Harpe og sverd. Litteraturhistoriske essay om den norske balladen

Author:
Olav Solberg (Universitetet i Sørøst-Norge)

Synopsis

Denne boka er ei essaysamling om den norske balladen, men handlar også om balladar (folkeviser) frå andre nordiske land. Mange oppfattar den norske balladen som noko av det norskaste som finst, nærmast eit uttrykk for folkesjela. Men balladesjangeren har europeiske røter, dei går attende til 1200-talet. Denne problemstillinga drøfter forfattaren særleg i det første essayet.

I det andre essayet skriv forfattaren om dei norske balladesongarane, kvar dei kom frå, korleis dei levde, kva for tradisjon dei representerte. Det tredje essayet handlar om troll og balladar, og i det fjerde essayet ser forfattaren nærmare på to danske vise-og balladebøker, den såkalla Hundreviseboka, utgjeven av Anders Sørensen Vedel (1591) og Peder Syvs oppfølgjar Tohundreviseboka (1695).

Det femte essayet handlar om identitet og balladedikting. Eit sentralt spørsmål her er korleis balladediktarane og tradisjonen byggjer opp identiteten til aktørane i balladen. Vidare i det sjette essayet skriv forfattaren om naturmytiske balladar. Det sjuande essayet handlar om ei gruppe viser som lenge vart underkjende av forskinga, skjemteballadane. Her trekker forfattaren fram nokre representative skjemteballadar og skjemteeventyr, desse tekstane blir drøfta på bakgrunn av teoriar om komikk og latter. I siste del av 1700-talet vart dei gamle folkevisene gjenoppdaga av eit nytt litterært publikum, og det vart i mange land dikta kunstballadar som bygde på den gamle tradisjonsdiktinga. I det åttande essayet drøfter forfattaren nokre sentrale kunstballadar frå fleire europeiske land, blant dei viser som ettertida har forvist til skillingsvisekategorien.

Cover Image
Published
December 16, 2020


ISBN

Details about the available publication format: XML

XML
9788202705923

Details about the available publication format: HTML

HTML
9788202705916

Details about the available publication format: EPUB

EPUB
9788202705909

Details about the available publication format: PDF

PDF
9788202696801

Details about the available publication format: Print on demand

Print on demand
9788202705930