø

Bjørn Egil Flø er seniorforskar ved Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO).

Tor Arnesen

Tor Arnesen er forskar ved Høgskulen i Innlandet.

Katrina M. Brown

Katrina M. Brown er forskar ved The James Hutton Institute, Storbritannia.

Svein Morten Eilertsen

Svein Morten Eilertsen er forsker ved Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO).

Knut Fageraas

Knut Fageraas er fyrstekonservator ved MiA – Musea i Akershus.

Katrine Broch Hauge

Katrine Broch Hauge er fyrsteamanuensis ved Universitetet i Oslo.

Bernt Johansen

Bernt Johansen er seniorforskar ved NORCE Norwegian Research Centre.

Stine Kvamme

Stine Kvamme er forskar ved Høgskulen i Innlandet.

Jan Åge Riseth

Jan Åge Riseth er sjefsforskar ved NORCE Norwegian Research Centre.

May Thorseth

May Thorseth er professor ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU).

Odd Inge Vistad

Odd Inge Vistad er seniorforskar ved Norsk institutt for naturforsking (NINA).

Jørund Aasetre

Jørund Aasetre er fyrsteamanuensis ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU).

Cover for Utmark i endring
Published
November 24, 2021


Details about the available publication format: PDF

PDF
ISBN-13 (15)
978-82-02-66963-8

Details about the available publication format: EPUB

EPUB
ISBN-13 (15)
978-82-02-74933-0

Details about the available publication format: HTML

HTML
ISBN-13 (15)
978-82-02-74934-7

Details about the available publication format: XML

XML
ISBN-13 (15)
978-82-02-74935-4